Sigrid Undset

Norge, bokmål

Jenny 🗓️

År: 1911

«Det er jo ingen glæde, som er lykke, uten man kan dele den med andre»

Heile oppveksten var Jenny aleine og einsam, men ho visste at ho ville bruke livet til å male. Også arbeida ho kjempehardt og sparte pengar nok til å dra til Roma for å leve kunstnarlivet. Ho fekk fleire vener der nede med dei same interessene, og kvar dag lev ho i vakre Roma med dei fine landskapa og gitarmusikken. Dessverre er ho framleis einsam. Ho lev i sus og dus, men det hjelp så lite. Ho seier at ho «vet nogen mennesker, som jeg er glad i – saan at det vilde gjøre mig vondt, om jeg visste, de var bedrøvet, og glad, naar det gik dem godt. Men jeg kan verken gjøre dem større sorg eller glæde. Det har været saan altid. Og det var det, som hemmelig gjorde mig så ulykkelig og længselsfull før – at her gik jeg, og det var ikke noget menneskes lykke, at jeg var til».
Det er trist og sårt, og lett å kjenne seg igjen i, men som lesar kan ein jo sjå at Jennys eksistens faktisk er til fleire folks lykke.

Jenny har så strenge regler for seg sjølv, kjærleiken er liksom alt eller ingenting, og mest av all skal den vere ærleg. Kanskje det er hennar egen strenge moral for seg sjølv (dei gjeld ikkje venene hennar, dei lev liva sine mykje lausare og ledigare enn ho, men ho verker ikkje til å plagast av det), og moralen er hennar største lyte synst eg. Ho er jo nesten sitt eige fengsel, sjølv i utlandet langt frå all familie og dømmande naboar. «Sig selv hadde hun maattet staa til rekneskap – og hvad var alt andet mot det».

I boka blir me introdusert til Jenny av ein fyr, og boka avsluttast med ein avskjed til Jenny frå ein annan fyr, og midt i mellom er Jenny sin historie. Eg synst det var ein interessant måte å skrive boka på, det likte eg veldig godt. Då eg blei ferdig med boka var Jenny nesten berre som ein draum. Andre deler av boka eg likte veldig var dei to siste kapitla i del to der kjærleik, historie og kunst blir heftig diskutert. Kva kunne vore tittelen på den diskusjonen mon? – Hadde kvinner hatt større behov for å fokusere på ordentleg arbeid og utvikle seg sjølv enn alt husmortull?. Også likte eg kor sinna Gunnar var på norsk kunst og den slags: «Ja netop faen ja. For det kan ikke gaa paa den maaten længer. At vort nasjonale symbol blir et rosemalt grautfat med nogen utskaarne kruseduller – som skal bety en klodset efterligning av den tarveligste av alle europeiske stilarter - rokokoen». Også fniste eg når Cesca begynte å snakke svorsk, og eg lo høgt når Gunnar, i neste setning, kalla det «et gyselig halvsvensk».

Dette er ei bok eg definitivt vil lese igjen. Alle folka er så naturlege: eg kan lett sjå for meg at dei verkeleg eksisterer. Ingen av dei er perfekte, men dei er heller ikkje irriterande og plagsame, berre … vanlege liksom. Også er det knallmasse skildring av landskap, og flaks for meg så lik eg det svært godt - eg har altså praktisk talt vore i Roma eg nå i det siste. Helst skulle eg hatt nokon å diskutere boka med.

