Noregs kongesoger (del 1 og del 2) 🗓️

Forfattar: Snorre Sturlason

Land: Island

Introduksjon

Til biblioteket Ned Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Eg var fyrst svært negativ til sannheten i desse historiane. Det er berre fantasi og sagn! Men eg har forandra meining og no er eg fullstendig open. Munnleg bevart historie treng jo ikkje ver oppdikta, det treng ikkje i det heile tatt! Sjølv om ein ikkje veit at det som er fortalt er sant eller ikkje, så synst eg det er kjekkare å berre høyre etter å godta at slikt var det.

Snorre seier at kjeldene hans er gamle sagn som kanskje er sanne også brukar han gamle kvad. Og kvada er definitivt sanne: skaldane tørr ikkje kveda usanningar… eg veit ikkje heilt om eg trur på det, folk tørr no så mangt, og sikkert meir enn såpass! Boka gir kanskje eit innblikk i korleis folk på Snorres tid oppfatta årene 810-1177. Snorre blei faktisk fødd i 1178/79 (iflg. Wikipedia). Ein kan jo tenkje seg at boka blir sannare og sannare for kvar konge. Og om det som blir fortalt ikkje er sanninga om det som faktisk-faktisk skjedde, så er det jo minna folk sit igjen med i ettertid (Særleg dei siste kongane er kjeldene frå folk som hugsar greier eller det er intervju med folk som har opplevd kongane). Kanskje er minna, denne nye sanninga, vel så viktig og interessant, sidan desse historiene er jo blitt vår felles tradisjon og det me har å sjå tilbake på (sjølv om forfattaren er islandsk da, men folka i forteljingane er jo norske, så då kan dei vel telje som norsk tradisjon?)

Ros: Å lese desse sogene var kjempemorosamt! Alle desse folka eg har høyrt namna på men aldri visst kva dei gjorde eller kva som blei sagt om dei… Alt står skrive i Heimskringla! Det er masse folk, og støtt og stadig kjem anekdotar om allslags: ein må berre la bølgja av informasjon skylje over seg og ikkje henge seg opp i detaljane.

Sagaene går over ei ganske lang tid. Eg blei fyrst inspirert til å lese Kongesagaene fordi eg leste Beretningen om de tre riker, der går historia over om lag 100år. Men her snakkar me omkring 370år (då reknar eg ikkje med den fyrste soga så klart som begynner med Odin…). For 370år sida (2021) så blei Petter Dass født(1647), og stort meir kan eg ikkje finne. Det er altså ein god del generasjonar det er snakk om. I Beretningen om de tre riker, er det … 2? generasjonar. Hovudpersonane og barna deira. Dette er noko heilt anna, når ein kjem til slutten er starten eit fjernt minne. Ikkje berre for lesaren, men og for folka i boka.

Min tekst her var ikkje meint som ei mini-kringla, men det blei det. Alt var nytt for meg og det er vanskeleg å kommentere når hovudet er meir opptatt med å sjå korleis alt heng saman og kven er i slekt med kven og kor lang tid er gått! Tid er heilt håplaust til tider i denne boka. Dei seier ofte at «7 år var gått», «3 år var gått», og slik – men det blir jo eit ganske stort mattestykke etter kvart.

Som forventa er alle tre damer ufordragelege. Eg kan ikkje hugse noko særleg meir enn tre stykk i alle fall: Gunnhild (kona til Eirik Blodøks), Sigrid Storråde (Svensk og så dansk dronning) og Tyre (kona til Olav Tryggvasson). Alle gjer alt verre.

Det aller beste i boka er all snakkinga. Det var fleire gonger eg lo høgt, og andre gonger eg nesten blei rørt til tårer. Talane var flotte og samtalane gode. Kjeklinga mellom brørne Øystein og Sigurd i kapittel 21, soga om Magnussønene, er ein av favorittane mine: både morosamt og rørande.

Eg trenge litt hjelp til dei siste kapitla så her er eit slektstre og ein guide.


Ynglingesoga

Kvad

Heimskringla startar med ei soge som handlar om dei om lag 30 fyrste kongane i kongeslekta, denne slekta vert kalla Ynglingane. Denne soga er basert på kvadet «Ynglingatal» av Tjodolv frå Kvine. Ur-Ynglingen er guden Frøy med kallenamnet «Yngve». Frøy er ein vane som drog til Åsgard som gissel etter krigen mellom æsane og vanane. Ynglingesoga byrjar med at me får høyre korleis gudane kom til Norden frå sine barndomsland i Kaukasus. Altså, Odin – eit menneske som kan trolle, kan sjå framtida og ser at hans slekter skal råde i Norden, så derfor drar han dit. Fyrst slår han seg ned i Danmark på ei øy, og der vert det kalla Odense, sidan flyttar han til Sverige til Mälaren. Mälaren blir faktisk skapt mens Odin bur i Odense. Det skjedde så: Odin si svigerdotter drar til Sverige og spenner ein god del land for nokre oksar og drar alt landet sør mot Danmark. Landet blir Sjælland, og det tomrommet som no er igjen og blir då fylt med vatn blir Mälaren. Så då er altså Odin og hans folk komne(gisselet Frøy inkludert) til Sverige. Snorre seier òg at rett før Odin skulle døy drog han tilbake til landet Åsgard i Kaukasus, men svenskane likte han så godt at dei starta be og blote til han og sida det hjelpte fortsette dei med det og slik fekk dei sin religion.

Resten av soga er kvar konge fram til han fyrste med si eiga soge: Halvdan Svarte. Eg skal nemne dei eg synst er mest interessante og kva konge i rekka han er (nokre er brør så det er ikkje nødvendigvis ny generasjon for kvar ny konge).

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Halvdan Svarte

Kvad

Halvdan veks opp i lag med mor Åse etter at mor Åse har fått drepe far Gudrød. Litt etter litt får Halvdan lagt under seg meir og meir land, og får sitt eige passeleg store rike på austlandet. Halvdan har faktisk to koner i sitt liv, og ein son med dei begge. Fyrste kona og sonen han har med henne, dei døyr begge tidleg. Greitt nok. Det morosame er at begge konene heiter Ragnhild, og begge sønene heiter Harald. Lett å hugse på. Det er Ragnhild nr. 2 som er mest interessant, og i alle fall Harald nr.2 fordi han blir seinare Hårfager. Ragnhild nr.2 vert frå no av kalla berre «Ragnhild». Det er ein stor forskjell på Halvdan og Ragnhild: Ragnhild drøymer store draumar og Halvdan drøymar ingenting. I kapittel 6 får me høyre om Ragnhilds store draum, og i starten av kapittel 7 får me høyre om draumen til Halvdan då han endeleg til slutt klarar å drøyme ein draum. Halvdan døyr som førtiåring då han går gjennom isen ein vårdag.

Alle folka omkring likte han frykteleg godt og då han døyde ville dei alle ha han gravlagd sjå seg. Dei vert samde om å dele han opp slik at alle kunne få viljen sin, og desse gravhaugane vert kalla Halvdanshaugar. Akkurat som ein stupa!

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Harald Hårfagre

Kvad

Då Harald var ti år gammal blei han konge i landet etter hans far Halvdan Svarte (kva landområde dette er er eg ikkje bombesikker på, men noko landområde i Aust-Norge var det i alle fall). Saman med onkel Guttorm slost han med andre kongar i landet. Ein dag seier han at han vil gifte seg med ei jente som heit Gyda (til frillekone, ikkje hovudkone, men likevel), og han sender nokre gutar for å spør ho for seg. Gyda veit at i Sverige og Danmark har kongane der samla rika til eitt, og synst det er lite imponerande at ingen har gjort det i Norge ennå. Så seier ho at om Harald kan få det til: samle heile Norge til eit rike under ein konge, så skal ho seriøst vurdere eit ekteskap med han. Harald tar så klart utfordringa på strak arm, og legg til at han korkje skal skjære eller kjemme håret før det er gjort. (Og det blir til slutt gjort, dette er vel strengt tatt ein historie dei fleste nordmenn kan).

