Aiskhylos

Land og språk: Hellas og gammelgresk

Persarane (Πέρσαι) 🗓️

År: 472 fvt.
Omsettar: Eirik Vandvik


Året er 480 før vår tidsrekning og Persias konge er Xerxes. Han har nettopp dratt med seg alle Persias menn på Hellas-tokt (hemn for at Hellas forsvarte seg sjølv altfor godt ti år tidlegare ved Maraton, og denne gong stod slaget ved Salamis). Dessverre er det gått dårleg nok ein gong:

«Ved Salamis alle som ein
no støyter skallen mot stein».

Heime i Persias hovudstad Susa får dronningmora og ein gjeng eldre menn vite siste nytt.

«Det eine slaget knuste lykka vår,
og borte er vår manndoms blome no.
[…]
Å, persar! Vår hær er øydd og snøydd».

Dei skyldar med ein gong på kongen, Xerxes. Som seg sikkert hør og bør.

«Xerxes førte dei ut i slag.
Xerxes rudde dei ut - å, å!
Xerxes lagde vår von i grav
med vitlaus ferd over hav.»

Men eg får littegranne vondt av han Xerxes i dette skodespelet, han er så ynkeleg. Han dukkar opp i eigen person i slutten og han er ganske deppa og lei seg.

«Mitt hjarte skrik,
skrik høgt i min barm når du talar slik»

Men uansett, då dronningmora og dei eldre mennene får vite at det har blitt «knust og knasa» så reagerer dei med å gå direkte til gamlekongen Dareios si grav for å vekkje han opp frå sin nye heim i dødsriket. Omsettaren bruker nokre ord eg ikkje forbinder med Hellas i det heile tatt, som Helheim. Det kan verke litt rart (alle gudane får ha sine greske namn i fred) men eg har lite imot det sjølv - eg liker slik miksing av kulturar og språk. (Eg har forresten alltid lurt på om det finnest fjøsnissar i andre land, men at folk berre ikkje vett om det eller har andre namn på dei. Det er jo litt rart om nissane berre bor innafor visse landegrenser. Eg trur dei finst i alle land med fjøs og låve. Det må jo vere det same med troll. Det kan jo, som sagt, vere at andre kulturar brukar andre namn på desse vesena - men er dei ikkje dei same for det, kjære barn har jo mange namn.)

Altså, den døde kong Dareios får nådig lov av dei som herskar der nede til å komme på visitt her oppe. Han gir sterkt inntrykk av at dette er spesialbehandling de luxe og synst at folk kan kjappe seg litt med å sei kva han har kome for. Tenarane har framleis, seks år etter hans død, altfor stor age for gamlekongen, slik at dei vegrar seg for å fortelje dei dårlege nyheitene om Persias status og seier berre: «…Det er gildast for vener å teia». Det er eigentleg ganske sjarmerande synst eg. Dareios må ty til kona si som seier det slik det er: «Øydt og snøytt er persar-veldet. No er heile soga sagd». Denne gamle dronninga heiter Atossa forresten, det er kanskje høflegast å tiltale alle med namn om ein kan det, så unnskyld for det Atossa. Frå nå av heiter dronningmora Atossa (skjønt eg trur ikkje det er stor meir interessant om ho).

Dareios veit kva som er gått gale. Hybris! Dette er eit nytt ord eg har lært meg. Det handlar om hovmod og at eit dødeleg menneskje ikkje skal tru at han er nokon gud. At han er klokare enn en gud… betre enn en gud… at han kan lære gudane noko….Xerxes har vist overmot, den største synd av dei alle, og naturlegvis kan ikkje gudane tolerere noko slikt. Det gjekk altså som det måtte gå 🤷.

Her er kva kongen har gjort: då Xerxes drog på sitt tokt til Hellas gjekk han landvegen og måtte då krysse Hellesponten og laga ei bru over der. Dette har Dareios sterke meiningar om: «Han som vona visst å halda Hellespontos som ein træl» og

«Han, ein livsryr mann den dåren! – dugde etter eige vit
meir enn gudar, enn Poseidon!»

