I den svale skyggen (Skugga och svalka) đŸ—“ïž

Forfattar: Quynh Tran

Omsettar: Gunstein Bakke

Land og sprÄk: Finland og svensk

År: 2021

Dette var ei bok ulik frĂ„ dei eg vanlegvis les! Handlinga er som scener frĂ„ ein draum. Eit lite innblikk i ein liten hending som kan verke nesten heilt ubetydeleg: MĂĄ og Hieu som snakkar om noko - det er alltid ettelleranna dei ikkje seier men som me likevel anar og ... bessede er alt over. Som ein draum altsĂ„. Det er nesten skummelt Ă„ lese ei slik bok der ingenting blir sagt klart og tydeleg. Visstnok er dette ei austleg greie? To omtalar av boka eg las pĂ„ nett nemner Junichiro Tanizaki sitt essay ‘Hyllest til halvmĂžrket’ og ein fyr i boka hyller denne skuggen som er sĂ„ populĂŠr i austleg kultur (visstnok (men eg har hjerta det essayet i biblioteksappen sĂ„ eg les sikkert den heller fĂžr enn seinare(...43 dagar etterpĂ„...))). NĂ„r folk og handling er satt sĂ„pass i mĂžrket som her sĂ„ mĂ„ eg som lesar berre stole pĂ„ meg sjĂžlv at eg forstĂ„r kva som skjer og kva som blir sagt. Som i det verkelege liv – iiik og hjelp 💀! Det er ein annleis mĂ„te Ă„ lese ei historie pĂ„ og eg klarer ikkje heilt bestemme meg om eg liker det eller ikkje. PĂ„ ei side synst eg det er vanskeleg Ă„ skjĂžnne om folk er oppriktige eller spydige og om alt berre skjuler ein annan sanning – er alt berre skodespel? Heilt i starten blir eg-et fortalt av mor si at han heller skal opptre ynkeleg enn Ă„ vere seg sjĂžlv, og sidan dĂ„ er det som om boka held noko skjult for meg – eg klarer liksom ikkje heilt Ă„ stole pĂ„ ho. Det her var definitivt ein oppleving og eg hĂ„per forfattaren skriv meir bĂžker!

PS. Eg veit ikkje kvifor eg aldri har tenkt pÄ dette fÞr sjÞlv men i boka sÄ blir alltid ungane servert sÞt te nÄr dei vaksne fÄr kaffi. Dette synst eg var ein strÄlande idé! SÄ greit! Eg har sidan prÞvd det ut med 50% suksessrate.

Til biblioteket

Insektenes planet đŸ—“ïž

Forfattar: Anne Sverdrup-Thygeson

Land og sprÄk: Norge og bokmÄl

År: 2018

Denne boka var mykje meir funfactete enn eg forventa, men ikkje at eg veit korleis ein kan skrive om all verdas insekt utan Ä komme med all slags rare og interessante greier dei ulike artane gjer, altsÄ utan Ä gjere boka funfactete. Det er sÄ forferdeleg mange av dei og dei er temmeleg ulike og spesielle. Men eg trur at for meg sÄ blei denne boka litt for brei til at noko ordentleg festa seg.

Konklusjonen til slutt er at det me, mennesker, gjer ikkje er til stor skade for insekt generelt (kva trussel trur me at me er liksom mot insekt som har eksistert i absurd lang tid) men at insekt med spesielle behov og vanar, sĂŠringane, ikkje har noko framtid ilag med oss (svĂŠrt dessverre for mangfald er jo det beste i sikkert alle samanhengar).

