Euripides

Land og språk: Hellas og gammelgresk

Alkestis (Ἄλκηστις) 🗓️

År: 438 fvt.

Omsettar: Egil Kraggerud

Er Admetos oppriktig? Koret, Herakles og sjølv Apollon er jo heilt sjarmert av han, han må jo vere ein goding? Men eg forstår ikkje kvifor han går med på at Alkestis døyr for han, kvifor er det aldri ein samtale? Kanskje om nokon fyrst sa ‘ja’ til å ta hans plass så blei det automatisk eit ubryteleg løfte? Eller noko slikt, han vil jo ikkje at Alkestis skal døy, men han prøver heller ikkje døy sjølv slik som var planen i utgangspunktet. Men, men. Eg må vel berre godta at Admetos er glad i kona si og ikkje vil at ho skal døy (og at han ikkje setter store spørsmålsteiknet ved kvifor ho døyr og ikkje han).

Og ved guder jeg ber, ei meg svikte du får,
og ved dem som du morløse gjør,
stå opp, vær nå sterk!
For om du går bort, fins for meg intet liv,
for på deg det beror, om jeg lever eller dør.
Din kjærlighet er det jeg dyrker.

Tragedien er ikkje så tragisk, og det har visst folk vore einige om sidan tidenes morgon fordi det står i et av dei antikke fororda: «Stykket har en utgang som ligger nærmere komedien» og «Dramaet står nærmere satyrspillet fordi det i motsetning til det tragiske ender i fryd og gammen». Til tider er det ganske morosamt! Særleg Herakles – han er svært underhaldande. Brautande og glad og full, men òg ein god ven når det går opp for han at han har tråkka i salaten. (Apropos gresk salat så er sjopskasalat nesten akkurat det same men utan den forferdelege olivenen 🫒. Då eg var i Nord-Makedonia åt eg haugevis av sjopskasalat. Eg kunne levd av det.) Herakles gir gode råd til Admetos: «man bør tale åpent til en venn og ikke dypt i hjertet gå med taus kritikk». Godt råd, men vanskeleg å fylgja. Eg liker at Herakles lurer Admetos på same måte som Admetos lurte han. Herakles tergar Admetos og presser han til å bryte alle sine løfter til si døde kone, men.. kunne han ikkje berre sagt sannheten frå starten av! Eller hadde Herakles hjelpt han då? Slost Herakles med døden berre fordi Admetos hadde vist så stor gjestmildskap? Eg likte òg når Herakles skildrar korleis han skal banke opp døden 💪, og så neste gong me møter han har han gjort det og han har ikkje ei skramme!

Og hvis jeg styrter på ham fra mitt skjulested
og griper ham og legger begge armer rundt
hans midje, er det ingen som kan fri
hans ømme flanke før han kvinnen overgir.

Krangelen med far Feres var interessant, den fekk meg til å tenkje. Admetos er sur fordi foreldra ikkje tilbaud seg å døy for han, til tross for at dei har levd lange gode liv og har ein son som alltid har æra dei høgt og dei kan stole på at heiderleg fører slekta vidare. Også er dei uansett for gamle til å få fleire barn så om Admetos døyr så vil dei døy barnlause. Men Feres set ikkje pris på at sonen ser på hans liv som oppbrukt og ferdig, «Du gleder deg ved livet, tror du ei din far?». Det minner meg litt om denne sangen. Den handlar om ein arbeidar og ikkje om ein gammal konge, men å tenkja at gamle folk ‘skal jo uansett døy snart’ kan vel vere likt uansett. Eg liker at Feres står for det han sa, det er jo sant at han ikkje skyldar sonen å døy for han. Alle sitt liv er jo deira eige, «På ett liv, ikke to, beror vår ekistens». Fyrst når eg leste kor heftig Feres nektar å døy for sitt einaste barn så syntest eg han var litt egoistisk. Men etter å ha tenkt meg om, og lest etterordet kor omsettaren òg skriv om det, så synst eg ikkje så ille om han likevel. Det kan vere eit godt karaktertrekk å ofre seg sjølv slik som Alkestis, men det kan òg vere eit godt karaktertrekk å … ikkje ofre seg, sjølv for dei ein elskar høgast. Å verdsette sitt eige liv (og særleg, som nemnd, når ein er gammal og ofte blir tenkt på som overflødig).

Likevel er heile deira krangel svært ubehageleg, eg lurar på korleis det går vidare? I krangelen erklærer jo Admetos sine foreldre barnlause, han vil jo ikkje vere deira son meir. Kanskje Alkestis vil ordne opp mellom dei, hu er jo så from og snill og sikkert glad i all slags forsoning.

Admetos: Ved alle guder, ta meg med deg, ta meg ned.
Alkestis: Det klarer seg da godt med meg som dør for deg.

Dette var det fyrste eg har lest av Euripides og det har vore ein veldig positiv oppleving👍. Omsettaren seier at «gudene hos denne yngste av de store dramatikere er gjennomgående ikke særlig effektive. Det er gudesønnene som klarer brasene!» så det må eg hugsa til seinare. Eg håper når eg har lest meir av han her og Sofokles at eg vil kunne sjå forskjellar mellom dei. Ein annan ting omsettaren nemner er at mytane og dramaa for oss ofte er akkurat det same, men den gong var alt variasjonar og nye vriar på dei kjente gamle fortellingane. Tenk på alt av kunst og litteratur som ikkje er blitt tatt vare på til i dag, alle dei ulike tolkningane og ideane! Kanskje nokon av dei handla litt om kvifor Admetos gjekk så lett med på at Alkestis skulle døy for han når han tydelegvis ikkje kunne leve utan ho uansett.

Mangfoldet i mytene, overleveringen som en skiftende strøm, kunst og litteratur som spenningsfylte og varierende realiseringer av et lite homogent ‘materiale’ – slike selvsagte sider ved den mytiske verden som omga det antikke menneske, er nesten fullstendig forsvunnet i de fastfrosne moderne ‘mytologier’.

Medeia (Μήδεια) 🗓️

År: 431 fvt.

Omsettar: Egil Kraggerud

Fleire sitat her

Å gru! Hvor menneskers kjærlighet er ond og tung!

Eg forstår at dette er eit populært drama. Eg blei heilt fortapt i historia, fekk heilt vondt av Medeia – kor håplaust hennar liv plutseleg har blitt, og eg blei så sur på Jason! For ein drittsekk! Og det evige tattelet hans om sjalusi og at han berre gifta seg med ei ny kone for Medeia og unganes del. Hm skeptisk. Det er jo berre bra for dei at han, Jason, får mykje makt og pengar (og ei gresk kone han slepp å skjemst av) påstår han. Medeia svarer: «Bevare meg for denslags bittert lykkeliv og all den velferd som får pine sjelen vondt!». Då slutten kjem og Medeia gjer det utenkelege: drep sine eigne barn, er det nesten så eg forstår det. Fantastisk stykke altså, og eg har notert meg altfor mange sitat, men eg får sjå kva eg kan få pressa inn!