(ryr betyr «noko som ikkje varer så lenge». Eg antar då kanskje at ein livsryr mann er ein dødeleg mann, ein som har eit liv med sluttdato, og ikkje ein gud). Dareios seier altså at sonen Xerxes hadde litt for mykje hybris og hybris står visst for fall det som andre ting. Gamlekong Dareios åtvarar dei neste generasjonar mot å gjere det same som Xerxes, han som hadde litt for heftige tankar om seg sjølv:

«Haugar med lik skal gje ei seinfødd ætt
eit ordlaust vitnemål, for augo synt,
at ingen livsryr mann bør trå for høgt»

I slutten på skodespelet er sorga til å ta og føle på. Dette stykket synst eg er svært vakkert skriven (eller i alle fall oversatt, men man haustar det man sår - kan det være eit brukande ordtak i litt overført betydning?), det er tider der eg må stoppe opp og tenkje litt: kva betyr denne setningen, men etter å ha tenkt etter og forstått er det som om eg ikkje kan ane ein finare måte å uttrykke seg på. Att det er haugevis med rim er om ikkje anna eit val.
Sorga fortsetter og koret, dei gamle mennene, klagar og skrik:

«No græt vår jord for sitt unge blod
som Xerxes drap. Over Nåheims mo
har han spreitt sitt folk. For på helveg fór
så mange menn, vårt beste al,
den hærmannsblomen or vår jord»

Og Xerxes, som har kome heim aleine i berre fillene fordi han sleit i stykke kleda sine i frustrasjon og sorg i Hellas, klagar og skrik tilbake:

«Du vekkjer saknad sår
og minner om venene mine,
minner om nauda vår,
om ei dryg, ugløymande pine»

Det er ganske passande tragisk.

«Så tungt å trø vår heimlands jord i dag.»



Til biblioteket
Til toppen



The seven against Thebes (Ἑπτὰ ἐπὶ Θήβας) 🗓️

Lydbok: LibriVox (dei finst òg på youtube)
År: 467 fvt.
Omsettar: E. D. A. Morshead

Fyrst: eg fann ingen norsk versjon, så det blei på engelsk (det var litt vanskeleg, så dette må eg visst øve meg på). Eg bruker den norske tittelen min i teksten under sjølv om eg altså IKKJE har lest stykket på norsk.


Sju mot Theben er stykke nummer tre i ein trilogi. Ttragediane var trilogiar, dei er berre ikkje bevarte i sin heilheit dessverre. Å forstå handlinga når ein sleppes rett uti stykke tre kan jo være ein utfordring når ein ikkje kjenner til historia frå før. Så eg leste berre alt fyrst eg på wikipedia. Det er eit lite samandrag på norsk her (for eit anna stykke, men same historie).

THEBEN-KRETSEN

Eg kan forklare det kort slik eg hugsar det så har eg det: Dette er historia om Oidipus, hans far og hans barn. Oidipus’ far, kongen i byen Theben, blei advart mot å få barn, men så fekk han barn likevel. Oidipus. Oidipus drep sin far og gifter seg med si mor og får fire barn med ho, to jenter og to gutar. Kong Oidipus forbanner sine søner (som man gjer). Desse sønene (Eteokles og Polyneikes) kranglar om byen Theben og tar livet av kvarandre. FIN. Meir eller mindre: dei seinare tragediane skal visst handle om søstrene òg (Antigone og Ismene). Men FIN for nå. Alt dette her kallast Theben-kretsen og er altså eit populært tema for fleire skodespel.

Akkurat for dette skodespelet Sju mot Theben er den delen der brørne drep kvarandre mest relevant. Me startar med at Eteokles er i byen og gjer seg klar til slåssing der inne og Polyneikes(som har vore utanbys) har fått med seg seks sterke menn (sju med seg sjølv) og kjem for å slåst ved muren. Dei slåst, og forsvararane av Theben vinner, men begge prinsane våre døyr:

Slik blir byen spart; jorda har drukke blod frå tvillingprinsar, av kvarandre drepne.

Folka i handlinga reknast som ‘generasjonen før Trojakrigen’ og faren til ein av dei som verkeleg skilte seg ut i Iliaden for meg, Diomedes, er med her i dette stykket (han er nemnd). Diomedes far heiter Tydevs, og i Iliaden song 4, vers ca. 366 (side 65), fortel Agamemnon historia til Diomedes som motivasjon.

Og ja forresten, dette er Theben i Hellas så klart (kart). Eg lærte fyrst då eg leste Herodots historie at det finst eit Theben i Hellas, for eg er meir kjent med Theben frå Egypt (I Civilization-spela er Theben hovudstanden i Egypt). Men Oidipus og dei er grekarar og alt skjer i Hellas.

FAKTISKE MEININGAR

Når eg så har komme så langt må eg vel berre innrømme at eg ikkje synst dette var særleg interessant. Det er eit skodespel mest fokusert på kven av Eteokles’ menn skal slåst med kven av Polyneikes’ menn, og rundt står ein gjeng hysteriske damer. Det høyrtest litt negativt ut, men så ille er det ikkje. Folks angst og frykt er klar og tydeleg: damene er livredde og skriker og bærer seg, og Etekoles glefsar til dei – han ber dei ta seg saman og halde kjeft:

Kor: Å, men eg høyrar snortande hestar!
Eteokles: Kan du ikkje heller høyre dei litt mindre!

Kor: Vår bys gudar, før meg ikkje inn i trældom!
Eteokles: Meg og oss alle fører denne skrikinga inn i trældom!

Ein kan ikkje vere altfor irritert på damene, dei veit vel kva dei har i vente om byen blir tatt, og det er vanskeleg å berre sitte og vente på undergangen. Det er vel skummelt og slåst òg slik som mennene gjer (og Eteokles verker passe stressa), men slåssing er om ikkje anna eit utløp for alle desse kjenslene. Å vente utan å kunne gjere noko er sikkert vanskeleg. Eg føler for desse hysteriske damene eg.
Berettiget hysteri.😱😱😱



Til biblioteket
Til toppen



The suppliant maidens (Ἱκέτιδες) 🗓️

Norsk tittel er Dei bønnfallande eller De bønnfallende
År: ein stad mellom 467 og 458 fvt.
Omsettar: E. D. A. Morshead

Kopi frå boksen over: eg fann ingen norsk versjon, så det blei på engelsk (det var litt vanskeleg, så dette må eg visst øve meg på). Eg bruker den norske tittelen min i teksten under sjølv om eg altså IKKJE har lest stykket på norsk.


Å Jord, Å min mor! Å Zeus, konge over jorda, og hennar barn!

Det er irriterande når ein berre får høyre starten på historia og ein veit at det er meir – det skjer meir! Meir drama! Meir intriger! Men det er tapt for alltid, og ein må ta til takke med sin eigen fantasi. Dette er standard prosedyre på dei fleste Netflix-seriane er har likt (hulk 😥) og desse gamle greske tragediane. Dramaet om Dei bønnfallande handlar om ein egyptisk systerflokk på tolv som flyktar frå alle sine tolv søskenbarn(fettere) fordi dei insiterer på å gifte seg med dei.

Me sleit oss laus frå ekle band,
frå ekteskap ikkje av hjarte men av tvang,
eg nektar å kalle ein frende min make!

Dei kjem bønnfallande til Argos i Hellas, der dei har aner frå, og spør om å få vern der. Det er på mange måtar ein ganske hjarteskjerande historie. Kvinner på flykt frå tvangsekteskap og ber om hjelp i eit framand land, og det framande landet er svært skeptisk til desse utlendingane. Eg veit ikkje korleis Aiskhylos meinte å framstille desse damene. Eg veit ikkje kva meiningar folk i Athen om lag 450år før kristus hadde om slike ting. På den engelske wikipedia-sida for stykket står det at folk har funnet ut at systrene sin far blir seinare konge over Argos og etter han blir ein av systrene dronning. Det slår meg ikkje som heilt flyktning-positivt om dei bønnfallande plutseleg i skodespel 2 blir konge og dronning over heile landet. Men nok om det. Dette stykket for seg sjølv er hjarteskjerande.

Systrene er heilt fullstendig ute av seg der dei står utanfor byen og ber og ber og ber om beskyttelse. Og det er ikkje berre snakk heller: egyptarane kjem! Dei kjem på ordentleg! Det blir faktisk ordentleg dramatisk. Systrene truer fleire gonger me at dei heller drep seg sjølve enn å dra tilbake til Egypt, og ikkje berre drepe seg, men henge seg frå Argos’ alter til gudane. Det gjer nok inntrykk.

