Malazan Book of the Fallen

Forfattar: Steven Erikson

Land og språk: Canada og engelsk

Desse tekstane tar ikkje særleg hensyn til spoilere! Så Pass Opp!

Gardens of the Moon 🗓️

År: 1999

Dette er faktisk andre gongen eg leser «Gardens of the Moon», eg likte boka førre gong også, men eg mista litt futten med tanke på at det er fyrste boka i ein serie på ti. TI! Eg prøver likevel. Førre gong så blei eg så betatt av heile stemninga og alle stadane at med ein gong boka var ferdig skrudde eg på The Sims og begynte bygge hus derifrå: Phoenix Inn og Simtal Estate, skjønt dei var finare i hovudet mitt men det er jo ting alltid. Og veit du det ikkje, eg blei inspirert igjen, så då var det rett tilbake til sims-verdenen for å bygge pub 🥂. Det er altså så enkelt å sjå for seg alt som skjer i denne boka (til og med slossing, sjå under), eg klarar ikkje la være å leve meg heilt inn i det. Byen er så levande: desse bymurane spesielt i Darujhistan ser eg heilt for meg som dei gamle bymurane i Thessaloniki, ikkje at dei er meir spesielle enn andre bymurar, men det er dei bymurane eg kjenner til – berre at dei i boka badar i blått lys da.

Det er ikkje alltid eg forstår kva det er dei snakkar om, men det gjelder for så vidt alle bøker eg leser. Skjønt etter at eg las Beretningen om de tre kongeriker(eg linker frykteleg ofte til den boka, ho har visst gjort stort inntrykk på meg!) så har eg lagt meg til ein vane å notere absolutt alle karakterer i eit word-dokument. Det høyrest kanskje litt bananans ut, men det funker for meg okei?! Det kan kanskje virke overkill og mas, men det er beroligande for min sjel i alle fall. Det er så mange folk som er med, men heldigvis er ingen av dei irriterande, kanskje er det fordi dei ikkje får så mange sider kvar sånn i det store og heile. Eg skulle gjerne hatt nokon favorittar, men… det er vanskeleg å velje (Lorn).

Slåssing har eg heller aldri vore flink til å følgje med på (eg minnest med gru «On Stranger Tides» som var kjekk, men slåssinga til havs.. eg blir forvirra av mindre), men slåssinga her var ikkje så halvgalen for meg, spesielt fordi det ikkje var så mykje. Men når det var action, så var det ikkje vanskeleg i det heile tatt å følgje med, sjå det for seg og forstå korleis slosskampen endte opp. Også var det til tider morosamt, spesielt Crokus som har sitt eget eventyr midt opp i alt. Dei neste bøkene skal visstnok vere betre, men eg er fornøgd så det står etter med denne boka her eg altså.

🎄Jul 2023 var eg på ferie til Kristiansand og i gågata der, Markens, så er kumlokka opplyste med fargar - det var akkurat som i Darujhistan. 🌆



Til biblioteket
Opp

Deadhouse Gates 🗓️

År: 2000

I førre bok blei det sagt at Felisin «er for blaut for denne verda», og skjebnen ho får er så hjarteskjerande. Altså ho er til tider verdas største snottunge, men det er eigentleg ikkje irriterande i det heile tatt. Sorg, smerte og traume tar vel form litt ulikt sjå alle, så det er kanskje frekt å sei det, men om Felisin hadde vore berre søt og snill som ei torturert og mishandla prinsesse i eit eventyr hadde eg neppe likt ho særleg. Ho er berre badne og eg fekk så vondt av ho. Likevel er ho litt mystisk for meg, mesteparten av tida er ho så påverka av enten det eine eller så det andre, at eg er ikkje heilt sikker på kven ho eigentleg er. Ikkje misforstå, ein blir jo forma av erfaringar og andre folk, men Felisin blir jo eksepsjonelt mykje påverka av andre folk og substansar i gruva og i ørkenen. Så ho er litt diffus for meg. Apsalar er òg litt diffus. I fyrste bok var ho jo ikkje seg sjølv i det heile tatt, og i denne boka så er ho ikkje ein hovudkarakter på nivå med Felisin. Men dei ser like ut, og eg trur dei er meint til å sjå litt like ut og? Korte, slanke og unge med mørkt, stritt hår.

