Om lauk
Ein lauk er ein toårig plante, altså:
Fyrste Året🌿 produserer han rot, stengel og blad – og i
tillegg kan han produsere yngleknoppar for vegetativ/ukjønna formeiring.
Andre Året🌸 produserer
planta blom og frø for å formeire seg generativt/kjønna.
Sjølve lauken til ein lauk er av blad og stengel🧅! Det meste av lauken er tjukke, tettsitjande blader,
mens den flate, breie plata under som røtene heng fast i er stengelen: Sjå bilde her eit
stykke ned på sida. Blada er tjukke fordi dei er fulle av næring til det nye skotet i år to, og
blada er ikkje grøne fordi lauken ligg under jorda[1].
Namn på laukblad: skjellblad, laukblad
Namn på laukstengel: laukkake, laukskive
Dei tjukke laukskjella, blada, er altså eit næringslager for vinteren som planta bruker sin
fyrste sommar på å produsere (ved at blada svulmar opp med næring). Ein vil helst at denne produksjonen
skal vare lenge slik at lauken blir stor og næringsrik, men òg at han får tid på å visne litt slik at
dei ytste blada blir eit beskyttande skjell rundt lauken – greitt for lauken om han vil overleve
vinteren og greitt for oss om me vil lagre lauken lenge.
Altså blir lauken for stressa av ein eller
annan grunn då vil lauken enten sjå seg ferdig for fort, eller gå rett i bløming (stokkløping/gå i
stokk) fyrste året.
Laukkaka, stengelen, er liten men naudsynt: han lar lauken peike i rett retning ☀️ mot sola. Også
transporterer stengelen vatn og næringsstoff (den korte vegen) mellom røter og blad. Sida laukkaka er
laukens vekstpunkt så kan laukblada vakse opp igjen sjølv om alle blada som stikker opp av jorda blir
kutta av.
Røtene til lauken er ikkje mykje å skryte av, men dei er viktige. Røtene er det fyrste ei plante
produserer fordi det er røtene som tar opp vatn og næring til planta. Sida laukrøtene er så korte så
rekker dei ikkje langt og er avhengige av at vatn og næringsstoff faktisk finst i nærleiken.
Jord
jordtype
Dei fleste planter liker sol og varme. Sola er planta si kjelde til energi og varme er naudsynt for
biologiske prosessar generelt. Lauken er likeins, og sida lauka trenger å tørke litt mot vinteren: dei
ytste bladskjella skal jo tørke inn til eit skal rundt løken, så vil skugge gjere tørkeprosessen enda
treigare.
Lauken vil ha ei generelt god jord, det vil sei:
Kalka morene
Kalken aukar pH til eit nivå der dei fleste næringsstoff ikkje er så fastbunde til andre ting
slik at laukrøtene klarer å ta dei opp til seg. Ved pH ~ 6 så sit ein god del næringsstoff fritt
tilgjengeleg i jorda for planta, men elles er dei fastbunde til andre stoff[2].
Morenejord er ei blandingsjord laga av isbre: ei jord med kanskje alt frå dei minste partiklar
til store steinar. Det er alt ettersom kor breen vandra, det betyr at minerala i jorda absolutt ikkje
treng å samsvare med berggrunnen under. Sida norsk jord som regel er meir sur enn ikkje, så er det
kanskje berre eit godt råd å kalke mineraljorda for å frigjere næringsstoff[3].
Moldrik sandjord
Sand er dei største jordpartiklane me har. Dei er store, men med relativt liten overflate som gir dei
liten tiltrekkingskraft for vatn og næringsstoff. Altså er det ikkje mykje næringsstoff i sandjorda.
Sandjord har berre store porer og slit med å halde på vatnet, altså er sand tørkesvak. På grunn
av dårleg kapillarkraft klarer sandjord heller ikkje å plukke opp vatn frå grunnvasspegelen, men om
sandjorda er blanda med silt så aukar evna til å halde på vatn mykje.
Moldjord er det same som mat/brun- og organisk jord. Slik jord skal innehalde minst 40% organisk
materiale. OM er fullt av mat til alle organismar som igjen bryter ned og frigjer næringsstoff til
plantene. Organismar er òg flinke til å danne aggregat av jorda, særleg større aggregat. Røter,
meitemark, sopphyfar og bakteriar klumpar jorda samen som konsekvens av sine naturlege aktivitetar og
levesett[4].
Lettleire
Lettleire er kanskje den beste jordtypen i fylgje plantene 💯. ‘Lett’-leire betyr at jorda inneheld
berre 10-25% leire, og resten er ein blanding av sand og silt.
Leirpartiklar er den minste type jordpartiklar, blant typen kolloidar. Dei har negativ ladning og vil
lett tiltrekke seg vatn og næringsstoff[5].
Lettleire er stabil, ikkje for laus og ikkje for kompakt. Fordi leire har mykje kolloidar!! vil ho helde
godt på både vatn og næring. Kombinert vil dette gi gode røter: dei har ikkje behov for å leite etter
næring og kan bevege seg der dei vil.
