Brødrene Karamasov (Братья Карамазовы) 🗓️
Forfattar: Fjodor Dostojevskij
Omsettar: Geir Kjetsaa
Land og språk: Russland og russisk
År: 1879-1880
Eg trur eg må lese denne boka ein gong til ein annan gong. No var eg litt distrahert av at bokhylla.no skal fjerne tilgangen til halvparten av bøkene sine og her sit eg og les ei kjempelang bok som finst både på bibliotek-appen og på engelsk på Gutenberg.org. Men eg var konsentrert og eg gav boka alt eg hadde å gi, men likevel.
Dessutan så var dette ei slik tenke-bok. Støtt og stadig kjem dei ulike karakterane med lange monologar – og det er ei heil lita novelle midt inni sjølve boka! Dei filosoferer om livet og religion, ingen er heilt einige med korkje kvarandre og kanskje òg seg sjølv. Meg inkludert, eg var heile tida einig med den som fekk ordet, sjølv om alle meinte så ulikt. Med mindre det gjekk meg hus forbi så har ikkje denne boka ein særleg klar tanke ho vil formidle: «tenk slik!», men ho drøftar livet og religion frå fleire stader utan at ein heilt blir klar om noko. Og det er det jo lett å kjenne seg igjen i for meg i alle fall. Kanskje det einaste tydelege er at ein ikkje må lyge for seg sjølv, og at det finst glede oppi all sorga om ein berre har auga med seg.
Fleire av folka, dei fleste, er ganske lytefulle. Dei er sinte og kjeftar, masete, i overkant dramatiske, lyg så dei trur det sjølv, dei slost og dei ranglar bort alle pengane sine (eller andre sine). Og likevel blir dei skildra sympatisk og plutseleg kan eg bli varm om hjarta for dei òg. Dei har alle tendensar til å bli små fortapte barn i ein stor verd. ‘For mykje fridom’ er forslaget til Ivan (eller Storinkvisitøren), og det er eg ikkje heilt ueinig i. Det er vanskeleg å leve når uendeleg med vegar står opne. Og når dei ein etter ein får lov til å snakke for seg så er det klart at dei alle slit med indre kvalar og tankar, og dei har det ikkje så godt med seg sjølv. Heile boka er full av mykje sorg og forvirring om kva som er rett og galt.
Eg las boka for det meste i norsk omsetjing (den hadde omfattande etterord 👍), men eg prøvde meg òg på librivox sin lydbokversjon (omsett av Constance Garnett) og opplesaren i versjon 3 var så flink og behageleg å høyre på! Eg synst eigentleg den engelske versjonen av Storinkvistøren var mykje lettare på engelsk, kanskje på grunn av teiknsettinga: det var lettare å forstå kva som var Ivan sin historie og Ivan som snakkar til Aljosja. Også skulle eg ynskje eg kunne lese russisk for eg fekk lyst til å lese så mykje meir av same forfattar, men det er litt dumt at det må vere i omsetting for då går jo alltid noko tapt.
Men nå har jeg snakket meg vekk igjen, alle ordene er utslitt, jeg bruker dem liksom på måfå
(Nokre av desse tekstane mine om ulike bøker er heilt forferdeleg fluffy og unødvendige ☁️☁️☁️ Store bøker som snakkar om store tema kan vere vanskeleg å sei noko om, og eg føler andre har sagt mykje vetigare greier enn det eg nokon gong vil klare.)
Til biblioteket