Walden; or, Life in the Woods đïž
Henry David Thoreau flytta ut i skogen i to Är, filosoferte, fiska og sÄdde bÞnner, kikka pÄ dyr og fuglar, og av og til (oftare enn han ynskja) fekk han besÞk. Skogen var eigd av ein kompis og det var ikkje langt unna byen, han snakkar stadig om toget som er rett i nÊrleiken og alle fiskarar og andre naboar, i tillegg drog han visst heim til familien sin for Ä overnatte nokre gonger eller til vener pÄ besÞk. Det er altsÄ ikkje ein slags overleve heilt aleine i gokk det han snakkar om, men han snakkar mykje om Ä leve litt annleis, ikkje nÞdvendigvis gjere som alle andre berre fordi samfunnets normer er slik og slik. At me er bundne av snorer me har knytta sjÞlv.
When we consider what, to use the words of the catechism, is the chief end of man, and what are the true necessaries and means of life, it appears as if men had deliberately chosen the common mode of living because they preferred it to any other. Yet they honestly think there is no choice left. But alert and healthy natures remember that the sun rose clear.
Fyrste delen, Economy, er litt annleis enn resten, den er meir som ein liten preiken med litt rekneskap iblanda. Eg noterte fleire sitat derifrÄ samstundes som eg glatt hoppa over kor mykje dollar og cent han hadde brukt pÄ frÞ og spiker. Resten av boka er meir episodete, folk og dyr han mÞter i skogen og snakkar med eller tankar han har om sjÞen og trea. Og mot slutten blir det meir moral og filosofi igjen, og han minner oss pÄ at me mÄ leve sjÞlv og ikkje berre fÞlgje med straumen.
MĂ„ten mĂžter med folk blir skildra pĂ„ minner meg ofte om George Eliot og Middlemarch, det er ein del spydighetar involvert, men George Eliot er litt snillare med folk synst eg, og dei har jo ĂČg litt ulike perspektiv pĂ„ ting. Eliot med fokus pĂ„ samfunnet og relasjonar mellom folk, mens Thoreau fokuserer heller pĂ„ mennesket aleine eller saman med naturen berre. Men det er som dei begge ristar pĂ„ hovudet og ler nĂ„r dei snakkar om tullete folk med sine idear og nykker. Fleire av dei sitata eg har skrive inn pĂ„ sitatsida til boka handlar om Thoreau og slitne gjester.
SjÞlv om eg ikkje har dei same privilegia som Thoreau, ingen av mine vener har ein skog eg kan bu i og eg veit ikkje korleis ein byggar eit hus, sÄ er det inspirerande det han skriv, akkurat som med gÄ-boka fÄr eg lyst til Ä gÄ ut og bli eitt med naturen. Ikkje at naturen bryr seg meir om meg enn ei fluge eller eit grasstrÄ, men det er heller ikkje eit problem for meg, det er akkurat slik det skal vere. Me er ein del av naturen, sidestilt med alt anna, men me kan lÊre av naturen, og gjennom naturen blir me fri.
This broad field which I have looked at so long looks not to me as the principal cultivator, but away from me to influences more genial to it, which water and make it green.
Dette sitatet minna meg om Braiding Sweetgrass-boka, skjĂžnt budskapet er litt annleis. Ho skreiv at gjennom Ă„ arbeide med jorda sĂ„ fĂ„r ein et forhold til jorda, noko som âeg er glad i jorda, er jorda glad i megâ â opplegg(som eg liker veldig godt), men her er det ganske ubarmhjertig: uansett kor mykje eg arbeidar i jorda er mitt arbeid ingenting mot sola og regnet, eg er berre ein bekjent av jorda. Til tross for at det er slemmare mot mennesket sĂ„ har eg ikkje noko imot det, mennesket har ikkje vondt av Ă„ bli tilsidesatt, og eg liker mystisk nok denne tankegangen ĂČg. Mennesket har blitt sĂ„ vond mot naturen, sĂŠrleg dei siste hundre Ă„ra, og folk burde vite at naturen er ikkje deiras Ă„ herske over! Om naturen ein dag kjempar tilbake sĂ„ bĂžr ingen bli overraska.
The true husbandman will cease from anxiety, as the squirrels manifest no concern whether the woods will bear chestnuts this year or not, and finish his labor with every day, relinquishing all claim to the produce of his fields, and sacrificing in his mind not only his first but his last fruits also.
Dette er eit anna lite sitat eg liker, det er slike tankar eg kan tenkje utan Ă„ tĂžrre ytra dei fordi folk tar sĂ„ fort til motmĂŠle og fĂ„r meg til Ă„ fĂžle meg dum. At idealisme som avskyr alt med pengar og forbruk er idiotisk, og at slike tankar ofte ser ut til Ă„ vere triggande for enkelte. Folk meiner som regel fysiske gode prinsipielt er betre enn ikkje-fysiske, men ei oppvakning til ein sanning er ĂČg ei gode som ikkje burde vere kontroversiell. Ă leve hensiktsmessig i trĂ„d med naturen burde ikkje vere ein oppfordring til krangel.
Men sÄ blei eg litt satt ut nÄr han plutseleg mot slutten kom med denne kommentaren: «While England endeavors to cure the potato-rot, will not any endeavor to cure the brain-rot, which prevails so much more widely and fatally?» Eg visste ikkje at brainrot var eit slikt gammalt begrep, og han bruker det sÄ morosamt! Og det er jo litt fint pÄ ein slik «antikkens grekere klagar pÄ ungdommen» - mÄte, at folk generelt har ikkje vore flinke til Ä bruke hjernen sin, men heller gjer og tenkjer som dei andre. Fylgjer mÞnsteret slik dei er blitt lÊrte opp til.
We will not be shipwrecked on a vain reality. Shall we with pains erect a heaven of blue glass over ourselves, though when it is done we shall be sure to gaze still at the true ethereal heaven far above, as if the former were not?
Slutten pÄ boka var ganske positiv, meir positiv enn eg sÄg for meg at han skulle bli. Thoreau ser ut til Ä ha tiltro til folket, uansett kor mykje han ruller pÄ auga pÄ grunn av dei, at innerst inne veit alle folk at sanninga er ikkje tradisjon og gamle vaner slik dei er lÊre opp til, og Thoreau trur og hÄpar at dei kan klare Ä vakne opp ein dag og faktisk vite om den vÄgen og bestemme seg for Ä dra dit og sÄ gjere det.
However mean your life is, meet it and live it; do not shun it and call it hard names. It is not so bad as you are.
Til biblioteket