Lauk

Om lauk

Ein lauk er ein toårig plante, altså:
Fyrste Året🌿 produserer han rot, stengel og blad – og i tillegg kan han produsere yngleknoppar for vegetativ/ukjønna formeiring.
Andre Året🌸 produserer planta blom og frø for å formeire seg generativt/kjønna.

Sjølve lauken til ein lauk er av blad og stengel🧅! Det meste av lauken er tjukke, tettsitjande blader, mens den flate, breie plata under som røtene heng fast i er stengelen: Sjå bilde her eit stykke ned på sida. Blada er tjukke fordi dei er fulle av næring til det nye skotet i år to, og blada er ikkje grøne fordi lauken ligg under jorda[1].

Namn på laukblad: skjellblad, laukblad

Namn på laukstengel: laukkake, laukskive

Dei tjukke laukskjella, blada, er altså eit næringslager for vinteren som planta bruker sin fyrste sommar på å produsere (ved at blada svulmar opp med næring). Ein vil helst at denne produksjonen skal vare lenge slik at lauken blir stor og næringsrik, men òg at han får tid på å visne litt slik at dei ytste blada blir eit beskyttande skjell rundt lauken – greitt for lauken om han vil overleve vinteren og greitt for oss om me vil lagre lauken lenge.
Altså blir lauken for stressa av ein eller annan grunn då vil lauken enten sjå seg ferdig for fort, eller gå rett i bløming (stokkløping/gå i stokk) fyrste året.

Laukkaka, stengelen, er liten men naudsynt: han lar lauken peike i rett retning ☀️ mot sola. Også transporterer stengelen vatn og næringsstoff (den korte vegen) mellom røter og blad. Sida laukkaka er laukens vekstpunkt så kan laukblada vakse opp igjen sjølv om alle blada som stikker opp av jorda blir kutta av.

Røtene til lauken er ikkje mykje å skryte av, men dei er viktige. Røtene er det fyrste ei plante produserer fordi det er røtene som tar opp vatn og næring til planta. Sida laukrøtene er så korte så rekker dei ikkje langt og er avhengige av at vatn og næringsstoff faktisk finst i nærleiken.

Jord

jordtype

Dei fleste planter liker sol og varme. Sola er planta si kjelde til energi og varme er naudsynt for biologiske prosessar generelt. Lauken er likeins, og sida lauka trenger å tørke litt mot vinteren: dei ytste bladskjella skal jo tørke inn til eit skal rundt løken, så vil skugge gjere tørkeprosessen enda treigare.

Lauken vil ha ei generelt god jord, det vil sei:

Kalka morene

Kalken aukar pH til eit nivå der dei fleste næringsstoff ikkje er så fastbunde til andre ting slik at laukrøtene klarer å ta dei opp til seg. Ved pH ~ 6 så sit ein god del næringsstoff fritt tilgjengeleg i jorda for planta, men elles er dei fastbunde til andre stoff[2].

Morenejord er ei blandingsjord laga av isbre: ei jord med kanskje alt frå dei minste partiklar til store steinar. Det er alt ettersom kor breen vandra, det betyr at minerala i jorda absolutt ikkje treng å samsvare med berggrunnen under. Sida norsk jord som regel er meir sur enn ikkje, så er det kanskje berre eit godt råd å kalke mineraljorda for å frigjere næringsstoff[3].

Moldrik sandjord

Sand er dei største jordpartiklane me har. Dei er store, men med relativt liten overflate som gir dei liten tiltrekkingskraft for vatn og næringsstoff. Altså er det ikkje mykje næringsstoff i sandjorda. Sandjord har berre store porer og slit med å halde på vatnet, altså er sand tørkesvak. På grunn av dårleg kapillarkraft klarer sandjord heller ikkje å plukke opp vatn frå grunnvasspegelen, men om sandjorda er blanda med silt så aukar evna til å halde på vatn mykje.

Moldjord er det same som mat/brun- og organisk jord. Slik jord skal innehalde minst 40% organisk materiale. OM er fullt av mat til alle organismar som igjen bryter ned og frigjer næringsstoff til plantene. Organismar er òg flinke til å danne aggregat av jorda, særleg større aggregat. Røter, meitemark, sopphyfar og bakteriar klumpar jorda samen som konsekvens av sine naturlege aktivitetar og levesett[4].

