1: Hva er forskjellen på vegetativt og generativt formerte planter?
Begge orda vegetativ og generativ, har med liv å gjere, men vegetativ er meir «gro» og generativ meir «fødsel». Der folk berre kan formeire seg med hjelp av eit anna individ som ein kan blande cellene sine med(fødsel), så kan plantene i tillegg bruke delar av seg sjølv til å formeire seg (grø). Ask og Embla var vel formerte vegetativt som kviststiklingar.
Generativ formeiring er seksuell eller kjønnsleg formeiring der nye generasjonar er nye kombinasjonar av genar og ikkje ein eksakt kopi av korkje mor eller far. Nye kombinasjonar gir nye eigenskapar som kan vere til hjelp eller til skade eller til ingenting. Planter blir formeira generativt ved hjelp av frø eller sporar.
Vegetativ formeiring er aseksuell eller ukjønna formeiring der den nye generasjonen er ein eksakt kopi av opphavsplanta, ein klon. Ein kan eigentleg bruke kva som helst del av ein plante til å lage ein ny plante: rot, stengel eller blad. Sida arvestoffet er likt morplanta så er ikkje dette ein formeringsmåte som gir moglegheiter til å lage planter med nye spennande eigenskapar. Men det er slike forutsigbare og einsarta planter gartnarar gjerne vil ha.
2: For prydbusker, trær og stauder bruker vi både vegetativ og generativ formering. Lag en regel for når vi normalt foretrekker generativ formering. Belys reglene med eksempler.
Om plantene naturleg får einsarta avkom kan ein gjerne bruke generativ formeiring. Mange frø må stratifiserast før dei kan spire som gjer generativ formeiring til meir arbeid og vegetativ formeiring meir praktisk. Men om frøa ikkje treng kviletid så er det berre om å gjere å lagre frøa tørt frem til dei skal såast, fordi dei spirar med ein gong dei opplev rett temperatur og fukt.
Regel: einsarta avkom + ingen kviletid ➡️ generativ formeiring 🍼
Døme: høstberberis (Berberis thunbergii) har både einsarta avkom og ubetydeleg kviletid. Sibirertebusk (Caragana arborescens) har ubetydeleg kviletid, og glansmispel (Cotoneaster lucidus) har einsarta avkom. Alle desse kan ein altså formeire generativt utan stort mas.
3: Noen frø har hardt skall, andre kan ha en indre fysiologisk hvile. Begge deler kan hindre spiring. Kva er det hensiktsmessige i det?
Hardt skal gjer at det tar tid før vatn og oksygen treng inn til frøet og ein kan kalle dette mekanisk kvile. Det tar tid før skalet blir tært opp, nokre veker, men av og til kan frøet spire same haust, skjønt då vil nok spira ikkje overleve vinteren. Det harde skalet gjer at frøet kan overleve i jorda i mange år. Skalet vil tærast på etter kvart som tida går av mikroorganismar, ferd gjennom fordøyelseskanalar, frysing og tining, og rett og slett berre bli mjukare med tida.
Mange frø treng å kvile av kjemiske grunnar før dei spirer, fysiologisk kvile. Det vil sei at inni frøet finst stoff som hemmar vekst og frøet vil ikkje spire før desse stoffa har blitt brytt ned. For å bryte stoffa ned må frøa lagrast fuktig og kaldt i veker eller månadar. Fruktkjøt inneheld òg spirehemmande stoff slik at det må fjernast om frøet skal spire.
Boka seier at ein simpel hageeigar kan gjerne plante slike kviletrengande frø om hausten, så tar vinteren seg av temperatur og fukt (men det kan fort ta to år før frøa har modna heilt om dei har både hardt skal og kviletid), mens ein gartnar heller lagrar frø med litt meir kontroll på kjølelager slik at det ikkje tar ein evighet før ein får ein plante utav frøet. Gartnaren kan gi frøet akkurat dei temperaturane og fukta frøet krev: fyrst varme + fukt til å tære på det harde skalet, så kulde + fukt for å bryte ned dei spirehemmande stoffa. Denne forbehandlinga av frøa kallast stratifisering. Før var metoden å legge frø lagvis med fuktig sand i mellom i ein kasse – og derav namnet stratifisering.
Grunnen til at frøa har krav som må oppfyllast før dei spirar er for å hindre at dei spirer med ein gong men venter til forholda blir gunstige. Det hadde vore upraktisk for planta om ho spirte når klimaet er for tørt eller for kaldt eller for noko anna, og ho døyr i sitt fyrste år.