Det blir gjort eit stort poeng ut av det i heile stykket: Medeia er ikkje gresk – ho høyrer ikkje til her. Og familien heime der ho kom ifrå forrådde ho då ho drog med Jason – ho drap inntil sin eigen bror. Sjølv koret, ein gjeng gifte damer som er svært medfølande med Medeia, høyrer til i byen og er på den måten annleis frå Medeia. Ho er heilt aleine og svikta av han ho brøyt alle blodsband for. Korleis kan ho ikkje vere sint? Og om eg forstår gamle Hellas rett så var dei ikkje særleg snille med utlendingane. Etter at Medeia skriker til Jason at ho har faktisk redda livet hans opptil fleire gonger så han burde være evig takknemleg og vel så det, så svarer Jason at ho burde nå vere endå meir takknemleg fordi han tok ho med seg heim så ho kunne «bo i Hellas’ land og ikke på barbarisk grunn og kjenne rett og nyte godt av lov i uavhengighet av maktens luner». (Hans andre argument er at han har gitt ho kjendis-status. Korleis kan folk som ikkje er kjendisar vere lykkelege? – seier han til ho meir eller mindre. Jason sit permanent i vrangstrupen min frå fyrste inntreden!)

Zevs! Hvorfor har du gitt oss mennesker sikre tegn
som skiller falskt fra ekte gull, mens derimot
en mann går uten preg og merke så vi kan
se klart på forhånd om han har en ussel sjel

Det er ein ting til om dette med utlendingar som eg lurer på: måten Jason snakkar om Hellas og barbariske land, er ikkje dette slikt som vanlege folk tenkte på den tida? Det er i alle fall mitt inntrykk. Representerer Jason 'vanlege folk'? Men Jason er jo så skurkete og umoralsk (så det blir eit 'ja'), er dette då ein kritikk av slikt nasjonalistisk syn eller er det meir slikt ‘ei stoppa klokke som har rett to gongar om dagen’-opplegg som dei seier på engelsk? I tillegg sida Medeia gjer jo noko sjølv moderne meg vil kalla barbarisk: ho myrdar sine eigne barn. Eg trur svaret er at Jason og Medeia er meir enn berre snilling og slemming.

Andre interessante greier er då prinsessa døyr. Det er svært ekkelt?! Kroppen hennar smeltar og det er som ho blir heilt dyrisk. Og med faren i fanget. Svært ukomfortabelt, men likevel lett å sjå for seg. Synd for ho da som eigentleg ikkje har gjort noko gale, kvinner på den tida hadde vel neppe så mykje dei sko ha sagt om kven dei gifta seg med – kanskje minst av alt dei med fedrar med makt.

Nesten for kvart drama eg les så får eg ein ny favoritt. Så no er favoritten min Medeia. Ho er så innmari rå og ho har jo nesten gått heilt frå vettet, og det er som eg har sagt tidlegare – ikkje så vanskeleg å forstå. Kven hadde vel ikkje blitt gal. Ho har mista si framtid og ho har ingen stader å gå, med to ungar å ta vare på attpåtil. Det er jo heilt håplaust, sånn på ordentleg. At ho har lyst på hemn, og at ho tar den verste hemna ho kan komme på blir nesten forståeleg. Det er jo heller ikkje noko ho gjer lett: ho vaklar fram og tilbake, grin og skrik og må tvinge seg og sitt hjarte til å gjere det grufulle. Så gjer ho det og flyktar til Aten. Me får ikkje vite meir etter dette, eg lurer på korleis det går med ho sidan.

Dog er vi, hva vi er – om ikke noe ondt -
så bare kvinner

Heracleidae (Ἡρακλεῖδαι) 🗓️

År: omlag 430 fvt.

Omsettar: David Kovacs

Denne tragedien snodde seg langs vegar eg ikkje såg komma! Eg ville anbefalt å lese det utan å lese slutten fyrst, berre så det er sagt. Sitata har eg sjølv omsett frå engelsk så godt eg fekk til.

I 431 fvt. så starta Peloponneserkrigen og det er frå rundt då denne tragedien er frå òg, sånn rundt om – folk er ikkje heilt sikre. Men dette verker for meg som eit stykke der dåtidas situasjon viser seg sjølv om eg ikkje kan nokon ting om verken krig eller Peloponnes. Men det var altså ein krig mellom Athen og Sparta, og i denne tragedien er det Herkules’ ungar som kjem som flyktningar til Athen og finn beskyttelse der. Athen går til krig! Og tilfeldigvis (eller absolutt ikkje) så var visstnok kongane i Sparta etterkommarar av Herkules’ ungar eller Herakleidene som dei kallast. Eg lurer på korleis Evripides og publikum tenkte: om det putta Sparta i eit positivt lys – Herakleidene er jo ganske så modige og ærefulle i stykket, eller er det eit svik? At desse som Athen ein gong redda livet til no kjem som fiendar? Fienden i stykket, Eurysthevs, ender faktisk sjølv som ein beskyttar av Athen – spesifikt skal han beskytte Athen mot Herakleidenes etterkommarar.

«Eg skal her ligge under jorda for alltid, ein vennleg gjest og beskyttar av byen, men svært uvennleg mot Herakles’ barns etterkommarar den dag dei forråder den nåden dokker viste og dei kjem her med ein stor hær»

Det er eit stort fokus på å gjere det rette: då det kjem flyktningar til Athens dørstokk er det ikkje snakk om å snu ryggen til. I tillegg så ber dei ved eit alter og kongen seier at om kven som helst utlending kan stele der så er han ubrukeleg i sitt verv som konge og Athen kan ikkje bli rekna som eit fritt land ein gong. Flyktningar er framleis eit tema, som i spelet over ⬆️ Medeia, og det er ganske imponerande med ein slik konge som med ein gong lover å hjelpe dei og så får det drøfta og kjem tilbake til flyktningane med beskjed på type ein dag! Og sjølv om resultatet ikkje er heilt positivt så er det jo tydeleg at kongen verkeleg har prøvd og gjort sitt aller beste. Han diskuterer seg jo nesten heilt til borgarkrig for desse flyktningars skyld.

Og flyktningane sjølv er jo òg svært så ærefulle – å ha ein slags terskel for flyktningar verker ikkje som eit krav, men det er ein av ungane sjølv som synst det er viktig: «Når denne byen er villig til å gjere det ytste for oss, for kva grunn kan me, som berre er til plage og slit for dei, rømme frå dauden når det er i vår makt å redde dei?». Og ho står jo verkeleg for det ho seier. Slik blir jo Herakleidene satt i eit svært positiv lys.

I tillegg til alt dette politiske så er biten der gamle Iolaus stavrar seg av gårde til krigen ganske hysterisk, eg heldt på å le meg i hel – det kom så uventa midt oppi alt dette alvorlege!

