Lin

Ein dag gjekk det opp for meg at lin er ein plante. Ikkje at det er det merkelegaste i verda, bomull er jo òg ein plante. Men bomulla er litt meir intuitiv. Eg kan forstå av å sjå på bomullsplanta kvar bomulla kjem frå. Men ikkje med lin. Lin ser berre ut som ein kva som helst anna plante med blå søte blomar på. Kor kjem linet frå? Vel det er fibrane i stengelen. Faktisk fatta folk dette for forferdeleg lenge sida så klart – og litt seinare i Norge. Det er visst funne lin på Jernaldergården på Ullandhaug ifrå år 350-550 (Bakkevig) og i Hordaland frå 300-talet (den siste er ifølge leksikonet, men eg veit ikkje kva eller kor dei tenkjer spesifikt, men dei seier dei er sikre så…).

Om du vil ha litt fleire bilder så er det mange gamle i denne boka: Fra ull og lin til klær.

📼 Eg fant tre interessante videoar om lin på youtube:


Også tenkte eg berre ta eit kjapt samandrag av heile lin-produksjonen, i mine eigne ord (eller titlane på stega er dei faktiske titlane på stega så klart, men dei har visst litt ulike namn rundtomkring i landet. Desse namna er frå austlandet så vidt eg forstår):

Planter, og særleg planter av type lin

Tekstilet lin er stengel. Det er ikkje heile stengelen, men nokre fibrar, som dei kallar det. Fibrane er celler som støttar opp stengelen, og sida stenglar er tynne og lange, må dei vere sterke og stive(Hygen). Lin er altså laga av plantas styrkeceller.

La oss oppsummera kjapt ein stengel, om ikkje for din del så for min del. Ytst er det eit lag av hud(Dybdahl). Huda er full i porer slik at oksygen og karbondioksid kan vandre ut og inn, men ho er òg dekka i noko voks og bittesmå hår som til saman er ein slags beskyttelse mot alt som ikkje skal inn[1] og ut[2](Aastveit). Og rett innfor, midt i det som kallast barken[3](Dybdahl, Audun), ligg alt transportvevet: plantenes blodårer og tarmar. Dei transporter vatn og sukker og alt anna smått, opp og ned(Aastveit). Rundt dei finn me styrkevevceller som hjelp til å holde alt oppe: styrke og stivhet er stengelen sitt motto! Bastceller er styrkevevceller, og det er bastceller tekstilet lin blir laga av(Aastveit). Og berre sånn i tillegg, medan me snakkar stengel, så er linstengelen hol, og det hjelp òg til at stengelen heldt seg oppreist (Hygen)(Andersson) og sterke(Hygen). Dei er heller ikkje få, det er haugevis med desse bastcellene som til saman lagar fiber. Plantas betong kanskje?

Men som sagt: bastcellene er omringa av andre celler og vev som ein lin-vevar ikkje er interessert i, og det må bort! Det som limar allting saman er eit karbohydrat, pektin, i planta sin cellevegg(Rakstang). Pektinet er plantas sement(Bjerketvedt). Dette pektinet har du sett teikn til når du har kokt grønsaker: dei friske fine gulrøtene eller kva som helst blir mjuke og blaute når pektinet, sementen/limet, forsvinn og cellene ikkje har noko som held dei saman lenger(Bjerketvedt). Cellene glid kvar til sitt for å leve sine egne liv og dei ser kvarandre sjeldan igjen 😿.

For å få løyst opp limet, pektinet, blir lin altså røyta. Det viktigaste for røytinga er mikroorganismar, varme og fuktighet(''Form og forming''). Om røytinga ikkje blir avslutta i tide vil mikroorganismane bryte ned det som held sjølve bastfibrane saman òg(''Form og forming''), dei er nemleg heftigare limt saman til kvarandre enn til alle dei andre cellene(''Form og forming''). Og sida det er desse bastfibrane er det som skal bli lin-tekstilet er det jo best om det ikkje blir brytt ned og separert før det får gjort noko som helst utav seg. Bryt ned alt det andre, ikkje styrkefibrane!

I den eine boka eg såg i stod det at: linet blir slapt når det er vått, men blir stivt og stramt igjen med ein gong det tørker. Og at ein lett kan sjå det på planta og at det kan vere det som gav ideen om å bruke linplanta til å spinne tråd av ved tidenes morgon! Seier altså nokon(Dybdahl, Audun).