4: Hva slags forhold må frøet ha for å få tæret opp hardt frøskall? Når skjer det normalt i naturen?
Frøskalet blir tært opp mekanisk over tid og særleg på grunn av mikroorganismar i jorda eller alt som skjer i ein fordøyeleseskanal. Utanom dette så vil ein periode med høg temperatur (20 grader) og fukt bryte ned skalet. Det går ann å bryte ned skalet ved å behandle frøet med syre, ein metode som skal etterlikne ein fordøyelseskanal, men det er ein ganske vanskeleg metode sida syra kan øydelegge sjølve frøet.
5: Hva slags temperatur er i de fleste tilfeller mest effektiv for å oppheve fysiologisk hvile inni frøet?
Mens det harde skalet lettast blir brytt ned med høg temperatur så vil kvilen lettast bli brytt ved låge temperaturar❄️. Dei spesifikke ideelle temperaturar avhenger av plantesorten, men det er snakk om kjøleskapstemperaturar i fleire veker eller månadar. I eit kjølelager kan ein, om frøet er klar for spiring for tidleg, senke temperaturen ytterlegare for å roe ned frøet.
1: I biologien bruker vi uttrykkene rot, blad, knopp, skudd, kvist, grein og stamme. Sammenlign disse uttrykkene med rotstikling, bladstikling, knoppstikling, skuddstikling, og kviststikling. Kva er karakteristisk for hver av dem?
Stiklingsformeiring er vegetativ formeiring, og nesten alle plantedelar kan brukast, men ikkje alle plantedelar er like ideelle for alle planter og til alle tider av året. Rot, blad, knopp, skot og kvist er alle moglege stiklingar, men grein og stamme er ueigna for stiklingar dei er for gamle og store.
Samandraget her er: kviststikling gjer seg sjølv, mens dei andre variantane treng same behandling som dei meir krevjande skotstiklingane. Det er skotstiklingar og kviststiklingar som er mest vanleg. Vevstiklingar er ein siste måte som blir gjort på laboratorium. Plantedelar ligg på glas og blir tilført ulike hormon for vekse.
Skotstikling: grønstikling/urteaktig stikling. Desse stiklingane er kvistar/skot med blad og grøn stengel. Laga om sommaren, 5-10 cm lange og avkutta rett under eit bladfeste og der dei nedste blada blir fjerna. Om bittelitt av førre års vekst er med på stiklingen kan det berre vere positivt(men eg er usikker på kvifor). Stiklingane må beskyttast mot uttørking og sopp ved eit lag sand på toppen av stikkemediet og det er svært viktig at dei blir heldt fuktige til dei får utvikla røter.
Rotstikling: Dette er ikkje det same som «deling», deling er å dele opp heile planta mens rotstikling er ein liten avkutta rotbit. Desse stiklingane er for røter med rotvekstpunkt. Rotstiklingar blir laga om vinteren mens planta kviler og skal behandlast som skotstiklingar.
Bladstikling: Desse stiklingane er laga av blad, heilt eller berre ein del. Bladet (med bladstilk) blir rett og slett satt i stikkemediet. Så blir stiklingen behandla som ein skotstikling.
Knoppstikling: Desse stiklingane er laga av knopp og litt ved. Om ein ser for seg flispoding, så er det ganske likt berre at stiklingen skal i stikkemedium og podeknopp i ein grunnstamme. Sårflata blir lagt ned på stikkemediet og behandla som ein skotstikling. Om ein skotstikling eller kviststikling berre har éin knopp, er det praktisk talt ein knoppstikling.
Kviststikling: vedstikling/treaktig stikling. Desse stiklingane er kvistar utan blad. Laga i kviletid (vinter), 20 cm lange årsskot som når dei stikkast skal stikkast nesten heilt ned i jorda – ¼ av stiklingen kan stikke opp. Kvistane kan vere frå basis, topp eller mellomstiklingar, kva som er best avhenger av plantesorten. Dei blir ikkje planta ut før til våren når jorda er litt varmare og må i mellomtida lagrast kaldt og fuktig, og dei kan faktisk lagrast ute om dei blir beskytta mot frost og sol.
2: Kviststiklinger krever mindre utstyr enn noen annen type stiklinger. Kva er det minste utstyr du kan greie deg med?
