Velkommen
Hei på mei!

13.april, 2024: Hei! Eg har lagt til ein tekst om Sverresoga og håper han henger på greip. Teksten blei skriven ganske stykkevis og delt og nå orker ikkje lese gjennom det ein gong til for å forsikre meg om at alt heng saman slik det skal. Ikkje at eg pleier gjennomlese noko. Det er tross alt sidas mission statement: Gjennomlesing er for teite folk - slik driv me ikkje på med her! YOLO!

11.april, 2024: 🎭Fønikerinnene🎭

23. februar, 2024: Eg leste den andre boka til Sayaka Murata som har blitt omsatt til norsk, Jordboer, og eg publiserte teksten om den fyrste boka Døgnåpent for akkurat ett år og elleve måneder sidan. 😞 hadde eg visst det var slik stellt hadde eg venta ein måned med å lese ho. Skjønt det er jo litt fint at datotallet er det same da: 23. God bok, enda betre enn døgnåpent!

20. februar, 2024: Til fots: En filosofi om å gå 🚶🚶‍♂️🚶‍♀️

30. januar, 2024: Manon Lescaut

10. januar, 2024: Hei igjen, godt nytt år! Sjølv om eg har lest nokre bøker i det siste så har eg ikkje hatt gidda til å skrive om dei, men eg skreiv litt om den siste boka eg las: Dyreriket. Eg strikka og litt til jul, fleire huer som eg strikka opp til fleire gonger fordi eg aldri blei fornøgd og sokker (2gonger) - eg må lere meg å få det til på fyrste forsøk. Men eg gav alt bort før eg tok bilder og skreiv notater, eg var vel litt lei heile skiten. Dei beste bøkene eg las på tampen av året var Glør av Sándor Márai og Kreftavdelingen av Solzjenitsyn.

9. desember, 2023: Norske tømmerhus frå mellomalderen. Meir spennande enn det høyrest ut!

19. november, 2023: Frie menn 🐑🐑🐑

18. oktober, 2023: Eg har lest ei av reisedagbøkene til Christiane Koren, og der er overraskande nok ein av dei bøkene eg har likt mest på lenge! (Men ein kan vel sjå på datoane her at lite av det andre eg har lest i det siste har inspirert meg til noko som helst)

13. august, 2023: Helena

7. august, 2023: Som om noe noengang tar slutt

30. juli, 2023: Kan eg friste med klut? to stk. ✌️

14. juli, 2023: Ion. Eg trur eg repeterer meg litt nå men: dette dramaet likte eg sååå godt! Det var spennande handling, folka hadde seriøse problem og traumer, litt humor og komedie, og slutten får ein til å tenkje: er slutten lykkeleg? Er gudane drittsekkar? Er det ulike reglar for dei mektige og dei svake, menn og kvinner? 🤌🤌🤌

13. juli, 2023: No har eg lest Ifigeneia i Tavrernes land og det likte eg så godt, eg visste ikkje at eg sakna desse tragediane, men dei er så kjekke å lese. Særleg Euripides.

7. juli, 2023: Trojanerinnene 🎭🎭🎭

6. juli, 2023: Salamanderkrigen 🦎🦎🦎

5. juli, 2023: Familien Maia 😍😍😍
og ei jakke!

31. mai, 2023: Anna Édes

21. mai, 2023: Rosens navn likte eg og eg vil lese Focaault sitt pendulum før året er omme!

29. april, 2023: Eg leste Den tause våren og no vasker eg eplene mine som ein galning og ser insektsdød og dommedag rundt kvart åkerhjørne 💀 🐝🐜🦟🪲🐞🕷️🐛🪳💀

20. april, 2023: Ein litt lite tilfredsstillande tekst om Brødrene Karamasov.

13. april, 2023: Krise folkens! Krise! Favorittnetstedet mitt Bokhylla.no må kutte utgiften sin og planlegger å fjerne omrking halvparten av bøkene til neste år 😭😭😭. Altså, nå blir det full stopp på biblioteksapper og Gutenberg og kun Bokhylla resten av året! Eller eg må gjere meg ferdig med dei bøkene eg held på med naturlegvis, men etterpå (såklart er eg mitt i ei lang bok, Brødrene Karamasov)! Og eg må finkjemme alt av gamle strikkebøker og syoppskrifter og ta bilder av alt eg vil sikre meg. Uff uff uff. Naturligvis må bokforsettlista bli litt justert, men den er ganske laus og ledig resten av året - må eg vente med resten av dei greske tragediane til neste år? Eg kan jo strengt talt lese dei alle på engelsk uansett.

11. april, 2023: Eg har lagt til ein større tekst om Sanmao sine fortellingar frå Sahara og eg har òg lagt til fleire små tekstar om bøker eg ikkje hadde fullt så mange setningar som trong seg ut på grunn av. Eg må bli litt flinkare til å skrive ned tankar om bøker etter eg har lest eller mens eg les. Det kan vere ein liten byrde, det er sjeldan eg gleder meg til å starte å skrive desse tekstane, men ofte så har eg vanskeleg for å stoppe når eg fyrst har begynt. Også synst eg det er så kjekt for seinare å kunne sjå tilbake på. Utan nokre tankar skrivne ned noko sted er det som om boka forsvinn utav minnet så mykje fortare, det er stor forskjell på berre ha «vibes» i hovudet og å faktisk skrive ned noko. Men om eg ventar for lenge, nokre av bøkene eg skreiv om i dag las eg i starten av mars, så er det vanskeleg å ordentleg hugse kva eg tenkte og følte, sjølv om det var stort for meg då.