Tenar: Om du bekymrar deg for vekta, så kan du gå bort utan brynja på, og heller kle deg når du kjem bort. Eg kan bere ho for deg.
Iolaus: Bra forslag! Ber brynja mi du, og gi meg spydet i handa og støtt meg på venstrearmen, lei meg.
Tenar: Skal eg leie krigaren som om han var eit barn?
Iolaus: Eg vil ikkje skli, det hadde vore eit dårleg tegn.
Tenar: Om du berre kunne gjere alt du ville!
Iolaus: Skund deg! Det hadde vore krise om eg gjekk glipp av slaget!
Tenar: Det er du, ikkje eg, som er treig.
Iolaus: Ser du ikkje kor raske beina mine er?
Tenar: Du ser det du vil se.
Iolaus: Du skal ikkje snakke så når me er framme!
Tenar: Og kva skal du gjere då? Eg ynskjer deg alt vel når me kjem fram.
Iolaus: Eg skal spidde ein fiende gjennom skjoldet hans!
Tenar: Ja, om me då nokonsinne når fram.

Hippolytos (Ἱππόλυτος) 🗓️

År: 428 fvt.

Omsettar: Peter Østbye

For ein tragedie! Alle hadde jo levd heilt greitt hadde berre Afrodite hatt litt.meir.chill ❄️. Men slikt har vel aldri gudane, dei må kjede seg noko forferdeleg. Hippolytos er ikkje interessert i elskov, han vil jakte – og dette er heilt uakseptabelt meiner Afrodite. Eg må innrømme at Hippolytos verker å mislike og unngå Afrodite litt i overkant og har et nesten rart nært forhold til Artemis (eg antar gudinner ikkje er det same som kvinner på nokon måte sida Hippolytos har sin lange tale om kor ekstremt mykje han hatar kvinner! Sjølv fedrar hatar døtrene sine og beviset er konseptet medgift: dei betaler seg ut av maset «dotter». Kvinner er ein særdeles dum oppfinning. Menn burde kunne ofre ditt og datt på altera og få ungar i gåve frå gudane. Kvinner er ein flopp! Meiner Hippolytos.

«Forbannet være hun og du! Mitt kvinnehat skal aldri mettes, selv om mange dadler meg fordi jeg alltid taler om det»

Men til tross for at Hippolytos ikkje er noko sjarmerande og har svært tvilsamme meiningar så gjer han jo faktisk ingenting galt. Han avviser Faidra - som er jo det rette å gjere, ein kan jo ikkje klandre han for noko eigentleg. Og Faidra handla ille. At ho laug kan eg forstå: ho var redd for skamma for barna og ektemannen om folk visste ho hadde forelska seg i Hippolytos. Sjølv om ho aldri gjorde noko utav det så er det kanskje ille nok å berre vere forelska i nokon andre enn ektemannen, ja at kvinneliva har så stramme rammer at ein forelskelse ikkje hadde vore til å halde ut. Akkurat den delen minner meg om Hedda Gabler, ho var òg heilt besatt med korleis alle andre såg på ho og tenkte om ho – alt det der med å ‘dø i skjønnhet’. Faidra seier at hennar daud vil gje ho auka ry, hennar «streben er å høste ære av min skam». Det må vere vanskeleg å vere kvinne når samfunnet er så strengt og rigid.

«Just dette driver meg i døden; frykten for at folk skal finne ut av skjensel var den arv jeg etterlot min ektemann og mine barn»

Både Seneca og Racine har skrive drama om same tema og dei vil eg òg lese, men ikkje med ein gong då blir eg fort leijj.

Andromache (Ἀνδρομάχη) 🗓️

År: 428-425fvt.

Omsettar: Christian Wilster

Desse Evripides-spela er underhaldande! Det er så drama-drama og eg blir heilt oppslukt. Har eg forstått det riktig så er dette stykket skriven samstundes som Athen har ein konflikt med Sparta – og Spartanarane får verkeleg gjennomgå, både Menelaos og Hermione er skildra som svært stusselege og hissige. Men uansett om bakgrunnen til stykket er slik eller slik, så er det ein spennande liten handling, med ein søt slutt? Eg begynner å miste heilt forståelse for kva ein ‘tragedie’ er? Eller Andromakes liv er jo superkjipt, men det var det ifrå starten av stykket og mot slutten så skal ho jo få leve så godt som det går an ser det ut til? Og Peleus lev i alle fall lykkeleg. Hermione og Menelaos klarar seg fint dei òg, skjønt dei ikkje får noko hemn – men at slemmingane ikkje lykkes med hemna si er vel ingen tragedie!

Det mest tragiske eg ser må vere Andromake sitt liv, eller korleis hennar liv har blitt. Ho som var nærmast ei prinsesse i Troja er no blitt træl og blir tvungen til å ligge med son til han som myrda Hektor, Neoptolemos. Eg set pris på at ho ikkje lastar sin nye son nokon ting for at faren er den han er, men ho seier at sonen er hennar einaste glede i livet no og ho ser ut til å elske ham svært høgt og vil villig gje sitt liv for at han skal få leve. Sjølv om Andromake har vore igjennom så mykje vondt og har no ein lågare rang enn før så er ho ikkje redd for å sei si meining fritt: ikkje berre til Hermione, men til Menelaos! Eg trur ikkje eg hadde vore like modig. Ho kallar han svak og umandig! Når Andromake viser at ho er såpass sterk og tøff så er det trist å sjå kor fullstendig avhengig ho er av andre, av mennene i livet hennar: Peleus og Neoptolemos. Ho er ikkje i stand til å redde seg sjølv fordi samfunnet er berre bygd opp slik – og det minna meg litt om sjølvbiografien til Equiano, han òg har mykje sjølvtillit og er ikkje sein med å svare frekke folk, men likevel er han heilt avhengig av andre sidan han sjølv knapt eig ein einaste rettighet sida han er svart og loven er rasistisk.

Hermione er svært Ekte Husfrue og svært underhaldande når ho kranglar med Andromake. Andromake blir temmeleg lei: «Men kan du ei bejamre taus din Elskovsqval?». Og eg blei nesten imponert over kor ivrig Hermione er på å drepe seg sjølv, og fungerer ikkje metode ein er det rett på metode to. Men ho har jo same problem som Andromake: hennar lagnad er fullstendig i mennenes hender: ektemannen, belaren og faren sine hender. Eg trur ikkje det enda så ille for Hermione, mitt inntrykk frå Orestien er at Orestes er ein grei type (skjønt desse folka har ein tendens til å forandre personlighet etter som kva dramatikar det er som skriv…). Men før Hermione forsvann ut av stykket så klarte ho å irritere med å skylde all sin dramatikk på andre kvinner, at det var dårlege venninner og nabokoner som hadde oppausa ho til all denne kranglinga. Koret er einig med meg og seier at slikt seier ein ikkje om sitt eige kjønn – det er svakt å legge all skylda på dei undertrykte Hermione og dette nærmar seg farleg nær ‘vel-meg’-jente.

Menelaos er hissig og kjeftande, men det er jo sjarmerande at han berre vil si dotters beste. Det er som sagt sant at desse kvinnene er heilt avhengige av menn som står dei nær og slikt sett gjer Menelaos ein god jobb å glede dottera si. Me får aldri treffe Neoptolemos i stykket og eg lurer så fælt på korleis han er? Kven hadde han heldt med? Gir det meining for Hermione å frykte han fordi ho truga me å drepe Andromake og sonen? Er han sur på henne som Andromake seier fordi ho berre snakkar om Sparta Sparta Sparta i staden for greier som interesserer Neoptolemos? Eg er så nyskjerrig!

Og til slutt Peleus. Han gjer for Andromake som Menelaos gjer for Hermione og beskyttar henne så godt han kan. Han får slengt all slags etter seg – han drap visst bror sin! Som ikkje får han til å virke som ein engel akkurat, men det ser ut til at han bryr seg nok om Andromake og sonen. Og i tillegg kjem jo Tetis og gir han evig liv i lag med henne og det er vanskeleg å ikkje stole på gudane dei er jo Gudane! (Eller dei som ikkje å ser ut til å vere av den aller kåtaste sorten i alle fall, eg stoler ikkje heilt på Zevs og Afrodite).

Hekabe (Ἑκάβη) 🗓️

År: 424 fvt.

Omsettar: Robert Emil Berge

For ein gongs skyld kom ein av desse dramaa i ein moderne omsetting! Eg blir jo heilt bortskjemt – ekstremt lettlesen. Eg likte då enkelte replikkar blei sånn halvveges delt og repetert: ‘så la min, la min datter få slippe fra det’ og eg likte at det blei valt hokjønnsord (som jenta og dattera (skjønt ikkje konsekvent … som i førre døme der han bruker min datter i staden for mi, men eg liker òg å vere ukonsekvent)). Eg har ikkje satt meg ned og telt men det kjenst i alle fall som om det berre blir fleire og fleire roller med namn i desse stykka. Det er nesten så eg må halde tunga rett i munnen for å hugse kven som er kven – men det hjelper jo at det alltid er dei same folka som dukkar opp. Eg synst det er fasinerande at alle tragediane handlar om same univers, fordi komediane gjer visst ikkje det, dei handlar om meir dagsaktuelle ting (visstnok, eg har aldri lest nokon). Men samstundes så er jo dei overlevande tragediar og komediar svært få så kanskje det er nesten drygt å konkludere noko som helst.

I denne tragedien er det stortstort fokus på eit tema eg synst dukkar ofte opp (og for min del fyrst dukka opp i Herodot si historie), og det temaet er at «Ingen kjenner dagen før solen har gått ned». Eller altså at dei som er lykkelege plutseleg på eit blunk kan bli dei mest ulykkelege. Og det skjer jo til dei grader med Hekabe fordi ho mister jo absolutt alt som det går ann å miste også er ho attpåtil gamal så ho var liksom nære å døy lykkeleg i høg alder, men så falt absolutt alt i grus altså. Han Polymestor opplev òg ein stor omvelting i sitt liv, men dei færraste synst vel synd på han, og Agamemnon blir fortalt at han er på veg heim berre for å bli drepen sjølv han òg (men teller Agamemnon her? Kva om han døyr før det går opp for han kva som har skjedd og kven som har drepe han? Eg er usikker).

Eg blir stadig imponert over Evripides og hans kvinner, han skriv dei med slik medynk og det er vanskeleg å ikkje beundre dei og like dei. Hekabe er ei gammel (skrukkete antar eg) dame men ho er minst like tøff som alle mennene. Visst klagar ho seg, òg ho får litt kjeft frå Odyssevs fordi ho er absolutt ikkje den einaste som har mista alt i krigen, men sorga hennar kjenst ekte og sår, til tross for at ‘riking som mistar alt i krigen’ ikkje er eit svært sympatisk utgangspunkt. Men så er det vel heller ikkje byen og tittelen og pengane ho sørger over, men tapet av alle ungane sine og ein slik sorg er jo den same for alle 👒👑.

Koret likte eg òg denne gong, det er trojanske damer som har blitt tatt til slavar, og songane deira er stemningsfulle – eg likte best då dei funderer på kva som vil skje med deira liv framover. Også likte eg aller best då dei gjenforteller kva dei gjorde med Polymestor: det er så levande og eg ser det heilt klart for meg. Dei minner meg svært om dei hemngudinnene frå det siste stykket i Orestien (i alle fall å sjå til). Og då Polymestor snakker stygt om damer så svarer koret: «Ikke vær frekk! Ta ikke hunkjønn under ett og klag på hele kjønnet for din ulykke!» og det kan eg jo ikkje unngå å ver einig i. Er nokre visse sider på internettet som hadde hatt godt av å lære seg det same.

De Bønfaldende (Ἱκέτιδες) 🗓️

År: 423 fvt.

Omsettar: C. P. Christensen Schmidt

Mødre som ikkje får gravlegge sine døde søner, ei kone som ikkje kan leve utan mannen sin, foreldre som må døy barnlause og mykje diskusjon om demokrati og kor forferdeleg det er med krig. Det er kjekkare enn det høyrest ut!

Eg har forstått, ved å lese dette drama og Antigone at gravlegging av dei døde var svært viktig i gresk kultur. Men det er det vel framleis i vår kultur. Sjølv dei ein ikkje har kroppen til, dei som forsvinner på havet, har sine minnesmerke. Korleis det er i krig i dag, veit eg ikkje. Genevekonvensjonen seier man skal gravlegge sine døde fiendar, og til og med verdig og respektfullt. I sagaene kallast ofte krigarar for ‘ravnemetter’ eller ‘ulvemetter’, så dei hadde visst ein litt annan haldning. I dette dramaet er det å ikkje gravlegge framstilt som det største nidingsverk.

At hine Voldsmænd, som formene død Mands lig,
at Gravens Ret og Ære ej det nyde maa,
I saadan Tvang du steder med din stærke Arm
og styrer dem til Rette, som al’ Hellas lov
omstøde vil; thi derpaa Statens liv beror,
at man tilbørligt holder Lov og Ret i hævd.

Likevel er ikkje Thesevs, *kongen* av Athen, (eg seier *konge* fordi i fylgje han sjølv har ikkje Athen ein herskar – men alle herskar saman (men alle er alltid einig med han, flaks for han)) heilt villig til å hjelpe Argos-folket som bed om hjelp med å få tilbake kroppane til sine døde søner og fedrar slik at dei kan få gravlagt dei. Thesevs synst dei kan takke seg sjølv for at dei starta ein slik dum invasjon og ser ikkje til å anse seg sjølv som ein slags «FN» og vil ikkje ha noko med noko som helst å gjer. Så klart når hans mor spør om problemet er at han ikkje tørr då forandrar alt seg og alt blir ordna i ein fei.

I siste delen av stykket, eg merker at dramaa ofte har to aktar nærmast, to deler med litt ulike tema eller ulike folk. I siste delen her er det særleg Evadne og faren som skil seg ut. Ho er ei kone til ein av dei døde mennene, og ho kan ikkje leve utan han. Det blir ganske dramatisk, eg lurer på korleis dette blei utspelt på scena. Sjølv om denne korte, men intense scenen er full av sorg og understrekar nærmast kor opprivande krig er, avsluttar tragedien kort etterpå med Athene sjølv som seier til dei døde mennenes søner at dei skal vekse opp ta hemn. Så ein blir visst aldri kvitt herjeriet heller.

Electra (Ἠλέκτρα) 🗓️

År: ~ 415 fvt.

Omsettar: Gilbert Murray

Kvar av dramatikarane har sitt drama om Elektra som har overlevd til i dag, Aiskhylos har Sonofferet frå Orestien, Sofokles har Elektra og Euripides har òg kalla sitt Elektra. Sofokles sitt drama har eg ikkje lest endå, men Aiskhylos sitt har eg lest – og det likte eg: det er rørande når syskena finn kvarandre igjen etter så mange år og det er vondt å lese kor dei hatar mora. Mor Klytaimnestra er streng og sikker, ho angrar ikkje sine skjebnesvangre val. Ho er ikkje redd for å bli stempla som skurk.

Hjå Euripides er ikkje alt så svart og kvitt, og ingen føler seg sikre på nokon ting. Eg synst det gjer tragedien større at dei gjer grufulle handlingar berre for å nesten angre. Alle har det vondt og ingen veit korleis å bli fri, og guden Apollon er jo til ingen hjelp. Stjerna Castor seier rett ut at Apollon (som gav Orestes bud om hemn) har handla galt:

And Phoebus, Phoebus … Nay;
He is my lord; therefore I hold my peace.
Yet though in light he dwell, no light was this
He showed to thee, but darkness

Elektra er bitter: stefar Aigisthos (og mora) har kasta ho ut av barndomsheimen og no bur hu i ei hytte på fjellet i lag med ein bonde ho blei gift med. Bonden er snill og modig, og flink til å arbeide – ordentleg kjernekar. Han er nesten den absurde blant alle dei andre som har sokke så djupt i hat. Særleg Elektra dyrkar hatet, ho klagar på det tarvelege livet ho no må leve men det er nesten som om ho gler seg ved det – at hennar stusselege liv gjer moras handlingar vondare og Elektras eige hat meir rettferdig.

Men sjølv om Elektra for det meste klagar så irriterer ho meg ikkje: Euripides skildrar ho svært sympatisk og lar oss sjå at det vonde brotet med familien må jo ha blitt opplevd urettferdig og utilgiveleg for eit lite barn. Ho blei fråtatt all den kjærleik ho trengte og måtte i staden leve aleine, og det er vel lita trøyst at mora gjorde alt for ei annan dotter si skyld.

Men samstundes får mor Klytaimnestra òg lov til å forklare seg og ho har heller ikkje hatt det godt. Klytaimnestra måtte sjølv lide for Agamemnons handlingar og som kvinne hadde ho ikkje så mange utvegar. Omsetjaren seier at Euripides lar dei diskutere saka utan å gi ei ende på ho, dei står på sitt utan at heile sanninga går opp for nokon av dei. Eg veit ikkje om dette stemmer overeins med det Aristoteles ville kalla ein ideell tragedie, men for meg stemmer det: alle er såra og har det vondt med rette, men ein veg til rettferd finst ikkje.

Enough: but say he wronged thee; slew
by craft thy child: -What wrong had I done, what
the babe Orestes? Why didst render not
back unto us, the children of the dead,
our father’s portion? Must thou heap thy bed
with gold of murdered men, to buy to thee
thy strange man’s arms? Justice! Why is not he
who cast Orestes out, cast out again?
Not slain for me who doubly he hath slain,
in living death, more bitter than of old
my sister’s?

Orestes, han som må utføre hemna, er skildra som litt stusseleg. Litt sjenert og tvilande, i sterk kontrast med at det altså er han som må drepe dei vaksne. Hjå Aiskhylos hugsar eg han som så kul og sjarmerande, men her er han altså litt stakkarsleg. Igjen er dramaet litt meir nyansert, heltane er ikkje fullstendig helteaktige og det gjer berre tragedien meir realistisk.

Den einaste som ikkje er svært nyansert må vere Aigisthos – ikkje at han er med særleg lenge. Omsetjaren samanliknar han med Klytaimnestra: ein kan forstå at ho har falt for Aigisthos. Agamemnon har vore borte i ti år (og det siste han gjorde før han drog var å drepe dottera deira) og Klytaimnestra er tross alt syster til Helena og er gjerne av liknande temperament. For å redde sitt eige liv hadde ho ikkje anna val enn å drepe Agamemnon då han kom heim, og sidan måtte ho la Agamemnon sine ungar leve under streng overvaking. Aigisthos sjølv vil helst ikkje at ungane skal leve, og Elektra blir gift med ein stakkarsleg bonde for å hindre at hennar ungar skal bli stolte krigarar som kan hemne bestefaren. Altså har Aigisthos blitt saman med Klytaimnestra utan noko eige tap, i staden har han vunne både land og ære (og hemn på Agamemnon – deira familiesituasjon er jo ganske komplisert og blodig i utgangspunket).

Heracles (Ἡρακλῆς μαινόμενος) 🗓️

År: 416 fvt.

Omsettar: E. P. Coleridge

Sitat

Euripides har endra litt på den tradisjonelle handlinga: Herakles er godt i gong med sine tolv storverk, men kona og ungane er framleis i live. Vanlegvis blir det fortalt at desse storverka er ein del av soninga for drapet på familien, men her er det litt stokka om på altså. Amfitryon nemner kort at det er for hans skyld Herakles er borte, at løna for Herakles arbeid er at Amfitryon får lov til å komme heim til byen han er utvist frå fordi han har drepe sin onkel. 🤷‍♀️

Hovudtanken i dramaet(den engelske wikipediasida for dette stykket er forresten svært lang om temaet "Tema") må vere ‘at livet kan vere så urettferdig!’, i tillegg til eit ganske vanleg råd om at ingen kan kjenne dagen før sola har gått ned. Det er jo ein stor gjengangar i alle dei greske dramaa. Men omkring halvveges går alt så innmari bra: Herakles kjem heim og Megara og ungane er redda – berre for at den notorisk sjalu Hera skal blande seg inn og gjere alt vondt. At livet kan vere så urettferdig! Og Zeus, Herakles far, dukkar ikkje opp eingong. At gudane kan vere så falske! Men fleire av menneskja i stykket setter store spørsmålsteikn ved gudanes moral og refser dei.

O Zeus, in vain, it seems, did I get you to share my bride with me; in vain used we to call you partner in my son. After all you are less our friend than you pretended. Great god as you are, I, a mortal, surpass you in true worth. For I did not betray the children of Heracles; but you by stealth found your way to my bed, taking another's wife without leave given, while to save your own friends you have no skill. Either you are a god of little sense, or else naturally unjust.
(Amfitryon)

Eg veit ikkje kor vanleg det var å kjefte på gudane? Det kjennest modig og sjølvrealiserande. Det har vel aldri vore skjult at gudane kan vere irriterande og egoistiske – i Iliaden er det som om dei speler brettspel med menneskja, men det er annleis når menneskja i stykket for lov til å refse gudane i staden for at lesaren/høyraren/sjåaren må tenkje seg til slikt sjølv.

There is not a man alive that has wholly escaped misfortune's taint, nor any god either, if what poets sing is true. Have they not intermarried in ways that law forbids? Have they not thrown fathers into ignominious chains to gain the sovereign power? Still they inhabit Olympus and brave the issue of their crimes. And yet what shall you say in your defence, if you, a child of man, take your fate excessively hard, while they, as gods, do not?
(Thesevs)

Trojanerinnene (Τρῳάδες) 🗓️

År: 415 fvt.

Omsettar: Bernt Vestre (bearbeidelse av Jean Paul Sartre)

Engelsk omsetting av Gilbert Murray

Desse er circa dei same sitata som i teksten, men på norsk og frå Sartre-versjonen

Eg las fyrst den norske omsettinga av stykket som eg fann på bokhylla.no, men etterpå såg eg at den omsettinga var basert på eit bearbeida drama av Jean Paul Sartre. Så då måtte eg lese ein annan versjon for å kunne sove godt om natta, og las Gilbert Murrays omsetting til engelsk. Eg syns ikkje skilnadane er så altfor store, det meste er likt men Sartres versjon har eit mykje meir moderne språk, avsluttinga er annleis – Poseidon drar og hemnar seg på alle grekarar, og det er meir Europa mot Asia-diskusjon (som eg eigentleg ignorerte fyrste gong eg las, eg oppfatta det ikkje som ein kritikk på moderne koloniseringskrigar som det visstnok skulle vere). I tillegg går alle songane tapt, og det er masse songar.

🔥

deira lagt i ruiner og alle menn er daude. Ganske forståeleg og hjarteskjærande ynking. Det er Hekabe som er hovudpersonen alle dei andre samlar seg rundt, den gamle dronninga. Hekabe er interessant, ei dronning som går frå høgaste lykke til den forferdelegaste ulykke. Som kvinne kan ho ikkje gjere stort anna enn å godta sin lagnad, hadde ho berre vore noko yngre kunne ho kanskje brukt ynde til å vinne ny posisjon i samfunnet(ho råder svigerdotter Andromakhe til å gjere det), men ho er altså i tillegg svært gammal. Vidare er hennar liv eit eksempel på dette ordtaket dei greske tekstane nemner gong på gong: at du ikkje kan sei du er lykkeleg før på din dødsdag, fordi skjebnen er så lunefull.

Gudane

Apropos lunefull så er gudane *så vidt* med, dei dukkar berre opp i starten. Poseidon er sint og lei seg fordi Troja er lagt i ruiner, men så seier Athene at no vil ho plutseleg straffe grekarane fordi dei vanæra eit av hennar tempel. Sjølv Poseidon blir forundra og synst Athene vaklar svært mellom kjærleik og hat.

Swift is thy spirit's path, and strange withal,
And hot thy love and hate, where'er they fall.

Eg lurer litt på kvifor gudane er med. Dei tidlegare dramaa hadde gudane ofte ganske store roller, men i dette har det blitt til nærmast ingenting. Så klart høyrer dramaet til ein heil trilogi og kanskje gudane hadde ei større og meir avgjerande rolle samla over dei tre stykka. Men dei er jo ikkje heilt utan betydning heller. At Athene skiftar frå å gi grekarane siger ved Troja til å ynskje dei alle drukna på veg heim viser jo at sjølv ikkje grekarane, dei lykkelege sigerherrane, kan unngå at lykka snur. Som Hekabe kan dei òg framleis oppleve sine største nederlag sjølv om dei no er på topp.

Hekabe

Det meste av dramaet sentrerer seg rundt Hekabe. Ho er i midten og dei andre damene kjem til ho og klagar. Fleire, Andromakhe og Helena, klandrar Hekabe for at Troja er lagt i ruiner! Ho visste kva som var spådd om Paris! For meg kjennest det svært tankelaust av desse kvinnene at dei legg skylda på ei anna kvinne. Grekarane har skylda, det er dei som angreip og beleira Troja. Om det verkar urettferdig så er det vel naturleg. Kvinnene er sinte og kjeftar på dei som er nærast.

Andre ting dei diskuterer er om det er betre å døy enn å leve i usikkert slik som desse kvinnene no gjer. Hekabe seier at dei som lev har no i alle fall det for døden er ikkje anna enn tomhet. Om ein endå lev har ein håp. Men Andromakhe meiner at sjølv om ho lev så har ho ikkje nødvendigvis noko slags *håp*. Det er ikkje så unaturleg at Andromakhe er pessimistisk sida ho akkurat har gitt frå seg son sin til soldatane som skal avrette han.

Kassandra

Den einaste som ikkje tynges alt for mykje er Kassandra, ho som kan sjå framtida. I motsetning til dei andre kvinnene veit ho sin eigen lagnad, men blir ikkje akkurat i lykkerus av det (ho har ikkje lenge igjen å leve). Men ho er flink til å sjå det fine og positive i alt det grufulle. Hennar daud betyr òg dauden til Agamemnon og Klytaimnestra – og kva skjendig daud dei skal få! Og ja Troja er i ruiner, men dei trojanske menn fall i alle fall på si eiga jord blant sine eigne kvinner, mens dei greske kvinner og fedrar veit ikkje ein gong at mennene og sonene deira er daude.

So the days waned, and armies on the shore
Of Simois stood and strove and died. Wherefore?
No man had moved their landmarks; none had shook
Their wallèd towns.—And they whom Ares took,
Had never seen their children: no wife came
With gentle arms to shroud the limbs of them
For burial, in a strange and angry earth
Laid dead. And there at home, the same long dearth:
Women that lonely died, and aged men
Waiting for sons that ne'er should turn again,
Nor know their graves, nor pour drink-offerings,
To still the unslakèd dust. These be the things
The conquering Greek hath won!

Dei som kjem dårlegast ut i dette stykket er definitivt dei greske mennene. At Odyssevs blir generelt mislikt og snakka stygt om gler meg for han har irriterer meg òg! Og då dei altså avrettar den heilt unge sonen til Hektor og Andromakhe, Astyanax er det toppen av den patetiske kransekaka.

How should a poet carve the funeral stone
To tell thy story true? 'There lieth here
A babe whom the Greeks feared, and in their fear
Slew him.'

Ifigeneia i Tavrernes land (Ἰφιγένεια ἐν Ταύροις) 🗓️

År: 414-412fvt.

Omsettar: Peter Østbye

Dette stykket var ordentleg spennande! Det var skummelt og lese seg mot slutten for eg var så redd for dei alle: vil Ifigeneias draum bli sann? Og i så tilfelle kven av gutane vil bli ramma? Eller er det Ifigeneia sjølv som må tragisk ofre seg på ekte denne gong? Eg er ein sucker for både syskjenkjærleik som ikkje er av syster-syster variant og her fekk me både syster-bror og bror-bror! Eg frykta det verste for dei alle.