Boka var svĂŠrt lettlest og uformelt skriven – eg burde kanskje likt det sidan det er jo slik eg skriv sjĂžlv men det gjorde eg ikkje, eg synst eigentleg at det var litt distraherande, men kanskje er eg meir van til skulebĂžker (og glad i). Eg fekk i alle fall inspirasjon til Ă„ lese ei tjukkare bok om insekt, ikkje at eg har ei slik bok men. OgsĂ„ mĂ„ eg innrĂžmme at eg blei litt fornĂŠrma dĂ„ forfattaren kjente behov for Ă„ gi oss ein forklarande setning pĂ„ kven keisar Augustus var (‘han med manntalet i juleevangeliet’ elns), og det var vel sĂŠrleg dĂ„ det gjekk opp for meg at boka er skriven lik sĂ„ godt for ungar som vaksne. SkjĂžnt det kunne vel ĂČg fort vore ein oppklaring som det kunne falt meg inn Ă„ skrive. Alt eg ikkje liker med boka er greier eg kjenner igjen i meg sjĂžlv! Typisk!

Til biblioteket

Forfedrenes farkoster - norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider đŸ—“ïž

Forfattar: Arne Emil Christensen

Land og sprÄk: Norge og bokmÄl

År: 2022

Eg hadde ikkje heilt forventa at ei bok om bĂ„tar skulle vere sĂ„ spennande! Kanskje det var kjekt fordi temaet var relativt snevert og spesifikt: det var ikkje om bĂ„tar generelt i verda, det var berre bĂ„tar i Norge(Norden) og det handla for det meste om dei gamle bĂ„tane fram til mellomalderen (etter det sĂ„ var det enten for lite kjelder(frĂ„ mellomalderen til 1800-talet) eller for mykje kjelder(frĂ„ 1800-talet til i dag) verka det som). Historia om bĂ„tane blei altsĂ„ svĂŠrt straumlinja sida det ikkje er meir enn ein bĂ„t (rester av ein bĂ„t eller helleristningar) her og der med fort fleire hundreĂ„r imellom – ingen utstikkarar om hist og pist lokalbĂ„ttradisjon. Ikkje at alle bĂ„tane som er funne kan representere alle bĂ„tane som har eksistert, dei fleste har forsvunne for oss og med dei er all bĂ„tmangfoldet ĂČg borte og uvisst. Dei bĂ„tane som me har er for det meste frĂ„ offer i myr og vatn og frĂ„ graver. Og det som er igjen av desse som me altsĂ„ har, er jo ikkje heile eingong(ein god del bĂ„tar er det berre ein planke igjen av nĂŠrmast), sĂ„ eg antar det var ein del meir forskjellige bĂ„ttypar dĂ„ enn det det kan sjĂ„ ut som nĂ„. Og forfattaren seier ĂČg at dei ulike bĂ„tane, dei av eldre og nyare type, har sikkert eksistert og blitt bygga samstundes lenge.

Det var ein del bĂ„tord eg aldri har vore borte i fĂžr men sidan bĂ„tbyggjekunsten blir utvikla steg for steg, bĂ„t for bĂ„t, fĂ„r me det forklart pĂ„ same vis – og det gjekk eigentleg rett inn! Eg mĂ„ innrĂžmme eg har saumfare google for all slags bilde for Ă„ hjelpe meg Ă„ visualisere alt mogleg – og det hjelpte ĂČg. Men det var ein god del bilde i boka ĂČg, og dei var ikkje ille i det heile tatt (det var eitt oversiktsbilde av dei ulike delane som stod heilt sist i kapittelet og det synst eg var litt rart seint). Det eg framleis lurar mest pĂ„ er korleis dei fĂ„r opp og ned masta? Kjem ho ikkje dundrande ned i ein fart? (⚠OBS⚠ Eg ser nĂ„, ein mĂ„nad seinare, at i Yngligatal kvad?vers? 23 sĂ„ stĂ„r det at "Øystein slĂ„tt av bommen fĂłr til Hel", bommen som i seilbommen. Bommen er ikkje det samme som masta, men nĂ„r bommen kan drepe folk mĂ„ vel masta vĂŠre vel sĂ„ farleg nĂ„r dei tar ho ned og opp heile tida?). Men ja, orda og meininga lĂŠrte eg overraskande fort sĂ„ det var ikkje sĂŠrleg vanskeleg Ă„ henge med i det heile tatt. Eg visste ikkje at bĂ„tane, trebĂ„tane, blei sydd, syddsydd altsĂ„, og knyta saman – spesielt det med at dei knyta bĂ„ten til banda synst eg var morosamt. Eg har liksom aldri tenkt at ein trebĂ„t kan vere sĂ„ lite sofistikert (sjarmerande lite sofistikert). OgsĂ„ ja, det einaste eg forstod ingenting av var det om utskjeringar og utskjeringsprofilar? Hus forbi for min del.

