Kva naturtype er det i dette området? Eg har gått ut ifrå vegetasjonstypee som er skildra i vegetasjonstypeheftet frå NINA (det kjem opp som pdf om du gjer eit googlesøk).
Eg har alltid berre gått utifrå at området er ei gammal lynghei som ikkje har blitt skjøtta og no berre er det ho er, men kva er ho då og var ho nokon gong eigentleg ei lynghei? Eg kjenner ingen som har budd her lenge nok til å vite om områet nokonsinne har vore brent, men det må i så tilfelle ha vore for svært lenge sidan. Har området blitt brukt til beite? Eg veit eg har sett sauer i området før, men visstnok er den oransje planta på bilete til høgre, rome, ei kjelde til sauesjukdom? Så kanskje dette er eit dårleg beite. No for tida er det uansett for vått for sauer trur eg. Kanskje er det eigentleg myr? Eg trur ikkje det er myr av vegetasjonstype, heller folkemunne-type-myr isåtilfelle. Men området er svært vått og det har ikkje alltid vore det. For hundre år sidan gjekk ein veg på tvers her, men det hadde aldri gått no. Eg veit ikkje kvifor det har forandra seg så. Det var før ei mølle og ein oppdemma bekk (eg går utifrå det er ein bekk det er snakk om) og det er alt øydelagt og det er bygga andre ting der nå - kanskje dette har gjort området våtere? Eller er det kjedelegare ting som klimaforandringar?
La meg skildre området så godt eg kan. Det er vått overalt, men det går fint an å gå med støvlar dei fleste stadar. På kvar side av vegen er det våte områder som er skildra som vatn på kartet. Dei våte områda er forbunden med ein stilleståande bekk på tvers av stien som ein ikkje enkelt kan gå over. Altså er stien blitt ein blindveg. I dei våtaste områda er det meste av vegetasjonen grastypar, særleg blåtopp (eg har aldri høyrt om blåtopp før så eg er ikkje 100 prosent sikker) og bjørneskjegg. I dei høgare områda(>1m) er det ein blanding av brakje, røsslyng/klokkelyng, krekebær og blokkebær. Eg trur i alle fall at det er ein del blokkebær: eg har vore å inspisert på hausten då blokkebæra er nærmast bladlause så dei gjer ikkje så mykje av seg. I kanten av områda der det er enda høgare er det ein del trær, særleg gode gamle sitkagran. Sitkagrana prøver forsåvidt sitt beste på å gro overalt, sjølv på dei våtaste stadane. Det finst òg andre trær som rogn, vier og bjørk - og dei veks overalt men spreidd. På dei områda der bakken tittar fram er han dekka av mose, torvmose. At torvmosen trivst så godt, kan jo tyde på at det er myr.
Myr er eit problem for meg fordi eg synst det er litt vanskeleg. Så helst vil eg ignorere vegetasjonstypen "myr" 👼. Det finst to slags hovudmyrer: dei med vatn nedanifrå (jordvannsmyr) og dei med vatn utanifrå (regnvannsmyr). Sida det frå gammalt av må ha vore mykje tørrare (det var veg!) så synst eg eg regnvannsmyr høyrest mest sannsynleg ut. Regnvannsmyrer er normalt næringsfattige. Om det likevel er ei jordvannsmyr så vil vatnet i myra ha vore i kontakt med berggrunnen slik at berggrunnen vil påverke næringsinnhaldet. Berggrunnen her er gabbro og burde gi ei næringsrik myr. Om eg ser på plantene så veks her så hintar dei òg om eit næringsrikt område (bukkeblad, blåtopp, tepperot, fiol, myrklegg, blåknapp, jåblom), men ingen av dei meir typiske næringskrevjande artane dukkar opp. Ingen orkidear! Eg får altså litt blanda signalar og det gjer meg forvirra 🥴. Kanskje er det på veg til å bli myr.
Om det er ei lynghei så har ho altså ikkje blitt brent dei siste førti åra og bærer ikkje preg av å bli beita i det siste. Eg synst fleire vegetasjonstypar kan passe sånn passe så eg synst det er vanskeleg å gi eit endeleg svar på kva type mitt område er. Røsslyng-blokkebær furuskog(A3e) passar bortsett frå at det ikkje er nokon skog, dei fleste trea er i utkanten av området (eller på dei så vidt høgare områda). Same problemet har grasdominert fattigskog (A7e). Blåtoppeng (G2) passer bortsett frå at ei slik eng ikkje nemner nokon av dei andre artane som er mest populære hjå meg. Dei resterande passande typane er alle fuktig lynghei (H3). Røsslyng-purpurlyngutforming (b) blir kanskje å dra det litt langt fordi eg fann berre ei einsleg tue med purpurlyng. Klokkelyng-rome-bjønnskjegg(c) kan passe sjølv om ingen av dei artane er blant dei mest populære hjå meg så finst dei definitivt i området. I skildringa står det at lav er meir dominerande enn mose i eit slikt område og det stemmer ikkje hjå meg. Det finst lav, men mosen er overalt. Det siste forslaget mitt er blåtopputforming (g) og eg trur at fuktig lynghei med blåtopp-utforming(H3g) òg blir mitt endelege svar.
Eg veit heller ikkje kva slags gartnarpotensial dette området skal kunne ha. Det er litt upraktisk område å komme seg til og at heile området er vått hjelper ikkje. Før var det plankar å komme seg over på tvers av området til der det er ein traktorveg, men dei plankane er borte for lengst. På stien eg gjekk må ein klyve over nedhugga trer, noko som er masete. Men om ein absolutt skal produsere noko så kan ein kanskje kultivere brakje, det er fleire som veks opp i høgda så forholda legger visst til rette for det. Brakje kan bli brukt til stokkar. Ein kan ta nytte av bæra skjønt det er aller mest blokkebær og krekebær. Eg veit ikkje kven som liker blokkebær og krekebær. Om røsslyngen skal bli gjort til ein næring av ser han ut til å truast av sitkagran/einer/blåtopp. Området kan vel brennast, men eg las om eit anna sted i området der brenning førte til at berre blåtoppen tok enda meir over og skvisa røsslyngen fullstendig ut. I mitt område er det svært mykje blåtopp. Internettet er litt utydelege om blåtoppen kan beitast på: nlr.no seier ja, men nibio.no seier nei (men så var det òg den romen som kunne gjere sauer sjuke). Kanskje hadde kombinasjon av brenning og beiting vore best om ein ikkje vil ha blåtoppen. Eller så kan ein gjere næring av blåtoppen for dei som liker gras.