Ild og Sverd (Ogniem i mieczem) đŸ—“ïž

Forfattar: Henryk Sienkiewicz

Land og sprÄk: Polen (Kongress-Polen) og polsk

År: 1884


Fleire sitat her

Ein mĂ„ vel starta med det kjipaste: Og det er at dei norske omsetjingane av Ild og Sverd (og dei to andre bĂžkene i trilogien ‘Trilogien’) er ganske sĂ„ forkorta. Boka eg las (frĂ„ 1902) er pĂ„ 421 sider, mens den amerikanske omsetjinga er pĂ„ over 1000 sider (og den polske boka eg fann pĂ„ Amazon var pĂ„ 800 sider? đŸ€·â€â™€ïž). Snl.no seier i artikkelen om forfattaren: «De norske oversettelser av Sienkiewicz' verker er i stor utstrekning forkortet og gir ikke noe adekvat bilde av originalene» 💔 . SĂ„ derfor blir min tekst her basert pĂ„ den korte norske utgĂ„va (frĂ„ 1902, den frĂ„ 1952 var ENDÅ KORTARE!)

La meg starte med innleiinga. Den finst ikkje. Derfor mÄtte eg ta eit djupdykk i polsk historie pÄ wikipedia og youtube. SÄ nÄ er eg praktisk talt ekspert. Det er to viktige ting Ä vite om (gjelder dei fleste bÞker): Tida handlinga er lagt til og Tida boka blei skriven pÄ. Handlinga er lagt til 1648 dÄ Polen-Litauen (som det heit den gang) var eit megaland med megamakt. Kanskje var Polen dÄ pÄ sitt mest imponerande? DÄ boka blei skriven sÄ fanst ikkje noko Polen. Polakkar fanst jo, men sjÞlve Polen var blitt fordelt mellom nabolanda. Det var nok ein syrgjeleg stemning blant polakkane den gong, og wikipedia seier at boka var meint til oppmuntring.

SkjÞnt eg ikkje har noko sÊrleg forhold til Polen var boka oppmuntrande for meg! Det er ein svÊrt underhaldande historie me fÄr vere med pÄ og han blir fortalt pÄ ein svÊrt levande mÄte. At boka er blitt film skulle berre mangle! Men eg lurer jo pÄ kva det er dei har utelate frÄ den norske omsetjinga


DĂ„ eg las blei eg mint pĂ„ to av mine favorittbĂžker: Romansen om dei tre kongerike (som eg ĂČg dessverre berre har lest i ein forkorta utgĂ„ve) og Krig og Fred (som eg nĂ„ har sĂ„ lyst til Ă„ lese om igjen
). Er dette ein sjanger? BĂžker om krig frĂ„ fĂžr 1900-tallet (og ikkje amerikansk borgarkrig) er kanskje min favoritt-sjanger. Eg mottar med glede tips om fleire bĂžker i denne sjangeren!

PÄ ein mÄte er dette ei bok om Polen(heltane) mot kosakkane(skurkane) som gjer opprÞr. Men kosakkane, eller i alle fall leiaren deira (eg er litt usikker pÄ hans status som kosakk), er eigentleg ikkje skildra sÄ barbarisk og urimeleg som ein kanskje kunne vente seg. Chmelnitski (pÄ norsk wikipedia stava Khmelnytskyj (fordi han er basert pÄ ein ekte person)) seier at:

Jeg sþger ikke Krig mod Kongen, ei heller Krig mod Polen! Landet er vor Mor, og han er vor Far. Kongen er en mandig Herre, men Smaakongerne – med dem er det umuligt at leve sammen; deres Udpresninger, Skatter og Paalég af alle mulige Slags, det Tyranni, de udþver gjennem de jþdiske Agente, skriger paa Hevn.
Hvilken Tak har den zaporogiske HĂŠr faat for de store Tjenester, den har gjort i Krigstid? Hvor er Kosakkernes Privilegier? Kongen gav os dem; Smaakongerne tog dem fra os.

Eg les for tida Konfutse sine Samtalar og han klagar pĂ„ dei ulike distriktssjefane som ter seg som kongar – sjĂžlv om dei ikkje er kongar! Konfutse seier at embetsmenn skal tene sin fyrste med plikttruskap(III,19)! Og han akkar seg for kor dĂ„rleg alt stĂ„r til nĂ„r det blir sett ned pĂ„ at folk gjer jobben sin ‘ordentleg’ (eller «ifĂžlgje Sedvanane» som Konfutse seier): «Å tena sin fyrste heilt ut ifĂžlgje Sedvanane, det tek menneska for Ă„ vere smisking»(III,18). PĂ„ ei anna side kan det(det=den polske adel-foreininga) vere ein slags (ein slags) form for demokrati, og det har sin wikipedia-artikkel kalla Golden Liberty (som eg berre skumma ☁).

Appropos Chmelnitski, sjĂžlv om han er ‘skurken’ er det vanskeleg Ă„ ikkje like han – han er sĂ„ tĂžff og flink og modig og 
ja for ein fyr! Han er sur fordi han har fĂ„tt alt sitt land og hjem stjĂ„le frĂ„ seg av adelsmennene og sin son drepen og om eg har forstĂ„tt det riktig sĂ„ har han fĂ„tt brev med godtgjĂžrelse frĂ„ kongen men dei breva er i Chmelnitskis hjems nye adelsmann-husbonds varetekt. Og adelsmannen vil knapt vedkjenna breva! Var det forstĂ„eleg? Det er ikkje sĂ„ viktig, poenget er at Chmelnitski synst den polske adelen misbruker si makt og det vil han ha slutt pĂ„! Og ingen kan stoppe han:

Han toget videre uden Ophold; frem drog han gjennom OprĂžr, Blodbad, og Brand, men Ruiner og Lig merket hans vei. Han raste frem som et Sneskred og Ăždela alt omkring sig. Han stormet afsted som en hevnende Aand, et Eventyrvidunder; hans Skridt presset Blod frem, hans AandedrĂŠt tĂŠndte Ildebrande.

Det er ĂČg ein romanse i boka som eg hĂ„pa har blitt sĂŠrdeles forkorta i den norske omsetjinga for den var
 svak. Ho kan eg forstĂ„, fordi ho er i ein slik Askepott-situasjon, men Han
 ? Dei har mĂžttest ein gong og hans kjĂŠrleik veit plutseleg ingen grenser! Ikkje at ho har nokon stĂžrre rolle i boka enn at ho finst som ein lengsel for heltens hjarte.

Alt i alt var det ei svĂŠrt fornĂžyeleg bok med mykje action og morosame figurar. Dei er ein vennegjeng pĂ„ fire og eg liker dei alle saman (pluss tenesteguten til Pan Jan, han likte eg svĂŠrt godt!). Eg skulle eigentleg tenkje ut kven eg likte best, men alle! Eg likte dei alle best! Dessverre ser eg ikkje for meg at eg leser dei to resterande bĂžkene i den norske omsetjinga, dĂ„ vil eg heller lese heile sulamitten i den engelske versjonen – men det blir nok ikkje med det fyrste.

PS. ein liten MorosamFakta til slutt er at fyrste nemning av vodka* kjem med stjerne og ei forklarande fotnote!



Til biblioteket
Til toppen