Handlinga i dramaet er lagt til taurerne oppe ved Svartehavet. Desse folka blir nemnt av Herodotus i hans Historie, og det kan godt vere Euripides har henta informasjon om dei derifrå fordi mykje opplysningar om dette folket stemme overeins. Dei blir skildra som eit ganske vilt og barbarisk folk som tilber Artemis. Eg er litt usikker på korleis Artemis har enda opp der – er det slik at då hennar bilete falt ut av himmelen og landa der så måtte ho bli der? Heile hennar ritual og kult er temmeleg blodig og Ifigeneia seier at det er meir etter folkets vilje enn gudinnas. Men Artemis dukkar aldri opp i stykket i eigen person, så eg veit ikkje heilt kva ho tenkjer om alt dette.

De ofrer til Jomfruen både folk som lider skibbrudd ved deres kyst og de hellener de ellers får tak i. De innvier da først offeret og gir det så et slag i hodet med en kølle. Noen sier at de etterpå kaster legemet ned fra den klippe som helligdommen ligger på, men setter hodet på stake. Andre er enige hva hodet angår, men sier at de ikke kaster legemet ned fra en klippe, men begraver det i jorden. Taurerne selv sier at den guddom de ofrer til, er Ifigeneia, Agamemnons datter. Overfor krigsfanger går de frem på følgende måte. De hugger hodet av dem, og hver mann tar så med seg et hode hjem, setter det på en lang stake og anbringer denne oppe på taket av sitt hus, gjerne over ljoren, hvor hodet rager høyt oppe i været. Og så sier de at de der oppe i luften har voktere over hele sitt hus. De lever av plyndring og krig.
(Herodotus)

Men tilbake til denne draumen. Betyr han ingenting? Eller må me tolke han annleis, fordi det er eg ikkje smart nok til. Det er vanskeleg å godta at ein draum betyr ingenting, men me får ein historie heilt til slutt om då Apollon tok over orakelet i Delfi frå Gaia, då let Gaia menneskjer få orakelkrefter i sine draumar heilt til Apollon overtalte Zevs til å få slutt på det. Og Zevs forstumma dei nattlege stemmer som varsla menneskjer sanninga. Så draumen var berre ein draum? Eit triks for å skape spenning? Det fungerte på meg, fordi når fyrst Orestes er gjenkjent og meir eller mindre ut av fare får me vete at Pylades er òg ein del av familien – kanskje draumen gjelder han? (Det kan vere at denne avsløringa ikkje var ein avsløring for athenarane, men det var for meg!)

Ifigeneia er svært sjarmerande og søt. Heile opptakta til at syskena gjenkjenner kvarandre og Ifigeneia spør og spør om alt mogleg og Orestes verker berre irritert (eg trur eg merka hans himlande auger gjennom orda) var heilt herleg og underhaldande! Med så klart ein trist gjenklang sida årsaka til at ho spør så mykje er jo fordi ho saknar heimen sin og er så redd for familien sin.

Då Ifigeneia presenterer gutane med brevet ho vil ha sendt til Orestes får me vete at det er ikkje ho sjølv som har skrive det, det verkar som om ho ikkje kan skrive. Eg stussa litt på det – kvifor er dette informasjon me får vite, kva betyr det? Eg fann ein artikkel som snakkar om det, og det gjorde stykket litt trist eigentleg, men samtidig djupare og fekk endå meir medynk til desse ungdommane. Det blir påstått at å skrive er ein måte å formidle historie på, og Ifigeneia mislykkast i å skrive sin eigen historie til tross for at ho forsøker. Ho er flink til å veve, som er ein eldre måte å fortelje på, og det er ho som lagar planen som skal redde dei alle tre frå taurerane. Men det kjem ein storm og dei må reddast av gudinna, Athene, og Ifigeneia blir ein passiv mottakar av skjebnen ho blir gitt i staden for å altså skrive sin eigen historie. Òg hennar litlebror Orestes plages med alle desse gudane (Apollon) som har bestemt hans lagnad og styrt han i alle retningar. I tillegg står det i artikkelen at det er då Ifigeneia vegrar seg for å gå ut i sjøen og må bli boren om bord av Orestes at ho mister kontrollen over sitt liv og like etterpå mister òg ternene hennar, koret, kontrollen ved tempelet og bodet finn kongen og fortel om Ifigeneias bedrag.

Eg synst denne tolkinga er svært trist, det er ikkje kjekt å tenkje på at sjølv om det enda godt så er Ifigeneia framleis underkasta gudanes vilje og har ikkje stort ho skal ha sagt om sitt liv. Ho får ikkje ein gong komme heim, men må vere prestinne ved Artemis nye tempel utanfor Athen. Men gudane dukkar jo opp i nærmast alle tragediane så eg veit ikkje om dette er unikt for dette stykket? Eg får ha dette i minne mens eg les resten av tragediane: har nokon eigentleg kontroll over sitt eiget liv og sin eigen lagnad eller er det alltid gudane som i botn og grotn avgjer alt?

Ion (Ἴων) 🗓️

År: 414-412fvt.

Omsettar: Robert Potter

Endeleg kom eit drama om folk som var for meg ukjente. Dette er visstnok folk som høyrer til Athens tidlegare kongefamilie. Creusa er prinsesse og Xuthus er ein utlending som ho gifta seg med etter at han hjelpte Athen i ein krig. Ion er Creusas son med Apollon.

Stykket handlar om ganske vonde ting, valdtekt, men stadig er stemninga så lett og lystig – for å så plutseleg bli hjarteskjerande igjen. Det er enten realistisk eller melodrama. Sjølv om det er ein tragedie med ein lykkeleg slutt, så kjennest ikkje slutten lykkeleg ut. Det er jo ikkje så enkelt å berre godta og tilgi alt, det er ikkje gjort på to minutt slik som det blir framstilt her. Euripides har så god innsikt i korleis folk oppfører seg, eg nektar å tru at han verkeleg sjølv trur at no skal dei leve lykkeleg resten av sine dagar.

Første møtet mellom Creusa og Ion er kjekt: det startar med Ion, som er van å snakke med alle gjestene, fretter Creusa ut om ho sjølv og hennar familie. Det er visst ikkje kvar dag dei får besøk av athenske prinsesser! Men samtalen ender deprimerande då Creusa fortel at om ‘venninna’ som blei voldtatt av Apollon og ungen som døydde og Ion fortel at han er foreldrelaus og lev i tempelet av gjestenes matrestar.

Creusa er ei stakkarsleg dame som alltid har blitt styrt av andre i sitt liv. Det er vel typisk for fleire kvinner, men for Creusa starta vaksenlivet så dramatisk. Ho fortel om valdtekta at ho skreik etter mor si utan at Apollon brydde seg, så måtte ho halde graviditeten skjult for alle for og så føde aleine og forlate sin nyfødde unge som strakte seg etter hennar famn. Ho fortel at ho drog tilbake til hola, men då var ungen vekk og ho kunne ikkje finne ein blodflekk nokon stad, men går ut ifrå at han blei tatt og eten av ville dyr. Så blir ho gifta bort til Xuthus: ho er hans premie etter at hans bragdar i krig. Og så har dei levd saman i mange år utan å få nokon ungar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at ho er temmeleg lei, og ved vårt fyrste møte grin ho.