Lettleire

Lettleire er kanskje den beste jordtypen i fylgje plantene 💯. ‘Lett’-leire betyr at jorda inneheld berre 10-25% leire, og resten er ein blanding av sand og silt.

Leirpartiklar er den minste type jordpartiklar, blant typen kolloidar. Dei har negativ ladning og vil lett tiltrekke seg vatn og næringsstoff[5].

Lettleire er stabil, ikkje for laus og ikkje for kompakt. Fordi leire har mykje kolloidar!! vil ho helde godt på både vatn og næring. Kombinert vil dette gi gode røter: dei har ikkje behov for å leite etter næring og kan bevege seg der dei vil.

Ugras

Planter er alle blant jordas populasjon og alle vil ha næring og vatn. Lauk, med sine korte røter, er ikkje flink til å stå imot andre planter og kan trenge hjelp.

For å hindre uynskte planter/ugras så kan ein naturlegvis luke. Men det er mykje arbeid. Eller så er det forskjell på rotugras(vandrande planter) og frøugras(spreiast med frø) og begge er ein trussel mot lauk. For å verne seg mot ugras kan det plantast og slås eng fleire år på rad med planter ein veit ein har kontroll på og slår før dei lagar blomar og frø, før ein så sår løk. Då er ein tryggare på at det ikkje finst ugras-stenglar/røter i jorda, fordi dei er alle blit utkonkurrert av enga.

Etter at lauken er hausta så blir det ikkje så mykje planterestar igjen. Altså vil jorda ligge tom/svart heile vinteren. Det betyr at mikroorganismar ikkje har noko å leve av og næringsstoff ikkje har noko sted å gjere av seg. Næringsstoff kan då bli skylt bort med regnet, avrenning. Om ein plantar noko mellombels, vinteren over – ein fangstvekst, kan ein sleppe dette problemet.

Planting

Formeiring

vatning

Planter treng vatn til sine livsfunksjonar. Det meste vil til slutt fordampe, men noko blir brukt til fotosyntese. Mens vatnet finst i planta blir det særleg brukt til transport av næringsstoff og til å halde planta oppreist og saftspent!

Lauk treng vatn, og sida rotsystemet er litt avgrensa kan han trenge litt vatning – særleg mens han er liten. Mot haust og vinter skal lauken tørke opp litt, slik at dei ytste blada blir til eit beskyttande skal rundt lauken, og då er ikkje vatnbehovet stort.

Vatn blir tatt opp av røtene, men blir fordampa ut gjennom spalteopningane i blada. På veg igjennom planta kan vatnet transportere med seg næringsstoff. Undertrykket som skapast av at vatn fordampar ut hjelper til med å presse vatnet oppigjennom planta. Om planta manglar vatn vil spalteopningane lukkast for å spare på vatnet og vatnet vil slite med å halde planta oppreist.

gjødsling

Om jorda ikkje inneheld nok næring til planta må ein gjødsle.

Planter kan ofte oppleve at dei manglar fosfor (P)[6], - det er eigentleg eit seriøst problem i verden. Fosfor kan vere vanskeleg å få tak i, det er ofte bunden godt fast i andre stoffar i jorda, og lauk som har sitt korte rotsystem kan slite med å finne nok fosfor. Det einaste å gjere med fosfor er eigentleg å gjødsle, altså å aktivt tilsette fosfor i ein eller anna form.

Andre næringsstoff er enklare å frigjere for lauken: om ein har planta andre vekstar på området før og slår det før ein plantar løk, kan løken dra nytte både av næringsstoffa dei har samla og av mykorrhizasoppar om den førre veksten hadde det. Mykorrhiza kan vere ein stedfortredar for laukrøtene slik at laukens rotsystem strekker seg mykje lenger. Røtene til den førre veksten kan òg vere som spor for dei nye laukrøtene. Alt dette her går under Grønngjødsling (trur eg).

Lauken dannar lauk for å lagre næring til neste år. Derfor kan mangel på næring i jorda gjere at planta dannar lauk fort og med ein gong for å sikre seg opplagsnæring mens det finst, altså lite næring i jorda gir for tidleg (og altså liten) lauk. Men er det mykje næring i jorda, særleg nitrogen, så vil lauken nærmast drite i å lage ein lauk i det heile tatt men heller kvile på laurbæra.

hausting

lagring

Fotnoter: