Ein gartnar produserer planter og grønnsaker.
Kanskje er det lettare å gjere gartnerleksene mine om eg kan late som om eg gjer det for kjekt til å putte her fordi kva som helst leksene handlar om er sååå interessant? Eg veit ikkje om eg blir gartnar nokon gong, kva er eigentleg ein gartnar? Eg er ikkje heilt sikker sjølv. Folk som skjøtter natur - eg trudde det var bønder som gjorde det, eller så hadde dei sommarjobb i statens vegvesen. Mest sannsynleg får eg vel ingenting økonomisk ut av gartneriet (annna enn reise og bu-utgifter 🙈), men det blei no ein gong sånn og no har eg lekser igjen. Og igjen utsett eg alt til siste frist.
For å vere ærleg har eg no etter eit halvt år fått litt tvil. Eg føler ikkje at eg lærer noko nytt. Det kan vere at det blir betre til våren, no på hausten er det for det meste hausting som skjer, og dei gongane me har hatt samling har det pøsregna og ikkje vore særleg ver til å hauste i. Så då blir det mykje snakk, og eg kan ikkje fordra allslags forelesningar - eg veit det er absurd når eg gjekk på universitetet i seks år!!! og ikkje kunne fordra eller få utbytte av ein einaste time med foredrag men eg har aldri vore rett satt saman i hovudet trur eg og gjer stadig det som ikkje lønner seg for meg. Altså eg skulle ynskje skulen var meir praktisk, for no følest det litt bortkasta.