Me får forresten svært godt inntrykk av at systrene er annleis grekarane. Dei har ulik hudfarge, ulike klede, ulik språk og ulik kultur. Systrene masar og masar til kongen om at han ikkje kan beskytte dei, og han masar tilbake at han kan ikkje bestemme slikt aleine, han må snakke med folka i byen! Systrene blir forvirra: «Byen er jo deg!». Men i Argos har dei gresk demokrati ikkje sant. Altså, veldig gamle Argos blir skildra som det (mindre gamle) klassiske Athen. Ein anakronisme.

Kongen av Argos er ikkje fornøgd med å få syskenflokken på dørstokken:

Heller at eg aldri visste om denne strid
enn å få visdom frå tålt elende



Til biblioteket
Til toppen



Promethevs i lenker (Προμηθεὺς Δεσμώτης) 🗓️

År: 400-tallet f.vt.
Omsettar: Øivind Andersen


Fleire sitat her

Om stykket er skrevet av Aiskhylos er visst folk ikkje heilt enige om.

Det er rart at eit skodespel der det eigentleg skjer lite kan vere spennande! Det einaste som skjer er vel at vår hovudperson Promethevs står fastlenka til ei klippe og snakkar med forskjellige folk om kor urettferdig det er. …Og det er urettferdig! Handlinga er lagt til starten av Zevs regjeringstid som gudanes konge: han har akkurat tatt makta frå sin far, titanen Kronos, og sitter nå sjølv på trona. Og som Hefaistos seier: «Enhver som nylig har fått makt, er barsk». Promethevs har vært altfor snill med menneska og gitt dei (bl.a.) elden. Det er utilgiveleg for Zevs og det er derfor han nå står fastlenka til ei klippe på ubestemt tid.

«For du, en gud, gav uten frykt for guders vrede menneskene større ære enn hva rett er. Til gjengjeld skal du vokte denne gledesløse klippe, oppreist, søvnløs, uten å få hvile.»

Det er ulike folk som kjem og snakkar med Promethevs der han heng, men den mest interessante er Io. Ikkje minst fordi det ho som var denne stamkua til dei femti(!) bønnfallande systrene frå dramaet rett over her ⬆️ ‘Dei bønnfallande’. Det er SÅ kjekt når ein treff igjen folk ein har høyrt om før… «Næmmen! Deg kjenner eg! Så kjekt og hyggeleg og takk for sist!» akkurat sånn kjennest det.

Io 🐮

Io er òg blitt straffa av Zevs der ho spring forvirra rundt i skikkelse av ei ku. Ho og Promethevs har altså dette til felles og snakkar lenge om dette, skjønt Promethevs ser på sin eigen straff som størst fordi han får jo ikkje lov til å døy eingong. Io verker svært søt og fortapt, ho er blitt stukken av eit lite insekt og ho har allereie sprunge kjempelangt då ho støyter på Promethevs og ho har endå ein lang veg igjen å springe. Og Promethevs fortel Io spennande saker om framtida til hennar slekt: han fortel om desse nemnte systrene og kva som skjedde med dei etter at dei kom til Argos (dramaet over ⬆️ ender jo med at dei får bli) og om slektningane vidare. Ein seinare slektning av desse nemnte systrene igjen er Herakles, og det er han som, ein dag, skal hjelpe Promethevs – så Promethevs må nok pinast ei godt stund til.

Okeanos 🌊

Okeanos er Promethevs’ ven og slektning/sviger-slektning. Okeanos er OVERBEVIST om at han kan få snakka Zevs frå heile dette straff-opplegget. «Jeg er urokkelig sikker på at Zevs vil gi meg denne gaven: å løse deg fra dine lidelser». Promethevs er svært sjarmert! Okeanos verker på meg nærmast litt søt og naiv: forstår du ikkje kor heftig mektig og sur Zevs kan vere?⚡⚡⚡ Men Zevs er jo som sagt ein ny gudekonge så dei har vel ikkje heilt erfart hans vreide endå.

Hefaistos og Makt og Hermes 🛠️💪🛼

Denne gjengen er Zevs’ folk, skjønt å lenke Promethevs fast til klippa gir Hefaistos svært dårleg samvit. Det er desse som startar og avsluttar skodespelet og det er ganske tilfredsstillande og crescendo-aktig. Hefaistos og Makt startar straffa og Hermes (eller Zevs, men han er ikkje med som rolle) gjer straffa ein god del verre på slutten. (Midten kan vere representert av ein god del hytting med neven i Zevs’ retning).