Då eg leste den fyrste boka var det ofte eg ikkje forstod detaljer om kva som har skjedd før og kor i verda er den og den plassen, og kven er det dokker snakkar om… og det meste av magi var ukjent. Men i ei fyrste-bok er det greitt nok, det er som forventa. No i andre bok er det som om eg var att i fyrstebok-stemning. «Kven er det dokker snakkar om? Kor er det og det? Kvaaa betyr det?», og det er jo litt forvirrande, men det er ikkje forstyrrande mykje, og det meste løyser seg magisk opp etter kvart har eg merka. (ikkje alt, eg har notert nokre spørsmål eg håper å forstå ein gong nedst under knappen). Men generelt uansett liker eg alle desse ulike stadene som blir skildra, skjønt eg ikkje forstår kva dei ordentleg betyr og er, slik som det skipet med alle dei daude folka på, den krystalliserte byen, og den rare kjellaren i skyggetempelet. Og Azathen så klart! Tremorlor! Korleis er det meininga å uttale det på engelsk eigentleg? Høyrest ordentleg døvt ut.

Det som gjorde aller størst inntrykk er vel ingen overrasking: Hundelenka. Uff, eg gråt litt til slutt eg. Dei hadde kjempa så hardt og så lenge og var så slitne og flyktningane var så irriterande og bortskjemte, eller dei flyktningane som skreik høgast i alle fall. Det var vel skikkelege folk blant dei, men dei gjekk vel ikkje bort til soldatane heile tida å klaga på sørvisen. ÆSJ, dei var heilt ufordragelege, og soldatane var så fantastiske. Sistebiten der alt falt saman som dominobrikker var heilt forferdeleg å lese, som katteklør i hjartet. Men då rett før då ingeniørane hadde sin medaljeseremoni.. eg trur det var den morosamaste biten av heile boka! Heile denne gjengen var så herleg.

Andre kjekke bitar var då Minala hoppa til sjøs til hest. Matrosane fekk hakeslepp og det gjorde eg òg. Ho blei fort ein favoritt! Og alle delane der hundane er med, spesielt lapdoggen! Eg synst det var forfriskande å få lese positivt om slike småhundar. Også var venskapet mellom Mappo og Icarium så innmari fint og rørande, bitane med dei var nok dei eg likte generelt best. Og Iskaral Pust var svært morosam frå start til slutt! Umogleg å ikkje høyre hans skingrande stemme i hovudet når eg las (og når eg las høgt for meg sjølv var det berre han som fekk spesialstemme haha). Crokus er… med… som i fyrste bok, det er vel alt å sei om han, skjønt han veks jo til han òg. Hovudet mitt insisterer å vise meg han som ein 12-åring men eg trur han er 17 år.. Eg trur eg gav han raskt merkelappen «Birk» heilt frå starten av og det har liksom ikkje forandra seg. Apropos merkelapper er Shadowthrone merka som «Disney-Hades».

Til aller slutt så må eg sei at sjølv om det ikkje gjelder akkurat denne boka men heller den førre: Eg leser for tida Iliaden og slik gudane oppfører seg der og her minner meg svært om kvarandre, dei er så absolutte rakkarungar som blander seg inn i alt, vanlege folk har jo ikkje sjans! (men litt sjans har dei: desse gudane(Afrodite spesielt) klagar fælt på kor slemme dei dumme menneska er haha!)

Og også ja! I teksten over til bok 1, Gardens of the moon, skreiv eg jo at der var det så lett å forstå alt som foregikk i slosskampane og slikt, og ikkje sånn som eg hugser frå boka On Stranger Tides der eg ikkje forstod nokonting. On Stranger Tides er ein sjørøverhistorie og dei slåss mykje på båt. Og her i Deadhouse Gate er det litt slåssing på båt og i tillegg var det forvirrande samtaler(med hensikt?). Så eg berre godtok alt det utan å tenkje alt for nøye over det. Eg håper ikkje det blir veldig masse båtgreier i framtida. Det er så vanskeleg ☹.



Til biblioteket
Opp

Memories of Ice 🗓️

År: 2001

Det er rart korleis nye folk som dukkar opp verkar så små og ukjente i starten og så heilt naturleg gror dei til store fulle personligheter i løpet av boka! Det tydelegaste eksempelet er Gruntle. Han har dessutan ein liten-mann-namn, er du ikkje einig? Gruntle høyrest ut som ein som er liten. Men i Capustan, frå han riv døra av hengslene så berre veks han seg større og sterkare og blir jo heilt bokstaveleg dyrisk 🐯! Det var dritkult! Og han var jo ikkje klar over det sjølv eingong! Der han står på taket med huset proppfullt med lik, og flagg av barneklede, og alle dei som slåst saman med han som verkar like fortrolla som Gruntle sjølv, ooo det var temmeleg kult. Itkovian, frelsaren, høyrer til i same gruppe. Han var òg kul i same angrep, og hesten! Hesten som bit av hovudet på nokon 🐎! Hans historie var så trist. Det var så sårt då han stod utanfor møtet på haugen og ikkje følte seg verdig nok til å vere med. Og ved gravferda då alle Imass-ene kom og tok farvel med han – det var hjarteskjærande. Han hadde jo mista all meining i livet men klarte likevel å gi så mykje tilbake til veldig mange folk. Poetisk.

