Blå fjell

Kvifor er fjella blå? Er fjella blå fordi himmelen er blå? Og i mellom oss og fjell langt borte er det så mykje himmel at fjella ser blå ut? Fordi dei er dekte i himmel? Kanskje? Det er i alle fall min hypotese 👩‍🏫.

Lys og farge synst eg er så vanskeleg å forstå og godta. Lys er bølger? Som me ikkje kan sjå? Sjølv om me kan sjå at noko er lyst, og me kan sjå kva farge det er? Men det verker for meg som om det er bølger me ikkje ser, men, på usynleg vis, treff tappane og stavane inni augo våre. Også blir eit lite elektrisk signal sendt til hjernen - til akkurat den staden som har med slikt å gjer, også ser me lys og fargar. Dette er i alle fall slik eg hugsar det, og eg har ikkje tenkt til å slå det opp og dobbeltsjekke. Dette er min sanning.

Så kjem me til det som eg faktisk har slått opp. Det eg ikkje forstår. Og eg trur ikkje eg heilt forstår det framleis. Det er liksom greier eg kan spør folk som veit femti tusen gonger men så har eg likevel gløymt det til neste gong eg tenkjer på det. Så irriterande. Men kvifor er altså fjell langt borte blå? Eg begynner med å ikkje finne opp krutet heilt på ny, og desse to artiklane på SNL.no: «lysspredning» og «rayleighspredning» er korte tekstar som er megarelevante for akkurat det eg lurer på, sjølv om eg ikkje blir heilt tilfredsstilt.

For det fyrste: kor blir det av alt dette raude lyset på dagen? Om ein står midt på ekvator og ser på himmelen (sånn akkurat under dei raude pilene i bilde nr.2 på rayleighspredninglinken), kan himmelen sjå raud ut da om du snur hovudet i akkurat rett vinkel? Eller er himmelkvelvinga såpass stor at alt dette blå lyset som har spreidd seg utover overdøyver det raude lyset? Eg finn ikkje noko svar på dette her. Det er vel… eg vegrar meg for å sei det… eit dumt spørsmål?

Ein ting eg må nemne er at fjell, eller kva som helst, langt borte kan sjå lyse og bleike ut på grunn av forureining – men det er eg ikkje interessert i. Dette er ei naturvennleg side, ingen forureining godtatt så det driter eg i: eg antar fjella langt borte var blå for steinaldermenneskja også, det verker for meg som eit slikt grunnleggjande konsept dette her med dei mystiske langt-borte blå fjella.

I linken om rayleighspredningen så står det ein kort setning om blå fjell og at dei blir skapt av luft, slik som eg trudde. Dessverre er det ingen illustrasjon med piler som høyrer til. Men ja, det står at mellom oss og eit fjell lang unna vil det vere mykje luft og sida lufta ser blå ut så vil fjella sjå blå ut – sida dei er bak lufta. Eg føler på meg at eg lurer på et eller anna med raudt lys her òg, men eg veit ikkje kva spørsmålet er. Eg antar det er noko à la «Kor er alt dette raude lyset som ein visstnok berre ser på lang avstand (frå sola), men kor er det når ein står nærme sola osb.»? Det er her eg skulle hatt ein illustrasjon. Fordi fjella er jo langt borte, og kva om dei er lengre borte frå sola enn oss, vil dei då sjå raude ut? Sjølv om det er på dagen? Eg forvirrar meg sjølv.

Denne sida er forhåpentlegvis ikkje ferdigskriven.

Kjelder