Sayaka Murata

Japan, japansk

Døgnåpent (コンビニ人間) 🗓️

Omsettar: Magne Tørring

År: 2016

Ei svært kort bok, eg las ho på ein kveld, men kjempekjekk! Litt morosam og litt trist. Eg lo ofte av Furukuras observasjonar, sjølv om alle synst ho va rar så syntest resten av verda like rar gjennom hennar auger. Shiraha var jo svært slabbedaskete, men likevel så underhaldande når han kritiserte alt og alle, han var så veldig sint og irritert og uttrykka seg så morosamt. Og alt maset om steinalderen… til tross for at eg ikkje ynskjer å ha så mykje til felles med ein slik type er eg einig i at me ikkje er forandra som folk og samfunn sida steinalderen. Shiraha verka mest irritert ved det, eller i alle fall irritert ved at dagens folk ikkje innser at steinalderens seder ennå står ved lag. Men det er litt vakkert, synst eg, at me er framleis dei same. Folk i steinalderen hadde sikkert dei same samtalane som oss, dei same vitsane, dei same tankane. Men nå skal ikkje eg bable i det uendelege om …steinalderen – akkurat som plagsame Shiraha!

Men det var altså litt trist til tider òg. Furukura er så fornøgd med livet, ho har ordna seg akkurat som ho liker det, men familien hennar, vener og kollegaer klarer ikkje akseptere det. Dei spør og graver heile tida, og synst tydeleg synd på Furukura – altså til tross for at ho er glad og trivst.

Det forundret meg alltid med hvilken selvskreven rett folk tok seg til rette i møte med dem de selv opplevde som rare.

Og det blir ikkje akkurat betre når Furukura fortel dei om Shiraha og alle trur dei er kjærastar. Plutseleg blir alle så i overkant glade for Furukura, som om fyrst no har det skjedd noko i Furukuras liv å gle seg over. Ho blir inkludert i venskap og samtalar på ein måte at ho innser kor innmari ‘utanfor’ ho før var. Det er spesielt det med at venene og systera ikkje kunne godta Furukuras glede fordi hennar glede ikkje var slik dei forventa som gjer vondt og kjennest urettferdig. Må ein verkeleg setje spørsmålsteikn ved alt, eller?

Normalitetens verden var et nådeløst sted. Ethvert fremmedelement ble umerkelig utslettet, ethvert menneske som ikke fulgte normen, behørig elimenert.

Til biblioteket

Jordboer (地球星人) 🗓️

Omsettar: Magne Tørring

År: 2018

Jo før jeg ble hjernevasket, jo bedre. Så ville det kanskje ikke gjøre like vondt lenger. Så kunne jeg smilende ta min plass i den kunstige virkeligheten som resten av verden levde i.

Hovudpersonen I Jordboer har, som hovudpersonen i Døgnåpent, ein utruleg irriterande familie og irriterande vener. Dei har blitt endå verre faktisk. Det er slike folk eg blir så sint av å lese om, slike som får meg til å spenne kjeven og puste djupt. Det er ganske så fantastisk når bøker vekker slike sterke kjensler i meg, til tross for at dei er negative. Men dei skal jo vere slik, det er samfunnet – Fabrikken, som har hjernevaska dei alle til å tru at dei bryr seg så innmari mykje om alt dette dei tatlar om. I motsetning til Døgnåpent har hovudpersonen i Jordboer, Natsuki, meir ein ‘grunn’ til å ver skeptisk til samfunnet og ville beskytte seg for det. Eg lurer på om ho hadde vore den same i dag om ikkje det med Igasaki ikkje hadde hendt? Tomoya, mannen hennar, hadde vel ingen spesielle traume som me fekk høyre om og han er jo heilt einig med Natsuki og hennar syn på verda.

Boka minna meg om både Eg ser-diktet til Obstfelder og den Til fots, gåfilosofiboka eg las ferdig tidlegare i veka. Dei ser alle på verda litt utanfrå og dei synst det ser litt rart og gale ut. Alle desse reglene folk har skapt for seg sjølv – og ikkje minst for alle! Nåde den som ikkje vil føye seg. I gåfilosofiboka stod det litt om kynisme, og den gjengen hadde kanskje vore nokon Natsuki, Tomoya og Y¬ū hadde følt litt slektskap med. Dei synst visst mykje av det same, at samfunnet, eller Fabrikken som popinpobopianarane kallar det er eit frykteleg sted å være og arbeide for. Ein blir indoktrinert til å godta å vere slave og misjonerer dei same ideane vidare til neste generasjonar. Det viktige er å fø ungar. Livmor og testiklar er ikkje eigd av menneska, men av Fabrikken.

Eg likte denne boka kjempegodt eg altså. Eg likte å høyre både om då dei var små og nå då dei var blitt vaksne. Eg har aldri vore i Japan og aner ikkje korleis deira fjell ser ut, men eg ser så godt for meg huset i Akishina der store deler av handlinga skjer. Natsuki og ler av handlinga skjer. Natsuki og Y¬ū var så søte som små, og eg fekk så innmari vondt av dei.

«De voksne eier oss. Uten dem kan vi verken skaffe oss mat eller reise noe sted. Sånn er det bare å være barn. Vi må bare bite sammen tennene lenge nok til at vi blir voksne selv.»

Til biblioteket