Som om noe noengang tar slutt 🗓️

Forfattar: Liv Nysted

Land og språk: Norge og på nynorsk

År: 1990

Denne boka hadde ein uvanleg forteljar: historia til Hans og Sussanne (hovudpersonane) blir fortalt oss av ein forteljarstemme som me ikkje får vete så mykje om anna enn at forteljaren er ganske misfornøgd med sitt eige kjærleiksliv og derfor rakkar stadig ned på Hans og Sussanne og deira kjærleikshistorie. Ofte får me fortalt kor stakkarslege dei er og kor stusseleg framover det går mellom dei, men så må forteljaren ta seg i at det er faktisk ikkje heilt sant dette som blei fortalt: eigentleg er både Hans og Sussanne fornøgde og trivst saman og heng seg ikkje oppi alt det som forteljaren sjølv heng seg oppi. Dei spydige kommentarane gjelder kanskje meir forteljarens liv enn Hans og Sussanne sine liv. At ein kvar er seg sjølv nærast blir banka inn i oss.

Kjærleiken mellom Hans og Sussanne er uansett sjarmerande og dei er søte saman. Men dei er definitivt folk som det er lett å rakke ned på og ofte blir nettopp det: halvgamle feite folk – ein fabrikkarbeidar og ei vaskedame. Då dei reiser til Tenerife (som uttales akkurat slik det er skrevet Hans, og ikkje ‘Teneriff’ som den solbrune jenta frå reisebyrået så sjølvsikkert seier) får dei likevel skinne ordentleg i kontrasten til han fylliken på flyet og naboparet Hennes og Maurits (Eg forstår ikkje kva eg skal forstå av namnevalet? Men eit skrekkens nabopar er dei 😨).

Sussanne er søt kvar gong ho er usikker på seg sjølv og tvilar på kva Hans tenkjer og trur. Og Hans som plutseleg bakar boller om morgonen til Sussanne! Utan oppskrift?! Betre enn meg. Og då dei tar vårreingjeringa saman (og Hans utan å mukke) blei eg endå meir sjarmert.

«Enkelte har innvendt at eg gjør heile forteljinga for vanskelig, eg ser problem der dei ikkje finst, eg legg meg sjølv og mine eigne følelsar i noe eg strengt tatt ikkje har noe med. Eg har forsøkt å kjempe imot som de veit, men framstillinga må både vere slik og ikkje-slik. Alle så liknar og ikkje-liknar vi kvarandre… Dessutan er det viktig å avlive mytebefengte tankegangar om at middelaldrande bare finn kvarandre og dermed går alt av seg sjølv, enten fordi ein er gammal og klok og automatisk vel rett, det er alltid enklare når det ikkje er så mye å velje i, eller, fordi ein bare må vere glad til at ein får noen i såkalla moden alder, les: overmoden, da det å stille krav når ein er komme så nær pensjonsalderen, ville vere eit uhyrleg brot med det hellige norske jante…»