O stranger, it is not foolish of you to wonder at my tears. When I saw Apollo's halls, I recalled an ancient memory. I suppose that my mind was at home, though I am present here. O unhappy women! O gods, what deeds are yours! What then? To what may we ascribe justice, if we are destroyed by the injustice of those in power?

At Creusa plutseleg bestemmer seg for å drepe Ion er ikkje heilt rart: alle ternene hennar og den gamle mannen som står ho svært nær eggar ho og oppmuntrar ho. Det seiest at Xuthus, som ikkje er athenar, kan gje heile Creusa si arv til Ion – uansett om Ion er Creusas son eller ikkje, berre fordi Xuthus er faren og han har gifta seg til Creusas athenske velstand. Det er så urettferdig! Og Creusa som har mista så mykje allereie: alle hennar systrer døydde (vart drepne?) då ho var ung og no er det berre Creusa igjen. Og som kvinne har ho ingenting ho skulle ha sagt om sitt ser det ut til. Kanskje slike drastiske tiltak er den beste vegen?

Og til slutt knekker Creusa saman og fortel om si fortid som ho skjemmer seg så ved til ternene og den gamle mannen, og det er som ho seier det til heile verda og til gudane. Alt boblar or ho, og ho er så sint og så fortapt.

O my soul, how shall I be silent? But how shall I reveal the hidden bed, and depart from shame? What hindrance is still in my way? Against whom am I set in a contest of virtue? Is not my husband my betrayer, and I am deprived of a house, deprived of children; the hopes are gone which I wished to arrange well but could not, when I was silent on this union, silent on the lamented birth.

Ion> er ein ung gut, han verkar litt naiv, men svært snill. Han må alltid tvile på at gudane kan vere vonde, men han ser ut til å vere heilt klar til å fordømme dei om dei verkeleg er det. For Ion har høg moral og forventar at alle andre skal ha det òg, ikkje minst gudane som me ser opp til. Ion synst å vere relativt lykkeleg, men i samtale med Creusa får me vite at han svært gjerne skulle visst kven som var mor hans. Men då han får tilbod av Xuthus om å bli med heim til Athen som ein del av hans familie, takkar eigentleg Ion nei. Han ser at det vil bli eit vanskeleg liv i Athen som uekte son av ein utlending, og han synst synd på si stemor som er framleis utan barn og han synst ikkje rikdom er å føretrekka då det berre kjem med misunnelege fiendar. Eigentleg har han det best der han er, i Apollons tempel seier han.

Start-scena hans er nærmast som frå ein Disneyfilm der svinsar rundt med støvkosten og synger. Han klagar på fuglane som bur ved tempelet og berre skitnar til – han trugar med å drepe dei med bogen sin!, men seinare får med høyre frå ein annan at alle duene ved tempelet er heilt tamme og lev utan frykt – så Ion sine truslar kan ikkje vere dei verste.

Sjølv om Ion er for det meste snill, blir han mot slutten nærmast snill-sjåvinist? Creusa, som akkurat har prøvd å drepe han, har søkt seg i tryggleik ved Apollons alter og Ion synst det er urettferdig at dei slemme skal få lik behandling av gudane som dei slemme! Å sitje ved alteret burde vore forbeholdt dei gode! Men no er Ion ganske sint og kanskje han ikkje tenkjer heilt klart. Kanskje dette er hans Enchanted-øyeblikk der han er sint for fyrste gong!

Eg syntest scena med Xuthus og Ion, då Xuthus trur Ion er hans søn, var morosam: Xuthus er så ivrig på å klemme at Ion trur han har ein skrue laus og vel så det. Og då Ion spør kven som er mor hans har ikkje Xuthus kome på å spør om ho, ikkje er han særleg interessert heller: spør du! Seier han til Ion og vifter heile problemet bort.

Slutten av stykket er altså den delen som eg synst er rarast og mest virkelighetsfjern. Eg tar med to sitat frå Creusa med toppen ein halvtimes mellomrom. At ho kan gi slipp på sinne ho har levd med i mange år så fort kan eg ikkje gå med på. (Men då Athene seier at ho kom i staden for Apollon fordi han er redd dei er sure på han, då snøfta eg! Haha, for ein umoden og useriøs type!)

Oh! son of Leto, I invoke you, who send forth your holy voice from your golden seat, your central throne, I shall announce it in your ear: O wicked lover, you received no favor from my husband, but you settle a child in the house for him; while my son and yours, unknown, is gone, plundered by birds, and has given up the baby-clothes from his mother. Delos hates you, and so do the laurel shoots beside the palm with delicate leaves, where Leto gave birth to you, a holy birth, in the plants of Zeus.

I praise Phoebus, whom I did not praise before; because he gives back to me the child that he once neglected. These gates are lovely to my eyes, and the oracles of the god, which were hostile before. But now I gladly cling to the handle of the door and address the gates.

Eg ser alle sitata eg valde å ta me er Creusa sine ord. Ho er den som fengjer mest i dramaet til tross for at Ion er tittelpersonen. Men hans eksistens er jo heilt avgjerande for at Creusa er blitt den ho er.

Helena 🗓️

År: 412fvt.

Omsettar: Robert Emil Berge

😭😭😭 Eg må ærleg innrømma at eg synst dramaet Helena var litt kjedeleg og eg har vegra meg i om lag ei veke for å skrive noko om stykket – hadde eg ikkje hatt eigne sider via til desse tragadie-forfattarane så hadde eg nok berre hoppa over å skrive noko som helst. Eg veit ikkje heilt kvifor, introduksjonen til den norske omsettinga introduserte stykket interessant og peikte særskilt ut at myter kjem i mange versjonar og her blir med møtt med ein litt annleis utgåve enn den me vanlegvis blir presentert med. Sjølv om denne variasjonen ikkje var ukjent i gamle dagar, var han heller ikkje då den vanlegaste fordi Helena er som regel skildra som ei syndig dame, men her så viser det seg at alle har tatt feil av ho! Helena har ikkje gjort noko gale, men likevel blir namnet hennar skitna til på det grovaste og det er svært trist og urettferdig.

Det kan vere det var den norske omsettinga som ikkje fenga meg heilt, fordi det gjorde han ikkje. Omsettaren seier i introduksjonen at språket i tragediane var litt gammaldags og uvant, mens komediane var meir folkelege i språket – og likevel har omsettaren vald det som er (trur eg) radikal bokmål i sin omsetting? Det virka svært folkeleg for meg: mykje a-endingar. Og det var litt rart og det passa ikkje inn! Skjønt det var jo den same omsettaren som Hekabe hadde, og den tragedien likte eg svært godt. Eg kan ikkje hugse om eg reagerte på språket då. Altså eg må lese stykket om igjen på engelsk ein annan gong, men ikkje nå.