Denne boka er i ein liknande sjanger som Heimskringla: ho skildrar ekte historie, men er skriven ei god stund seinare. Handlinga utspel seg på starten av 200-talet, men boka er skriven på 1300-talet. Ein del av folka har eksistert og slaga har vore kjempa, men det er ein noko fantasifull gjenfortelling. Inspirert av ein sann historie. Eg går utifrå at det er ein meir spennande og interessant versjon enn den verkelege. Og kanskje med større soldattroppar om kinesiske historikarar har same trong til overdriving som dei europeiske (ifylgje Barbara Tuchman).
Her er mitt litle samandrag av dei personane eg synst er viktigast eller som gjer mest ut av seg. Det kan vere litt spoilere her og der. Personleg bryr eg meg ikkje om slike avsløringar, med mindre det ikkje er veldig viktig for boka – og det er det ikkje her: alle dør.