Kongens Fald đŸ—“ïž

Forfattar: Johannes V. Jensen

Land og sprÄk: Danmark og dansk

År: 1901

Fleire sitat her

Det gjekk tro-tre kapittel fĂžr det gjekk opp for meg at sjĂžlv om boka er utgitt i 1901 sĂ„ er det ikkje dĂ„ handlinga skjer. Ho startar faktisk i 1497, og dĂ„ eg fann ut det blei eg svĂŠrt begeistra fordi eg trur kanskje at vĂ„r hovudperson Mikkel er pĂ„ same alder som Lucrezia! For eit samantreff! Lucrezia har forresten blitt min ‘Kristus’ for mellomalder og renessansen (altsĂ„ mitt utgangspunk for tidsrekning).

Denne boka gjorde eit stort inntrykk pÄ meg. Ho var bÄde svÊrt vakker og svÊrt stygg. SprÄket var vakkert, men handlinga var stygg. Eg fÄr lese nydelege og levande skildringar om de danske landskap, men skildringane av kva folk tar seg til er vond Ä lese(ein god del mord og valdtekt), men sÄ legg dei seg til Ä drÞyme og draumane er sÄ vakre igjen. Eigentleg synst eg heile boka verka som ein feberfantasi. Men fÞr eg gÄr vidare mÄ eg berre nemne at det stÄr overalt at forfattaren ville skildre den danske folkesjela med boka, og det gjer meg sÄ usikker. Eg kjenner ingen danskar (som eg veit om), men er dei eit sÊrdeles tvilande folkeferd? Eller eit folk som gjer slemme ting men samstundes klarar Ä sjarmere meg?

SjÞlv om folka i lev i ei eldre tid og fÄr oppleve mange ting eg fant wikipedia-artiklar om, sÄ er det berre som eit bakteppe. Det er eigentleg ikkje sÄ forferdeleg viktig at me er i pÄ starten av 1500-talet. Det er folka og deira liv og val som er fokus, ikkje nÞdvendigvis dei historiske hendingane som dei deltar i eller fÄr hÞyre om. Slikt er berre smÄ detaljar. Oppi alt dette har me nemleg Mikkel med dei store draumane.

Mikkel pĂ„ veg opp i livet, utan heilt Ă„ nĂ„ dit han vil. Mikkel er kanskje litt patetisk. I starten blir han kasta utav universitetet fordi han aldri gjer leksene sine, og det blir liksom aldri stort betre: han tar val som er meir frustrerande enn tilfredsstillande. Og han er svak og gretten. Eg likar han likevel: han er merkeleg sympatisk til tross for alt. Det er litt sĂ„rt Ă„ innrĂžmme det, men eg kjenner meg litt igjen i han (ikkje dei kriminelle delene da 😇).

«Men nu hÞrte Mikkel Stilheden igen, og nu var den meget forandret, saa stÊrk og syngende, saa fuld af dump Underlyd, at den skrÊkkede ham. Det var otte Aars Liv i HjemlÞshed, der mindede, det var otte Aars endelige Ingenting, der spillede Salme i hans Øren og ikke vilde tie.»

Tittelen nemner jo kongen og kongens fald. Og kongen er med og kongen faller. I kapittelet som heiter ‘Kongen falder’ er det skildra ein mytisk bĂ„ttur der kongen tvilar pĂ„ kva han skal gjere vidare. Det mĂ„ vere tvilen som er hans store fall. Kongen blir skildra som «Skaberen af Danmarks Mangel paa Historie» i boka, som er jo litt trist. Kongen har ĂČg som Mikkel store draumar utan at det blir noko sĂŠrleg utav det.

«For da han havde opdaget, at han tvivlede, blev han saa afblanket og slagen, saa bundlÞs udtÞmt for Haab, at han kom til en Slags Rolighed, en Fortvivlelse. Han blev sikker paa sin Tvivl, og det saa afgjort, at han paa en mÊrkelig omvendt Vis fattede Haab igen.»

Eg nemnte det over, men sprÄket i boka er altsÄ heilt fantastisk magisk! Naturen blir sÄ stemningsfullt skildra. Og dei groteske hendingane i boka er sÄ rart vakkert skrivne. Alt er sÄ lett Ä sjÄ for seg og det er nesten som om eg kan ta pÄ alt og lukte pÄ alt. Det er fullt av metaforar og besjeling og alle slike ting, og det er svÊrt effektivt. Helst ville eg sitert heile boka trur eg, men eg mÄ vel styre meg.

«Han var kommen til at huske den Gang, Anders Graas Hest blev syg og kunde ikke leve — derhjemme paa Egnen. Anders Graa undte sig selv at aflive den, han skĂžd den en ArmbrĂžstbolt i StjĂŠrnen, og i samme Nu hug den TĂŠnderne i Sneen. Jorden tog Hovedet fĂžrst, og saa drev Kroppen bagefter, idet Stivelsen gik af Haserne. Ja . . . ja Jorden ved nok Besked, skĂžnt den tier stille.»

Det er to kapittel som skil seg svĂŠrt ut: dei er nemleg veldig inspirert av andre tekstar. Den fyrste trengte eg wikipedia til Ă„ fortelje meg om, men den andre kjente eg igjen frĂ„ den eldre Edda. I kapittelet ‘Inger’ fĂ„r me gjenfortalt ei dansk vise kalla ‘Åge og Else’(📜 tekst og đŸŽ” musikk). For ein morosam idĂ©! Les sjĂžlv og samanlikn for eg blei i alle fall fascinert! Slikt vil eg ha meir av. I kapittelet ‘Grotte’ fekk me gjenfortalt Grottesongen, og eg blei sĂ„ glad dĂ„ eg gjenkjente kva som kom: Fenja! Og Menja! Me har mĂžttest fĂžr! Eg blei sĂ„ glad at eg kvad kvadet eit kvad.

Til slutt:

Det kan vere at det eg skal sei no er svĂŠrt kontroversielt men: dansk er mitt favorittsprĂ„k 😍. Eg synst det er kjempevakkert. Eg las ‘Kongens fald’ med kombinasjon ebok og lydbok (den er ĂČg pĂ„ Spotify), altsĂ„ eg hadde teksten framfor meg mens eg hĂžyrde danskar lese opp teksten for meg. Det var ein veldig fin kombinasjon og gjorde det lettare Ă„ forstĂ„ dansken. Av og til mĂ„tte eg slĂ„ opp ord i den danske orboka, men for det meste er sprĂ„ket forstĂ„eleg. (Det finst jo norsk versjon pĂ„ bokhylla.no, men kvar er gleda med Ă„ lese vakre tekstar omsett om ein kan heller lese originalen).

Jeg mistede mit Livs sande Foraar i Danmark af LĂŠngsel efter Lykken i det fremmede; og derude fandt jeg ingen Lykke, for jeg led overalt af Hjemve efter mit eget Land. Men da Alverden tilsidst lokkede mig forgĂŠves, da var endelig ogsaa Danmark dĂžet ud af mit HjĂŠrte; saaledes blev jeg hjemlĂžs.

Til biblioteket