Harald sin strategi for rikesamling er: ta all odel frå bøndene og få dei til å betala skattar til han. Dessutan set han ut ein jarl i kvart fylke til å sjå til at dette blir gjort ordentleg. Historieboka mi er litt skeptisk til dette med at kongen tok odelen frå folk, det har visst vore diskutert at det heller er snakk om skyhøge skattar på jord og folk. Men samstundes så var han sikket streng nok mot dei som satte seg imot han. I alle fall: nokre småkongar er villige til å bli jarlar og andre ikkje, det er greitt skildra i den litle forteljinga om konge-brørne Herlaug og Rollaug frå Namdalen. Kong Herlaug let byggje ei stor grav og går inn, lukker igjen og blir der, mens kong Rollaug utroper seg sjølv til jarl, gir landet sitt til Harald og blir Haralds mann.

Rekkefølgja på Norge-samling er som så: Austlandet ➡ Trondheimen ➡ Møre og Romsdal ➡ Sogn og Fjordane ➡ Värmland (nord-norge er visst ikkje heilt på kongens radar? Men i Egils saga så verker det som om kongen herskar heilt til og med Hålogaland? Og kanskje enda lenger?). Når dette er gjort manglar Hordaland, Rogaland, Telemark og Agder. Kongar og stormenn frå dei områda såg jo korleis dei gjekk andre stader i landet og dei likte det ikkje, så dei samla seg og bestemte å gå til slag mot Harald. Og kor møttest dei? Hafrsfjord, så klart – dette er velkjent info. Snorre seier i år 870 men fotnota seier år 900 (PS! Så er Gokstadskipet bygga i år 890 ca. ifølge wikipedia 🐉). Så rundt om lag då. Ved Hafrsfjord slost dei altså og Harald vann og blei konge over heile (sør)Norge! Slutt.

Så klart ikkje slutt. Harald hadde veldig mange søner som alle hadde lyst til å vere kongar. Harald hadde altså satt ein jarl i kvart fylke til å styre, desse jarlane var som regel dei same som hadde styrt områda før – berre no me ny tittel. Sønene til Harald er sure fordi dei synst at dei burde stå over jarlane i makt og ære og alt som godt er og dei kranglar med jarlane og dei kranglar med kvarandre. Og når eg seier kranglar så meiner eg dreper. Til slutt må kong Harald lysa ting og han skrotar heile opplegget med eit rike og deler landet mellom alle sønene. Harald har såpass mange søner å dele landet mellom at ingen er fornøgde for alle synst dei har fått for lite.

Rundt 80 år gammal døyr Harald og seier at sonen Eirik skal rå for heile landet aleine. Ikkje berre er dei andre sønene ikkje einige i det, folket er heller ikkje særleg fornøgde.

Eirik Blodøks

Gullungen til kong Harald er Eirik (seinare kjent som E. Blodøks), og i 12-årsgåve får han fem langskip. Eirik drar mykje hist og pist og herjar og er ei stund i Finnmark, der han treff ei jente, Gunnhild, i ei gamme. Ho er i trollelære sjå nokre finnar. Før nokon har sagt hei og introdusert seg har Gunnhild kviskra til Eiriks menn ein plan om korleis dei kan drepa finnane saman. Gunnhild trollar tornerose-svevn på lærarane sine og så drep Eirik sine menn dei. Gunnhild og Eirik gifter seg. Gunnhild blir megaheftig dame med mykje innflytelse og makt og ho er skildra som ei superond og slu trollheks som har seg med kvar einaste mann ho treff på. Standard soge-dame altså.

Kong Adalstein

I England er det ein ny ung konge som heiter Adalstein. Han tilbyr Harald eit sverd og når Harald seier «ja takk» til sverdet seier at Adalstein «HAHA du tok sverdet! Det betyr du er min undermann!». Då blir Harald sur og drar til England med sin yngste son Håkon. Håkon blir plassert rett på fanget til Adalstein og slik blir Håkon automatisk Adalstein sin fosterson, og HAHA seier Harald fordi «folk seier at den er mindre mann som fostrar annan manns barn». Dei blir så einige om å la det ver uavgjort. Skjønt Håkon veks altså opp i England hjå Adalstein og trivst godt der.

Håret til Harald

Mens Harald nekta å skjære/kjemme håret så blei han ikkje kalla Hårfagre seier Snorre, han blei fyrst fager på håret etter å ha stelt seg. Før det kalla dei han Harald Luva. Eg ser for meg den ekle svære dotten med hår han må spart seg i 10 år. Om han ikkje kjemma håret håper eg verkeleg han i alle fall vaska det, eller må han jo ha lukta heilt forferdeleg!

Ragnvald Mørejarl

Det er på denne tida Ragnvald lev og me blir kjent med han. Ragnvald er ein jarl på Møre og ein god ven av Harald, det er han som får æra med å skjære Harald sitt hår etter dei ti åra med sparing! Ragnvald si ætt er ein gjengangar i heile boka, for slektningane hans er jarlar og stormenn både på Orknøyane og i Normandie. Og her skal eg sei kvifor hans folk enda opp båe stader. La oss ta Normandie fyrst.

Ragnvald hadde ein son som heit Rolv, og Rolv var ein stor viking. Så stor at ingen hest kunne bære han. Derfor vart han kalla Gange-Rolv. Gange-Rolv herja på norskekysten, men dessverre var det verste kong Harald visste herjing på norsk kyst så Rolv blei arrestert og landsforvist. Gange-Rolv ganga sørover og slo seg ned der og grunnla Normandie. Han blei visstnok ein forfader til folk som Vilhelm Bastard, eller på engelsk William the Conqueror.

Over til Orknøyene. Ragnvald hadde ein bror som var jarl der borte, og då broren døydde sende Ragnvald ein son bort for å ta over arbeidet. Orknøyane sleit med mykje herjing frå vikingar og sonen til Ragnvald blei fort lei, sa opp jobben, og for heim igjen. Då blei Ragnvald sinna og sa at desse sønene hans likna ikkje foreldra sine. Ragnvald hadde ein annan son som heit Einar. Einar og faren hadde eit svært dårleg forhold og Einar blei irritert når faren var så spydig. Derfor seier Einar at han kan gå og at faren sikkert berre er fornøgd med å bli kvitt han, og faren seier at det er korrekt: han er fornøgd med å bli kvitt sonen Einar. Så Einar, og kalla Torv-Einar, reiser til Orknøyene for å vere jarl der.

Som tidlegare nevnt er kong Harald sine søner pissesure på alle med meir makt enn dei sjølv og dei drep Ragnvald Mørejarl. Av alle sønene til Ragnvald er det faktisk den minst verdsette og uelska sonen Einar som hemnar faren. Det skulle du ha visst Ragnvald!

Snøfrid

Forteljinga om finnen Snøfrid er litt… som alle forteljingar om finner i desse sogene, på ikkje så mykje godt og for det meste vondt. Når det står finner så er det samar dei snakkar om så vidt eg forstår. Moralen når det gjeld finner er som regel: Finner er skumle og kan trolle: hald deg unna!

Harald blir forelska i ei jente som heiter Snøfrid og gifter seg med ho. Så dør Snøfrid og Harald klarar ikkje forlate senga hennar, sjølv om ho ligg der daud. Folket begynner å sakne kongen sin og klagar. Harald blir råda til å i alle fall kle ho om om ikkje anna, og når dei lyfter på ho kravlar det ut av ho all slags kryp: ormar, froskar, øgler og firfisler. Etter dette går Harald tilbake på jobb. Den siste setning er ganske fin: «Han hadde glede av folket, og folket av han, men riket av begge».

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Håkon den Gode

Kvad

Håkon er ein ungdom på 15 år då faren Harald Hårfagre døyr, og Håkon drar rett til Norge og blir tatt imot som ny konge. Harald Hårfagre hadde jo eigentleg ein god del barn, med desse har altså blitt drepne den eine etter den andre av ynglingsbarnet Eirik (Blodøks). No er det berre Eirik og yngstebror Håkon igjen, og sida ingen nordmenn er særleg glade i seriemordaren Eirik blir altså unge Håkon lett som ein plett valt til nye konge (Også seier Håkon at han vil gi bøndene tilbake all den odelen Harald Hårfagre tok, og då jublar dei). Håkon slår seg òg ilag med Sigurd Ladejarl, og på ein måte er det Håkon og Sigurd mot Eirik og sønene for denne soga.

Sigurd Ladejarl var Harald Hårfagre sin kompis som gav kong Håkon namn, Håkon etter sin egen far – Håkon Ladejarl. Og morosamt nok så vil kong Håkon seinare gi namn til ein av Sigurd sine egne sonar – Håkon etter seg sjølv.