For ein kviststikling, altså ein ny plante frå ein vedaktig kvist, treng du ein morplante av ein sort som lar seg formeire som kviststikling, t.d. rips, solbær eller poppel. Du treng ei saks eller kniv til å skjære stiklingen av med. Du kan plante desse stiklingane rett i jorda med ein gong seint på hausten eller tidleg på våren så ein treng ikkje nødvendigvis tenkje på lagring, og om ein skal lagre dei kan dei lagrast utandørs under litt torv. Jorda treng ikkje vere meir komplisert enn hagejord.
Altså treng ein: morplante, saks, og jord, for å lage ein kviststikling.
3: Hvilke årstider er aktuelle for skjæring og stikking av kviststiklinger? Hvilken årstid vil du foretrekke?
Kviststiklingar skal helst bli kutta i plantas kviletid rundt om vinteren. Ved sein haust eller tidleg vår kan ein stikke stiklingane rett i jorda etter at du har kutta dei, men det må vere før skota har brote (dukka opp). Men vanligvis blir stiklingane stikka på våren når jorda ikkje er så kald lenger. Det er viktig at stiklingane overlev vinteren og om dei stikkast for tidleg på hausten kan dei gå vinteren i møte med nye sårbare røter, ein vil heller at røtene skal dannast til våren. (trur eg, det er i alle fall min tolkning)
Eg ville helst ha laga og stikka dei samstundes, og sida om våren må ein passe på å vere tidleg nok ute før skota kjem ville eg heller ha laga stiklingane seinhaustes og sloppe tenkje på det.
4: Når er det enklest å stikke skuddstiklinger? Kva kreves om du vil stikke på andre årstider?
Skotstiklingar blir enklast stukne om sommaren rett etter at dei er skjært av morplanta, juni-juli ☀️. Det er viktig at morplanta er frisk og ved god vekst.
For at skotstiklingane skal rote seg må ein tenkje på: temperatur, lys og fukt.
Stikkemediet skal ha litt høgare temperatur enn lufta, men samstundes må det ikkje vere for varmt og tørt heller. Undervarme kan varme opp stikkemediet og dusjing kan kjøle ned lufta. Ein kan skugge for sola for å hindre for varme temperaturar, men det er svært viktig at plantene får nok lys til fotosyntese som igjen gir stoff til å danne rotvev. Er det vinter må ein tilføre meir lys enn den naturlege sola. Uansett kva tid på året stiklingane blir stukne skal dei ha 100% fukt til dei har fått laga røter, for å hindre uttørking.
5: Hva kan du gjøre for å sikre tilslaget under de forhold du har for skuddstiklinger?
Tilslag: finst det eit meir mystisk ord? «At det lykkes å få røter på stiklingar og avleggarar»
Det er ikkje alle planter som får røter som stiklingar, så rett val av plante er svært viktig om ein vil ha røter. Elles kan ein hjelpe til med vekststoff (hormon), temperatur, lys og ei god morplante.
Hormon: Auxiner vil fremme røter, t.d. indolylsmørsyre (IBA). Hormon kjem i pulverform som ein stikker stiklingen nedi før ein stikker stiklingen i stikkemediet.
Temperatur: Stiklingane må ha passe høg temperatur (25 grader) i jorda for å danne røter og litt lågare temperatur i lufta.
Lys: Stiklingane må ha lys for å stimulere fotosyntese, og fotosyntesen igjen produserer stoff som røtene treng for å vokse.
Morplante: Ei ung morplante i god vekst vil gi stiklingar som roter seg lettare enn elles.
6: Når er det aktuelt å gjødsle til skuddstiklinger, og hvordan kan du gjøre det?
Skotstiklingar har ikkje behov for gjødsel før dei har danna røter. Men ein kan ha gjødselreserver i mediet (eg trur det vil sei gjødsel på botn som røtene ein dag vil få fatt i), og ein kan gjødsle etter kvart med gjødselvatn: 0,5 – 1 promille av allsidig gjødseloppløysing (korleis måler ein seg fram til så lite?).
Morplanta kan gjerne bli gjødsla, men ikkje med nitrogen sida det vil hemme rotdanning.
7: Kva er kallus og kva har det med røter å gjere?
Kallus er eit cellevev, sårvev, av udifferensierte celler. Når ein stikling blir kutta vil enden få ein sårflate der dei ytste cellene fort vil døy og tette igjen sårflata for å hindre fordamping og sjukdom. Rett under laget av dei daude cellene er det mykje celledeling og desse nye udifferensierte cellene lagar sårvevet/kallus.