Til toppen Til biblioteket

Kristin Lavransdatter

Kransen 🗓️

År: 1920

Meir sitat

Eg hadde aldri tenkt å lese Kristin Lavransdatter. Det stod totri sider om ho i norskboka på ungdomsskolen og eg tenkte då: ‘Dette er ikkje for meg’. Men så las eg ‘Jenny’, og uavhengig av sjølve historia så likte eg så godt måten Sigrid Undset skriv på. Det er så naturleg og moderne, og morosamt! Folk kjem med enkelte kommentarar og eg ler meg i hel («Atåtligget kokke lager atåtbrent grøt, sier ordet, og grøten er svidd den» (Kritikaren er ikkje klar over at det er Lavrans si dotter som er denne kokka – hoho!)) Det er så eg får lyst til å lese alt Sigrid Undset har skrive – eg bryr meg ikkje om tema, eg vil lese det uansett. 🤓

Til boka: Erlend går meg på nervane. Eg blir heilt gal! Han begynte godt: vakker riddar som reddar ei jomfru i nød. Men han er jo heilt håplaus! Han er visst svært flott å sjå til og han ligg med Kristin heile tida. Men kva meir?! Han er så barnsleg, at han er far til to barn kan eg ikkje fatte og begripe. Han kan ikkje ha hatt mykje ansvar for dei - han kan jo knapt halde styr på sitt eiget liv. Kristin blir betatt av han ved første augeblink fordi han «talte til henne som hun skulde være hans like eller mere enn det», og det er jo ikkje så rart når Erlend sikkert er dummare enn ho. Også har me Simon, nesten ti år yngre enn Erlend (praktisk talt jamgammal med Kristin), og er om ikkje riddar i tittel så ein riddar i handling 😍. At han ordnar opp så fint for Kristin – som har vore utru mot han i eitt år, fortener ho ikkje. Simon seier ikkje eitt ord om kven som har skylda korkje til sin far eller til Lavrans. Eg lurer på om Erlend vil bli meir vaksen i dei neste bøkene, om han blir litt lettare å like? Eg har prøvd så hardt å late som om eg er seksten år og om Erlend blir meir sjarmerande og romantisk då, men absolutt ikkje – berre han opnar munnen himlar eg med auga.

Foreldra til Kristin er søte og det er ikkje kjekt å sjå kor mykje Kristin skuffar og sårar dei. Det er nesten så eg ikkje vil snakke om det, fordi det gjer meg så trist. Ho veit ikkje kor godt ho har det. Lavrans er så snill med ho, og ho får alle til å gå bak ryggen på ham og held skjult sanninga om ho og Erlend. Det var så søtt å høyre om Kristin og Lavrans’ såritual: «og så lot han mig så det første stykket, for jeg skulde bringe lykke –» 🌱. Forholdet mellom Lavrans og Ragnfrid var òg ganske sårt, og eg håper det er meir om dei i neste bok, dei dør vel ikkje med ein gong får eg håpe. Deira forhold har meir romantisk-potensial enn Kristin og Erlend.

Etter masse negativitet så er det kanskje rart at eg liker boka så godt som eg gjer, men boka er absolutt ikkje på Kristin og Erlend si side. Det blir slengt spydighetar etter dei frå nærmast alle dei andre, og kvar gong kjennest det så innmari godt for meg som lesar, som om dei formidlar vidare mine spydighetar. Så det setter eg pris på. Eg blir irritert, men eg trur det er fordi eg skal bli det. Gir det meining? Eller så er det eg som er ekstremt megalite romantisk, men eg trur ikkje det er så gale.

Okei, greitt, til slutt skal eg innrømma at Kristin og Erlends kjærleik i seg sjølv (om eg ignorere ALT anna) er søt. Og dei verkar svært glade i kvarandre. «Hvad så Erlend ellers hadde gjort, henne hadde han holdt trofast ved, og hun hadde ikke været løs og lettferdig.» (Lista er lagt heilt på botn folkens 😭).

Husfrue 🗓️

År: 1921

Kristin

Då Kristin kjem til Husaby får ho heimlengsel med eingong. Husaby er liksom ikkje ein him slik som Jørundgard var det, og ho innser at det var foreldra som gjorde himen til eit him. Og ho prøver å gjere det same på Husaby, og det verker som om all energi blir brukt på: hus- og barnestell og fødslar. Romanen spenner over om lag 15 år og eg trur Kristin er gravid nesten kvar gong me treffer ho! Det er jo heilt vilt! 🤰 Og Erlends sukk kvar gong… «Jeg trodde det, at når jeg engang fikk dig – det skulde være som å drikke jul hver dag. Men det ser ut til å bli mest lange faster». Det er fullt i Kristins seng Erlend! Du får legge deg i ein annan krok!