Til biblioteket

Hyllest til halvmĂžrket (é™°çżłç€Œèźƒ) đŸ—“ïž

Forfattar: Jun'ichirƍ Tanizaki

Omsettar: Ika Kaminka

Land og sprÄk: Japan og japansk

År: 1933

Det er sĂ„ eg blir inspirert til Ă„ slĂ„ av lyset og sitte i halvmĂžrket. Men min favorittunderhaldning pĂ„ kvelden er datamaskinen, og det gjer vondt i auga om all belysninga kjem frĂ„ den skjermen đŸ€“. Men altsĂ„, det blir skrive fantastisk vakkert og lokkande om skuggar og skjĂžnnheita i frĂ„vĂŠret av lys, at eg blir heilt overbevist. Nesten overbevist for eg veit ĂŠrleg talt ikkje kva eg skulle tatt meg til om eg levde slik – blir det ikkje for mĂžrkt til Ă„ gjere noko som helst? Eller er det slik at andre kanskje legger seg litt tidlegare enn meg? Men eit mĂ„ltid i eit litt dunklare rom kan eg forstĂ„ er stemningsfullt, og desse skodespela som han snakkar om – eg sĂžkte pĂ„ bilde pĂ„ google for Ă„ hjelpe meg Ă„ sjĂ„ det for meg men alle bilda der er definitivt opplyst med elektrisk lys sĂ„ det hjelpte heller lite. Men eg kan jo ane at det er heilt magisk! Skuggar som fristar fantasien til Ă„ springa vilt. Og alt i alt fekk eg lyst til Ă„ ha heilt mĂžrke rom – mĂžrkt tak synst eg er sĂŠrleg fint, og at mĂžrke vinduskarmar rammar utsikta inn aller best er eit ubstridelig faktum! Og mĂžrke vegger er eg omringa av allereie. Men golvet liker eg helst lyst og sĂ„nn er det.

Alle desse skildringane om lys og mĂžrke minner meg nĂ„r eg tar av meg brillene og alle liner viskast ut og alt blandar seg og forandrast. PĂ„ eit blunk har alt fĂ„tt eit anna liv og utsjĂ„nad, sjĂžlv om det er utydeleg sĂ„ er det vakkert – sĂŠrleg lyskjelder blir vakre. Men tilbake til det forfattaren snakkar om sĂ„ er eg heilt einig i kor irriterande overflĂždig lysbruk er og kor mykje det har Ă„ sei korleis lyset er. Naboen har eit heilt forferdeleg irriterande og intenst utelys đŸ€ź. Og alle butikkar og slikt som har lyset pĂ„ heile tida! Ikkje berre ute men inne! Det er jo forstyrrande for fauna (er det forstyrrande for flora?) og det er ikkje fint Ă„ sjĂ„ pĂ„ og det kitlar i ‘skru-av-lyset’-muskelen min. Samtidig sĂ„ er det fint med farga lys, og nattesbilder frĂ„ japanske gater opplyst av neonfargar er svĂŠrt stemningsfulle, ironisk nok.

Boka er svÊrt fint skriven, den er sÄ poetisk og kapitla flyter sÄ fint inn i kvarandre. NÄr eg les fÄr eg ein lengsel etter tider eg ikkje har fÄtt opplevd, desse tidene som visstnok var utan elektrisk lys: forfattaren seier at dagens menneske er sÄ tilvent det moderne lyset at me har glÞymt at mÞrket finst og eg trur ikkje det er ein gal tanke i det heile tatt!

Til biblioteket

Hulda Garborg - nasjonal stateg đŸ—“ïž

Forfattar: Arnhild Skre

Land og sprÄk: Norge og nynorsk

År: 2011

Det blei nesten litt i overkant mykje Hulda Garborg for meg i jula. Ho var ei dame eg sĂ„ vidt hadde hĂžyrt om og er nĂ„ ei av dei eg veit mest om! Hulda var verkeleg ein imponerande dame, var det «driftig» forfattaren kalla ho? Ho verker sĂ„ full av flammer og vilje, og ho fĂ„r utretta alt det ho vil. Men mitt syn pĂ„ Hulda blir jo naturlegvis farga av forfattaren, og ho seier rett fram at Hulda har ein elitistisk haldning mot bĂžndene. Hulda kjempar for norsk kunst og kultur som berre finst att hjĂ„ bĂžndene fordi resten av samfunnet er pĂ„verka av Danmark og Europa – men Hulda er absolutt ingen bondekjerring sjĂžlv altsĂ„, ho vil vere og er ei fin bydame. Barndommen hennar er ganske dramatisk: ho er fĂždd til velstand men sĂ„ blir foreldra skilt og ho og mora flytter inn i ein liten hybel aleine. Men i fĂžlgje forfattaren sĂ„ ser Hulda heile tida pĂ„ seg sjĂžlv som den storgardsdottera ho blei fĂždt som heller enn som skilsmisseungen ho vaks opp som. Men det er meir: for sjĂžlv om ho stĂ„r pĂ„ bĂžnders og mĂ„lmenns side sĂ„ stĂ„r ikkje dei nĂždvendigvis pĂ„ hennar side. MĂ„lfolk ser ned pĂ„ ho fordi ho ikkje snakkar med «norsk» nok dialekt, og sjĂžlv om ho stĂžtt og stadig skriv pĂ„ landsmĂ„l sĂ„ blir det aldri godt nok for mĂ„lfolka.

Eg har heller aldri tenkt over konfliktar mellom feministar pĂ„ 18/1900-talet i Norge fĂžr nĂ„ fordi Hulda var nemlig mislikt av dei norske feministane. Hulda flytta i tjuealderen til Tyskland saman med Arne Garborg og fekk mange utenlandske vener som var mykje meir frilyndte enn dei norske oppknappa damene. Om eg hugsar og forstĂ„r det riktig sĂ„ meinte Hulda (eller i alle fall Arne) at sex fĂžr ekteskapet burde vere heilt greitt for bĂ„de damer og menn (mens norske feministar meinte at korkje damer eller menn burde ha noko sex fĂžr noko ekteskap). Og Hulda meinte at kvinner ikkje burde streve etter Ă„ bli sĂ„ like menn som mogleg, men bli like verdsett som menn samstundes som ein forstĂ„r at menn og kvinner er fundamentalt ulike. Ho er glad i Rousseau, og eg blir inspirert til Ă„ lese hans tankar eg ĂČg. OgsĂ„ skulle eg ynskje eg visste meir om kva kvinner og menn har tenkt om feminisme og kjĂžnn fĂžr i tida. Eg burde vel ikkje bli overraska om alt som blir tenkt i dag ĂČg har blitt tenkt fĂžr. Men altsĂ„, ingen av Garborgane var sĂŠrleg godt likt i Norge sĂ„nn generelt (det var ikkje krisekrise – dei hadde vener!) og begge var freidige og villige til Ă„ snakke hĂžgt om sine meiningar: eg veit ikkje kor fint dette paret hadde oppfĂžrt pĂ„ vĂ„r tids sosiale media! For i deira sosiale media, avisene, gjekk det hett fĂžre seg!

