Fangstvekst
Fangstvekst og grøngjødsling er nært beslekta konsept og eg ser for meg at det er ord folk lett kan bruke litt hipp som happ.
Det er til ulempe for jorda om ho blir ståande utan planter veksande i seg. Dyra i jorda har ingenting å leve av, næringsstoffa som blir liggande att etter det som ein gong blei nedbrote eller forvitra blir skylt vekk med regnet, og sjølve jordstrukturen blir litt overlaten til seg sjølv og kan endrast i alle retningar – ho kan bli kompakt eller falle frå kvarandre utan røter. Ein løysning vert kalla fangstvekst.
Fangstvekst er planter ein planter for jordas skyld, ikkje for planta si skyld. Planta skal slåast ikkje haustast. Og dei må slåast før dei produserer blomar og frø naturlegvis – så dei ikkje spreiar seg på eigenhand. Når planta blir slått så kan all næringa i planta bli brote ned av organismane i jorda i staden for å bli brukt til blome/frø-produksjon.
Det finst ulike fordelar med ulike fangsvekstar.
Fotosyntese
Fotosyntesen er produksjon ved hjelp av sollys. Hovudmålet er å produsere energi.
Vanlegvis er det pigmenta klorofyll som vert brukt til å absorbere lys.
Klorofyll er molekyl som absorberer lysbølgjer, og me ser dei bølgjene som ikkje blir absorberte. Som regel reflekterer pigmenta i blada grønt lys.
Klorofyllmolekyla finst inni kloroplast.
Kloroplast finst særleg på oversida av blada. Sida planta har pigment for å absorbere lys må pigmenta naturlegvis vere vendt mot sola ☀️. Inni blada, rett under epidermis, finn ein fyrst eit tett lag med celler, og det laget kallar med stolpevev eller palisadevev/mesofyll. Og under er det eit meir glissent lag med celler som vert kalla svampvev/mesofyll. Begge desse veva inneheld klorofyll. Lukkecellene i spalteopningane inneheld òg klorofyll, men dei ligg på undersida av blada.
Palisadevev og svampvev
Det er fyrst og fremst palisadevevet som absorberer lysbølgjer, mens svampvevet arbeidar meir med å ta opp karbondioksid frå lufta og sleppe frå seg oksygen, og sleppe ut vatnmolekyl.
For at svampvevet skal drive med gassutveksling og transpirajon er det praktisk at dei ikkje ligg så tett som palisadevevet men er omgitt av luft. Faktisk så er svampvevet òg dekka av ei tynn vasshinne der karbondioksidet blir oppløyst før det trenger inn i svampvev-cellene (og oksygenet er naturlegvis òg oppløyst i vatnet på veg ut)[1]. For at CO2 og O2 i det heile tatt skal nå fram til svampvevet som er inni blada så må lufta gå gjennom opningar i blada, spalteopningar/stomata.
Her er nokre bilder av palisadevev og svampvev inni blad
Fotnoter:
- 1: at svampvevcellene inneheld klorofyll i det heile tatt er kanskje berre fordi dei aldri har hatt nokon stor fordel av å ~ikkje~ ha klorofyll, evolusjonen driter vel i unødvendig utvikling (t.d. blindtarm)
Spalteopningar/stomata
Spalteopningane er opningar i blada der CO2 og O2 kan sleppe inn til svampvevet (gassutveksling), og vatn kan sleppast ut for å kjøle ned planta (transpirasjon). Opningane ligg på undersida av blada for å skjermast for sollys og regn.
For mykje sollys hadde ført til for mykje vassfordamping og opne regnsluser hadde drukna planta.
Det er meininga at vatn skal sleppast ut or spalteopningane. Det vil avkjøle planta, slik som sveitting avkjøler oss[1].
Spalteopningane blir justert med leppeceller/lukkeceller, og sjølve opninga er justert med saftspenning/turgortrykk. Saftspente celler gir OPEN opning. Det kjenst litt unaturleg ut for meg, men eg ser for meg ei slags tåteflasketut som må pressast litt på for å opne seg.
Fotnoter:
- 1: Varmen i plantecellene blir overført til vassmolekyla og med nok varme/energi fordampar vatnet og forsvinn ut i lufta og varmen i plantecellene går ned
Ugras
Rotugrass er ugras som spreiar seg vegetativt ved hjelp av sine eigne røter og stenglar. For å bli kvitt rotugrass kan ein plante og slå eng over fleire år, som til slutt vil utkonkurrere ugraset.
Frøugras er ugras som spreiar seg generativt ved hjelp av frø. Frø kan bli spreidd akkurat no, eller de kan ligge å vente i jorda i fleire år. For å bli kvitt frøugras kan ein luke om våren før plantene lagar frø.