Historiske planter

Her kjem kanskje?? etter kvart fleire planter enn denne eine. Eg hÄpar det. Eg vil finne ut om planter som ein finn ute i naturen som ein kan bruke og som blei brukt fÞr. Eg vil gjerne bli ein monk. SekulÊrmonk helst. Det er vel det jordbrukskollektivet eg alltid har ynskja meg eg lengtar til. Betre introduksjon nÄr eg har meir planter. Den fyrste planta eg begynte med, Stolt Henrik, har hatt sÄ mange namn pÄ same sprÄk og naturlegvis pÄ andre sprÄk, og i tillegg har han delt namnet sitt med andre planter - og det gjer at eg blir usikker pÄ om alle kjeldane snakkar om same plante. DÄ kjelder seier plutseleg at Stolt Henrik fyrst og fremst stinkar sÄ var det lett Ä ane uglar i mosen fordi min Stolt Henrik ikkje stinkar i det heile tatt, men kva om det er andre planter som har blitt forvekskla med kvarandre. Eg mÄ vere ÄrvÄken.

Stolt Henrik (Blitum bonus-henricus)

Namnet

Planta har hatt fleire latinske namn og det noverande er Blitum bonus-henricus. Blitum er eit gammalgresk namn pÄ ein amarantplante mens bonus-henricus er Gode-Henrik pÄ latin. Tidlegare var ho sortert blant slekta Chenopodium, latin for gÄsefot som peikar pÄ bladforma. FÞr det igjen har ho vore nemna som Lapathum unctuosum, Lapathum er eit gammalgresk namn pÄ ein matsyreplante, som ho lenge var rekna blant, og det latinske unctuosum refererer til noko velsmakande. Flora Danica omset namnet til SmÞr-Skreppe (skrÊppe er matsyre).

PÄ norsk har ho vanlegvis heitt Stolt Henrik eller Gode Henrik som er frÄ tysk, men kva Henrik det er snakk om er det ingen som veit. Det kan kanskje vere ein konge eller ein tysk nisse, kanskje det opphavleg var Heimrich og hadde med heimen Ä gjere eller kanskje namnet var berre for Ä skilje ho frÄ planta Malus Henricus. I dei eldre kjeldene stÄr det lite om Malus Henricus, men det finst ein annan Bonus Henricus og han stinkar(Atriplex Canina / Chenopodium vulvaria). Det kan gjerne vere nisse-teorien som er mest sannsynleg: plantenamna som byrjar med God er eldre enn Stolt (for denne spesifikke planta) og ein nisse er ofte beteikna med tillnamnet god, ein god-nisse. I tillegg finst namnet Allgode eller Tota Bona. PÄ svensk heiter planta Lungrot fordi rota blei gitt til sauer med hoste.

I dei aller fleste stadane det har blitt skrevet om Stolt Henrik er det sÊrleg namnet folk henger seg opp i, og det er ekstra forvirrande pÄ grunn av den andre Stolt Henrik, den illeluktande. Eg las i nokre eldre kjelder enn dei eg har lista opp og eg trur dei brukte Guter Heinrich berre om den andre, mens vÄr Stolt Henrik var rekna blandt andre planter. Schmerbel vart nemnt pÄ tysk.

Hausting

Stolt Henrik er fleirÄrig og skal produsere blad tidleg og trufast om vÄren til tross for dÄrleg ver og har en lang vekstsesong. SjÞlv om ho blÞmer rundt ormemÄnad og skjÊrsommar (juli), sÄ kan ein framleis plukke blada utan at dei har fÄtt vond smak. Blad, toppar og skot har blitt brukt til mat, mens blad og rot har blitt i medisin. Det er helst skot og unge blad ein skal plukke, og om ein stadig plukkar blad om sommaren skal planta vere flink til Ä lage nye heile sesongen. Blada kan tÞrkast, men blir som regel brukt ferske.

Mat

Planta har aldri vore sÊrleg viktig i Norden, men brukt i resten av Europa og Vest-Asia frÄ bronsealder og fram til vÄr tid som ein grÞnsak fÞr spinat tok over same rolle som matingrediens. Dei kan bli laga til mat pÄ same vis, ofte brukt i supper, stuingar og fyll. RÄ inneheld blada ein del oxalsyre, men det meste forsvinn med varmebehandling. Skot og toppar kan ein bruke som asparges, og om ein dekker skota til med blader eller jord blir dei lyse og milde pÄ smak.

Fleire kjelder hintar til at dei ikkje synst han smakar noko sĂŠrleg, men det gjer jo ikkje spinat heller. Dei synst namnet er flott og han er flink til Ă„ gi blader, men er ikkje mat ein lett saknar for smakens skuld og heller berre for naudsynt matauk.

Medisin

I Europa har Stolt Henrik vore viktig medisinplante som namnet Allgode/Tota Bona visar til og effekten skal vere generelt heilande, og hennar hovudnytte for folk har vore Ä lÊkja ytre sÄr som eit plaster eller grautomslag. SjÞlv om ho tidlegare var sortert saman med matsyre sÄ finst ein stor forskjell pÄ dei: matsyre kjÞlnar mens Stolt Henrik varmar, og heilingsevna er pÄ grunn av den varmande effekten. Om ein eter Stolt Henrik skal ho vere littegranne lakserande.

Det finst dei som foreslÄr Stolt Henrikblad pÄ ytre sÄr om ein lir av spedalsksjuke. I Danmark har Stolt Henrik vore foreslÄtt mot rakitt. Fyrst smÞrar ein pÄ den sjukes kropp morgondugg frÄ mors skjÞrtekant etter ein tidleg tur i hagen, sÄ tar ein pÄ ein salve av sju slags feitt: heste-, preste-, papegÞye-, slange-, hjerteben-, bjÞrne- og hesselfett. EtterpÄ legger ein pÄ den rette blant sju ulike «Stanthenriker».

Legen Pietro Andrea Mattioli tilrĂ„r Stolt Henriksaft blanda med eddik for Ă„ fjerne sĂ„r og flekker pĂ„ huda, eller grautomslag for smerte – sĂŠrleg smerte pĂ„ grunn av urinsyregikt. I Tyskland har bĂ„de ferske og tĂžrka blader blitt brukt til grautomslag med smertestillande og heilande effekt.

Valentin KrĂ€utermann (Christoph von Hellwig) seier ĂČg at saft blanda med eddik er ein god sĂ„rheilar, sĂŠrleg sĂ„r frĂ„ giftige dyrebitt. Han presiserer at safta blir laga av rota.

Kjelder