Takk for besøket!

Rulleteksten ruller diverre ikkje. Eg tenkte i 10-15s på om eg skulle få den til å rulle på ein eller annan måte, men han har jo linker! Då må han i så tilfelle berre rulle så lenge musa er eit anna sted. Hmm, hadde det gått ann? Ellers så kan eg jo gjere ruta liten og ha rullefelt slik at ein kan rulle teksten sjølv akkurat så mykje ein sjøl vil. Eller begge deler? (Det blei begge deler. Personleg liker eg den rullande rulletekten best, skjølv om han er manuellstyrt) Dei to tekstane er forresten litt ulike, og på små skjermar er det ingen rulletekst i det heile tatt.



Glittertittelfontar
Finn Fram! (Kart) Creampuff
Hahahaha (Vitsar) Script MT Bold
Hmmmmm (Gåter) Script MT Bold
Intellektuelt (Sitat) Curiz MT
Lillefix (Pus) Creampuff
Løye Creampuff
Moi (Meg) Creampuff
Time to say goodbye (Rulletekst) Script MT Bold
Velkommen (Heim) Potato-Pancakes
Andre fontar
Beretningen om de tre kongedømmer Libre Baskerville
Biblioteket Libre Baskerville
Biblioteket (samleside 2) Alegreya
Biblioteket (samleside 3) Saira
Biblioteket, bokkjelder Flamenco
Drama Yanone Kaffeesatz
Gåter/Vitsar, navigasjonstekst Sue Ellen Francisco
Gåter/Vitsar, hovudtekst Yusei Magic
Heim, navigasjonstekst Potta One
Heim, hovudtekst Spartan
Kart Monospace
Kvad Emilys Candy
Lesing Flamenco
Løye Sue Ellen Francisco
Meg Kurale
Minnebok Monospace
Pus Truculenta
Rulletekst, navigasjonstekst Fjalla One
Rulletekst, rulletekst Fjalla One
Rulletekst, hovudtekst Fira Code
Sitat Yanone Kaffeesatz
Skribleri Truculenta
Fotografi
Bildemanipulasjon GIMP
Fotograf Meg
Kunstnar Meg
Kjelder
Gåter Fellesskapet, eller sjå egen tekst
Vitsar Fellesskapet, eller sjå egen tekst
Regnande bøker og hjerter Sadness
Medverkande
Sladd Sunniva
FIN


Fyrst skal eg ramse opp fontane eg har brukt for å lage glittertitlane. Titlane på sidene «Pus», «Kart», «Meg» og «Løye» er alle fonten Creampuff, tittelen på framsida er fonten Potato-Pancakes, og dei resterande, «Gåter», «Vitsar», og denne sida «Rulletekst» er alle Script MT Bold. Eg putta glitter på dei vha guide her og her.

Alt av bildemanipulasjon er gjort i GIMP. Alle bildene og kunsten rundt omkring er gjort av meg (det er ikkje eg som har skrevet minnene, men dei har eg sensurert med fantastisk hjelp av min pusekatt Sunniva). Når det kjem til fargeval tar eg vanlegvis utgangspunkt i ferdige palettar, då bruker eg Color Supply, Colormind, eller den eg liker best: Color Hunt. Etterpå bruker eg sida Contrast-ratio for å sjekke... kontrast mellom bakgrunn og skriftfarge - også tilpasser eg fargane slik at eg får ein grønn karakter.

Vanleg skriving gjer eg i Office Word, med god hjelp frå ordboka, anna skriving - til html og CSS-filene, gjer eg i Visual Studio Code. Skjølve skrivinga av desse filene har eg brukt w3schools og freeCodeCamp. Eg har òg hatt god nytte frå sida til CSS-TRICKS for å få til flexbox på dei sidene eg har prøvd det. Etter at eg starta å tilpasse sida for andre skjermer enn min egen, har eg brukt ei side for å skjekke størrelse på nettleservindauget for ein betre metode har eg ikkje for å finne ulike vidder. Eg pleier òg å skjekke på mobilen min, fordi den er relativt liten. Store skjermar har eg ikkje peiling på. Eg har berre ein enkel, stakkarsleg bærbar datamaskin. Oppløsningen er 1920 X 1080 (piksler?) og har du det så er det meingen at du ser sida mi optimalt. På min skjerm er sida i alle fall FANTASTISK! (Bortsett frå innholdsknappen på biblioteksida, den funker ikkje om du trykker på skrifta, men det skal eg finne utav ein dag - det var ein knapp eg tok frå w3schools, skyld på dei).

Dei regnande bøkene på framsida til biblioteket og hjerter på Løye-sida er frå Sadness.

På gåte- og vitsesiddene har eg lagt ved kjelder der eg har brukt det, og eller så ser eg på slikt som kulturell kunnskap eigd av fellesskapet. Til slutt kan eg nemne at armbandet på bilde nr. 2 på sida om katten min er laga av sikkerhetsnåler påtredd med perler. Har eg gløymt noko?