Eirik Blodøks og sønene har lite støtte i Norge så dei drar til utlandet og då blir Norge Håkon sitt. Fyrst drar dei til England der dei blir tatt godt i mot av Håkon sin fosterfar kong Adalstein. Einaste måten dette kan gje meining på er om Adalstein prøver å halde brørne unna kvarandre for Håkon sitt eige beste, elles betyr det jo at han hjelper fostersonens erkefiende? Er det demens? Uansett blir Eirik drepen og familien kasta ut av landet når Adalstein døyr.

Håkon er altså vel likt sida han har gitt tilbake bøndene odelen sin som Harald Hårfagre tok frå dei i si tid. Men alt er ikkje berre fryd og gammen. Håkon er oppvaksen i England og er kristen. Han hadde eigentleg tenkt å kristne Norge, men ser kjapt at det er ikkje mogleg i hans levetid. Så han bestemmer seg for å berre vere personleg kristen, som er relativt radikal tankegang blant desse norske kongar. «Han tykte det var best å fare stilt med kristendommen». Dessverre for han er ikkje det greitt for bøndene, dei blir svært så krenka og seier han snikkristnar og det som verre er. Dei meiner på død og liv at han skal blote til Odin og Tor. Attpåtil er han næraste allierte, Sigurd Ladejarl, ein megastor og kjent blotmann, skjønt Sigurd verker å vere litt meir religions-tolerant enn den gjengse nordmann. Det er uansett dårleg stemning i landet. Likevel klarar dei faktisk å samarbeide mot Eirikssønene når det trengs, så det er jo bra – at ein altså kan samarbeide til tross for all krangel rundt religion.

Samstundes er det krig med Danmark, der Harald Blåtann er konge. Eirikssønene ser sin sjanse og drar til Danmark og blir tatt godt imot der. Eirikssønnene angrip Norge med dansk hær, men dei tapar og må tutle seg sør igjen. Sidan blir Norge satt i full beredskapsmodus, verneplikt for praktisk talt alle og vardar blir satt på kvar haug. Slik går tjue år, og det er så vidt eg forstår tjue ganske gode år. Då ein dag kjem Eirikssønnene snikande inn til landet og angrip akkurat når kong Håkon sit og et dugurd. Det blir eit stort slag der kong Håkon døyr av ei pil i armen. Men akkurat før han trekk sitt siste pust seier han at han ynskjer å gi landet til ... Eirikssønnene 🎺.

Til slutt får me servert eit lengre avskjedskvad, om Håkon sitt siste slag, død og ferd til Valhall.

Fyrstehalvdel av kap.12 (Når ein hund blir krona konge) og siste halvdel av kap.15 (Jesus? ellers takk.) har eg notert var veldig kjekke å lese.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav den Heilage Olav Trygvason Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Eirikssønnene

Kvad

Då onkel kong Håkon døyr ber han om at landet skal bli gitt til Eirikssønene, og det blir gjort. Generelt er nordmennene ikkje glade i Eiriksønene. Det er fordi:

Den viktigaste av desse sønene er Harald (seinare kjent som H. Gråfell), men det er i botn og grotn mor Gunnhild som er sjef. Ho gir ein heil skjennepreik i kap.3 fordi gutane hennar berre latar seg i stadet for å slost slik som far Eirik Blodøks og farfar Harald Hårfagre så tappert gjorde (bildet som høyrer til er morosamt). Etter slik kjeft drar dei å drep Sigurd Ladejarl. Og med det var soga ute.

Så vidt eg forstår er Eirikssønene kongar i heile Norge og alle jarlane rundt om er under dei i hierarkiet. Men fordi jarlane har mykje makt og lokal støtte blir dei likevel ein trussel. Det er i alle fall einaste grunnen eg kan tenkje meg, sida Eirikssønene og mor Gunnhild er innmari sjalu og sure på jarlane. Ladejarlen trur eg ikkje kan heilt samanliknast med dei andre jarlane sida ladejarlen hadde lengre tradisjon i Trøndelag enn dei andre jarlane andre stader, og ladejarlane verker på meg å ha mykje meir makt og innflytelse enn den gjengse jarl.

Skaldedrama

Det er to skaldar me får høyre om: Glum Geirason og Øyvind Finnson Skaldespille, Glum er skald for Eirikssønene og Øyvind var Håkon den Gode sin skald. Deira kjekling er meir eller mindre: «min konge er betre enn din konge». Dei blir til slutt einige om å vere ueinige, og Øyvind blir til og med Harald Eiriksson sin skald – eg antar det er ein godt betalt stilling for det høyrest ut som svik for meg! Øyvind kvedar i veg, men Harald Eiriksson er ikkje fornøgd: kveda eg ganske spydige, og Øyvind får sparken. Øyvind er forresten ein norsk skald, og det er jo morosamt fordi dei fleste skaldane er islandske.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Håkon Jarl

Kvad

I førre episode blei Sigurd jarl drepen, og i soga før det igjen (Håkon den gode) høyrte me at kong Håkon hadde gitt sitt namn til ein av Sigurd sine søner. Her er den sonen: Håkon jarl.

Altså: Eirikssønene har akkurat drepe jarlen i Trondheim, Sigurd Ladejarl. Håkon blir med ein gong valt til ny ladejarl, og alle hiv brynjene på og hopper i skipa – det er krig, Eirikssønene mot ladejarlen. Krigen varer i ei god stund, heilt til bøndene blir lei maset og krev fred. Då blir det fred, og Håkon Ladejarl får lov til å fortsette vere jarl i Trondheim. Så er det roleg ei god stund for Håkon Ladejarl er jo ikkje den einaste jarlen i landet – og Eirikssønene er opptatte med å drepe alle desse andre jarlane. Til slutt går det ikkje heilt lenger og nok ein gong er Eirikssønene og Håkon Ladejarl fiendar og rivalar. Det går litt fram og tilbake med kven som leder, men soga avsluttast med at Håkon Ladejarl er i Danmark, og Eirikssønene er i Norge, men – og dette er eit stort men, i Norge er det nå uår til de grader! Dei svoltne norske bøndene skylder på Eirikssønene.

Ein annan Eirik

Ein gong er Håkon Ladejarl på besøk i Opplanda og har eit ONS med ei jente. Ho blir gravid og får ein son. Sonen får namnet Eirik, og han vil me høyre mykje meir om i soga om Olav Tryggvason.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Olav Tryggvason

Kvad

Soga om Olav Tryggvason har nærmast to delar, i starten handlar ho om alt som skjer i Norge mens Olav er liten og veks opp i utlandet, og andre del er om Olav som norsk konge.

Me startar med at Eirikssønene har drepe Tryggve Olavsson, ein mann ætta frå Harald Hårfagre (visstnok) og som budde på austlandet. Kona hans er gravid og rømmer frå landet, undervegs føder ho ein son som vert kalla Olav. Dei drar til Sverige og ender til slutt opp i Gardarriket, men la meg ta den historia seinare og heller fokusere på det som skjer i Norge fyrst.

Håkon Ladejarl er i Danmark (og er veldig stressa) og Eirikssønene regjerer aleine i Norge (der alle svelt i hel). I Danmark er det intern krangel mellom kong Harald Blåtann og nevøen, nevøen vil ha litt av Danmark og vere konge over, men Blåtann seier «ALDRI!». Dei spør begge Håkon Ladejarl om råd. Håkon Ladejarl ser ut til å plagast med alt maset deira, han har sine egne problem (Norge og Eirikssønene). Men så får Håkon Ladejarl ein god idé: kva om Blåtann-nevøen får Norge å regjere over! (og så kan Håkon Ladejarl drepe Blåtann-nevøen etter at Eiriksøner-problemet er utav verden, med Blåtann si velsigning (Blåtann kan ikkje sjølv drepe nevøen fordi det er litt ufint å drepe ein slektning)). Som sagt så gjort, og Eiriksonen Harald Gråfell døyr i same slengen, og mor Gunnhild og dei resterande Eiriksøner drar til utlandet.

No er altså Norge eigentleg Danmark sitt, men blir styrt av Håkon Ladejarl og ein fyr som heiter Harald Grenske (ætta frå Harald Hårfagre, visstnok), og Grenske vil seinare bli far til Olav den Hellige (skjønt Grenske døyr før Olav blir fødd). Håkon Ladejarl lar folket blote som dei vil 🩸 og folket er MEGET fornøgde.