Det virker ikkje som om Anomander har noko særleg imot Malazan, han innrømmer til og med at han sjølv har ikkje peiling på kvifor han slåst eingong! Det at han har nokre opphøyede idealer er berre nokre folk har innbilla seg, haha. Kor skal me eigentleg med han og dei andre Tiste-ene? Eg gler meg til å få vite meir, dei verker litt fortapt – dei høyrer liksom ikkje heime nokon stad. Deira heim var jo ikkje deira heim eingong, den var bygd av dei ShortTails-ene (og Anomander er Seguleh nivå 6, meir om det plis, eg elska Segulehne, spesielt ilag med Lady Envy (og Lady Envy er typen som tramper med eit bein i bakken når ho blir sint, haha 💘)). Og sverdet hans forresten, Dragnipur, og chaos og order – det minner meg om skogbrann: Sverdet er når folk aktivt prøver å halde brannen (chaos) borte i stedet for å la skogen (order) klare seg sjølv. 🔥

Paran slit i denne boka, han slit med seg sjølv og sin oppgåve eller mangel på oppgåve, han er «kronisk utan hensikt» seier han sjølv. Han har jo ofte tvilt på seg sjølv fordi han er adeleg, og det er jo med rette sidan dei fleste ser ned på han for det. Men omforlades: har eg ikkje fulgt med godt nok eller har Paran framleis ikkje ordentleg slåst? Han hadde ein slåsskamp, men det var visst i form av ein hound og han sjølv hugsar ingenting av det?

Denne boka og den førre har vore så trist. Mhybe med sin tapte ungdom, torturerte Toc og heile Tenescowri-opplegget, Itkovian med sin døde gud, og den stakkars forlatte og forpinte jaghut-lillesystra. Men så var det litt lyspunkt heldigvis òg: då ulveparet fant kvarandre igjen! Det var koseleg! Det var koseleg når Trotts vant Berghast-duellen og Bridgeburners blei hans klan. Og til slutt pensjonerast alle Bridgeburners og Paran slår seg ned i Azathhuset i Darujhistan og Duiker har sitt kjærleiksbrev i hendene og alle lever lykkeleg alle sine dagar. Antar eg.

PS. Gjekk det meg husforbi at QuickBen snakka med Kalam? Eg venta på at det skulle skje, men eg la aldri merke til noko slikt.



Til biblioteket
Opp

House of Chains 🗓️

År: 2002

Sjølv om det er svært kjekt å lese desse bøkene så er det så mykje som eg ikkje heilt får med meg sida eg veit ikkje kva knaggar eg skal henge informasjonen på. Det er sikkert slikt som er kjempekjekt om ein skal lese bøkene ein gong til – å sjå korleis bitane heile tida fell på plass. No er det berre mange rare puslespillbrikker som er kjekke og interessante men dei er svar på spørsmål eg ennå ikkje veit om.

Det som forundrar meg mest no er kva som skjer med dei ulike Tiste-ne. Eg må ærleg innrømme eg ikkje heilt forstår kor dei kjem ifrå? Så vidt eg ser er dei andre skapningane enten ur-rasar eller utvikla frå ur-rasane. Men Tiste? 🤷‍♀️ Er dei frå ein annan planet? Warren?
Dei kjem i tri valørar: Mørke, Skugge og Lys. Og det blir snakka ein del om dette i boka: Skugge vil alltid eksistere om ein har både Lys og Mørke, men Lys og Mørke er òg nådelause med Skugge. Eg veit ikkje heilt kva dette vil sei for dei ulike Tistene eigenleg, men dei er i alle fall ikkje vener.
Lys-tistene har meldt seg ut frå resten av verda, Mørke-tistene er representert ved Anomander Rake og dei hadde kontroll på Shadowthrone si trone heilt til ein fyr som vert kalla Traveller kom og tok ho. Han skal vere Dancer og Kellanved sin aller beste venn? Er dette Dassem Ultor? Når skal Dassem Ultor dukke opp? Og til slutt har Skugge-tistene slått seg i lag med Crippled God og House of Chains – fordi? … makt? Ultimate hevn på sine Tiste-brør?🤷‍♀️ Det kan ver dei nemnte det og eg berre ikkje festa meg ved det.

