Ve's mor 🗓️

Forfattar: Ragnhild Jølsen

Land og språk: Norge og bokmål

År: 1903

Fleire sitat her

Det er så rart når bøker er både djupt tragiske og seriøst morosame, men det er kanskje slike bøker eg liker aller best trur eg. Berre utifrå tittelen her kan ein jo sjå for seg eit smertefullt liv. Men det er ikkje slik at livet til Paula er sjukt mykje meir prega av uflaks enn andre, litt er ho skyld i sjølv òg(men ho har ein del uflaks, for all del). Ho er også langt ifrå ei perfekt dame. Ho er, som ryktene seier: «uforsiktig og levelysten», men det er altså slikt som blir sagt om ho, og ho er jo meir enn berre det. Ho er allereie i starten så stille, inneslutta og trist, då har ho nettopp blitt forlaten av sin ungdomskjærast og ho har gifta seg med ein eldre mann. «Drømme kan jeg vel både sent og tidlig, om jeg også sover hos Bjørnefar i Hiet. – For drømmene, de er trofaste de, Winkel, som Tungsindet».

Sjølv om Paula gjer galt og har for så vidt seg sjølv å takke for stemninga heime i huset, så er ho lett å like. Ho er ung, og hennar feil er lett å tilgi for ein lesar, og det er heller ikkje slik at Gerhard er nokon engel – ikkje i det heile tatt. Då Paula kjeftar sin lange klage og skjeller ut Gud sjølv, så vil eg gjerne berre grine med ho, for sjølv om det var ho som stod for dei første såra i livet på Gruvang, så er dei seinare såra ikkje hennar feil. Det er berre uflaks.

Også er det desse småbrørne til ektemannen hennar, Jon og Perikles, som heng saman uansett kor dei går, dei minner svært om Pompel og Pilt eller Dupont og Dupond, eller andre brør i same sjanger. Eg trudde fyrste dei var omkring 10 år gamle, men eg trur jammen dei er vaksne! Eg blir litt forvirra av dei to eg altså, dei ter seg svært barnsleg. Dei er ufordragelege og til tider litt morosame:

Om Paula og Gerhards namneval til den nye babyen, Dag: «De holdt næsten på at sprekke af Latter ved at høre Navnet – Dag. -Tænk Dag!. – «God Dag,» sagde de til Winkel og trykked ham hjertelig i Hånden». Eller når ein av dei (brørne veit ikkje kven av dei sjølv...) har fått ei tenestejente gravid og gifter ho bort med ein tenestegut og fikser ein god avtale: «De maatte give Anders Gaardskar den største Husmandsplads til en Afgift af 40 Øre Året og en Ko med Kalv – foruden den han fik med på Kjøbet».

Dessutan er heile boka så fint skriven, mange kjempekorte avsnitt, ein del repetering av ord og setningar og mange fine bilete. Eg likte då to trær som svaiar i vinden får representere forholdet mellom Paula og Gerhard: «Han bukked og skrabed, smelted sig hen i Ærbødighet, næsten helt ned til Marken imellem. – Hun kasted sig uvillig væk. – Han retted sig stolt, løftende på sin tresnudede Hat. Da blev hun bange og bøied sig gratiøst, som hvisked hun snedige Elskovsord. Og han studsed».

Boka er kort, men store stemningar kan komme tydeleg fram med få ord: ««Jeg skal skaffe dig en ny Dag» - Han så likegyldig forbi hende og sagde ikke mer. Hun orked ikke.».

Det blei ein svært sitat-tung tekst dette her.

Eg må berre nemne to ting til slutt: Då Paula føder Dag blir Gerhard heilt galen fordi Paula berre har auger for den litle babyen sin og han tenker: «- Æsch, var det ligt! – Jaloux på sånn en liden Dr…pose!!» … kaller han sitt nyfødde barn for ein drittpose? 💩 I sjalusi? Ting to: Det står om Paula at «En fik nok vige afveien for den Damen. For hun gik ret på, som var hun Dronningen. Og ikke sådan en, som ikke længer gad skjule Hestefoden. – – –» Eg må innrømme sjølve setningsstrukturen her forvirre meg.. skjule Paula Hestefoden eller gjer ho ikkje? Eg trur ho held han skjult. Uansett, hovedstussen min var at eg ikkje visste kvifor ho sko ha nokon hestefot å skjule, men altså: Djevelen har visstnok ein hestefot, og dette er eit utrykk.

Til biblioteket