I starten spesielt er både Kristin og Erlend kjempenervøse for kva folk seier om dei, og dei får litt pes (Kristin kom jo gravid til Husaby). Men temmeleg fort blir alt gløymt og Kristin godtatt og vel så det: «Hvor hustruer kom sammen, blev hun rådspurt, folk roste hennes stell på gården, hun blev hentet til brudekone og til nærkone på storgårdene, og ingen lot henne føle hun var ung og uerfaren og nykommen til bygdene». Hadde det berre alltid vore så lett å vere innflyttar i ei lita bygd! Også alle desse barna, sju stykk totalt trur eg og alle lever. Gaute er litt sjuk som liten, men alt går bra. Og foreldra blir blide igjen dei òg, og begynner attpåtil å like Erlend! Og likevel…. LIKEVEL! Så klarer ikkje Kristin å sjå seg sjølv tilgitt for alle sine synder. Ho klagar og sutrar og kallar seg sjølv for det vondaste mennesket i verda – og eg blei temmeleg fort temmeleg lei. Er Kristin verkeleg så sjølvsentrert? Det er ein av prestane som seier til ho at det er synd å klage for dei syndane som ein allereie er tilgitt, men det trenger visst ikkje inn i knollen hennar. Ho ber for foreldra og litlesøstera då dei er døde: «Hver dag, når hun bad for deres sjelefred, syntes det henne selv urimelig at hun skulde be for dem som alt her på jorden hadde eid meget mere fred i sjelen enn hun selv hadde visst av nogen stund». Foreldrene hadde altså eit ikkje heilt lykkeleg ekteskap, mora var deprimert heile Kristins liv og hadde fleire døde barn, og Ulvhild som blei lam og døde ung. IIIK! Eg blir gal!

Nå hørest det kanskje ut som om eg ikkje kan fordra Kristin, men det er feil. Det er fordi eg liker ho at dette irriterer meg, eg har berre lyst til å snakke litt med ho – kjefte litt og trøyste litt. Berre fordi andre har sine sorger som kan kallast større om ein står utanfor (som er lette å sjå for meg som lesar) så gjer jo ikkje det eins egne sorger mindre. Kristin må jo få lov til å slite med sitt, det vel dei færreste som vel sorg og smerte om dei kunne la være? ... Men at ho fleire gonger gjer eit poeng ut av at hennar sorg og synd er så mykje større enn alle andres 🙄. Eg må likevel innrømme at ho er heilt herleg dramatisk:

«Avlet i synd. Båret under hennes hårde, onde hjerte. Dradd ut av hennes syndesmittede legeme så skjær, så sund, så usigelig yndig og frisk og ren. Den uforskyldte nåde brøt hennes hjerte sønder, angerknust lå hun, og gråten veldet ut av hennes sjel som blod av et dødshugg»

Erlend

Erlend… hmm, når eg gløymer meg så byrjar eg å like Erlend, akkurat som Lavrans og Simon. Erlend er ikkje så smart, men han har mykje sjel og vilje. Er han litt himbo? Men, stort MEN. Han viser jo gong på gong at han er valdeleg og det er vanskeleg for meg å tilgi. Eg veit ikkje kva som var vanleg og ikkje på 1300-talet, men likevel – det har vel aldri vore innafor å slå til kone og ungar?

Eg synst han er ein underhaldande fyr i ei bok, men eg trur ikkje eg hadde likt han i verkelegheita, eg kalla han himbo i stad, men av og til kjennest han nesten for utspekulert og slem. Det er den slåinga og fråskrivinga av alt ansvar.

