Una corte de rosas y espinas
Forfattar: Sarah J. Maas
Denne boka var ikkje for meg, men ok som spansklesing etter den meir tungleste La barraca. Eg skulle ynskje det var litt meir tvistar mot slutten – det er fleire bøker i serien så det er vel spart på litt. Eg fatta ikkje heilt kvifor slutten i det heile tatt eksisterte? Kvifor gjekk Amarantha med på dette veddemålet med Feyre eigentleg? Kva i alle dagar fekk ho utav det? Berre for «kjekt»? Eg håper eg må ha misforstått noko…
Levende og døde
Forfattar: Han Kang
Boka var krevjande å lese. Skjebnane som skildrast er så vonde og heile historia – altså Gwangju opprøret, er så motbydeleg. Det er liksom ekstra vondt når folk er vonde og piner og drep sine eigne.
La barraca
Forfattar: Vicente Blasco Ibáñez
Eg likte svært godt kapittelet der den litle guten blir gravlagd og heile grenda for ein gongs skyld viser litt empati. Det kapittelet var fylt av fine setningar og sorgfull stemning (men som var ekstra sår sidan som sagt alle naboane var så omsorgsfulle). Det kan vere at eg mangla litt historisk kunnskap fordi eg fatta ikkje kvifor latsabben Pimentó var så innmari rasande på Batiste? Og særleg når dei blei klart at Pimentó aldri hadde betalt noko leige for sine eigendommar sjølv. Kva tyranni var det han trudde han liksom levde under? Er det ein del av samfunnskritikken?
På Sct. Jørgen
Forfattar: Amalie Skram
Hieronimus sender Else til Sct. Jørgen og dette er boka om det. Det er for å vere ærleg mykje av det same som førre bok, berre at det er litt meir futt i Else. Venninnene er svært sjarmerande, til tross for at Else verker ueinig. Eg saknar litt å høyre frå mannen til Else: eg lurer så på kva han har tenkt oppi det heile, ein får jo høyre litt gjennom ho venninna men eg vil oppleve det når han opplev det slik som me fekk i den fyrste boka.
Kinesiske eventyr
Fortalt av Dana og Milada Šťovíčková på grunnlag av kinesiske kilder
Anbefales! Anbefales! Anbefales!
Eg er svært glad i eventyr, men alle eventyrbøker er ikkje alltid like interessante.
Dette var ein innertier for min del 🎯. Eventyra var akkurat lange nok og varierte, og illustrasjonane var fine.
Lappisk mythologi
Forfattar: J. A. Friis
Fyrste delen om sjølve mytologien, samisk mytologi, veit eg ikkje kor stor verdi det er i? Eg kan jo ingenting om det, men det var interessant uansett. Særleg då han gjekk gjennom runebommene, eg kan ikkje sei har eg nokonsinne har studert slike så nøye. Men andre delen! Andre delen med alle eventyra og historiene var kjempekjekk! Eg likte særleg godt historiene om tjudar og karelar, ein kan kanskje ikkje ver sikker på at ‘historiar’ er sanne, men eg er trur lett. Møje meir tvilsom historie ute og vankar. Historie 38-2 på side 119 (i andre del altså) må jo vere inspirasjon til filmen Veivisaren?! Eg har ikkje sett filmen sidan ungdomsskulen men … ei slik soge må ha vore inspirasjon.
Eg bur her no
Forfattar: Kari Anne Bye
Eg ville høyre på noko mens eg gjorde reint og slik enda eg opp her. For eit lykketreff! Denne boka er kjempesøt: det er historia om eit kjærastepar frå dei møtest for fyrste gong til dei er ganske trygt i saman. Det er ei samling dikt som saman fortel ei historie. Eg høyrte på lydboka og det var som om eg høyrte på ei venninne som tatla i veg og eg kunne berre lytte : det var kjempekoseleg, eg var Momo! Eg gispa HØGT då ho fortalte om kjærasten som putta skitne knivar rett ned i dei fine arveglasa frå bestemor som stod i oppvaskkummen! 🙅♀️Men ja, det er som om eg har hatt besøk av ei god venninne i dag og det har vore kjempekoseleg! Takk for besøket!
Dialoger med naturen
Forfattar: Jens-Ivar Nergård
Det var interessant å lese om korleis reingjeting foregår og kva som truer den næringa (særskilt klimaendringar og nødvendigheta for eksta arbeid ved sida av). Det er litt rart å lese ein slik antropologisk tekst om folk som kunne vore, type, naboen – men det er jo berre slik det er, ein kan vel faktisk skrive antropologiske tekstar om naboen. Nokon kunne faktisk gjerne gjere det, dei får meg ofte til å lure litt? Ein god del gjekk meg husforbi(alt teknisk om filosofi/sosiologi/antropologi), eg forstår ikkje kvifor folk må skrive så innmari vanskeleg, kan dei ikkje berre bruke vanlege ord så eg slepper å måtte slå opp alt?!
Kims lek
Forfattar: Sun Heidi Sæbø
Det her var ei spennande bok til tross for at eg visste jo frå starten av at me aldri kom til å komme fram til nokon løysning. Det gav meg litt True-Crime-vibber, kanskje mest fordi det var det eg forventa når eg såg at forfattaren var Dagbladet-journalist. Det var ein god del koreansk historie, og det var kjekt fordi det kunne eg ingenting om. Men det kunne gjerne vore med nokre bilde.