Fotnoter:

Stumfilm

📼 Fra frø til tråd! 📼

For mine uerfarne auge verker handlingsforløpet i denne filmen litt … i hytt og pine. I alle fall litt. Det er ikkje før eit stykke uti at mannen og kona haustar linet, men i byrjinga legg dei den ferdighausta ned på bakken. Eg skal gjere mitt beste på å få noko meining ut av dette. P.S. Kva er greia med stumfilm i 1975? Herlighet, så flau eg er på deira vegne.

1 minutt

Me startar på ein gard der ei dame spreiar ut strå på bakken. Lin antar eg. Om dette er før eller etter røyting er usikkert, plantane er gule kanskje det er eit hint? På SNL sine sider står det at i gamledagar røyta dei linet på bakken, og lot regnet gjere arbeidet, så dette er kanskje før røyting. Røyting er når ein legg linplanta i vatn slik at ho startar å rotne og delar av stengelen forsvinne og det vil bli lettare å få tak i fibrane(Bakkevig), og det er jo fibrane i planten me er ute etter å lage tekstilar av.

1 minutt og 30 sekund

No trur eg me har gått tilbake i tid, for her er ein mann som ser ut til å så lin. Han strør rundt seg det som ser ut som havregryn, men er vel linfrø – skjønt dei minner ikkje om dei du kjøper på butikken. Han sleng dei nokså vilkårleg og jorda ser jamn og ru ut. Det var i ein av dei andre filmane eg såg på youtube frå Irland[1] der dei sa at jorda trenge fin jord, men hard og flat jord. Dei ville heller ikkje ha nokon riller før dei sådde – det sko vere flatt! Også raka irane over jordet etter dei hadde sådd, og det gjer mannen vår her òg. Han finn rakar og rakar det øvraste jordlaget litt fram og tilbake. Dog utan særleg sjel i arbeidet.

2 minutt og 30 sekund

Tid har gått og me blir presentert med ein låve og masse vaksne planter. Dei er høge og rette og vaiar i vinden. Stemningsfullt.

3 minutt og 45 sekund

Mannen og kona er på veg ut med rakene sine. Dei skal på arbeid! Her skal det rakast! Kvifor skal det rakast spør du? Plantene er jo ikkje hausta ennå ein gong? Det same spør eg. Kanskje er det dei plantene frå starten av filmen, og at dette er etter røyting. Røyting er altså at ein lar plantene bli våte og rotne litt slik at stengelen løyser seg litt opp. Men dei har jo ikkje vist hausting ennå i filmen, så det verker som ein litt unaturleg scene å ha med her. Kanskje er det ein glipp, eller så er det to forskjellige kull med lin. Uansett i alle fall: dei rakar rett oppi det som ser ut som ei eng av gult gras. Men dei får mykje strå med seg, og det ser ikkje ut som om dette er planter som sit fast i jorda så det kan jo godt vere dei stråa kona la ut i starten som sagt. Mannen og kona samlar alle strå i ein bunt, bind han fast på midten[2] og hiv bunten inn i eit skur.

6 minutt

Dei plukkar no lind for hand, men denne ser annleis ut enn den som blei spreidd ut på bakken tidlegare. Ho er mykje kortare og meir blomstrete. Linet blir hausta med rot for å få så lange fibrar som mogleg og visstnok er det best å dra i toppane så ein unngår å få med seg ugras(Bakkevig). Dei bind denne linet i buntar òg, men mykje mindre, meir som ein bukett. Denne buketten kallast brugde på fagspråket 🦈(Dybdahl).

6 minutt og 50 sekund

Mannen stampar med ein stokk i jorda og til slutt står stokken oppreist der. Han trer bukettane på stokken, som markjordbær på eit strå. Eller tidenes julenek. Dei andre fortsett med å plukke lin, mens mannen står å ser på. Eg antar denne stokken med bukettar er for å tørke neka, før røyting.

8 minutt og 2 sekund

No har mannen vore i eit anna skur og funne ein planke. Også tar han med seg linneka og går, desse neka ser forresten tørrare ut enn dei gjorde i stad.

Planken har ein slags kam som står rett opp, og nå slår mannen neka mot kammen slik at masse frø, eller det som liknar frø, dett av ned i ein duk. I den videoen om linproduksjon frå USA seier dei at dei brukar ein kam av gamle spikrar. Kona slår på frøa med ei klubbe[3] før dei hell alle frøa ned ein blikkboks. Det liknar kaffi-blikkboks. Kona er fornøgd med arbeidet. Dei sparar vel frøa slik at dei kan plante lin igjen, dei drog trossalt linen opp med rot og topp.