Foreldre og barn

Det er mykje fokus på foreldre i boka. Kristin er jo konstant meir og meir mor. Det ho liker minst med Erlend er at han ikkje leiker med ungane eller høyrer etter når ho snakkar om kva ungane har gjort om dagen (då klagar Erlend på at Kristin høyrer ikkje akkurat etter når han snakkar heller – og det burde hun kanskje gjort 🤭) Til tross for alle desse ungane og kjærleiken til dei, så ser det ikkje så positivt ut for meg når eg les: ho blir alltid skildra som svært tynn og ..tørr-aktig (men vakker så klart, Kristin er alltid vakrast verker det som i uansett lag). For meg ser det ut som om ungane sug ut all hennar energi og livskraft. Og dei er jo òg alt ho bryr seg om i denne delen av livet sitt. Men når dette er sagt så må eg ta med at Kristin viser klare teikn på kraft og energi og når ho skjeller ut Erlend!

Då eg las om Kristin såg eg for meg at hennar ideal-mor er som Mumiemamma ifrå eit dikt me las på vidaregåande. Og det er som ein mumiemamma eg opplev ho for det meste av boka, heilt til det bikkar over i alle retningar mot slutten.

Men ja, eg nemnte det over, eg blir heilt gal av klaginga til Kristin. Eg går frå å lese om kvinner som har dødt på dødt barn, til velsigna Kristin som aldri har opplevd ein død son og ho klagar så det står etter. Halfrid! Hennar lagnad var trist og verdig litt klaging. Der blei eg heilt overraska – tenk å gi meg ein slik trist historie på mindre enn ei side.

Simon liker eg endå, til tross for at han ikkje var trufast mot Halfrid og til tross for at han gifta seg med Ramborg. Apropos Ramborg, Kristin seier noko slik at Ramborg har jo berre(berre!) fått eit barn med Simon til tross for at dei har vore gift i snart seks år. Det vil sei at Ramborg faktisk er om lag tjue år gammal! Tjue! Når ein er tjue år gammal er ikkje eit barn, berre eitt barn, Kristins tradisjon med eitt nytt barn kvart år starta jo etter ho sjølv var fylt tjue. Kristin gjer meg heilt matt! Men eg lurer på korleis det går vidare med Ramborg og Simon, eg veit ikkje om eg har heilt trua, Simon verker ikkje så særleg forelska og Ramborg er jo så ung og fri! Snille Simon, gode folka i bøker får ofte så triste lagnadar.

Eg avsluttar med eit sitat om død familie og ein forlaten heim. Det minne meg om Vampsangen Mor som er basert på eit dikt av Hans Børli, Til mor, som eg ikkje finne i min diktsamling av han, men jaja.

«Hun tenkte på sine kjære døde – deres miner og deres stemmer og smil og vaner og lader – når de selv var bortfarne til hint annet land, så var det så sårt å tenke på deres skikkelser; det var som å minnes sitt hjem, når en visste at nu stod det øde og de rotnede stokker skred ned i torven»

Korset 🗓️

År: 1922

Eg som hadde bestemt meg på ungdomsskulen for å aldri lese Kristin Lavransdatter, ho verka som ein slik irriterande type som ikkje vil lye og går sin eigen veg der ho haustar det alle dei andre har sådd. Og det er jo litt slik: sjølv mot slutten då nokre fattige munkar klager sin nød og mangel på hjelp frå Krist og Maria, så klarar Kristin å få svart: «De valgte fattigdommen selv mens de levde på jorden», men då får ho kjekt tilbake: «Det er lett for dig å si det, rik kone som du visst er. Aldri har du vel fristet å gå matløs -». Eg irriterte meg ein del på det i førre bok, at Kristin var så flink til å klage og eg blei trøytt i øyrene av å høyre på og eg kan ikkje sei eg følte særleg sympati for ho (og jo mindre jo meir ho klaga), men denne siste boka har klagane blitt litt lettare å godta. Det handlar meir om at ho kranglar med Erlend og det at sønene veks opp og ser ikkje ut til å ha behov for ho meir.