Med havet i hånden
Forfattar: Odd Sivertsen
Denne boka fekk eg lite utav, ho festa seg ikkje i meg i det heile tatt. Det er ein gut som veks opp eit sted i Lyngen og familien hans er samisk, og dei både skjemst av det og er stolte av det – eller guten lærer seg eller bestemmer seg for å bli det i alle fall. Og dei er læstadianarar og er ofte på samlingar. I Dialoger med naturen fortalte forfattaren om læstadianismen om kor viktig den hadde vore for å ta vare på samisk kultur og språk, særleg for dei som ikkje driv med rein.
Sånn ble det
Forfattar: Maren Uthaug
Eg likte ikkje slutten i det heile tatt! Boka levde definitivt opp til namnet sitt, det var stor ‘jaja, då er det vel bare sånn då’-stemning, men slutten?! Dei siste sidene?! Skal eg avsløre det? Eg skriv det i bakteksten her, slik at det dukkar opp om du held pila over. Resten av boka var heilt grei, men fengde meg ikkje og inspirerte meg ikkje til å tenkje stort om ho.
Presten
Forfattar: Hanne Ørstavik
Eg veit ikkje. Det var både for mykje som haldt på og for lite. Eg brydde meg ikkje om nokon, men eg likte ideen om presten som ikkje klarer å trøyste eller røre ved nokon.
Våke over dem som sover
Forfattar: Sigbjørn Skåden
Denne boka handlar litt om ein stor overgrepssak frå Kautokeino som eg aldri hadde høyrt om før. Hovudpersonens kunstprosjekt har som eit av sine mål og ikkje bli likt og det klarar han med glans, for eg kan ikkje fordra han. Ubehageleg bok og eg veit ikkje kva som var poenget?
Kátjá
Forfattar: Elle Márjá Vars
Ein roman for ungdom i alle aldre … eg trur eg ikkje er nokon ungdom i nokon alder lenger for denne boka var ikkje for meg. Eg kunne ikkje fordra Kátjá. Starten likte eg, då ho var på internatet - ho var ein ordentleg drittunge, men ein kunne jo forstå kvifor det blei sånn. Men etter at ho drog til Tromsø blei det jo etthundreprosent kjærleikshistorie! Det var jo ingenting anna? Og begge dei to gutane… fyrste samen ho trefte i Tromsø og så fyrste samen ho trefte då ho flytta til Oslo. Begge forelska seg i ho ved fyrste blikk, og begge hadde kafé-tema. Ho hadde ingen kvinnelege vener - ikkje eingong systrene snakka ho særleg med, ho helte heller mot broren.
Om natten er alt blod svart
Forfattar: David Diop
Som ein draum. Eller mareritt: skummelt og trist. Boka er så heftig, ho nesten oppfordrar til å lese heilt frå start til slutt utan stans. Bileta i hovudet mitt er litt like Mørkets hjerte, så hypnotiserande og rituelt.
Usynlige byer
Forfattar: Italo Calvino
Eg vil ha ho som ordentleg fysisk bok. Kvar by var så fantasifull men lett å sjå for seg, og eg trur eg har vore på besøk i fleire av dei byane før!
En eventyrlig mann
Forfattar: Mary Jo Putney
Eg måtte sjekke om eg liker 90-talls kjærleikshistorier. Ikkje noko særleg. Eg likte at hovudpersonen er skildra som «ikke spesielt høy», det er uvanleg blant dei romantiske heltar. Og han har ei sigøyner-mor. Dei kallar ho sigøyner og eg var litt usikker på kva folk det sikta til (boka er frå England), men det er romanifolk det er snakk om. Eg synst ikkje boka var ufin eller noko, skjønt enkelte romaniskikkar var korkje for meg eller heltinna (men ifølgje internettet er dette faktiske skikkar, skikkar som har med det å vere rein å gjere, og alt som ikkje er reint).
Petersburgnoveller
Forfattar: N. V. Gogol
Interessante noveller! Han her Gogol og Bulgakov er begge like flinke til fantasifull kritikk av samfunnet dei lev i! Eg vil lese meir av begge! Den fyrste novella, Kappen, er den mest kjente og det var òg min favoritt.
Taus Kjærlighet
Forfattar: Theresa Charles
Eg fekk denne og fleire andre av same forfattar for kjempelengesidan av ei gammal tante. Det var berre denne eg klarte å hugse nok av handlinga til å finne ho igjen. Så ville eg jo lese ho for å sjå … vel kva høgkultur eg nøyt som tenåring. 😬 iiiiiiiik! Fyrste kapittel møter me helten og heltinna på veg heim frå ein date. Dei har ikkje hatt sex endå og helten er kjempekeen. Dei stoppar ved vegen for heltinna vil plukke bjørnebær. Helten røskar ho til sin bankande barm og smyg handa oppover låret på ho, men ho vil ikkje! Ho skubbar han frå seg og nektar han alt som helst! «Han følte en nærmest sinnsyk trang til å trekke henne med seg etter det lange håret. Og en kjøligere, liksom uengasjert del av hjernen hans forstod med ett hvordan tilsynelatende avbalanserte menn hadde kunnet begå det som gikk under betegnelsen ‘lystmord’». Ja, det er såvisst ein sjarmerande helt. Han set seg i bilen og køyrer ho heimover, men i sitt raseri klarer han å kollidere så heltinna ender på sjukehus og han blir sendt til Afrika(!). Eg lurer på om heltinna hadde vore så forelska i han typen om ho hadde lest si eiga bok.