På same sted vil ein forhåpentlegvis få danna adventivrøter, men det er eigentleg ein uavhengig prosess: ein treng ikkje kallus for å danne røter, det er spesielle initialceller i stiklingen som lager røter, og desse finst der frå før. Nokre planter dannar røter lett andre ikkje. Produksjon av adventivrøter stimulerast av hormonet auxin som dei fleste planter produserer nok av sjølv og transporterer til sårflater ved hjelp av leiingsvevet. Auxin vil få celler i pericykel til å dele seg, danne nye rotspissar og bli til nye siderøter. (Auxin har andre oppgåver i tillegg som ikkje har med røter å gjere).
8: Korleis skal stikkemediet vere?
Eit stikkemedium treng ikkje å vere særleg næringsrikt (til å begynne med), men det må ha mykje porer for å gi rom til mykje oksygen og vatn. For å danne røter treng stiklingane lett tilgang på oksygen og dei treng å lett bli kvitt karbondioksid (dei har endå ikkje særleg med blader, så respirasjon foregår i stikkemediet). Jo høgare temperatur jorda har jo meir vil planta respirere og jo meir oksygen vil dei trenge. Men samstundes føretrekk stiklingane at jorda er varmare enn lufta så ein stikkemediet må ha litt varme i seg (25grader). I enkelte planter vil varm jord og kald luft gi rotdanning, mens det motsette gi knoppdanning.
Fordamping er eit stort problem for stiklingen, dei mister lett vatn men bruker tid på å ta nytt vatn til seg mens dei endå ikkje har røter. Derfor må heile området rundt stiklingen helst haldast fuktig, ikkje eigentleg for å hjelpe planta med å ta til seg vatn men for å hindre fordamping, vatn vil ikkje fordampe om lufta utanfor er ved 100% luftfuktighet. Dei store porene i stikkemediet vil då gi god drenering slik at stiklingane ikkje druknar heller. Det er fare for at all denne fukta i lufta fører til mangel på oksygen(drukning) eller eit for kaldt miljø, og etter kvart som planta treng meir næring kan mykje vatn vaske næringsstoff bort.
1: Sammenlign poding av planter med transplantasjon hos menneskjer. Kva er likt, og kva er forskjellig?
Både poding og transplantasjon består i å ta noko frå eit individ og putte det i/på eit anna. Når ein podar vil ein at planta skal få ein ny eigenskap som grunnstamma ikkje hadde, mens ein transplantasjon vil erstatte ein tapt eigenskap med den same eigenskapen (men frisk). For både poding og transplantasjon er hygiene viktig og begge risikerer at operasjonen ikkje fungerer og blir avvist.
2: Kva trengs av reiskap og utstyr for: okulasjon og kvistpoding
Okulasjon er enklast, du treng berre: okulasjonskniv, bindemateriale og to planter.
Det einaste ein skal gjere er skjere av ein knopp ein vil ha og skjære eit T-forma snitt i grunnstammen. Opne barken rundt T-snittet med okulasjonskniven og plasser knoppen oppi og bind alt saman med bindematerialet slik at det ikkje tørkar ut.
Dette er sommararbeid.
Til kvistpoding trengst: podekniv, bindemateriale, podevoks og to planter.
Kvistpoding er laga av ein kvist med fleire knoppar på, vanlegvis tre stykk. Kvisten bli enten plassert oppi ein tjukkare grunnstamme - mellom barken og veden, eller så er podekvist og grunnstamme omtrent like tjukke og blir kutta likt slik at begge sine kambium treff kvarandre og kan smelte saman.
Dette er vinter og vårarbeid.
3: Hvilke årstider er best egnet for: okulasjon, flispoding, kopulasjon og triangulering, barkpoding, sidepoding?
Okulasjon blir gjort i august når barken løysast frå sevjelaget. Ein brukar knoppar på skot som har vekse fram same sommar.
Flispoding er ein litt tjukkare variant av okulasjon, men utan T-snittet slik at det kan bli gjort litt meir når som helst på året.
Kopulasjon og triangulering er begge kvistpodingar. Triangulering er ein meir avansert barkpoding og kopulasjon er når både podekvist og grunnstamme blir kutta til å passe kvarandre perfekt med skråe snittflater. Slikt arbeid blir gjort om vinteren eller våren. Ein fikser podekvistar om våren mens dei kviler og poder til våren når sevja stiger.
