Tristam og Isond 🗓️

Omsettar: Severin Eskeland

Land og språk: Storbritannia eller Irland, skriven på noko gammalt språk sikkert?...

År: Lenge sidan, men denne omsetjinga kom i 1913

Dette er ei gjenfortelling «etter gamle kjeldur». Kva nå enn disse kjeldurne det er? Kanskje er det (ifølge min wikipeia-forskning) basert på ein islandsk prosatekst som er basert på ein norsk (1200-talet norsk) verse-tekst basert på ein britisk tekst omsett av ein Broder Robert. Eller så er det noko anna. Denne boka er uansett skriven i 1913, og språket er gamaldags slik at det dukkar opp enkelte ting eg stussar på: Isond «tenkte på å slå upp med kong Markis». ‘Slå opp’? Slo ein opp med kongar i gamle dagar? Svært upoetisk.

Fyrst nokre greier eg absolutt ikkje liker (mange røpealarmar her, men det gjeld for så vidt for alle tekstane mine!). Eg liker ikkje korleis dei masar på Bringvet fordi ho berre avvisar Kardin og ikkje vil liggje med han. Kardin klagar til Tristam som klagar til Isond som må kjefte(?!) på Bringvet. Flaks for Kardin lovar Bringvet å «stella seg folkelegare»… Eg liker heller ikkje korleis Fastlands-Isond blei behandla. Ho var så søt og snill og kjempeforståelsesfull, berre for å få null respekt tilbake frå både Tristam og bror Kardin. Fastlands-Isond fortente SÅ mykje meir!

Eg forstår ikkje korleis dei klarte å unngå å få ungar, spesielt etter å levd i naud og svolt i skogen i to år? Men kanskje det er eg som undervurderer dåtidas prevensjonsmiddlar?

Noko eg ikkje liker er kjærleiksdrykken. Ja, me har ein slik involvert ⚗️. Det øydelegg jo litt for idéen om den store fantastiske kjærleiken, men samstundes kan det jo vere ein forklaring på kvifor dei insisterer på å aldri gje kvarandre opp. Eg kan forstå at Isond ikkje synst særleg om sin gubbe-husbond (sjølv om han verkar som ein snill konge), men slik Tristam oppfører seg med Fastlands-Isond er absolutt ikkje greitt. Det var ingen som tvang han til å gifte seg! Det hadde vore betre om han hadde avvist Fastlands-Isond istaden for å narre ho slik! 😡

Men alt er ikkje heilt gale. Eg likte svært godt namna til Tristam sine foreldre: Blankiflor og Rivalin! Så flotte og eventyrlege namn! Eg likte at Tristam til slutt fekk seg ein ven, det kunne han gjerne hatt frå starten av (det var jo han Karneval elns, men han er mest nemnt i forbifarten). Det er òg rørande med ein kjærleikstriangel der alle er glade i kvarandre og aldri blir ordentleg uvener. (sjølv om enkelte tøyer grensene!)

Det finst ein opera av Wagner om Tristan og Isolde, men den slo ikkje heilt ann for meg. Det var liksom litt for mykje opera. Visstnok mange motiv(?) som blei gjentatt heile tida, men eg klarer ikkje å høyre det. Og det var ingen dansemusikk. Og fargepaletten var i overkant grå.

Til biblioteket