10 minutt og 25 sekund

Mannen har funne litt ved, og opnar no eit lite lukke i ytterveggen på eit hus og legg veden inn. Dei har visst tent opp der inne, me ser røyk. Ikkje veit eg kvifor ikkje heile trehuset tar fyr.

Så legg dei nokre stråbuntar inni det skuret frå starten av filmen[4]. Buntane er ikkje så store som den fyrste, men ikkje så små som dei siste. Eg trur dette er tørkinga etter røytinga, skjønt dei ikkje har vist oss nokon røyting. Men etter at linet har blitt vått og rotna litt, må det torkast og gjort sprøtt(''Form og forming'').

11 minutt og 30 sekund

Mannen har funnet fram eit nytt verktøy. Det ser ut som ei slags smal presse eller klemme. Leksikonet seier det er ei håndbråke, altså dette må vere det dei kallar bråking eller brekking. Desse klemmene er jernbeslått og slik hjelp dei godt til å brekke stenglane opp(Dybdahl). Han presser kjapt stråa på midten, opp og ned, opp og ned. Dei mister all struktur og fasthet dei tidlegare hadde. Og det er visst ikkje berre på midten han klemmer, han ender opp med å klemme overalt, både nede mot rota og oppe i toppane. Men her er det ingen duk under som tar imot noko som helst. Leksikonet seier at dette er altå gjort for å bryte linets ved og bark. Og det ser verkeleg ut som om det fungerer.

Mannen gir sine ihelpressa buntar til kona, som har sit eige verktøy av same sort, og ho går i gong med runde to. Buntane er blitt passe slappe no. Kona sitt arbeid minner meg nudlar, men hakket kortare. Ho skil buntane frå kvarandre og set dei saman igjen. Hennar pressing er ikkje slik opp og ned som mannen driv på med, ho drar buntane gjennom pressa mens pressa blir haldt nede. Som å tvinge siste rest utav tannkrem/kaviar-tuba.

13 minutt og 41 sekund

No har dei funne ein kort stokk å leggje buntane på, også slår dei på buntane med ei flat klubbe, eller det minner meg aller mest om ein slik flat slåball-balltre eller ein brei bakstefløy. Eg trur dette er skaking. I USA-videoen seier dei at det er for å fjerne alle rester av stengel som ikkje er fiber - alt det som blei brokke i bråkinga. Berre fiber er lov! I leksikonet er dei einige og seier at linet som skulle bli skaka blei lagt på toppen av skakestolen. Det var i bråkinga at u-delane av planta vart brekte og her i skakinga at dei vart ordentleg fjerna, mens man jo holdt fast i fibrane. Men det var visst fleire teknikkar på dette i Norge.

Mannen har pause og ser på.

14 minutt og 23 sekund

Nytt reiskap! No er me mest sannsynleg kommen til hekling, ein kjemmingsprosess. Verktøyet ser ut som ei sløyfe av tre, der midten – knuten, er full i kammar, som ei slik bitteliten spikermatte. Kona drar linbuntane[5] gjennom kammane slik at linet blir sjåande ut som hårdottar. Dei hårdottane er visst såpass korte at dei ikkje kan brukast som ordentleg toppkvalitetslin. Det er vel dette som blir kalla linstry. Dei lange fibrane blir sjåande ut som lange, vakre blonde hårlokkar.

15 minutt og 50 sekund

Resten av arbeidet utførast herifrå og ut innandørs. Kona finn fram rokken og set seg til å spinne. Surr, surr, surr. Det var vanleg å fukte fingrane når ein spann det fine linet[6]. Det er visst dette plantelimet som blir aktivert med vatnet, det limet som me prøvde å løyse opp i røytinga(''Form og forming''), og gjer at fibrane held seg saman og tråden blir tynn og fin(Dybdahl). Så kjem hespetreet og ho lar den òg surre rundt med tråden. Både dei korte fibrane og dei lange blir spunne på rokken, men dei lange puttar ho på ein fin knopp som med alt linet ser ut som sukkerspinn.

Til slutt visar ho fram litt dukar og handklede eg antar eg laga av lin.

Fotnoter:

Kjelder