Erlend

Alle desse bøkene er fulle med folk som eg fyrst har mislikt og så etter kvart klarer eg ikkje å unngå å like dei likevel. Som det diktet med Ja-grisen og Nei-grisen. Simon tar ein del plass i starten av boka der han funderer på sin familie og sine brør. Han minner meg litt om Kristin der han overanalyserer alt tenker så det durar på det meste. I motsetning verker Erlend så bekymringslaus og fri, men han blir temmeleg sta og sint mot slutten han også. Det er mykje å mislike med Erlend, men han er heller ikkje heilt forferdeleg, det er ofte tider der det er han som verker mest oppegåande, kanskje helst når han får te seg litt som høvding. Men generelt så er Erlend sjarmerande i sin enkelhet, han har litt himbo-vibes: etter at Simon og Erlend har krangla får Simon så dårleg samvit: «så lite skjønte denne ulykkesfuglen Erlend Nikulaussøn, så det var som han skulde være både hjelpeløs og ménløs –.».

Simon og Ramborg

Simon burde aldri ha gifta seg med Ramborg. Heile det opplegget … han var vel ikkje klar over at han og Kristin ein gong kom til å bli naboar, men han visste at dei var systrer og burde visst at dette kom til å ende ille for både hans og Ramborgs hjarte. Men han er vel svak han òg til tider, og det såg ut til han treivst med svigerforeldra i førre bok. Jaja Simon, du var ein bra gut synst eg uansett sjølv om du gjorde dumme val du òg som oss alle andre. Det blei så mykje av livet til Simon og Ramborg som berre handla om Kristin til tross for at Kristin «sanser neppe at vi er kjøtt og blod, vi også -». Kristin ser jo berre på Erlend, sjølv når ho ikkje kan fordra han. Ramborg likar eg òg. Ho er ei litlesøster og blir dulla med av dei fleste så det er jo berre naturleg at ho ikkje er flink til husstell og slikt da. Eg må innrømme eg fekk særleg sansen for Ramborg då ho begynte å snakke om kor sørgjeleg behandla Isodd Svarte (Fastlands-Isodd) blei av Tristan/Tristam. Og det gjorde litt vondt i hjartet då Ramborg samanlikna sitt liv med Isodd Svarte, det er vondt å føle seg som ein dårleg erstatning for ho dama kjærasten eigenleg ville ha.

Simons beste sitat er retta til litlebroren: «det runde røde fjeset hans lignet rauven på en unge slik at Simon klødde i hendene efter å denge til»

Kristin

«Hun satt og lot de gamle, bitre tankene komme som gode kjenninger». Kristin sitter som vanleg heime og pinest i stille (heilt til ho ikkje gjer det lenger og ho og Erlend har ein STOR krangel og då ho får sitt siste barn kallar ho ungen opp etter den fullt levande faren som ikkje har rikka rauva frå fjellgarden han har rømt til på sikkert eit år – eg gispa høgt! Kristin! Dette er langt over streken!). Uansett. Kristin er nesten underhaldande der ho på trass er den mest fortryllande husfrue som ikkje skal klage over sin husbond for noko – nei det er ho for god til. Eg er sta sjølv, men eg kan òg lett sjå at dette er ein dårleg idè, det er lov å krangle litt utan at det skjemmer ut ens høgvyrde foreldre eller utan å vere redd for å såre Erlend – Kristin skylder litt på både ditt og datt. Ho er jo berre sta for å vere sta verker det for meg. Alt i alt, så står det dårleg til mellom Kristin og Erlend og det er jo synd for dei, men det er svært underhaldande for meg.