Avslutning

Den norske omsetjaren seier svært klart i sitt forord at hans omsetjing ikkje er ein gjendikting og han har ikkje prøvd å gjere skodespelet særleg poetisk. Derfor er skodespelet ekstremt lettlest! Heftig med fotnotar og eit etterord på om lag 40 sider. I tillegg fann eg ein svært fin Youtubefilm om Promethevs (fyrste forslaget dei gav meg), men filmen følger ikkje skodespelet.



Til biblioteket
Til toppen



Orestien (Ὀρέστεια) 🗓️

År: 458 fvt.
Omsettar: P. Østbye

Her er nokre fleire sitat


Et mangestemmig kor, hvis avgrundsrøsters klang
ei varsler godt, forlater aldrig dette hus,
men slår sig til og svirer vildt i mandeblod,
som øker svermens glupskhet. Ingen magt på jord
kan jage hevngudinders søsterflok på dør.
Ved borgen sitter de på lur og synger kvad
om slegtens første brøde, synger redselskvad
om ham som svek sin bror og favnet frækt hans viv.

AGAMEMNON (Ἀγαμέμνων)

Youtube: Del 1 og Del 2

Kor: Gamle rådsherrer

Det er tidleg morgon og vakta ser ein flammande vete i det fjerne. Troja har falt og Agamemnon er på veg heim! For ein glede! Dronning Klytaimnestra har óg sett det og då ho fortel dei gamle rådsherrene dette og kor overlykkeleg ho er så trur dei ikkje på ho. Altså dei trur ikkje på at kongen er på veg heim for «altfor snart blir kvinders tale trodd og spredt på rygtets vinger». Dei er ein sjarmerande gjeng: «Dog, hvad kvindemund forkynder lever kort. Det glemmes snart.» Greitt. Men dronningen har faktisk snakka sant og kongen kjem.

Men, altså, dette er jo ein tragedie og som sitatet øvst i teksten kan vitne om så er dette ein svært … trøblete familie. Dei har litt beef 🐄 med kvarandre for å sei det mildt! Då kongen sist snakka med kona så var det då han ofra dottera deira, Ifigenia, for litt godt ver. Dette falt i dårleg jord hjå mor Klytaimnestra. Så, mens kong Agamemnon har vore ved Troja i ti år har Klytaimnestra delt seng med kongens søskenbarn/erkefiende Aigisthos. Aigisthos og Agamemnon er erkefiendar fordi Agamemnons far, Atrevs, drap Aigisthos’ to brør og serverte dei til middag til deira (og Aigisthos’) far Thyestevs. Atrevs drap bror Thyestevs’ søner fordi Thyestevs hadde lege med Atrevs kone, Aerope. (I tillegg skal Atrevs og Thyestevs’ far Pelops har svikta og drepe guden Hermes’ son Myrtilos og dette var deira families ursynd). Sånn, kort gjenfortalt.

Dette stykket handlar om at «den onde gjerning må avle flere. Den føder synd og atter synder i eget billed». Det vil liksom ingen ende ta! «Ti ofte bøtet de sene slegter for griske fædre». Sjølv om det er ganske tragisk og dramatisk alt som skjer og skal skje så er det også morosamt! Det er så lett å sjå for seg den spydige Klytaimnestra og dei dumme gamle rådsherrene som ikkje henger med. Eller å sjå for seg Kassandra som fortel om framtida (det er hennar sitat øvst) utan at dei dumme gamle rådsherrene henger med her heller. Dei må ha alt med teskjei! 🥄

I starten av stykket diskuterer dei gamle rådsherrane Troja og alle som har dratt dit, og det er ikkje så mange som kjem ifrå det i live. Og det minna meg på alle desse småbitane av folks liv som me heile tida fekk høyre om i Iliaden. Alle desse mennene som ikkje var hovudpersonar, men som hadde sin heim dei hadde dratt frå og sin familie som dei sakna. Og her fortel dei gamle rådsherrane at familiane her heime sakna dei dei óg.

Ti ingen glemte den helt han sendte.
I heltens sted kommer nu tilbake
hans våbenskrud og en håndfuld støv.