Håkon Ladejarl hadde jo eigentleg eit godt forhold med Danmark, men så blir danskekongen kristen og då blir dei naturlegvis uvener. Danmark får seg nye vener: jomsvikingane som er frå kysten av Tyskland/Polen i følgje Wikipedia. Jomsvikingane og Danmark har ein stor fest og der lovar den eine jomsvikingen etter den andre å drepe Håkon Ladejarl. Sistemann lover å drepe Torkjell(🤷🏾‍♀️) og ligge med dottera Ingebjørg(🤷🏾‍♀️). SKÅL!

Så blir det slag mellom jomsvikingane på den eine sida og Håkon Ladejarl og Eirik Håkonsson på den andre sida. (Snorre seier forresten at det går rykte om at Håkon Ladejarl blota ein av sine andre soner for godt slag). Slaget blir vunne av nordmennene. Eirik drar heim med ein ny kompis, yngstemann-jomsviking som faktisk fekk halde det han lovde: han drap Torkjell og sida Eirik kjente Ingebjørg så arrangerte han bryllaup.

Håkon Ladejarl regjerer altså vidare i Norge og er for så vidt godt likt (enn så lenge). Nå skal eg fortelje om Olav Tryggvason sin oppvekst og etter det kjem me tilbake til Håkon Ladejarl.

Olav

Astrid og litle Olav var altså på rømmen frå Eiriksønene og Gunnhild då Olav var liten. Dei drar aust, og bestemmer seg for å dra heilt til Gardarriket fordi Astrid har ein bror som bur der. På vegen over Østersjøen blir dei angripne av vikingar og tatt til fange for å bli trælar i Estland. Og kanskje verst av alt så blir mor Astrid og litle Olav skilt, dei treffest ikkje igjen før Olav er blitt vaksen.

Ein dag Olav er ute i byen han bur i treff han ein mann på gata. Det er onkel Sigurd, bror til Astrid. Dei har aldri møttest før, men Sigurd kan sjå at Olav er utlending og går for å snakke med han. Dette er jo faktisk det same som hende i starten på «Jenny»: Helge blir kjent med Jenny og Cesca fordi han forstår dei er nordmenn og han er jo sjølv nordmann og dei er alle i utlandet (Roma) og da må man naturlegvis ta kontakt med kvarandre pga. felles nasjonalitet. Skikk og bruk sidan vikingtida visst.

Onkel Sigurd får kjøpt Olav (Olav er træl) og tar han med seg heim til Holmgard der han bur. I Holmgard blir Olav godt kjent med kongefamilien, og han trivst godt. Då han veks til drar han i viking og herjar rundt om i Europa. Ein gong han er i England og herjar, så blir han kristen på turen, og frå då av vil han berre herja med heidningar – sidan han er ein rettskaffen kristen blitt. Hund får han seg òg i England, hunden heiter Vige. Etter å ha herja ei stund tenker Olav at han har lyst å bli konge i Norge, men han er litt usikker på korleis han skal handtere problemet med Håkon Ladejarl. Nordmennene likar han jo så godt og han har så mykje makt…

Vel Håkon Ladejarl har funnet seg litt for vel til rette. Han ligger med alle koner og døtrer i landet og alle norges fedrar er drittleie! Håkon Ladejarl blir drepen av sin eigen træl, Tormod Kark, og Olav Tryggvasson blir tatt imot som ny norsk konge! Hurra! Gratulera Olav!

Dette var altså fyrste halvdel av soga. Andre halvdel er 90% kristning og 10% slaget ved Svolder. La oss oppsummere kristninga ved å sei at det var ganske brutalt og basert på terror.

Slaget ved Svolder

Dette er eit slag mellom Norge aleine på ei side, og Danmark, Sverige og norske Eirik Ladejarl (son av Håkon Ladejarl og same fyr som slost mot Jomsvikingane) på den andre sida. Eirik Ladejarl blei jaga ut av landet då Olav Tryggvasson blei konge i Norge og kanskje han skylder på Olav for farens drap – Olav blei jo konge samstundes som Håkon Ladejarl blei drepen (...det kan jo tenkast at alt om denne trælen ikkje er heile sanninga?). Sverige og Danmark liker ikkje Olav bl.a. på grunn av Sigrid Storråde, som var fyrst dronning i Sverige og så dronning i Danmark hatar Olav Tryggvasson fordi han fornærma ho med in kopparring og eit dask i ansiktet (dei skulle eigentleg forlove seg, men det blei litt kluss). Og generelt er det ein del ekteskap på kryss og tvers mellom Sverige, Danmark og Eirik jarl og slik blir desse tre parter knyta nært saman.

Den danske kongen har ei syster som heiter Tyre. Ho er trulova med kongen i Vendland, men ho held berre ut i sju dagar før ho rømmer til Norge og gifter seg med Olav Tryggvasson. Ikkje lenge etter begynner ho å klage på alle sine eigendeler ho måtte forlate då ho rømte og ber Olav dra å hente dei for ho. Ho masar og skriker til han går med på det. Olav drar til Vendland i skipet Ormen Lange (Einar Tambarskjelve som nemnes nå og då seinare er med), og Erling Skjalgsson er med i sitt eige skip. Mens Olav Tryggvasson er i Vendland planlegg Danmark-Sverige-Eirik Ladejarl Alliansen eit bakhaldsangrep ved øya Svolder. Dei sit og ser på alle skipa som fer forbi. Dei er berre interesserte i kongsskipet Ormen Lange og lar alle dei andre skipa, inkludert Erling Skjalgsson sitt skip, segle forbi.

Ormen Lange kjem og det blir eit stort og heftig slag. Eit slag over fleire sider. Danskekongen og Svenskekongen er jo med, men det er fyrst og fremst norske Eirik Ladejarl som er fremst og slost. Danmark-Sverige-Eirik Ladejarl Alliansen vinner, og Olav Tryggvasson hopper over bord. Mest sannsynleg døyde han der i havet då.

Eirik Ladejarl får Ormen Lange, og saman med broren Svein Håkonsson får dei regjere heile Norge. (Sverige og Danmark eiger vel teknisk sett ein tredjepart kvar, men lar desse nordmennene styre sjølv). Eirik Ladejarl lar nordmennene blote 🩸 slik som far Håkon lot dei gjere òg (ingen kristendom der i garden), og alle er eigentleg ganske fornøgde (bortsett frå Erling Skjalgsson som har mista kongen sin).

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Olav den Heilage

Kvad

Olav Digre går i Olav Tryggvasons fotspor, og ein stor del av soga om han handlar om kristning av Norge. Det er ganske brutalt og han oppfører seg aller mest som ein terrorist og diktator. Et stykke ut i soga når han har søkt dekning i Russland er han så lei seg fordi nordmennene ikkje liker han, men eg veit ikkje om det finst ein lesar som kan synst synd på han. Han fortente å bli møtt og drepen av bondehæren etter å ha behandla dei så dårleg. Når heile resten av Heimskringla er full av anekdotar om kor hellig og helgenaktig Olav er så er det nesten som om det er ein kulturforskjell eller det er i alle fall noko som manglar for meg i denne historia som Snorre fortel - Olav har jo berre vore slem heile soga si og gjer ingenting godt?! Og kvifor er det så forferdeleg viktig at nordmennene er kristne? Har det å gjere med innflytelse i utlandet? Er det å tape ansikt at ein er konge for eit hedensk folk?

Det hjelpte meg veldig å vete på forhånd kva namn eg måtte hugse på, fordi det er ein del folk som kjem og forsvinn. Dei viktigaste er sikkert Tore Hund og Arnesson-brørne. Eg har ikkje tenkt å skrive noko om dei, men dei er verdt å notere seg fordi dei dukkar stadig opp. Andre folk er Einar Tambarskjelve, Hårek på Tjøtta, og Sigvat, ein skald. Desse er altså i tillegg til hovudpersonane, og i tillegg til Erling Skjalgsson som for meg i alle fall er foreviget i minnet av den «Olav Trygvason»-mannesangen der han Erling vente på Olav T. på Sola. Det er i løpet av denne soga (om Olav den hellige) at Erling døyr, og det kom litt brått på meg. Det var litt trist å sjå ein av desse som har vore med i sagaene i lang stund døy og forlate oss. Ikkje lenge etter druknar Håkon Ladejarl (son av Eirik Ladejarl (Jomsvikingane og Svolder, regent i lag med bror Svein) og det var generelt nokre triste kapittel.

