Jenny

Forfattar: Sigrid Undset

Land: Norge

År: 1911

«Det er jo ingen glæde, som er lykke, uten man kan dele den med andre»

Heile oppveksten var Jenny aleine og einsam, men ho visste at ho ville bruke livet til å male. Også arbeida ho kjempehardt og sparte pengar nok til å dra til Roma for å leve kunstnarlivet. Ho fekk fleire vener der nede med dei same interessene, og kvar dag lev ho i vakre Roma med dei fine landskapa og gitarmusikken. Dessverre er ho framleis einsam. Ho lev i sus og dus, men det hjelp så lite. Ho seier at ho «vet nogen mennesker, som jeg er glad i – saan at det vilde gjøre mig vondt, om jeg visste, de var bedrøvet, og glad, naar det gik dem godt. Men jeg kan verken gjøre dem større sorg eller glæde. Det har været saan altid. Og det var det, som hemmelig gjorde mig så ulykkelig og længselsfull før – at her gik jeg, og det var ikke noget menneskes lykke, at jeg var til».
Det er trist og sårt, og lett å kjenne seg igjen i, men som lesar kan ein jo sjå at Jennys eksistens faktisk er til fleire folks lykke.

Jenny har så strenge regler for seg sjølv, kjærleiken er liksom alt eller ingenting, og mest av all skal den vere ærleg. Kanskje det er hennar egen strenge moral for seg sjølv (dei gjeld ikkje venene hennar, dei lev liva sine mykje lausare og ledigare enn ho, men ho verker ikkje til å plagast av det) som er hennar største lyte. Ho er jo nesten sitt eige fengsel, sjølv i utlandet langt frå all familie og dømmande naboar. «Sig selv hadde hun maattet staa til rekneskap – og hvad var alt andet mot det».

I boka blir me introdusert for Jenny av ein fyr, og boka avsluttast med ein avskjed til Jenny frå ein annan fyr, og midt i mellom er historia Jenny sin historie. Eg synst det var ein interessant måte å skrive boka på, det likte eg veldig godt. Då eg blei ferdig med boka var Jenny nesten berre som ein draum. Andre deler av boka eg likte veldig var dei to siste kapitla i del to der kjærleik, historie og kunst blir heftig diskutert. Kva kunne vore tittelen på den diskusjonen mon? – Hadde kvinner hatt større behov for å fokusere på ordentleg arbeid og utvikle seg sjølv enn alt husmortull?. Også likte eg kor sinna Gunnar var på norsk kunst og den slags: «Ja netop faen ja. For det kan ikke gaa paa den maaten længer. At vort nasjonale symbol blir et rosemalt grautfat med nogen utskaarne kruseduller – som skal bety en klodset efterligning av den tarveligste av alle europeiske stilarter - rokokoen». Også fniste eg når Cesca begynte å snakke svorsk, og eg lø høgt når Gunnar, i neste setning, kalla det «et gyselig halvsvensk».

Dette er ei bok eg definitivt vil lese igjen. Alle folka er så naturlege: eg kan lett sjå for meg at dei verkeleg eksisterer. Ingen av dei er perfekte, men dei er heller ikkje irriterande og plagsame, berre … vanlege liksom. Også er det knallmasse skildring av landskap, og flaks for meg så lik eg det svært godt - eg har altså praktisk talt vore i Roma eg nå i det siste. Helst skulle eg hatt nokon å diskutere boka med. Og neste gong vil eg lese ei ordentleg bok slik at eg kan ta notat i margen og markere alt eg likte. Versjonen eg las var ei gratis e-bok som ligg på sida bokselskap.

Til biblioteket