🤞🏿 Bokforsetter 🤞🏿

Som liten hadde eg mi eige nettside for å sette mine fantastiske paint-kreasjonar på utstilling. Eg pinte meg gjennom html-greiene ved hjelp av notepad og eg syntest det var knallkjekt! Kvifor eg har hatt ein stopp på nesten 20 år er eit mysterium. Uansett. Eg berre nyter kva som helst eg får til, dette er så innmari tilfredsstillande, også så enkelt!

Det er ikkje masse eg har tenkt å skrive om meg sjølv(det blei visst masse), men eg kan nemne noko av det som er viktig for meg. Fyrst litt om Ronja Røverdatter som var ein stor inspirasjon for meg då eg var liten, og så litt om mitt syn på naturen – dei heng vel litt saman. Eg har andre interesser og fanesaker og slikt også altså, eg lover, men det er så vanskeleg å sette ord på idéar og forståingar som til vanleg lev i grautgryta som er mitt sinn og min hug.

Då eg var liten hadde eg Ronja Røverdatter på video (altså filmen basert på boka «Ronja Røverdatter» av Astrid Lindgren), det var ein av mine favorittfilmar til tross for at han er 2 timer lang - det er ganske lenge for eit barn å konsentrere seg om ein film. Det er ein scene i filmen, der Ronja finner Birk i skogen mens han kikkar på tjädrarna og Ronja blir sint. Det er jo hennar tjädrar i hennar skog og Birk høyrer ikkje til! Ronja seier så og då er det Birk som blir sint. Det er ikkje berre hennar skog, og tjädrarna tilhøyrar ikkje berre ho – dei er jo fyrst og fremst sine eigne. Han fortset med å sei at skogen eiges av alle dyra i skogen, frå dei store älgarna til dei små myrorna – både søte dyr og irriterande dyr, og skogen tilhøyrar både Birk og Ronja. Eg er så einig med Birk, ikkje berre har alle dyra i skogen sin plass og høyrer til der, men det har me også – me er òg natur. Også liker eg veldig konseptet «søte dyr er ikkje meir verd enn stygge dyr». Eg hugsar eg høyrte ein gang, og det kan jo vere eg hugsar feil, at i Sverige så bruker dei fjellreven (dyret, ikkje ryggsekkmerket) for å skape «ta vare på naturen»-stemning. Folk synest at revane så søte så dei kan lett bruke pengar på å hjelpe dei, men å hjelpe mindre karismatiske dyr og plantar er vanskeleg. Men fjellreven er jo avhengig av desse mindre karismatiske dyr og plantene, det er jo slikt økosystem er - «Alt heng saman så alt er megakomplisert», derfor går jo ikkje nødvendigvis pengar donert til fjellreven direkte til fjellrevens lommebok men kan heller blir brukt til å verne om revanes heim, naboar og mat. Dette, at ein må bruke søte dyr som lokkemiddel for at folk skal bry seg, irriterer meg. Det her var slutt på fyrste del, den om Ronja.

Nå er eg på del 2, den om natur – det er ein god del overlapping. Ofte blir naturen sett på som noko utanfor oss. Sjølv om ein bur på bygda – slik som eg, eller har skuleerfaring frå naturfag – slik som eg, så ser ein ofte på natur og økosystem som sine eigne lukka samfunn, og menneskje står utanfor (ofte altså, ikkje alltid – og ikkje av alle, kanskje ikkje «for det meste» ein gong i eit globalt perspektiv – mi oppfatning er at «menneskets samfunn er ein ting og naturens samfunn ein anna ting» er ein moderne vestleg greie). Men menneskje står jo ikkje utanfor, me er like mykje ein del av økosystemet som noko anna organisme eller kva som helst (skjønt vår påverknad på naturen er jo nokså ekstrem, på asteroide-nivå meir enn vulkan-nivå, og å sei at ein asteroide er ein del av noko økosystem på jorda er vel litt drygt).Den boka eg leste vinteren 2021 er fokusert på dette, korleis folk er ein del av økosystemet. Ho er litt tunglest men veldig spennande. Eit stort tema er at økosystem er så ulike at skule og bøker er nyttelause utan erfaring – det er som den fjellvettregelen: «lytt til erfarne fjellfolk», og dei erfarne fjellfolka er vel erfarne fordi dei har gjort alle tabbane sjølv fyrste (uflaks) eller høyrt det frå andre, eldre erfarne (flaks). …Hmm eg ser forresten at min fjellvettregel her er tatt bort! TATT BORT!!! Krenk!..... Eg synst nå det er eit godt råd uansett, det er «munnleg overført kunnskap» og det er jo sikkert den kunnskapen verda har brukt i lengst tid – den mest utprøvde strategi for læring og overleving. Nei, og absolutt nei. Mitt gode råd er å lytte når dei erfarne pratar likevel, sjølv om enkelte visstnok er ueinige.

Kom, fylg oss på din nye veg,
som opp or myrkheim fører deg
til ljos og klåre dagar!
Den sti er bratt, den veg er lang.
Men ingen angrar denne gang.
Om trøytt du stundom klagar,
til sist seg allting lagar.

Frå Haugtussa, av Arne Garborg

Eg feirar kjærleik og liv.
Eg dansar oppå livet og dauden.
Eg dansar oppå sorg og einsemd.
Eg tråkkar på bakken all den elende som plagar meg.
Dansinga frigjer sinnet frå livets passerande bekymringar.
Dansinga er bøn.
Når eg dansar, feirar eg livet mens eg ventar på dauden.
Kvifor dansar du ikkje?

Frå The First Wife, av Paulina Chiziane