Av dei meir morosame kapitla er kanskje dei om han Arnljot Gelline, han er ein stor kar frå Sverige som treff på ein islending som er på tur. Det var også sånn halvvegs kjekt å lese om alle skipa som for til Færøyene som aldri kom heim att, skjønt enden på den historia var ganske ikkje-eksisterande, historia berre tutla seg ut av soga nesten. Eg tenkte eg kunne avslutte med historia om kong Rørek, ein konge i Norge som Olav Digre har vunne over, men ikkje drepe. Olav er ganske fornøgd med det ser du, at han kunne vinne over fem kongar(inkludert Rørek) på ein morgon, men utan å drepe nokon av dei (sjølv). Alle dei norske kongane er jo slekt, må du forstå, og det er litt ufint å drepe sine eigne slektningar, sjølv for Olav Digre.

Kong Rørek

Rørek er konge på Hedmark i Norge og er vel sett opp til. Saman med nokre andre kongar i området har dei tenkt å slost imot Olav Haraldsson (Digre, Hellige), kongen-kongen. Olav herjar overalt i Jesu namn og dei likar det ikkje. Dei blir svikta av Kjetil frå Ringnes. Fleire blir drepne, Rørek overlev, men han blir blinda ❌❌. Sidan er han med kong Olav. Rørek er sur og bankar opp tenarane sine. Men saman med sin slektning Svein planlegg dei å drepe kong Olav. Svein må ta ansvar og gjere det sidan Rørek er blind. Men i den avgjerande augneblinken er ikkje Svein modig nok.

Ein dag mens alle er fulle er Rørek på do i lag med vaktene sine (vaktar er staffa for drapsforsøk på kongen). Ein kompis av Rørek, Finn Litle, lokkar vaktene ut og drep dei. Rørek rømmer til sjøs. Olav sin kompis Sigvat går seinare same kveld på do og oppdagar blodet, finn likene og ser at Rørek er borte. Etter litt om og men får dei vekt kong Olav og fortalt kva som har hendt. Dei finn Rørek på sjøen og han blir fanga på nytt og blir nå svært godt bevokta. Men Rørek er merkeleg førnøgd?

Rørek prøver å knivstikke kong Olav i kyrkja, men får det ikkje til. Olav har ikkje lyst å drepe Rørek fordi han likar den ideen av å ha knust fem kongar på ein morgon utan å vere banemann til nokon av dei, kongane er jo tross alt slektningane hans. Kong Olav ber islendaren Torarin om å ta med seg Rørek til Grønland, men han ender på Island på grunn av dårleg vêr. Rørek er sjå ulike islandske stormannsfolk, men trivst ikkje. Til sist blir han plassert i ei lita hytte i ei lita bygd, og der trivst han. Han trivst fordi han der i bygda var mest vørd. Så døyr Rørek av sjukdom.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Magnus den Gode

Kvad

Då faren Olav Digre/den Heilage var opptatt på Stiklestad budde litle Magnus i Gardarike (Russland). To menn som eigentleg ikkje var på Olav den Heilages side gjekk for å hente med seg Magnus til Noreg. Olav den Heilage blir jo drept på Stiklestad og den nye nye danske kongen som starta regjere i Noreg etter Olav den Heilages død var endå verre enn det Olav hadde vore. *Severin Suveren: «Uflaks!»* Altså blir Magnus (omkring 11år) henta til Norge av desse folka som hadde slost mot faren hans. Magnus blir satt til konge med ein gong.

I starten går det greitt, men så ser Magnus til å gå i farens terrorist-fotspor hakket for mykje. Folk klagar og dei vaksne han har rundt seg kjeftar på litle Magnus. Det er skalden Sigvat som får denne hovudoppgåva med å kjefte, og han kjeftar vakkert på skaldevis. Og veit du kva! Magnus endrar visst haldning og sluttar å vere så hissig på folket, alle blir glad i han igjen og han vert kalla «den gode». Skjønt, skjønt, skjønt: nesten heile resten av soga er Magnus i utlandet og er ikkje særleg venleg i det heile tatt – så eg trur han er «den gode» blant nordmennene kanskje mest fordi dei slapp bry seg med han. Og det er vel heller ikkje så vanskeleg å bli sett på som «god» når du er konge rett etter ein allment mislikt ein.

Altså, resten av soga er i utlandet: Danmark for det meste. Dei fleste danskekongane har døydd og Magnus har lyst å regjere der òg. Han set ein mann som heiter Svein Ulvsson til å vere jarl, fordi Svein hadde dansk jarle-slekt. Så startar ting å falle av hengslene. Svein vil vere konge, ikkje jarl. Så dei har fleire slag der Magnus vinn og Svein må flykte nordover mot Sverige (der har Svein slekt). Og i hælane på Svein kjem Magnus. I denne delen er det kjempemange kvad, og dei er svært lettleste og fine. Det er akkurat som om eg er der med dei. Det er skaldane Tjodolv og Arnor som har skrevet desse kvada.

Soga om Magnus endar med at han sender eit brev til England og påstår at han, Magnus, har arverett på England òg. Englands konge er ueinig og Magnus verker litt snurt, men yppar seg ikkje.

Sigvat Skald

Me får òg høyre om skalden Sigvat. Han var ein god ven av Olav den Heilage (eg nemnte han blandt 'dei viktige folka'), men ved slaget på Stiklestad var Sigvat på ferie i Roma og gjekk glipp av alt. No ser me at Sigvat kjem heim djupt deprimert. Han samanliknar si sorg med alle andre sine sorger, og hans sorg er visst verst.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Harald Hardråde

Kvad

Harald Hardråde Sigurdsson er Olav den Heilages lillebror, eller halv-lillebror (dei har ulike fedre, O.Heilage er ein Haraldsson) og han var med å slost i slaget ved Stiklestad når han var 15år. Etter det drog han på Europatur for å herje og plyndre. Han er heilt nede ved Middelhavet og eg ser for meg sanddyner og masse oliventrær. Eg lurer på korleis dei kledde seg annleis der nede, nordmennene altså. Skifta dei til sandalar? Me får i alle fall fortalt med teskei at Harald var glad i å slost, og i å vinne. Omsider kjem han heim til Norge og etter litt om og men blir han konge. Så startar ein evig fram-og-tilbake kappestrid med danskekongen Svein. Eg blei temmeleg fort temmeleg lei av Harald Hardråde. Kan du ikkje berre la Danmark vere!

I heimlandet går ikkje alt heilt knirkefritt heller, fordi han er såpass streng at folk blir sure. Dei sender sin «folkets mann» Einar Tambarskjelve for å klage, men Einar og hans son blir drepne. Heile Einars slekt blir ekstremt sure og dei er ganske mektige folk i Norge, dessverre for Harald Hardråde. Her kjem to nye folk inn i bilete: Finn Arnesson (som er ny for paragrafen) og Håkon Ivarsson(sur slektning). Finn A må få fred med Håkon, men det ender med Finn pottesur i Danmark og Håkon fornøgd i Norge (enn så lenge). Dessverre for Håkon Ivarsson blir han innblanda i heile danskekonge-tullet, og Håkon Ivarsson ender opp på flukt i Sverige. Innmari slitsam historie, unnskyld.

Til slutt blir der ein fred med Danmark og Norge. Men då er det kaos i England. Englands konge døyde barnlaus og det er full krangel om kven som skal arve landet. Harald Hardråde blir så klart dratt inn – det ser ikkje ut til at han kan sei nei takk til eit godt gammaldags slag. Så dei drar og ved Stamford Bru så døyr Harald Hardråde av ei pil i halsen.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Olav Kyrre

Kvad

Olav Kyrre er son til Harald Hardråde. Olav styrer I 26 år og alt er fredeleg(Kyrre = den fredelege). Folk drikker og eter i lag og kosar seg, dei fant opp gilder på denne tida (Gilde som i foreining, men det verker som om «drikking og eting» var ein viktig del av møta). Og Olav får ein vakker son som han kallar Magnus - sikkert oppkalla etter storebroren som han var konge ilag med i to år etter faren Harald Hardrådes død (Og Olav Kyrre sjølv har sikkert Harald Hardråde kalt opp etter sin storebror. cuuuute 💘). Storebror Magnus døde berre 21år gammal pga. dårleg mat.