5. april, 2023: God påske! Eg har lagt til ein tekst om House of Chains, også har eg oppdatert sida om Dei tre kongerikene (Sida om dei ulike folka er òg oppdatert).

2. mars, 2023: Herakles 🦁

1. mars, 2023: Elektra

1. februar, 2023: Eg har prøvd meg på noko nytt 🧶

23. januar, 2023: Moby-Dick 😍😍😍😍 Nesten bare sitater i teksen min!

12. januar, 2023: De Bønfaldende

7. januar, 2023: Eg begynte året med å lese ei bok om vikingar som drog austover. Og ho var kjekk! God start.

31. desember, 2022: Godt nyttår! Her kjem Ivanhoe heilt på tampen.

29. desember, 2022: God jul! Eg har nettopp lest ein biografi om Hulda Garborg og lagt til nokre bøker eg i alle fall vil få med meg i løpet av neste år. Eg vil helst unngå bøker med titlar på H,I,K,S og forfattarar på A. (av estetiske grunner i innholdslista på biblioteket mitt), men eg klarte ikkje heeilt å unngå desse bokstavane. Men eg har mi fyrste bok på U med! Eg har vurdert å berre velge bøker slik at eg kan fylle ut dei bokstavane som manglar, men når eg har prøvd så har eg berre megamislikt bøkene eg har lest så då får det heller berre vere nokre bokstava som er meir populære enn andre.

17. desember, 2022: Rosen på Tistelön

25.november, 2022: Eg har lagt til den siste boka i Finnskogtrilogien, Kapellet, men eg likte ho ikkje noko særleg og teksten blei så kort eg har ikkje lagt ho inn i lista med bøker på bibliotekssida. Synst det såg så trist ut - teksten passar betre på den sopihopsida, men eg må jo ha trilogien samla. Eg vurderte linke til alle under "Finnskogtrilogien", men eg trur det namnet er egentleg berre namnet på ei bok som gav ut alle bøkene samla ein gong, og Åsta Holth kalte ikkje serien for noko spesielt.

24.november, 2022: Steinen Blømer

19.november, 2022: Skodespel: Edderkoppen av Hulda Garborg. Eg har begynt på neste bok i Finnskog-trilogien, Steinen blømer, og ufff... det går treigt - til nå har det berre vore stridigheter om land også fram og tilbake til tings. Det minner meg om det maset på slutten av Njåls saga som definitivt ikkje var min favoritt del av sagaen, så det blei eit litt dårleg fyrsteinntrykk av bok 2 altså. Men forfattaren, Åsta Holth, skriv på ein måte eg liker veldig godt: det er så uformellt og morosamt, kanskje nynorskversjonen av Sigrid Undset, så eg vil ikkje gi opp med ein gong.

14.november, 2022: Giiid, nå nærmer det seg snart jul! Og eg har enda ikkje planta kvitlauken! 😱 Men eg har starta på Finnskog-trilogien: fyrste bok er Kornet og freden.

7.november, 2022: Egils saga

16. september, 2022: Hekabe og Hyllest til halvmørket.

8. september, 2022: Eg har lagt til to små tekstar til sida sist: Insektenes planet og Forfedrenes farkoster (Båtboka var kjempekjekk sjølv om eg ikkje visste at båt var kjekt eingong - anbefales masse). Også har eg lagt til ei pitteliten lenkeside med lenker til heile to bøker - det var dei to bøkene eg synst var så interessante at eg ville ha dei lettlenka ein stad. Haha, tenk om det aldri blir fleire .. så stusseleg! Det er svært fristande å lage lenkesider til allslags så eg slepper å ha dei i bokmerkemappa mi, det er så forferdeleg rotete der, men eg trur dei færraste lenkene eigentleg er noko å spare på, eg berre stjerner dei og besøker dei aldri igjen. Kanskje eg gjer lenkesida frå ei rein bok-lenkeside til ei littavkvart-lenkeside og flyttar ho over til 'Løye' i staden?

28. august, 2022: Korset - den siste boka i Kristin Lavransdattertrilogien.

10. august, 2022: The Interesting Narrative of the Life of Olaudah Equiano.

29. juli, 2022: I den svale skyggen. Hmmm, no bør eg snart få lest den siste boka om Kristin Lavransdotter, eg berre utsett og utsett og les andre ting i staden!

19. juli, 2022: Kong Oidipus.

11. juli, 2022: Hei 🌞 To gode bøker eg nettopp las: Skibet går videre 🚢 og Kallocain 🍷.