««Så du Nåkkve? – Han var så lik dig i øinene, Kristin.» Erlend drog inn ånden, kort og hårdt. «Sånn var øinene dine den morgen utmed gjerdet ved nonnenes hage – da du hadde spurt det verste om mig – og du gav mig din tro –.»
Det var da hun hadde kjent den første dråpe av bittert besk springe i hjertet sitt. Gud berge drengen – må han ikke leve den dag da han synes han har festet sin tro i en hånd som lar alt renne gjennem fingrene lik koldt vann og tørt sand –»

Sønene til Kristin og Erlend har no blitt store og det er ein annan sorg for Kristin. Dei vil berre henge med Erlend og dra på jakt og ho må slite sjølv på garden. Dessutan liker ho ikkje tanken på at dei ein gong skal flytte ut og bort frå ho, og det blir ikkje betre av at Erlend ser ut til å glede seg. Han trenger jo ikkje å oppmuntre dei tenker ho! Og ikkje nok med dette så har gutane fått auga opp for jenter og dette misliker Kristin: «Vi brukte ikke det da jeg var mø-» «og vi unge holdt oss vakkert hver hos foreldrene våre – ikke gikk vi to-ene og satt på låven -». Ho vinner ikkje den diskusjonen 💀.

Mot slutten blir det svært stusseleg for Kristin då ho gir frå seg gardsnyklane til Jofrid og ho sjølv ikkje har ein heim heime lenger. Det er vel ingen som synst noko om å gå ned i rang frå ein stilling ein har trivst i – Kristin liker jo å sjefe og bestemme. Eg veit ikkje kva som var forventa av Kristin, om ho kunne vere mor til husbonden og likevel vere husfrue? Eller er det litt som når kongen døyr så blir ikkje dronninga verande dronning, men må vike for andre. Kjipt i så tilfelle, særleg fordi Kristin har jo alltid vore den i familien som var mest van og flink til gardslivet. Og ho hadde jo desse store draumane: ho ville lære å kjenne garden sin ut og inn akkurat som Lavrans hadde lært garden å kjenne, ho skulle bli eitt med garden – men så plutseleg gir ho frå seg nyklane?! Ho seier ho berre plumpar ut med all slags i lag med Jofrid, og me ser jo det at Jofrid klarar alltid å få viljen sin! I starten då me berre fekk høyre Kristin sine tankar verka Jofrid så stakkarsleg og puslete – men det var jo ho som styrte heile showet! I dei andre bøkene fekk med komme inni hovudet på enkelte andre folk å sjå at dei var ikkje halvgalne dei heller, men sjølv i Korset der det nesten berre er Kristins hovud me er inni kjem likevel slike stundar då folk viser at ein kan ikkje heilt stole på andre sitt inntrykk av dei – for eg meiner ikkje at det var nokon stor twist at Jofrid var sterkare i viljen enn ho såg ut til, det var berre at ho svarte godt for seg i ein samtale med Kristin. Dei hadde ulike syn på ting og kanskje Kristins syn ikkje nødvendigvis var det rette. (No tenkjer eg altså på samtalen om pengar då Kristin synst Jofrid er så gnien, men Jofrid seier at deira familie har ein heilt anna status nå enn før – Erlend mista jo det meste av si arv og det som er igjen skal bli fordelt på så mange søner).

Eg trudde at svartedauden skulle gjere litt meir utav seg for å vere ærleg og at fleire skulle døy. Men eg synst det var fasinerande då Kristin som berre har vore ei nonne ei kort stund plutseleg får bli ei gardskone igjen då dei må fikse all maten sin sjølv, det var jo kjekt for ho.

«-Nu, når hun tok den gamle stien hjemover forbi smietomten – iår var den næsten gjengrodd, og tuer av gullfegre, blåbjelle og muserter veldet utover fra kanten av tykkengen – da tyktes det henne næsten være et billede av hennes eget liv som hun så: den værslåtte og sotede gamle arnen som aldri mere skulde bli tent op ild på; bakken rundt om var strødd med småknust kull, men fint, kort og blankt gress piplet op overalt på brandtomten. Og i sprekkene på det gamle ildstedet blomstret geitskor, som sår sig utover alle steder, med lange, fagerrøde dusker.»

Til toppen Til biblioteket