Til biblioteket

Elvekonger (River kings) đŸ—“ïž

Forfattar: Cat Jarman

Omsettar: Christian Rugstad

Land og sprÄk: Forfattaren er norsk, men boka er skriven pÄ engelsk og utgitt i Storbritannia

År: 2021

Eg likte bade alt om strontiumanalyser og C14-datering som har blitt forskjĂžva pĂ„ grunn av kosthald, og.. nĂŠrmast alt i dei siste kapitla som handlar om vikingar eller rus i aust. Rus i aust hadde eg hĂžyrt om fĂžr men eg kunne ingenting, sĂ„ alt dette blei litt nytt for meg. Men det er jo langs dei same elvene som i Ild og Sverd, og det var jo litt morosamt, Ă„ vere tilbake der mange hundreĂ„r fĂžr med eit anna folk. Om strontium lĂŠrte eg at det er noko ein finn i emaljen pĂ„ tenna đŸŠ· (kanskje det finnes andre steder ogsĂ„?) og strontium kjem i fire isotopar og eg antar det finst i jorda eller noko liknande – for! Her er det viktige: Forskjellige stadar har strontium med ulik isotopblanding. Slik at analysere strontiumet i eitt skjelett kan ein sjĂ„ kor dette mennesket kom i frĂ„, eller vaks opp – altsĂ„ kor han eller ho fekk vaksentennene sine (fordi emaljen blir til ein gong og me fĂ„r aldri ny). Men det er visst ein del overlapping av strontiumblandingar sĂ„ heilt knirkefritt er det ikkje. Neste greie er desse C14-analysane. Karbonet dei brukar for Ă„ datere alder i gamle kroppar har folk fĂ„tt i seg frĂ„ maten dei har ete. Karbon pĂ„ land, i graset, er heilt fersk, men karbon i havet har vore der lenge og nĂ„r folk dĂ„ et fisk et dei ĂČg kanskje 400-Ă„r gammal karbon. SĂ„ eit menneske som et mykje fisk kan virke eldre enn han eller ho er om ein ser pĂ„ karbonet.

Det var spennande nok Ă„ hĂžyre om vikingane i England, men det var sĂŠrleg i aust som var kjekt. Og dette skipet som blei funnet pĂ„ Saaremaa, blei det nemnd i bĂ„tboka? Det kan eg ikkje hugse, men Ă„ fĂ„ hĂžyre om det i denne boka gjorde i alle fall inntrykk. OgsĂ„ blei eg overraska av at det var kjelder som fortalde om dĂ„ rus-folket angrep ein by! Det var nesten meir kjelder og funn enn eg forventa, men eg lurer jo framleis pĂ„ kva som eigentleg hende der nedover og oppover elvene. Om det var fleire smĂ„kongar eller ikkje, om dei slost lik sĂ„ godt med kvarandre enn med andre. Det var ei bok som gjorde meg lysten pĂ„ Ă„ lese meir! Og, det glĂžymte eg: boka er omsett frĂ„ engelsk, men forfattaren er norsk! Eg blei meir enn forundra dĂ„ eg hĂžyrte pĂ„ lydboka og den norske forteljaren sa at HO var Cat Jarman đŸ€Ż.

Til biblioteket

Den tause vĂ„ren (Silent spring) đŸ—“ïž

Forfattar: Rachel Carson

Omsettar: Torolf Elster

Land og sprÄk: USA og engelsk

År: 1962

Disse insektene, som er sÄ viktige for jordbruket og for det landskapet vi er vant til, fortjener en bedre takk enn denne tankelÞse Þdeleggelse av deres tilholdssteder

Ein del av det vitskapelege er kanskje litt gÄtt ut pÄ dato eller berre spekulasjonar, boka er tross alt skriven for 61 Är sidan! Men moralen og entusiasmen er like aktuell. Det er nesten som eg kan kjenne den brennande iveren for Ä ta vare pÄ jorda og den djupe skuffelsen over folk som ikkje kan tenkje lenger enn sin eigen nasetipp. For Ä gjere kvardagen i dag litt meir komfortabel er folk villige til Ä ofre barnas arv, jorda vÄr.