21. juni, 2022: Ein liten puljeoppdatering: Shuggie Bain, Fattigfolk på ferde og Heracleidae

14. juni, 2022: I skogens dype, stille ro 🌲🌳🌲

10. juni, 2022: Medeia

05. juni, 2022: 🌙Seinarre på dagen: Eg har fått ein tekst om Husfrue og den blei litt lang. Det er det einaste eg har tenkt på dei siste dagane: desse bøkene sluke heile hjernen min - det er i slike stunder er verkeleg sakne å ha nokon å diskutere med, tankane mine aleine går jo berre rundt i sirkel.🌙
Det er ikkje bare-bare å lese når alt er så komplisert. Spesielt norske konger og borgerkrig. Eg forberede meg på lesa soga om kong Sverre, men eg tenkte eg hugse ingenting av kven som er kven og ka i slutten av Heimskringla så eg laga eit lite slektstre av dei siste generasjonane og ein guide til handlinga og folka. Eg veit ikkje om det hjelper meg stort men! 😭 Eg har òg linka til dei heeeeilt nederst på sida om Heimskringla.

03. juni, 2022: Hola 😎. Nå har eg lest mange Fortellinger fra Finnmark (Hundre år under pisken) og den likte eg så gooodt. Også har eg oppdatert litt på sopihop-sida, men eg gidder ikkje skrive tekst her kvar gong eg gjer det. Kan du forstå det - å skrive oppdateringar er det eineste eg ikkje synst noko om på denne sida. Men det blir jo litt ryddigare av det synst eg.

24. mai, 2022: Det kom inspirasjon til nye kvad! Dei er ikkje dei mest kreative - mest gjenfortellingar frå det eg las (Theogonien) men det hjelper meg til å hugse det eg har lest. Anbefales - det er kjekt.

21. mai, 2022: Eg har lest mitt fyrste Eurpides-drama! Alkestis! Namnet hennar er forferdeleg vanskeleg å hugse riktig, så eg håper eg har skrevet det rett overalt. Eg likte stykket kjempegodt så det lover bra! Greske tragedier har overgått alle mine forventingar!

20. mai, 2022: Eg har lest så mange tvilsomme og kjedelege bøker i det siste så eg laga ein eigen avdeling for dei. Eller det er òg nokre bøker der som eg har likt KJEMPEGODT, eg berre visste ikkje kva eg sko sei anna enn: oooo! WOW! OJ!. Men då kan dei stå der og minna meg på om nokre år dei djupe orda. Desse bøkene blir ikkje inkludert i hovudbiblioteket (det er vel heller ikkje kvada).

11. mai, 2022: Mamma Karasjok og Broen over Drina.

22. april, 2022: Koke bjørn 🔥🐻🔥

14. april, 2022: Herrene sendte oss hit

6. april, 2022: Kvinnene i Trakis

4. april, 2022: I dag kjem eg med to og ein tredels bok. Trelegemeproblemet, Soga om volsungane og fyrste bok i Kristin Lavransdatter: Kransen. (Eg var litt lat med fargane så dei to fyrste tekstane fekk dei same fargene - iiiik! Flaut! 😳)

27. mars, 2022: Kveldens Ubehag og Vegetarianeren (vegetarianer er svært vanskeleg å stave korrekt, a-ene og e-ene går heilt i baddel). Eg hadde ikkje eigentleg tenkt å skrive om desse bøkene, eg føler meg så fort så ydmyka i intelligens, men eg klarte berre ikkje komme meg vidare.. eg måtte få ut litt tankar så desse bøkene kan forlate hodet mitt littegrann og eg kan lese på noko anna. 🕊️

23. mars, 2022: Døgnåpent og Antigone.

21. mars, 2022: Eg har lagt til to tekstar: ein om Odysseen og ein om Invictus. 🎨 Eg har lyst til å legge til ei male-side, men eg har ingen male-inspirasjon. Problemet er at eg har lyst til å lære meg akvarellmaling.. men eg synst ikkje akvarellmaling er så vakkert. Og dessuten blir eg alltid misfornøyd. Kronisk misførnøyd med egen innsats.

16. mars, 2022: Heaven - nåken har fiksa seg lånekort på biblioteket baby!

11. mars, 2022: To Mennesker

7. mars, 2022: Memories of Ice

28. februar, 2022: Eg må søke opp boka kvar eineste gong for å få stava det riktig: Professor Hieronimus. (Så kvifor oppkalte eg adressen etter tittelpersonen!?)

25. februar, 2022: Eg brukte fem månadar på å lese Does Foreign Aid Really Work? og eg er SÅ fornøgd med at eg holdt ut! Eg har sett ho på bokhylla i omtrent ti år no og ENDELEG har eg lest ho. Fantasstasstisk! 🐶 Eg er ikkje heilt fornøgd med stilen på sida eg lagde om boka - det kan vere så vanskeleg å finne fargekombinasjonar som eg liker til tider, men det får gå for no. Kanskje eg ommøblerer og pusser opp seinere. 🔨

20. februar, 2022: Og så starta eg med ein ny tragediediktar: Sofokles, og fyrste stykke ut er: Aias.

15. februar, 2022: Eg las The King of Elfland's daughter forleden men mista dessverre alle notatene mine. IIIK! Dei fine sitata! Eg hadde ikkje tenkt å skrive nokonting fordi det var jo sitata eg ville bevare og kunne lese igjen ein gong i framtida, dei var så fine. Men så kom ein liten tekst likevel.

8. februar, 2022: Kalevala

4. februar, 2022: En dag i Ivan Denisovitsj' liv

2. februar, 2022: Et innfall fekk meg til å lese Tristam og Isond, ein roman om elskhug. Eg burde ha visst på forhånd at kjærleikshistorie frå middelalderen er ikkje heilt mi greie. Det var ein OK opplevelse. Soga minna meg om Fridtjov den frøkne (som eg likte betre, OG var kortare).

27. januar, 2022: Eg har lest alle Aiskhylos verk som me har! Dei siste er trilogien Orestien. For ein fornøyelse dette har vært! Det er både film på youtube og innspilling på radio, men eg kan ikkje ta alt på ein gong - fordi da blir eg lei! Men det finst.

26. januar, 2022: Mostly Harmless

19. januar, 2022: Ild og Sverd! Uff, nå håper eg at eg har skrive alle lenkene riktig, eg trur ikkje eg orker dobbeltskjekke i kveld. Eg blit alltid så overraska over kor lang tid eg bruker på desse tekstene (det skulle jo helst reflektert eit litt meir velskrevent resultat HAHA). 😴

9. januar, 2022: Romanen Kongens Fald anberfaler eg! Ho er flott og draumeaktig skriven. 😍

8. januar, 2022: Kan det behage med eit grottesong-kvad i aften?

7. januar, 2022: Godt nyttår! Eg har lest ein tragedie av ... nokon.. kanskje Aiskhylos? Ekspertane er usikre: Promethevs i lenker. No er det berre tri tragedier igjen frå Aiskhylos å lese men dei heng alle saman i ein triolgi! Tenk så spennande!

30. desember, 2021: Tartuffe

23. desember, 2021: God lillejulaften! Det er eigentleg ei stund sida eg las ferdig Njaala, men eg klarte ikkje heilt å samle tankane og skrive noko. Men her kom ein tekst allikevel. Det er ei bok eg gjerne leser ein gong til!

16. desember, 2021: Dei bønnfallande 🙏🙏🙏

9. desember, 2021: Seven against Thebes eller Sju mot Theben på norsk. Det er ein tragedie av Aiskhylos.

7. desember, 2021: Eg tok lærdom av min omskrivning av Herodots historie og venta nå ein heil dag med å skrive om Iliaden som eg leste siste song av i går. Det var ei fantastisk bok. Tommel opp Homer 👍!

6. desember, 2021: Hei igjen. Eg måtte berre skrive om heile teksten om Herodots historie. Eg har ikkje tenkt å ha nokon standard på tekstane mine her, men eg likte denne boka altfor godt til å ha ein tekst om ho som sa absolutt ingenting. Eg trur det blei litt betre denne gong, nå når det har gått litt sida eg leste ho ferdig og tankane har søkke litt.

3. desember, 2021: Til tross for at eg laga ei eiga sida berre for drama så laga eg ei ny side om drama. Men den er dedikert til dramatikaren Aiskhylos, eg vil nemleg lese alle skodespela hans. Eg starta med starten, Persarane.

1. desember, 2021: Hei! Og god fyrste desember! Eg har lest historie! Herodot sin.

23. november, 2021: Hallapåræ! November er en gammel kvinne assss! Uansett, eg har lest ferdig ei bok og den var veldig lang... andre bok i Malazan, Book of the fallen-sereien: Deadhouse gates. Den var kjip og deprimerande og eg likte den Svært godt. Eg lese òg fortida både Iliden og Herodots historie så eg er svært inni gamle greier og krig og gudar. Og dette er jo ei fantasy-bok, men det gjer ingenting ho passar veldig godt saman med desse andre bøkene for det om eigentleg. Eg hadde ikkje tenkt å lese andre fantasy-bøker, altså eg valgte Malazan som min einaste serie som eg tenkte lese i min livstid (eg er berre medium interessert i fantasy, hadde eg likt det meir hadde eg lest meir Så Klart!) men eg angrar så absolutt ikkje på mitt valg av serie. Storartet valg! Bifall takk! 👏👏👏👏

25. oktober, 2021: Eg la til to kvad inspirert av Gunnlaug Ormstunge, i tillegg begynte eg på ei ny side for kvad. Eg veit ikkje om det har noke å sei... om sider kan blir for store, men det er meir oversikteligt for meg sjølv om ikkje anna.

21. oktober, 2021: Eiler Hundevart. Eg lasta ned ein heil haug med bøker frå bokselskap.no...

13. oktober, 2021: Ve's mor

7. oktober, 2021: Eg frydes ved alt på heile mi soloppsprangside, bortsett frå å skrive desse oppdateringane. Det er litt mas å finne på noko å sei. Så då.. eg har lagt til ei bok, eit drama og eg la til ei side for sitat eg ikkje visste kor eg skal gjere av.

27. september, 2021: Det er slutten av ein æra: Heimskringla-lese-æraen. Nye kvad blei det òg.

26. september, 2021: Fyrsten 📚

25. september, 2021: Hei. Eg leste ei bok om ein familie som bur i eit fengsel. Og det fengslet er dei sjølv. Også om penger, og kor stress konseptet penger er. Ho var kjekkare enn ho høyrest ut.

23. september, 2021: et kvad værsågod. Desse siste sogene har ikkje gitt meg så mykje eigentleg. Det er berre "det var ein gong ein konge, så kom ein konge til. Då drepte den eine kongen den andre kongen. Så var det berre ein konge". Dette er visstnok borgerkrigstida? Eg visste ikkje at me hadde hatt nokon borgerkrig. Det er ein litt kjedeleg borgerkrig synest eg. Jo nærmere ein kjem Snorre si nåtid... jo kjedelegare blir det haha! Det er likt seg, sanninga er vel kjedeligast.

22. september, 2021: Nå har eg snart lest heile Heimskringla ferdig. Etter soga om Olav den Heilage går alt som ein lek eigentleg, alle dei andre sogene er svært korte. Dei er på størrelse med ei novelle. Eg har lagt til eit kvad om Haraldssønene idag.

20. september, 2021: To kvad er lagt til idag, dei høyrer til soga om Magnussønnene (ein av dei sønnene er Sigurd Jorsalfare, men storebror Øystein er meir sjarmerande). 🌛 og to kvad til om Magnus Blinde og Harald Gille.

15. september, 2021: I det siste har eg lest kanskje litt for mange triste bøker eg kjenner meg litt altfor godt igjen i: Fuglane, Pinocchio, og nå Jenny, skjønt det er ikkje med vilje altså! Det berre blei sånn. Boka Jenny likte eg forresten kjempegodt, eg var litt skeptisk i starten fordi Sigrid Undset høyrest veldig "norsktime" ut, men eg blei meget positivt overraska! Og det gav mersmak!

6. september, 2021: Eg har prioritert bøker på bokstavar eg ikkje har utforska før som: P for Pinocchio. Og det skjemst eg ikkje for. Om nokon kan foreslå ein forfatter med fornamn på Æ(ikkje Æsop) hadde det vore Fantaztizsk.

5. september, 2021: Ein dag for eit lite kvad.

4. september, 2021: I dag leste eg ferdig boka Mesteren og Margarita og det er sanneleg godt eg ikkje står til ansvar for noken når eg skriv om desse bøkene eg har lest. Då hadde eg skjemst. Appropos folk som burde skjemst: dei som laga forsida for den norske omsettinga.

3. september, 2021: Ei ferdiglest soge berre ein dag etter den forrgje? Soga om Olav Kyrre var på mindre enn tre sider da... Fredelege kongar er det visst ikkje noko spennande å skrive om. Til nå min favorittkonge trur eg, men standarden er frykteleg låg.

2. september, 2021: Hei. Nye kvad til ei nylest soge.

25. august, 2021: Denne veka har eg lest boka Fuglane, men me treng ikkje snakke så mykje om det for ho gjer meg så trist. Det er fint å vere trist av og til, men nå er eg ferdig for denne gong. Er eg akkurat som dei bygdefolka som blir heilt bleike når Mattis vil snakke om meir seriøse ting? Hm.

23. august, 2021: Alle dei resterande sogene i Heimskringla etter den om Olav den heilage, er så nusselig korte! Eg leste om hans son Magnus, men eg fekk meg berre til å skrive eit kvad. Heile den soga var veldig fin, spesielt slutten der det berre var kvad på kvad som alle var lett forståelege og svært fine.

22. august, 2021: Eg har lenge lurt på kva lin er for noko eigentleg. Så eg prøvde å finne utav det.

21. august, 2021: Å lese skulebøker utan å gå på skulen, utan nokon 💀eksamen💀 til slutt, er ein absolutt førnøyelse! I allefall når ein liker faget da. Eg leste gjennom boka mi om cellebiologi og det er framleis interessant og boka er god. Eg har jo eit prosjekt gåande (på livstid) som handlar om å sjekke om skulebøkene eg ikkje gadd å få solgt bort er verdt å beholde, og denne biologiboka er definitivt ein keeper ⚽! Skjønt den lange forfattar-remsa ser fryktelig stygg ut i systemet mitt.***Oppdatering! Eg fjerner alle fornamna deira, sida dei har berre etternavn på framsida av boka uansett - som man reder, så ligger man.

18. august, 2021: Ein ny forfattar på ein ny bokstav! Y! Eg har altså lagt til ein ny tekst om ei ny bok eg har lest, boka med to titlar på norsk av ein eller annan grunn: Kyoto eller De unge elskende i den gamle keiserby.

15. august, 2021: Hei igjen. Eg leste ferdig ei bok om Russland kalt Mitt russiske testament, og den boka var trist og frustrerande å lese. Putin minte meg til tider om terroristen Olav den Heilage. Eg unner han same sjebne (bortsett frå det med helliggjørelsen da såklart, kun det med bondehæren).

11. august, 2021: Det tok to forsøk, men eg kom meg tilslutt gjennom soga om Olav den Heilage. Det var betre når eg heile tida gjorde notater og slektstre (spesielt slektstre) for å hugse kven folk var. Også slo eg opp litt folk for å vete kven som var viktige å hugse og ikkje. Det er i denne soga Erling Skjalgsson døyr, og det kom så brått på - det gjekk nesten ikkje opp for meg at han kunne døy før han døydde. Han har jo vore med så lenge, stød og fast som ei klippe. Det var nesten rart når soga fortsatte uten han. Når Olav Digre (han heilage fyren) døydde, var det meir "gusjelov!". Neida, kan godt ver Erling var ein irriterande type han og, men han var berre ikkje hovedperson nok i soga til at eg la merke til det i så tilfelle.

31. juli, 2021: Eg har omsortert bøkene i biblioteket. Eller dei er vel framleis alfabetisk sortert, men ein kan nå velga å sortera etter tittel på bok eller forfattarnamn. Eg har sortert etter fornamn uansett om fornamnet er eit personnamn eller familienamn eller noko anna. Også har eg tatt med alle bokstavane i alfabetet skjønt det ser litt rart ut siden eg har ikkje så frykteleg mange bøker å linke til slik at resultatet ser litt glissent ut. Men eg måtte forsikre meg at eg fekk med meg alle bokstavane ser du. Eg er ikkje så god i alfabetet. Også er det omlag 50000 sider her nå som ikkje ser så særleg fine ut på mindre skjermar. Sorri. Men eg synst det var litt kjedeleg arbeid eigentleg, og eg bruker berre datamaskin sjølv for å beundre livssverket mitt, så det er ikkje ein særleg stor prioritet. Kanskje ein dag surfer eg på mobilen, irriterer meg og får infall til å fikse det. Kanskje.

29. juli, 2021: Hei. Eg har hatt sommarferie. Også har eg lagt til ei side om kjelder til gratis bøker.

15. juli, 2021: Eg la til ein tekst om boka The First Wife: A Tale of Polygamy, som ikkje er særleg lang(min tekst, boka er lang), til tross for at eg verkeleg likte den boka svært godt! Det er ikkje ofte eg pleier å anbefale bøker, men denne anbefaler eg. Ho har så annleis tema: fleirkoneri, i eit land eg ikkje visste særleg om: Mosambik. Og teksten er ganske proppfull av metaforar og bilde (ikkje faktiske bilde), og teksten er så sår, - men og til tider morosam. Eg er i ein poetisk periode akkurat nå, alt eg vender meg mot vil eg helst ha på rim. Boka er ikkje på rim, men ho er poetisk. Eg blir så fasinert av at omsette bøker kan likevel vere så vakre i språket. Det var slik med The Bridge of Beyond òg.

14. juli, 2021: I dag leste eg Haugtussa av Arne Garborg, men eg har ikkje tenkt å skrive nokon tekst om ho i dag. Men eg la til litt gåter som stod i boka. Det var fleire, med det var desse eg likte best. Slike gamle bøker ligg gratis som e-bøker på denne sida: "bokselskap.no". Frykteleg kjekt. Men dei kunne gjerne hatt fleire - kvifor har dei berre den fyrste boka i Kristin Lavransdatter-serien (er det for å redde meg sjølv frå ein kjedeleg lesesjebne?).

12. juli, 2021: Eg la til ein tekst om Jevgenij Onegin. Også la eg merke til på biblioteket, at enkelte bøker som har blitt omsatt til norsk ikkje er blitt omsatt frå språket dei blei skreve på men frå engelsk. Det er vel betre å ha ein slik utgåve enn ingen utgåve, men jo færre omsettelsesledd jo betre, ikkje sant? Så det må eg passe meg for. 🌻 Kveldsoppdatering: Eg la til litt skribleri om blå fjell fordi eg lurte på kvifor fjell er blå, men eg endte på å lure på kva som er greia med rødt lys, og det fant eg ikkje noko svar på. Kor er det raude lyset på dagen er altså det eg lurer på? Det er som om eg ikkje veit nok om dette for å vite kva spørsmål eg skal stille.

30. juni, 2021: Hej flickor och flackor! Eg har lest gjennom heile Edda, notert fleire ord mens eg leste, men ordboka er ikkje heilt oppdatert ennå. Ikkje har eg skreve meir kvad til Edda enn dei eg skreiv for lenge sidan heller. Men det er litt prestasjonspress å skrive kvad til kvad. Då er det kjekkare med Kongesogene som er ein vanleg tekst. Men kanskje inspirasjonen tek meg også skriv eg meir ein dag. Eg blei iallefall inspirert til å lese meir. Eg vil lese heile Volsungesagaen! Ikkje med ein gong da, siden den historia blir jo til ein viss grad fortalt i Edda så eg trur eg kommer til å kjede meg om eg les ho ein gong til med ein gong. Men eg har verkeleg falt ned i eit sagahol eg ikkje veit å komme meg ut av. Eg las Jevgenij Onegin her i forrgje veke, det ligg på nasjonalbiblioteket sine nettsider på norsk, men den er òg på dikt! Eg har ikkje skrive noke til den boka endå fordi nå høyrer eg ho på lydbok (nedlastningsknappen er mellom prikk 3 og 4, ordentleg knåve!).

26. juni, 2021: Nye kvad til ei ny soge, neste i boka er den lengste, den om Olav den Heilage! Eg trur eg tar ein pause frå Heimskringla fyrst... Det blei ein del kvad denne gong til Olav "Ole" Tryggvason, og eg har ikkje skrevet nokon kommentar til dei alle: håpet er jo at dei klarar å stå på eigenhand. Men eg vett ikkje. Kanskje eg seinare lagar sånn beskrivelse som poppar fram når ein held musepila over. Kanskje, kanskje ikkje. Også har eg oppdatert Edda-ordboka mi. Frykteleg mange ord der nå. Eg håper det snart sluttar å dukke opp nye ord.