Ei stor del av boka, fyrste del, er heilt via til Karsa Orlong. Eg fløy gjennom denne delen. Karsa er absolutt forferdeleg! Så ufølsam og slem, barbarisk sjølv til barbar å vere. Men då han og vennene er i denne hola med skrifta på veggen der det står at dei skal forme kulturen på nytt: med fokus på herjing og valdtekt, og Icarium dukkar opp igjen saman med T’lan Imass? Kva har Icarium heldt på med tidlegare i livet sitt? Jaghut og Imassene har jo hatt mange krigar mot kvarandre, og Icarium er ikkje heilt jaghut – han er jhag og altså blanda med «kva?». Imass kanskje? Er det derfor dei kan samarbeide? 🤷‍♀️ Eg lurer òg litt på korleis Toblakaiene blei blanda inn i desse Imass-Jaghut krigane og at dei faktisk tapte så heftig at dei endte opp tilbake i steinalderen? Yikes.

Seinare blei Karsa korsfesta og vel så det og hadde berre Torvald Nom til selskap. Det er ein del kompis-par i desse bøkene har eg lagt merke til og det er kjempekoseleg, men desse to Karsa og Torvald som dag ut og dag inn berre har kvarandre, som held liv i kvarandre så lenge, det er nesten så eg ikkje forstår korleis dei ikkje forelska seg. Det hadde vore meir naturleg for desse to enn dei faktisk romantiske para som har dukka opp i tidlegare bøker. Når det er sagt så synst eg Pearl og Lostara Yil har ein truverdig romanse. Problemet med alle dei andre må vere at romantikken kjem så ut av det blå, mens desse to para er saman aleine så lenge og me får vere med på så mykje personleg og ertande dialog dei imellom. Crokus og Apsalar er forresten med i gruppa «romansar eg ikkje trur på». Sjølv om dei er mykje saman så har dei ikkje hatt slike intime samtalar så vidt eg kan hugse, og det hjelper ikkje at Apsalar til no har vore ein temmeleg diffus person med tanke på at ho var Cotillion i heile fyrste boka og i andre boka hugsar eg ikkje stort av ho.

Denne boka hadde litt i overkant mykje seksuell misbruk og pedofili for meg. Det er jo slikt som skjer i verda og særleg i krig, men det er jo om lag ingen jenter som ikkje har blitt valdtatt? Apsalar kom seg unna, men eg veit ikkje kva misbruk det er når ein vaksen tar fullstendig over eit barnesinn slik som Cotillion gjorde men misbruk må jo òg dette vere. Menn blei jo på sett og vis valdtatt (i alle fall likskjenda?!) i Memories of Ice, men det kan eg ikkje fatte skal vere eitt eksempel på realistiske ting som skjer i krig. Det er ikkje det at eg har lyst på meir valdtekt, men forskjellen på menn og kvinners livserfaringar i desse bøkene er så stor synst eg. Når det er sagt så har eg jo mange bøker igjen, og eg antar det ikkje blir gladare bøker lenger ute i serien. Og forresten QUICK BEN?! Kva gjorde du med 14-år gamle Lostara Yil? 🤮

Ei dame som eg ikkje trur har vore eller blir misbrukt (kven er T’amber?) er Tavore og ho er min nye favoritt, ho heier eg på. Folk såg slik ned på ho og hadde ikkje trua i det heile tatt, men det hang jo ikkje saman med korleis Tavore oppførte seg i boka. Ho virka flink, særleg for ein nybegynnar-hærførar.
Det kan vere eg er forferdeleg svak for ein klassisk tragedie 🎭, men utfallet av møtet mellom Tavore og Felisin falt heilt i min smak.

Så har me Heboric og hans draum om Fener, trur eg, som er ein stor jadegigant og inni Fener er det fullt med fortapte sjeler? Dette var ein litt forvirrande draum som det sikkert ikkje er meininga eg heilt skal forstå meg på, men det minna meg svært om han Jademannen frå PC-spelet Pillars of Eternity. Dei må jo ha blitt inspirert av denne serien? Og for å svare på mitt eige spørsmål frå Deadhouse gates: Fener har falt ned på jorda og ligger nede i all Otataralen, og det er hans fingre som stikker opp.

No ser det ut som om det er Crippled God som skal bli den store farlege utfordringen (det er òg tittelen på den siste boka). Det blir sagt at dei andre gudane slåst evig mot uorden for å oppnå orden eller perfeksjon, men Crippled God vil heller prøve noko nytt: å tilbe det uperfekte. Det høyrest jo ikkje så ille ut (men det er jo eitt rødt flagg at det berre er galningar på Crippled God sitt lag), men Trull Sengar forklarar slik uperfeksjon eller ubalanse slik: Han sit rundt bålet og griller ein hare, han legg på ved så lenge det trengs, men når maten er ferdig sløkker han bålet. Om han legg på meir og meir ved vil elden vakse seg alt for stor og brenne alt som er og alt vil døy enten av elden eller av svolt etterpå. Å evig slost mot uorden er ikkje ein uting.



Til biblioteket
Opp