Til biblioteket

Dyreriket (Régne animal) 🗓️

Forfattar: Jean-Baptiste Del Amo

Omsettar: Gøril Eldøen

Land og språk: Frankrike, fransk

År: 2016

Ei særdeles grisen bok. 🐖🐖🐖 Det eg likte best må ver kor lett det var å forsvinne inn i stemninga som bli skapt (sjølv om eg jo ikkje akkurat vil vere der), altså kor godt skildra alt var. Eg synst fyrste delen frå gamle dagar kjentes veldig gamle-dagar ut, og det moderne kjentes moderne. Men eg likte best den fyrste delen, den var meir ordentleg rørande – særleg då Marcel kjem heim til livet men er heilt øydelagt, men visstnok blant dei såkalla heldige. Då blei det litt tårevått hjå meg. Andre halvdelen var litt mindre subtil og heftig. Nærmast meir absurd enn kritikk av dyrevelferda, men kanskje det er eg som er naiv og ikkje vil vedgå kor ille det er. Eg har jo sett bilete av dyr som vassar i si eigen møkk og ikkje blir mata for bonden strekk ikkje til. Men eg likte korleis heile familien og alle dei blanda seg med blei øydelagt. (Eg forstod ikkje heilt kor Gabrielle og tvillingane passa inn i historia? Dei var litt unødvendige spør du meg). Ikkje misforstå meg, men eg fekk assosiasjonar til Mørkets hjarte. Det var som om heile denne grisebusinessen, den ille måte dei behandla dyra på, absolutt ikkje var til å leve med for nokon av dei og gjorde dei galne heile gjengen. Catherine sine tankar om kor innestengt og stinkande av gris alt var, synst eg kunne for så vidt skildre heile boka. 🐖🐖🐖

Til biblioteket

Til fots: En filosofi om å gå 🗓️

Forfattar: Frédéric Gros

Omsettar: Hanne Herrman

Land og språk: Frankrike og fransk

År: 2008

Eg trur ikkje eg gjekk ein einaste tur i løpet av den tida eg las denne gå-boka. Det er jo litt bedrøveleg og kanskje litt flaut, men slik er det. La meg skylde på været 🌧️. Men eg fekk lyst til å gå! Litt i alle fall. Forfattaren snakkar helst om store og lange turar over fleire dagar og det er ikkje min stil og eg har ikkje tenkt til å gjere det til min stil. Ein overnatting er maks og berre det er litt i overkant. Men likevel fekk eg altså lyst til å gå meir turar. Han snakkar mykje om filosofar som elska å vandre, som tenkte ut alle sine smarte tankar mens dei gjekk. At tankar og bøker som blir skrivne sittande på eit kontor blir automatisk tunge og innstengte, mens bøker som blir til ute, vandrande, er lette, frie og luftige. Eg vil vel sei hovudtemaet i heile boka må vere: sitte inne er dumt og gå ute er smart. Og eg er jo for så vidt enig. Likevel er det framleis like vanskeleg å få ræva opp av sofaen og gå ut (i regnvêret 👼).

Han skreiv eit lite stykke om at å gå er ikkje kjedeleg. Når man kjeder seg manglar man noko å finne på, mens å gå er ein aktivitet, går du kan du ikkje godt stoppe opp ein gang fordi du må jo nesten heim igjen. Men det folk kanskje heller misliker med å gå er at det er ein svært monoton aktivitet, ein fot føre den andre som han seier fleire gonger. Men det er denne monotone gjentakande aktiviteten som gjer å gå til ein slags meditasjon der ein til slutt kan føle seg heilt i eitt med naturen. Når man springer kan ein få slik ‘runners high’, då er man nesten meir enn naturen og flyter over bakken – og det er ikkje i det heile tatt den same rusen ein får av å gå. Når ein går lenge og trutt blir ein jord og stein. Alle problema i livet er ikkje problem og ein kan berre ‘være’ i naturen, ein del av naturen, slik som dyr og planter er det. Det er slikt som eg liker å høyre, eg liker alltid når menneske blir dradd litt ned på jorda og plassert og sortert som ein organisme på same nivå som andre organismar. Som ein slik Jørgen Hattemaker-song for heile økosystemet.

Når man går, setter sinnsroen en stopper for alle bekymringer og all dramatikk, alt som graver tomme spor i livene og kroppene våre, og får alt dette til å fremstå som om det er satt ut av spill fordi det er utenfor rekkevidde, for langt unna, det lar seg ikke beregne. Alle de store og utslitende lidenskapene, de anspente nervene på grunn av det aktive livet, alt det som er tynt til bristepunktet viker til slutt for vandringens nådeløse utmattelse: Bare gå på. Sinnsro er en ufattelig tilfredsstillelse over ikke å vente seg noe, bare bevege seg fremover, bare gå.

Til biblioteket