22. juni, 2021: Eg la til ein tekst om boka the Bridge of Beyond, eller Pluie et Vent sur Télumée Miracle som den heiter på ordentleg, eller Regn og Vind over Télumée Mirakel. Men eg las ho på engelsk, så da blir det engelsk tittel.

20. juni, 2021: Hei på dei her er jei. Eg la til ei ordbok med ord frå Edda.

16. juni, 2021: Nye kvad er komne! Tekstane om inspirasjonskjelden blir berre lengre og lengre! Men eg visste ikkje at eg skulle like så godt desse sogene. Det er litt mas å halde styr på kven som er kven, men eg veit jo at det ikkje er vits i å stålkontroll på kva alle gjer og kven alle er uansett (spesielt sidan navn-mangfoldet er skralt). Så eg berre fester meg med det eg fester meg ved. Og blar mykje fram og tilbake! 🐔 Eg la til et ekstra kvad inspirert av eit kvad frå Edda.

16. juni, 2021: I biblioteket la eg til ein tekst om boka The God of Small Things som eg likte knallgodt, til tross for at teksten min er kort. Eg likte ho så godt at når eg hadde lest ho ein gong så måtte eg med ein gong lese ho ein gong til. I tillegg har eg lagt til eit lite kvad som er inspirert av soga om Eirikssønene, altså sønene til Eirik Blodøks. Visstnok den kortaste sagaen i Heimskringla i følge wikipedia. Og det er eg enig i, fordi soga var kort.

13. juni, 2021: Eg leste boka Heart of Darkness.

9. juni, 2021: Det er kvad o'clock ⌚. Harald Hårfagre sin son Håkon har si eige soge og eg har skrive tre korte kvad og eit lite samandrag eller kommendar til ho. Tekstane blir visst berre lengre og lengre. Og det er på høytid eg begynner å tenkje på ei innholdslisteside til kvada, det er litt folksamt der borte.

3. juni, 2021: God dag! Eg leste boka River Town om ein fyr som reiste til Kina i to år, og nå kjennest det nesten som om eg akkurat har vore på ferie i Kina.

27. mai, 2021: Eg la til ein tekst om boka Solens Rike og eg føler meg littegranne ufornøgd med ein såpass kort tekst. Fordi boka fekk meg til å tenkje på fleire ting. Kanskje eg ein dag skriv ein lengre tekst før eg gløymer det. Eg trur eg berre saknar nokon å diskutere boka med, berre bli ein vidaregåandeelev for 45min.

26. mai, 2021: NYE KVAD!

23. mai, 2021: 📕 Eg har også lagt til ein ny liten tekst om ei bok: A Fine Balance, eller Balansekunst på norsk.
Eg la til ein liten tekst om dikt. Det kan ver eg om ei stund les han om igjen og synst han er for personleg og slettar han får internettets overflate, så les han mens du kan. Eller ikkje les om teksten blir for meg ein fremtidig flause. OPPDATERING: Det blei for belastande og eg måtte berre ta dikt-teksten bort, haha! 😳

22. mai, 2021: Hei igjen! Eg la til litt kvad og la til ein enkel meny. Eg ser for meg at eg kjem til å ha tusenvis med kvad for det er så kjekt å skrive! Anbefales!, det er litt ulike regler, eg har berre prøvd meg på ljodahått og fornyrdislag.

19. mai, 2021: Gratulerer med overstått syttendemai 💃! Eg har lagt til ei til side der eg kan skrive om ting eg vil, men eg har berre skrive litt om kulturlandskap til no fordi det synst eg er fantastisk spenande! Eg har ei lengre liste av andre greier eg gjerne vil finne meir ut av, og kanskje muligens gidder eg gjennomføre det 🤞! Eg har òg lagt til tre kvad inspirert av Ynglingesoga (du kan gjette kva bok eg har starta på...)

3. mai, 2021: Hallo. Eg leste ei soge i går, ei soge eg klarte å forstå i motsetning til alle desse sogene frå den eldre Edda som er heilt greske for meg. Eg leste soga om Torstein Vikingsson. Han blei uvenn med ungane til pappens bestekompis så han bruker store deler av livet på å slost med dei. Så drar han til slutt på egne eventyr med kompisane han har fått underveis. Eg blei inspirert til å skrive kvad. Eg vil ha null kritikk, takk. (Ros er akseptert).

27. april, 2021: Det har gått ei stund. Eg har lest ferdig ei bok om Lucrezia Borgia og i tillegg oppdaterte eg, eller fyllte ut litt, teksten om North and South. Men Borgia-boka er hovudgreia i denne oppdateringen. Det følger med ei ordliste/ordbok (eg veit ikkje heilt forskjell) med eksempellsetningar frå boka! Ooo! Spennande!