I denne soga får me høyre om siste herremote: trange prakthoser, gullringer om leggane, lange kjortler med bånd i sida og kjempelange(5 alen) trange ermer (ermene skulle ligge i rynker heilt opp til skuldra). Høge sko med silkesaumar, og gjerne med gulldetaljar.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Magnus Berrføtt

Kvad

Magnus Berrføtt er sonen til Olav Kyrre. Då den fredelege kong Olav Kyrre dør og forventar den mindre fredelege kongsson, Magnus, heile landet i si arv. Men i tillegg til Magnus som vaks opp ved hoffet, finst ein annan kongsson, Magnus’ søskenbarn – Håkon (som ikkje vaks opp ved hoffet). Håkons far var Olav Kyrres storebror som døydde berre 21 år gammal, då Håkon var berre ein baby. Håkon har òg rett på ein del av landet slik som far hans hadde før han, og fint for han: folket elskar han. Magnus likar ikkje denne trusselen og det byggjer til strid… og så døyr Håkon av sjukdom. «🎺». Ordentleg nedtur. Eg hadde sett for meg noko à la gutane i «Reign», men nei då.

Etter dette drar Magnus til Skottland, der liker han det han ser og legg landet under seg. Eg forstår han for så vidt godt, ein av mine favoritt-turar i livet var òg til Skottland, skjønt eg liker å tru eg behandla skottane noko betre enn Magnus. Her er ein morosam historie (frå Magnus sin Skottland-tur, ikkje min): Då Magnus skulle bestemme fred med skottekongen så sa skottane at «om Magnus kunne segle forbi noko land på austsida skulle han få det landet». Også var det eit område han ville ha, men det var ingen øy – det var forbundet til fastlandet med ei smal stripe land. Men han sette seg i skipet ved roret lell og fekk mannskapet til å dra heile båten frå den eine sida av landet til den andre. Og han fekk godkjent! Kan du tru!

Me får òg høyre meir motenytt: Det siste er no bare legger, korte bluser og ein liten kappe på skuldrene. Perfekt for varme somrar 🏖.

Å! Ein ting til! Dei tre siste kongane hadde alle målt høgda si i veggen slik at dei kunne samanliknast, som er jo ganske lett å kjenne seg igjen i. Personleg har eg alltid målt frå toppen av hovudet, men den kongelege høgde er visstnok «komfortabel kyssehøgde 💋».

Til slutt dør Magnus i Irland rett før han fyller tretti år.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Magnussønnene

Kvad Slektstre og guide

Magnus Berrføtt etterlet tre søner då han døyr i Irland i år 1103. Øystein 14/15 år, Sigurd 13/14 år og litle Olav på berre 4/5 år. Brørne delte landet mellom seg, men dei to eldste styrte Olav sin del sida han var så liten. På denne tida kom det heim ein gjeng med folk som hadde vore på Europatur, og reisefeberen spreiar seg raskt. Kong Sigurd, som er barsk og tøff, vil reise til utlandet, og kong Øystein, som er snill og søt (eg trur han ser ut som ein hobbit), er fornøgd med å vere heime og ha ansvar for landet aleine.

Kong Sigurd drar sjøvegen til Jorsalaland/Jorsalaheim/Jorsalaborg og herjar heile vegen dit, så klart. Forresten, i mitt hovud er heile denne jorsalaferden akkompagnert av den fyrste songen i Disney sin Tornerosefilm (kanskje ikkje teksten passer, men stemningen!). Tilbake til Sigurd: i alt har han åtte slag før han når fram til den heilage byen, og då han er der drar han i same slengen bort til Syrland og herjar litt der òg. Kongen i Jorsal tar godt i mot kong Sigurd, og tar med Sigurd på sightseeing til elva Jordan og lar Sigurd får bade litt i solsteika (eg antar det er svært varmt der, eg har aldri vore ved elva Jordan (eller er det ein dåp dei snakkar om forresten?). Også får kong Sigurd ein suvenir: ei flis frå Jesus sin kross.

På veg heim drar han innom Miklagard, og om mottakinga i Jorsal var god, så er ho endå betre i Miklagard. Det blir nærmast lagt rød løpar for dei frå skipet opp til slottet og alt. Det er definitivt løpar, men det står ingenting om farge dessverre. I Miklagard gir dei skipa sine til kongen der og drar til hests nord oppigjennom Europa og heilt heim. Då er kong Sigurd blitt 20 år og har vore vekke frå år 1108 til år 1111. Kong Øystein har styrt landet godt og har bygga kjempemange kyrkjer imens. Øystein var så snill og god at han overtalte Jemtland til å bli norske, berre med ord! I år 1115, då litle Olav var blitt ein ungdom på 17 år, døyr han og alle blir svært lei seg.

I kapittel 21 kranglar brørne Øystein og Sigurd, og det er ganske underhaldande. Ein ting kong Sigurd klagar på er at kong Øystein ikkje er så flink til å følge sine egne lovar. .. uff da.. tenker du kanskje - nei ikkje i det heile tatt! Det er fordi kong Øystein er ein domar som brukar skjønn! Han vil gjere alle til lags, så derfor følger han ikkje lovane til punkt og prikke. Og dette klagar Sigurd på... Øystein er langt meir sjarmerande i heile krangelen. Men det går uansett litt langt og mot slutten verker det som dei har såra kvarandre på ordentleg. «Der tok du på svullen», (Øystein sine ord, naturlegvis)

I 1123 døyr kong Øystein av sjukdom, og heile landet er i stor sorg. Snorre seier at han var den kongen folket hadde likt best sidan Magnus den Gode (som hadde døydd 76 år før). Så då er altså Sigurd konge aleine i Norge. Sigurd vert kalla Sigurd Jorsalfare.

Harald Gille

Frå Irland kjem ein mann som seier at han er òg son av Magnus Berrføtt (altså at han er kong Sigurds halvbror). Han heiter Harald Gille. Etter å ha gått på glødande jern utan å få skadde føter så trur kong Sigurd på Harald Gille og tar godt imot han. Kong Sigurd sin son Magnus hatar Harald Gille. Kanskje han ser på Harald Gille som ein rival om trona? Men Harald Gille har lovd å ikkje legge noko krav på landet før både Sigurd og son Magnus er døde. Men Magnus hatar altså Harald Gille likevel. Kapittel 27 handlar om Magnus som berre mobbar og plagar Harald Gille, det er svært ufint – men også ganske underhaldande.

Det er ikkje berre Magnus som ikkje liker Harald Gille, det er fleire som er slemme, også mobbar dei han fordi han slit med norsken. Eg tenkjer at det kanskje er fordi han er frå Irland? Dei er jo eit anna folkeslag og kanskje folk den gong ikkje var særleg meir vettige enn folk i dag. All mobbinga er i alle fall lett å forestille seg. Skjønt det er til å skjemst av.

I år 1130 døyr kong Sigurd Jorsalfare av sjukdom, 40 år gammal. Sigurd var òg godt likt av folket som dei andre brørne sine, og hans død er starten på borgarkrigstida i Norge (1130-1240). Messy times frå no av altså.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Magnus Blinde og Harald Gille

Kvad Slektstre og guide

For ein spoiler av ein tittel! Jaja. Etter at kong Sigurd Jorsalfare døydde i år 1130 blei sonen Magnus konge i Norge. Folk liker han ikkje noko særleg fordi han er sur og gjerrig. Onkel Harald Gille, derimot, er venleg og gavmild, og folk liker han godt. Til tross for at Harald Gille hadde lovt at han ikkje skulle legge noko krav på landet før Magnus var død så legg han krav på landet med ein gong Sigurd har andast. Magnus har ikkje noko anna val enn å dele landet med onkel Harald Gille, sidan folket liker han så godt. Men Magnus er mindre enn fornøgd. Etter tre år går det ikkje lenger og Magnus angrip Harald Gille, og Harald Gille må rømme til Danmark. Magnus drar tilbake til Bergen der han bur, og Harald Gille, som blir godt tatt imot i Danmark flytter til Halland (i Sør-Sverige, men det verker å vere ein del av Danmark på den tida). Litt etter litt overtal Harald Gille nordmenn til å bli hans menn, og på null komma niks har han overtalt heile Vika.

