Kalevala đŸ—“ïž

Samlar: Elias Lönnrot

Omsettar: Albert Lange Fliflet

Land og sprÄk: Finland og finsk

År: Lenge sidan, men samla og redigert ferdig i 1849

Her er fleire sitat

Det var unge Hanna, mĂŠlte soleis, tala sosso: Det er ikkje sĂ„ vanskeleg Ă„ sjĂ„ at historiene i Kalevala ikkje nĂždvendigvis treng henge saman til ein stor forteljing, men er etter beste evne limt fast slik av Elias Lönnrot. Det gjer ingenting. Eg fĂžlte berre ikkje noko behov for Ă„ lese alt samanhengande, men eg hadde store pausar i mellom enkelte delar og det gjekk heilt greitt. Denne norske omsetjinga frĂ„ 1967 er ikkje heilt 100% fullstendig: av 22.795 strofer er 2.443 utelatne seier omsetjaren. Eg trur den nyare omsetjinga (pĂ„ bokmĂ„l â˜č ) er heilt fullstending. Eg veit jo ikkje korleis sprĂ„ket er pĂ„ finsk, men den norske versjonen er heilt nydeleg 😍. Det er visst ikkje ein naturleg skrivemĂ„te for omsetjar Fliflet, men han har vore sĂ„ flink (ikkje at det er naturleg skrivemĂ„te for meg heller, sĂ„ eg dĂžmer basert pĂ„ hjartefĂžlelsane mine). Hadde eg funne denne boka i fysisk form til salgs sĂ„ hadde det vore ein DRAUM!

SĂŠrskild kapittel 22 og 23 rĂžrte meg djupt. Brura er lei seg fordi ho skal forlate barndomsheimen, foreldra og syskena. SjĂžlv om det sikkert er kjekt Ă„ gifte seg er det trist Ă„ ta farvel med alt det kjente kjĂŠre. Ho tenkjer pĂ„ alt ho er glad i: alle folk og alle stader – og tenkjer at ho kanskje aldri vil sjĂ„ og oppleve dei igjen. Det var sĂ„ kjekt og fritt Ă„ vere berre barnet sjĂ„ far og mor og nĂ„ er alt over og ho er sĂ„ trist. Trur du kanskje at familien hennar trĂžystar ho? Ikkje i det heile tatt, dei bekreftar alle hennar bange anelser.

NĂ„r du fer burt frĂ„ barndomsheimen, tak dĂ„ med deg alt du eig’e –
tingi tri so lat du liggje: middagskvildi etter maten,
godordi av gamle mor di, fyrstesmĂČki av smĂžrkinna.

Din ektemanns foreldre kjem ikkje til Ä bry seg ein dritt om ditt ve og vel! Dei har fÄtt seg ei ny tenestejente og din jobb er Ä tena dei godt. BÞy deg i stÞvet og ver glad til! Du blir aldri ei dotter igjen! 
 Det er ekstremt deprimerande. I tillegg fÄr me mÞte ei gammal dame som har dratt frÄ sin ektemann og hans familie som ikkje behandla ho bra, og no vil absolutt ingen vite av ho og det er eigentleg ganske forferdeleg. Det gÄr berre frÄ vondt til verre! Og eg antar at desse historiene har blitt til basert pÄ erfaring, og eg kan jo ikkje vere sÄ naiv Ä tru at slike haldningar er fullstendig eit fenomen utgÄtt pÄ dato heller. Det er svÊrt deprimerande og rÞrande lesing. Helst skulle eg sitert alt i saman.

MÞy, gjev gaum pÄ det eg mÊler, ordi mine skal du merke:
Heime blĂžmde du som blomen, gjekk som ein fagnad i farsgarden,
som eit solarljos for mor di, for din far som glans av mÄnen,
var som vatneglim for bror din, som blÄtt klÊde for di syster.
Du fer burt til annan bustad, der ei onnor stend for styret;
framandt kvende kann so sjeldan mĂŠle seg med egjo moder.
Framande skjemmer sÄ uskillegt, brukar ikkje munn med mÄte:
Verfar skjemmer deg for vindfall, vermor gnell: «Du er ei slodde»,
verbror kallar deg ein durstokk, versyster det verste uting.

Meir positivt: I kapittel 9 blir jernet fĂždt, som illustrert av bilete her. «Unnskyld?» seier du kanskje. Vel jern blei naturlegvis skapt av brystmjĂžlka til nokre damer guden Ukko laga ved Ă„ gnikka handa mot kneet sitt. Seinare blir VĂ€inĂ€möinen skada av jernet og dĂ„ blir jernet kjefta pĂ„! Korleis kan du oppfĂžre deg pĂ„ denne mĂ„ten?! No mĂ„ du gjere det godt igjen eller sĂ„ sladrar eg til mor di Jern! Seinare treff me pĂ„ ein bĂ„t som er trist fordi ingen vil sigle med han. Det er svĂŠrt sjarmerande med slik besjeling av ‘dĂžde’ ting.

Di so grÊt eg, stakkars bÄten, lyt eg klaga, arme skuta:
Ingen slÊper meg av sleipan, ingen ror meg ut pÄ bylgun.

Eg likar ĂČg at folk ofte blir samanlikna med fuglar, sĂŠrleg ender. Det er sĂ„ koseleg! Haveller dukkar ofte opp som eit kallenamn, og det liker eg fordi dei har sĂ„ fint namn og dei er dei sĂžtaste endene synst eg. Det er akkurat som om dei har roser i kinna, og stjerten er sĂ„ elegant og heile anda ser sĂ„ rund og nusseleg ut. (skjĂžnt i sitatet eg har plassert pĂ„ sitatsida (sida eg ikkje fant plass til det her) sĂ„ blir havella kalla ‘usĂŠl’?).

NĂ„r ein ser teiknefilm blir ofte folk og dyr teikna alt etter korleis dei har det, om dei er glade eller lei seg. Er folk og dyr (kanskje sĂŠrleg dyr) triste sĂ„ heng og sleng alt pĂ„ dei: Ăžyrer og halar og munnviker. Slik blir ĂČg Ilmarinen (hamraren frĂ„ fyrndeheimen) skildra nĂ„r han er lei seg: «ned pĂ„ bringa hekk hans hovud, huva hans sat heilt pĂ„ skeive.» RĂžrande.

Louhi, matmor nord i Pohja – langt hev ho frĂ„ tonn til neste, var ganske underhaldande. Ho blir skildra som ein heks i tekstane eg har lest om Kalevala, men det er ikkje fĂžr dei truar med Ă„ ta Sampo at ho blir direkte farleg og skummel. Ho er frĂ„ starten litt skeptisk til Ă„ gifte bort dĂžtrene sine til kven som helst, men det skal ho fĂ„ lov til Ă„ vere. Aller best liker eg denne skildringa eg brukte i starten av paragrafen: «langt hev ho frĂ„ tonn til neste», haha! Eg ler kvar gong eg les det – det er sĂ„ levande lett Ă„ sjĂ„ for seg.

PÄ wikipedia-sida her om dei ulike kapitla finst bilete som hÞyrer til, og det synst eg er kjempekjekt. SjÄ korleis historiene har blitt tolka. Eg liker best verka til Joseph Alanen. Og her er ein serie pÄ fire episodar frÄ finsk TV. Det er bÄde svenske og engelske undertekstar nede til hÞgre.

No er det tid Ä binde tunga, tid Ä setje lÄs for lippun,
lata tonen slutta lÄte, stogge stride visestraumen

Til biblioteket