14. april, 2021: Eg leste gjennom bok fire i Haikar-serien, så eg skreiv ein pitteliten tekst om den, det var liksom ikkje så mykje å sei. Eg les fortida gjennom cellebiologiboka mi, og det er jo litt kjekt nå som eg allereie kan alt fra før ting gir mei meining nå enn då, men ho er forderdeleg tjukk - det kjennest litt absurd å bruke så mykje tid på ting eg kan eller i alle fall har lært før. Men det byr meg i mot å stoppe når eg fyrst har begynt, og det er jo ikkje keisamt heller. - men det er altså ein del av prosjektet eg nevnte på sida om lesing der eg sa at eg vil lese skulebøkene mine for å sjå om dei er verdt å beholde, sida eg liker ikkje å ha ting berre for å ha. Og eg trur cellebiologiboka ender på ha-lista. Fin er ho òg med fine og fargerike bilder. (I motsetning til enkelte biokjemibøker som ligger lengst nede på lista over skulebøker eg ynskjer å lese om igjen 🤮(altså kritikk av biokjemibok ikkje biokjemi)).

8. april, 2021: Hallo! I dag tenkjer eg meg ferdig med boka The Romance of the Three Kingdoms, eg likte denne boka SÅ godt! Eg leste ein forkorta versjon "abridged", og eg tenkjer at om ei stund, i sommar eller til neste år eller om nokre år, vil eg lese den lange versjonen. Kanskje eg kan lere meg å lese kinesisk fyrst så kan eg lese ho på orginalspråket?! Det hadde vore noke. Eg forstår såvidt Ibsen, men kinesisk frå 1300-tallet det skal eg klare.

6. april, 2021: Håper du hadde ein fin påske! Eg la til ein tekst om boka Second Class Citizen som er skrevet av Buchi Emecheta. Det er ho som også har skrive The Joy of Motherhood. Dei to bøkene handler begge om to damer som har vokst opp i eit samfunn, men som så må bo og leve i eit heilt anna samfunn der dei sliter litt med å passe inn, kulturforskjellane er store og dei er nødte til å vere sjølvstendige og ta ansvar for sitt eiget liv(begge bøkene er prega av menn som oppfører seg dårleg og mangel på vener å snakke med).

29. mars, 2021: Det tok ei stund, men eg har lest ferdig boka om samfunn og økologi og korleis det heng saman. Eg endte opp med å skrive ein del meir enn eg pleier, eg veit ikkje om det er sakprosaen som gjer det eller fordi eg synst det er eit interessant tema. Uansett vurderer eg sterkt å finne på ein annan måte å organisere desse bok-tekstane mine på.

25. mars, 2021: Plutseleg har eg sotte 12 timar i strekk 10.00-22.00 og skreve om folk og greier frå "Beretningen om de tre kongedømmer". Ojsann. Fitbiten min viser meg imponerande 436 skritt, og likevel er eg dau i beina.

14. mars, 2021: Eg hadde så lyst å lage ei spesiell type side, så eg gjorde det, og sida blei dedikert til dei personene i boka "Romance of the three kingdoms" eg hugser mest av. Det er berre ein liten guide, om du vil - og den er ikkje heilt ferdig, eg er ikkje ferdig med boka eingong, eg er berre halvveis!

12. mars, 2021: Det er ingenting nytt å klikke på, men eg har lært meg omtrent pittelitt om konseptet flexbox, og eg er heilt hekta! Det er fare for kun oppdateringer på css-filene framover. Også prøver eg å gjere sida OK på mobil, (berre for utfordringens skyld, beste opplevelse er på datamaskin, fordi det er det eg bruker og eg bestemmer) så gjerne sei ifra om noke ser merkelig ut, til nå er kun framsida mobilvenleg (håper eg)(zwölf!!!)

9. mars, 2021: Eg la til vitser og gåter! Ellers så berre pynter eg. (+ oppdateringene mine dei siste gangene har 3-gangen som tema!)

6. mars, 2021: Eg la til ei minneside! Altså ei side full av minner frå minnebøker! Dei er veldig fine så nyt dei.

3. mars, 2021: Om du ikkje finn heilt fram har eg lagt til eit kart, eg håper det er forståeleg. I tillegg, har eg oppdatert sida om meg.

27. februar, 2021: Bok nr.3 i serien om haikerens guidebok er lest ferdig, og nå tenkte eg å lese noko anna ei stund før eg tar dei siste bøkene. Eg brukte formiddagen i dag på å endre pittelitt her og der, også har eg ein bokmeny!! Der er jo ikkje så mange bøker endå og eg håper han forsetter å fungere fint sjølv med mange bøker.

22. februar, 2021: På biblioteksida la eg til ein liten tekst om kvifor eg leser, eller kvifor leser det eg leser, og litt om korleis eg leser.

20. februar, 2021: Eg har lest ferdig den andre boka i the Hitchhiker's Guide to the Galaxy-serien, og skrevet pittelitt om ho.

19. februar, 2021: I dag har eg oppdatert ei side med min rulletekst altså, eg seier kor alt på sia kjem frå. Opphavet - ikkje sant.

18. februar, 2021: Andre oppdatering for dagen visst! Eg la til ei side om meg eg. Det blei litt lengre enn planlagt, og det uten å skrive noko særleg om meg sjølv eigenleg. Meir typisk blir det vel ikkje.

18. februar, 2021: Bakgrunnen og slikt er blitt littforandra, eg klarer ikkje bestemme meg for kva eg synst er fint og ikkje. Også har eg lagt til ei side om min kjære pus.

15. februar, 2021: Eg har lest ferdig den fyrste boka i serien"Hitchhikers Guide to the Universe" og skrevet eit liten tekst om den.

Rulletekst Kart