Barkpoding er den enklaste form for kvistpoding og blir gjort om vinter/vår. Det er det same som triangulering, berre med litt simplare snittflater.
Sidepoding er kvistpoding på ein grunnstamme som enda har toppen sin i behald, toppen vil hjelpe til med å trekke saftene i stammen oppover. Etter nokre veker vil ein starte å kutte toppen, men ein må gjere det i fleire omgangar. Dette blir gjort på våren, mars-april når grunnstammen har begynt å bryte.
Altså er det vanlegast å pode om våren med mindre ein okulerar, det vil sei podar knoppar. Okulasjon blir gjort seint på sommaren.
4: Hvilke betingelser må oppfylles for at podingene skal gro saman?
Om podinga skal vere vellykka må ein tenkje på: 🌸 snittflatene må vere reine og rette, 🌸 kambium skal treffe kambium (kambium er delingsvev som skal smelte saman, og kambium er noko kjempesmale greier), 🌸 podinga må bli bunden godt saman for å vedlikehalde kontakta og 🌸 spodevoksen må vere heilt tett slik at det ikkje blir noko fordamping.
Naturlegvis må både podekvist og grunnstamme vere friske før ein podar dei saman og ikkje minst må dei vere to sortar som det er mogleg å pode saman, det vil som regel sei av same slekt.
5: Hvilken fordel og hvilken ulempe er det ved å formere prydbusker ved deling?
Deling vil sei at ein rett og slett deler planta ved rota og ein plante blir to mindre planter. Dette må vere ein plante med naturleg evne til å forgreine seg frå rota og lage nye heile plantedelar.
Ein kan dele prydbuskar og slik få fleire(fordel), men dei blir ikkje vakre planter som kan seljast (visstnok)(ulempe).
6: Sammenlign jordbærutløpere med flerårige, vandrende ugras for eksempel krypsoleie, veikarse, ugrasklokke og kveke. Kva finner du av slike ugras i egen hage og kva kan du gjøre for å unngå dem?
Forskjell på utløparar frå jordbær og ugras er vel eigentleg at dei eine liker me og dei andre ikkje. Dei lagar alle lange stenglar som slår røter eit stykke frå morplanta, og slik spreiar dei seg.
Jordbær kan ein spreie rundt med vilje ved å kutte av utløparane (med eller utan røter) og flytte på småplantene, mens ugraset kan bli spreidd rundt om ein jobbar med jorda og tilfeldigvis skil plantene frå kvarandre – og plutseleg er dei overalt.
For å unngå det vandrande ugraset må ein drepe alt med dekke, eller ivrig luking (men ein må då vere var på kor ein gjer av planteavfallet).
7: Hvor mange planter får du frå hver kvist ved vanlig avlegging, ved horisontal avlegging, slangeavlegging og tilhypping?
Avleggar er når ein plantedel dannar nye røter før han skiljast frå morplanta, t.d. at ei grein legger seg ned på jorda og dannar etter kvar røter.
Vanleg avlegging gir ein ny plante for kvar kvist.
Horisontal avlegging gir ein ny plante for kvar knopp på kvisten.
Slangeavlegging er ein type horisontal avlegging for klatreplanter og gir nye planter på kvar knopp.
Tilhypping gir så mange nye planter som planta produserer nye skot. Heile planta blir altså fyrst kutta ned slik at nye skot springer ut som igjen blir tilhyppa for at dei skal lage eigne røter.
8: Vi vil gjerne gjøre naboer og andre en teneste. Det er populært å skaffe dem planter vi sjølv har laget. Hvilket ansvar har du når du skaffer dem planter frå egen formering?
Når ein formeirar plantar så kan virus og nematodar fylgje med frå morplanta, og desse sjukdommane finst det nødvendigvis ikkje nokon enkel kur mot. Der er derfor viktig å bruke friske planter slik at ein ikkje spreier om seg med sjukdommar som igjen kan skade nye planter. Men det er vanskeleg å sjå om ein plante er sjuk eller ikkje, særleg om sjukdommen er i eit tidleg stadium. Det finst reglar for omsetting av planter, men som vanleg person er ein ikkje underlagt dei reglane, så ein må heller bruke fornuft fordi om ei sjuk plante er gitt bort i staden for seld gjer ikkje konsekvensane mindre. Ver forsiktig!