Magnus lurer på kva han no skal gjere når Harald Gille sin hær blir berre større og større og nærmar seg Bergen meir og meir for kvar dag. Han spør ein fyr om råd. Magnus: «Gje meg eit råd» rådmann: «Del Norge med Harald Gille» Magnus: «Nei, vil ikkje – nytt råd takk» rådmann: «Drep alle som ikkje er trufaste og lag ein hær med alle dei resterande, om dei så er berre fantar» Magnus: «Fantehær? Er du galen? Nytt råd takk» rådmann: «Røm til Trondheim?» Magnus: «nytt råd…» rådmann: «Sit her i Bergen til Harald kjem med ein stor hærstyrke. Da lyt du lide anten død eller skam». Og rådmannen går heim.

Det kom eit skip til Bjørgvin julaften 1134, og om bord var Harald Gille og ein stor hær. Naturlegvis kan ein ikkje slost i julehelga, så fram til 6.januar blir tida brukt til å gjere klart til slag. Likevel blir kong Magnus fanga før noko slag blir slått i gong. Harald Gille lar Magnus sine eigne trælar få gjere kva dei vil med han. Dei skjærer ut auga hans, dei hogg av den eine foten hans, og dei kastrerer han. Sidan reiser Magnus til Nidaros og blir munk.

Sigurd Slembe

Harald Gille er no konge i heile landet aleine. Men så kjem ein ny fyr. Ein ny bror. I førre saga var det Harald Gille som kom og påstod han var ein ukjent son av Magnus Berrføtt, og no kjem nestemann: Sigurd Slembe (eg er litt usikker på kva slembe skal bety). Sigurd skulle eigentleg bli prest, men ein dag høyrer han mora sei at han er son av Magnus Berrføtt, og då er det visst rett på pilegrimsferd: Jerusalem – bade i Jordan – heim igjen, også på reising rundt i Nord-Europa for å bli kjent med folk, networking. Snorre seier at Sigurd gjekk på glødande jern for å bevise at han snakka heilt sant, men at dette skjedde i Danmark, og einaste vitne er Sigurd Slembe sjølv. Folk er skeptiske. Ikkje minst Harald Gille, og ikkje berre er han skeptisk: noko deling av landet kjem ikkje på tale! 👎🏾 Det er ein gong Harald Gille sine folk tar med seg Sigurd Slembe i ein liten båt og ror ut på sjøen, kva dei skal er litt usikkert, men Sigurd Slembe aner ufred og mykje fare så han hoppar utor og svømmer inn til land og spring opp i fjella. Han er svært kald, men for å ikkje fryse tar han av seg buksene og skjærer hol i rumpa og bruker buksa til genser. Og slik slapp Sigurd å fryse i hel og redda livet sitt den natta.

Sigurd Slembe vil så klart ha hemn og natta etter Luciadagen 1136 blir Harald Gille drepen i senga. Sigurd Slembe sa til folket at det var han som drap sin bror kong Harald Gille, og folket synst det ikkje er så fint å drepe sin eigen familie, ikkje at dei trur på at dei er brør uansett – men likevel, ein skal ikkje drepe dei ein påstår er eins brør heller. Dei vil ikkje ha Sigurd Slembe til konge. Sigurd blir jaga ut av Bergen og drar nord til Sogn og Fjordane, der folk ikkje har fått med seg siste nytt og tar Sigurd Slembe til konge.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Haraldssønene

Kvad Slektstre og guide

Harald Gille er død, og (i Norge) har han to søner som skal overta landet etter han. Sigurd på 4 år og Inge på 2 år. Kong Sigurd får Trondheim, og kong Inge Vika. I fyrste del av soga er det Sigurd Slembe som er hovudtema. Sigurd Slembe var han som sa han var kong Harald Gille sin bror, ingen trudde han og så drap han Harald Gille og nå er han på rømmen. Han hadde jo blitt tatt inn varmen i Sogn og Fjordane, men blir fort kasta ut derfrå også. Sigurd Slembe drar nord til Trondheim, der bur Magnus Blinde i eit kloster. Magnus Blinde var altså Harald Gilles nevø som ingen særleg likte, også er han blind, einfota, og kastrert. Men desse samarbeider litt, sånn halvveges. Dei samarbeider ved at Magnus Blinde drar aust i landet og held eit slag med litle babykongen Inge, og Sigurd Slembe fer til utlandet. I slaget blir Inge såra for livet: krokrygga, kan aldri gå utan støtte, og ein kortare fot. Likevel vinn Inge (sine menn), og Magnus Blinde må rømme til Danmark.

Seinare slår Sigurd Slembe og Magnus Blinde seg saman på ordentleg, og dei fartar litt rundt i landet og drep og herjar i nord og sør. Då får kong Sigurd i Trondheim, som nå har blitt heile 5 år gammal, eit brev frå kong Inge, 3 år. Kong Inge ber kong Sigurd komme sør til Vika slik at dei kan verje landet saman mot Sigurd/Magnus, og om ikkje så skal kong Inge angripe kong Sigurd. Så det så! Og kong Sigurd kommer. Og slag blir det. Dei to brørne vinner som dei store og flinke gutane dei er. Magnus Blinde blir drepen av ei pil og Sigurd Slembe blir pint til døde. I ettertid får Sigurd Slembe mykje skryt for å ha tedd seg bra: «Det måtte vere ein gasta og hardbalen kar som tolte pinsler så godt».

I andre del av soga kjem ein storebror: Øystein. Øystein blir kong Øystein, og kvifor han kom nå … seks år etter far Harald Gilles død, vaksen er han og… Det får me ikkje vite. Betre seint enn aldri.

Sigurd og Inge har vore kongar sidan dei var ganske små, og så lenge «dei vaksne» er i live så er forholdet mellom dei, og mellom dei og Øystein godt. Men så døyr «dei vaksne» ein etter ein (av naturlege orsakar). Inge sin nye rådgjevar og vaksenperson heiter Gregorius, og han får mykje innflytelse på Inge. Gregorius er mykje meir aggressiv enn Inge. Minstebror Inge er berre blid og gåvmild, også har han dårleg helse - det nevnte eg vel over: Inge Krokrygg kallar dei han. Sigurd, som er to år eldre er ein barsk villstyring (og han har ein stygg munn seier Snorre). Eldstebror Øystein er smart og pengekjær.

Det blir altså etter kvart litt uvenskap mellom desse gutane, men det er svært fram og tilbake. Dei blir uvener, men så blir dei vener igjen. Inge er eigentleg ikkje sur på nokon, men rådgjevar Gregorius masar på han nok til at det blir slag mellom Inge/Gregorius og Sigurd. Inge/Gregorius vinner og Sigurd blir drepen.

Etter dette følger endå meir fram og tilbake mellom kong Inge/Gregorius og kong Øystein, vener – uvener – vener. Gregorius lokkar til seg fleire av Øystein sine menn, og til slutt blir Øystein drepen av ein som heitte Simon Skalp som er ein av desse bortlokka mennene.

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Håkon Herdebrei

Kvad Slektstre og guide

I førre saga hadde me tre kongebrør: Øystein, Sigurd Munn og yngstemann Inge Krokrygg. Øystein og Sigurd Munn er no daude, drepne av kong Inge. Inge blei jo eigentleg skildra som snill og grei i starten, men han har ein rådgjevar som heiter Gregorius som har er ein litt dårleg innflytelse. I denne soga er tittelpersonen Håkon, kong Sigurd Munn sin son. Det er mange som ikkje vil ha Inge til konge (pga. brødredrap) og dei gir 10 år gamle Håkon kongetittel. Kong Håkon bur i Trondheim, og kong Inge Krokrygg bur av og til i Oslo andre gonger i Bergen. Håkon får tilnamnet Herdebrei som høyrest litt tvilsomt ut for ein såpass ung gutt, men kanskje det er slik som når foreldre kjøper ekstra store sko slik at ungane kan vekse seg til dei.

Inge Krokrygg og Håkon Herdebrei er ikkje gode vener og folka deira slost litt med kvarandre her og der. Saman kjempar dei i to slag (mot kvarandre). Det fyrste er eit slag i båt på ei elv. Folka til Inge råder Inge til å ikkje vere med men heller sjå på, Inge slit jo litt med helsa (pukkelrygg, kort fot, kan ikkje gå utan hjelp). Inge nektar – han vil slost som dei andre! Uansett kan han ikkje styre landet aleine. Og Inge vinner.