SONOFFERET (Χοηφóρoι)

Sonoffer betyr offer som skal gjenopprette et brutt forhold mellom en guddom og mennesker

Youtube: Video (litt dårleg lyd men det går seg til)

Kor: Fangne trojanske kvinder

«Ak, hvor skal det ende?». I mellomstykket kjem Orestes heim og treffer tilfeldigvis si syster Elektra ved deira far Agamemnon si grav. Det er ganske rørande: Elektra finn ein hårlokk som er så lik sine eigne lokkar og fotspor så like hennar eigne! Kven kan desse tilhøyra mon tro?! Dei gjenforenes og knyter nære syskjenband ved sitt felles hat for mor Klytaimnestra. Orestes informerer òg om at han har blitt bedt av Apollon om å hemne seg på farens vegne, og om han ikkje gjer det så er han sjølv svært ille ute. Alle Apollons truslar blir lista opp, og eg antar Apollon var svært glad i Agamemnon? Eller kanskje er dette berre ein av desse «idéane» til gudane, som mor mi ville kalla det. Uansett trengs eit ... sonoffer.

Men, midtarste stykket i trilogien altså. Eg undrast om det hadde vore like spennande om det fyrste og siste stykket ikkje fanst? Slik som alle dei andre stykka til Aikshylos som ikkje er bevart heile. Kanskje er det møtet mellom bror og syster kjekt nok? Det er jo definitivt slikt eg liker svært godt. Nære som finn tilbake til kvarandre etter mange år og kjærleiken er like stor! Eg er svak for det!

Men eg lurer på om Klytaimnestra verkeleg ikkje liker Orestes og Elektra? Ho får ein del vonde ord slengt etter seg av nærmast alle, men er dei til å stole på? At hennar elskar Aigistos ikkje bryr seg om ungane hennar kan eg forstå, men starta ho ikkje alt dette sviket på grunn av si eiga dotter, Ifigenia? Men, på ei annan side, så blir me fortalt om og om igjen at kvinner er forferdeleg slemme og ikkje til å stole på og kan lett som ein plett drepe barn og mann på grunn av kvinner si «onde elskovsdrift». Eg må innrømme eg ser helst Klytaimnestra som ei slem og egoistisk mor, som set sin elskar høgare enn ungane sine. Ho ter seg godt som som ein stor og tydeleg rolle, sikker og staseleg.

EVMENIDERNE (Εὐμενίδες)

Youtube: Video

Kor: Evmeniderne (hevngudinder)

Erinnyene betyr «dei rasande» og er hemngudinner, men i slutten av dette stykket blir dei omdøypt av Atene til Evmenidene som betyr «dei nådige». Det er i alle fall det det står i den engelske wikipedia-artikkelen om trilogien, men eg ser ikkje heilt kor det skjer i den norske omsetjinga. Uansett har dei ein definitiv haldningsendring eller dei får seg eit nytt verv som dei seier sjølv.

I starten jaktar dei på Orestes som hundar, han er jo ein modermordar (det verste ein kan vere) og erinnyene er hemnarar på dei daudes vegne. I hælane på Orestes er dei svært sure og skumle. Dei er lette å sjå for seg: halvt hekser med slangehår halvt vill storm. Dei syng sitt hemnarkvad:

«Vort dødsdømte offer skal høre et kvæde,
fovrirrende, ængstende, hjertefortærende.
Erinyers strengelekdøvende jagthyl
skal lamme hans sjel og fortørke han marg.»

Men mot slutten blir dei overtalt av Atene å heller slå seg ned i Athen og ta vare på byen og bli heidra av folket der:

«Må disse som i dag
i landet får et hjem, for altid vorde kjendt
som dem der nådig styrer alt til folkets held.»

Biten i mellom her er ein rettssak! Etter to tragediar med vill-vest familiemord får sagaen si ending med ein god gamaldags rettssak. Berre at rettssaka ikkje er det minste gamaldags fordi det er den aller fyrste, i alle fall i Athen.

«Jeg skjænker jer en domstol, ubestikkelig,
ærværdig, hatsk mot uret, landets trygge vern
som tro skal stå på vakt, så I kan sove trygt.»

Det er ein tilfredsstillande slutt! Eg likte spesielt at me gjekk frå dette familiedramaet til diskusjon mellom gudar! Alt blei så storslagent, og sjølv om eg ikkje er heilt einig i argumenta til korkje Apollon eller hemngudinnene så er det kjekt å få vere med og oppleve denne fyrste rettssaka - leia av ingen andre enn Atene sjølv!



Til biblioteket
Til toppen