Kommende generasjoner vil neppe tilgi oss vÄr mangel pÄ aktsomhet for den sammenheng i naturen som er forutsetningen for alt liv

Det er sĂŠrleg insektmiddelet DDT som blir snakka om (men ikkje berre), og ifĂžlge SNL.no sĂ„ blei DDT forbode og underlagt restriksjonar i mange land pĂ„ 1970-talet, men likevel er det stader stoffet blir brukt endĂ„. Men DDT er jo ikkje det einaste farlege insektmiddelet, og det er kanskje litt av poenget: det blir stadig utvikla sterke giftar som blir brukt utan Ă„ tenkje over konsekvensane. Ikkje berre enkle giftar sin effekt pĂ„ all slags flora og fauna (og oss), men ĂČg alle desse giftene i kombinasjon med kvarandre.

Framtidens historikere vil kanskje ha vanskelig for Ä forstÄ vÄr forvridde sans for proporsjoner. Hvordan kunne intelligente vesener falle pÄ den tanke Ä ville bringe noen fÄ uÞnskede arter under kontroll ved Ä forgifte alle sine omgivelser og henge faren for sykdom og dÞd ogsÄ over sin egen art?

Etter Ä ha lest boka blei eg jo automatisk svÊrt skeptisk til alt som heiter insektmiddel: er det seriÞst verdt det?! Men i Noreg i alle fall sÄ veit eg ikkje nok om landbruksproduksjon til Ä ha ein ordentleg meining. Landet er jo ikkje heilt ideelt laga for Ä produsere land til oss alle saman og kanskje me treng litt ekstra hjelp? Eg er jo i utgangspunktet imot import av mat ein kan produsere sjÞlv. Men eg veit ikkje heilt kor den grensa gÄr «kan produsere sjÞlv». Og ja, ein ting til: forfattaren er sjukt gira pÄ Ä kverke farlege fremmedartar ved Ä introdusere fleire fremmedartar! (altsÄ dei som hell dei i sjakk i heim-Þkosystemet. HÞyrest litt risikabelt ut for meg?)

PS. Den norske boka er litt kortare enn dei engelske eg har sett, men den norske er utan kjelder og index. Men eg veit ikkje om noko har blitt kutta ut eller ikkje, det stÄr ingenting om det.

Til biblioteket

Rosens navn (Il nome della rosa) đŸ—“ïž

Forfattar: Umberto Eco

Omsettar: Carsten Middelthon

Land og sprÄk: Italia og pÄ italiensk

År: 1980

Fleire sitat finst her

đŸ”„OBS! Eg nemner slutten!đŸ”„

Boka kjennes som vaksenversjonen av Sofies verden. Etter Ä ha lest Et fjernt speil var ikkje denne verda heilt framand for meg. Likevel kunne eg ikkje ha tilfÞrt mykje til alle diskusjonane, men det var kjempekjekt Ä hÞyre pÄ! Mordmysterium er vanlegvis ikkje mi greie og akkurat som i DÞde knokler-boka sÄ er alt utenom sjÞlve morda det som interesserer meg mest, men mot slutten mÄtte eg fortsette Ä lese eit par sider dÄ kapittelet slutta med ein cliffhanger!

Eit stort tema i boka er latter, med mykje diskusjon om Jesus lo eller ikkje. Aldri tenkt pÄ at det kunne bli nokon diskusjon om eit slikt tema! Det gir jo meining mot slutten at for enkelte er latter og komedie et Þmt tema og grunn til bekymring: Jorge er redd det kan fÞre til tvil og slutten pÄ all frykt for djevelen, slikt som er veldig viktig i Jorge sitt syn pÄ livet og kristendommen. I motsetning er William ganske morosam i blant og kjem med litt spydige og ironiske kommentarar.

“Og De da,” fortsatte jeg, med barnslig impertinens, “tar De aldri feil?”
”Ofte,” svarte han. “Men istedenfor Ă„ lage meg en eneste feiltolkning og holde meg til den, sĂ„ har jeg en mengde, og blir ikke slave av noen av dem.”
Jeg fikk inntrykk av at William overhodet ikke var interessert i sannheten som annet enn en tilpasning mellom sak og intellekt. William moret seg tvert imot med Ä tenke seg ut sÄ mange muligheter som mulig.

Eg trur eg har gitt boka plass her berre for Ă„ kunne linke til nokre sitat eg likte...

Til biblioteket