Inge og Håkon sine folk slost endå meir, og oppi alt dette blir Gregorius’ svigerbror drepen. Gregorius spring etter Håkon Herdebreis folk for å hemne seg, men det er Gregorius sjølv som fer gjennom isen og får ei pil i strupen. Inge blir kjempelei seg når han høyrer om dette: «No er den mannen borte som var beste venen min, og det har eg tenkt til no, at det ikkje skulle bli langt mellom oss». Det er tid for slag nummer to.

Det er vinter og det ligg is på sjøen, og det er her på isen slaget blir kjempa. Igjen seier folk at Inge Krokrygg må halde seg litt til sides og heller sjå på enn å vere med. Men Inge seier at om det hadde vore han som vart drepen og Gregorius den som tok hemn hadde det ikkje vore tale om at nokon skulle stå å sjå på! Kong Inge blei konge då han var 2 år gammal, og no er han 25: «Eg synest eg har hatt meir vanske og vågnad i kongedømmet mitt enn moro og hygge». Inge blir drepen i dette slaget.

Så blir kong Håkon Herdebrei konge aleine i heile Norge.

Erling Skakke

Erling blei me eigentleg introdusert for i soga om Haraldssønene, men eg visste ikkje at han var viktig så eg berre ignorerte han. No ser eg at han jo så klart er far til tittelpersonen i neste og siste soge: Magnus Erlingsson. Erling er oldebarn av Håkon Ladejarl (som sikkert dei fleste i landet), han er ven av kong Inge Krokrygg og hjelpte Gregorius ein gong han var på rømmen frå kong Øystein. Erling er gift med Kristin, kong Inges syskenbarn og dottera til kong Sigurd Jorsalfare. Erling har òg vore i Jorsalaland og bada i Jordan akkurat som svigerfar Sigurd. Tilnamnet 'Skakke' kjem av eit slag i halsen som gjer at hovudet står litt på skeive.

Etter at kong Inge er død og kong Håkon er den einaste kongen i landet har Håkon og mennene ein stille samtale saman inni ei kyrkje, men Kristin overhøyrer dei. Kristin sender bod til Erling i Bergen: Tru aldri kong Håkon! Soga ender på ein cliffhanger!

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Soga om Magnus Erlingsson

Kvad Slektstre og guide

I siste soge er me godt inni borgarkrigen(som startar i 1130 då Sigurd Jorsalfare døyr, tittelpersonen Magnus Erlingsson er født i 1156) og folk døyr som fluger. Me har to sider her nå: begge støttar monarkiet og kongsætta og alt det der, men dei er ikkje einige om kven som er den rette arving etter Harald Gille. Nokre støttar kong Inge Krokrygg, og andre ikkje.

Uansett, denne soga er kronglete, men er her eit samandrag: Etter at Inge Krokrygg døyr gjer Erling Skakke sin egen son Magnus til konge (Magnus' bestefar er Sigurd Jorsalfare, bror til Harald Gille). Korkje Erling eller Magnus dør i løpet av soga. Den andre sida er dei som støtta Sigurd Munn og Øystein og som gjorde Håkon Sigurdsson Herdebrei til konge. I denne soga vil Håkon døy og få fleire kortlevde kongar etter seg: sin bror Sigurd, syskenbarn-son Olav, og til slutt søskenbarnet Øystein. Ved sogas slutt er alle desse i anti-Inge-kongane (i slutten av soga kjent som Birkebeinerar) døyde.

Lang versjon:

Håkon Herdebrei er konge aleine i Norge, men Erling Skakke fekk i førre soge streng beskjed frå kona Kristin om at Håkon ikkje er til å stole på. Så Erling samlar ein gjeng for å slost mot Håkon Herdebrei, og dei gjer Erlings son Magnus (5 år) til deira konge. Magnus’ mor Kristin er dotter til Sigurd Jorsalfare. (Magnus og Håkon Herdebrei er tremenningar). og PS! Når eg seier at Magnus og Håkon Herdebrei er kongar, så trur eg ikkje dei hadde særleg med makt sjølv.

Magnus og Håkon slost litt her og der, og dei har eit slag til sjøs der Håkon Herdebrei blir tatt heilt på senga. Alle må skunde seg å hoppe i båtane og mannskapa blir heilt skeivt fordelt. Det er skikkeleg krise og alt er kaos. Håkon Herdebrei prøver å hoppe skip for å komme i sikkerheit: «Han hadde ikkje vore der lenge før han tyktest merke at han var kommen mellom uvener, og då han no såg seg om, såg han ingen av mennene eller skipa sine nære ved». Håkon har ved ein miss hoppa oppi Erling Skakkes skip. Ops. Håkon Herdebrei døyr.

Neste konge på Herdebrei-sida er Håkons bror Sigurd. Sigurd har eg ikkje tatt med i slektstreet, men eg tok med Sverre som ikkje dukkar opp i Heimskringla men har si eiga soge utanom.

Kong Sigurds menn og Erling/Magnus møtest til slag ved Re. (Eg har alltid trudd at Re betydde slagmark, ikkje at det var ein eksempel på ei slagmark. Eg trur eg stussa i fem minutt då eg fyrst leste det). I dette slaget prøver Erling/Magnus å skremme(?) dei andre ved synge skumle songar som… kyrie eleison. Magnus/Erling vinner, men Sigurd drar til Bergen og blir fanga og avretta der.

Neste konge på Herdebrei-sida er ein slektning: Olav. Men han døyr av sjukdom.

Neste konge på Herdebrei-sida er Håkon Herdebrei sitt søskenbarn Øystein Møyla. Øystein og gjengen har lite pengar og dei må røve. Sida dei røvar må dei gøyme seg i skogen. Der tar dei kleda av seg og spenner never om leggene. Kvifor dei tar kleda av seg veit eg ikkje, men never er i alle fall bark – altså dei brukar bark til sko. Dei vert kalla birkebeinarar. Så seier Snorre. Altså, ein gong til: birkebeinarane er dei som støtter Sigurd Munn og Håkon Herdebrei og den familien, men ikkje Inge Krokrygg og ikkje Magnus Erlingsson som ikkje er kongsson ein gong (han er berre kongsbarnebarn 🤢). Men når det er sagt så trur eg ikkje at birkebeinerane blir ei 'greie' eller eit 'konsept' før med han her Øystein Møyla som eg starta paragrafen med - så å sei at birkebeinerane har så sterke meiningar om dei gamle kongane Sigurd og Inge er kanskje litt misvisande?

Siste slaget i 1177, mellom Øystein Møyla og Magnus, er på Re igjen, denne gongen i djup snø. Magnus vinn og Øystein døyr. Birkebeinarane blir spreidd og ser ut til å oppløysast...

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson

Etterord

Frå Halvdan Svarte var fødd til dette slaget ved Re, har det gått omkring 370 år. 367 år før 2021 er 1654. Eg har null peiling på kva som føregjekk i Norge i 1654 (Petter dass blei fødd i 1647, einaste gamlissen eg kunne komme på), det er ein heil evigheit sidan, men i Heimskringla verker det som same tidlengd har gått så fort. Dei som levde på Snorres tid hadde kanskje eit nokså fjernt forhold til folk som Harald Hårfagre og sønenene hans, eller var dette historiar og folk alle kjente til? Sånn litt i alle fall?
Ved slutten av Heimskringla har det gått omkring 150 år sidan Olav den Heilages død, som er det same som år 1871 for oss (Ibsens tid!) - det er jo ikkje så altfor lenge egentleg.

Det er vel anbefalt å ta historiene med ei klype salt, men eg vill heller å tru enn ikkje tru. Og spennande var det! Som sagt var alle replikkar og samtalar det beste av alt. 👄👌🏾

Til biblioteket Opp Ynglingesoga Halvdan Svarte Harald Hårfagre Håkon den Gode Eirikssønnene Håkon Jarl Olav Trygvason Olav den Heilage Magnus den Gode Harald Hardråde Olav Kyrre Magnus Berrføtt Magnussønnene Magnus Blinde og Harald Gille Haraldssønnene Håkon Herdebrei Magnus Erlingsson