Ugras
Planter er alle blant jordas populasjon og alle vil ha næring og vatn. Lauk, med sine korte røter, er
ikkje flink til å stå imot andre planter og kan trenge hjelp.
For å hindre uynskte planter/ugras så kan ein naturlegvis luke. Men det er mykje arbeid. Eller så er det
forskjell på rotugras(vandrande planter) og frøugras(spreiast med frø) og begge er ein
trussel mot lauk. For å verne seg mot ugras kan det plantast og slås eng fleire år på rad med planter
ein veit ein har kontroll på og slår før dei lagar blomar og frø, før ein så sår løk. Då er ein tryggare
på at det ikkje finst ugras-stenglar/røter i jorda, fordi dei er alle blit utkonkurrert av enga.
Etter at lauken er hausta så blir det ikkje så mykje planterestar igjen. Altså vil jorda ligge tom/svart
heile vinteren. Det betyr at mikroorganismar ikkje har noko å leve av og næringsstoff ikkje har noko
sted å gjere av seg. Næringsstoff kan då bli skylt bort med regnet, avrenning. Om ein plantar
noko mellombels, vinteren over – ein fangstvekst, kan ein sleppe dette problemet.
Planting
Formeiring
vatning
Planter treng vatn til sine livsfunksjonar. Det meste vil til slutt fordampe, men noko blir brukt til
fotosyntese. Mens vatnet finst i planta blir det særleg brukt til transport av næringsstoff og til å
halde planta oppreist og saftspent!
Lauk treng vatn, og sida rotsystemet er litt avgrensa kan han trenge litt vatning – særleg mens han er
liten. Mot haust og vinter skal lauken tørke opp litt, slik at dei ytste blada blir til eit beskyttande
skal rundt lauken, og då er ikkje vatnbehovet stort.
Vatn blir tatt opp av røtene, men blir fordampa ut gjennom spalteopningane i blada. På veg igjennom planta kan vatnet transportere med seg næringsstoff. Undertrykket som skapast av at vatn fordampar ut hjelper til med å presse vatnet oppigjennom planta. Om planta manglar vatn vil spalteopningane lukkast for å spare på vatnet og vatnet vil slite med å halde planta oppreist.
gjødsling
Om jorda ikkje inneheld nok næring til planta må ein gjødsle.
Planter kan ofte oppleve at dei manglar fosfor (P)[6], - det er eigentleg eit seriøst problem i verden. Fosfor kan vere vanskeleg å få tak i, det er ofte bunden godt fast i andre stoffar i jorda, og lauk som har sitt korte rotsystem kan slite med å finne nok fosfor. Det einaste å gjere med fosfor er eigentleg å gjødsle, altså å aktivt tilsette fosfor i ein eller anna form.
Andre næringsstoff er enklare å frigjere for lauken: om ein har planta andre vekstar på området før og slår det før ein plantar løk, kan løken dra nytte både av næringsstoffa dei har samla og av mykorrhizasoppar om den førre veksten hadde det. Mykorrhiza kan vere ein stedfortredar for laukrøtene slik at laukens rotsystem strekker seg mykje lenger. Røtene til den førre veksten kan òg vere som spor for dei nye laukrøtene. Alt dette her går under Grønngjødsling (trur eg).
Lauken dannar lauk for å lagre næring til neste år. Derfor kan mangel på næring i jorda gjere at planta dannar lauk fort og med ein gong for å sikre seg opplagsnæring mens det finst, altså lite næring i jorda gir for tidleg (og altså liten) lauk. Men er det mykje næring i jorda, særleg nitrogen, så vil lauken nærmast drite i å lage ein lauk i det heile tatt men heller kvile på laurbæra.
hausting
lagring
Fotnoter:
- 1: Blader er grøne på grunn av pigmenter kalla klorofyll som absorberer
lysbølgjer til fotosyntesen, mens grønfargen blir reflektert
- 2: pH er så komplisert for meg personleg at eg vil helst ikkje tenkje på det.
Men eg har notert at Ca2+ eller Mg2+ tar plassen til H+ i jorda -
både i jordvæska og på jordpariklane(kolloidane?). H+ reagerer med andre stoff og blir
til karbondioksid eller vatn. Færre H+ gjer at pH stiger.
Ideell pH skal vere 5,5-6,5
(kan variere litt med kjelda)
- 3: Jordklumpar vert kalla jordaggregat, og jord med aggregat har
aggregatstruktur.
Aggregat er klumpar av jord med mykje porer. Porene er fylte med vatn og luft.
Vatnet er ikkje fanga i jorda slik at plantene mister tilgang på luft, men er heller ikkje utav
stand til å stige oppover jorda ved hjelp av kapillarkrefter om det er tørt.
Her er litt meir om aggregat
- 4: Humus er kompliserte greier som eg ikkje blir heilt klok på. Det er
organisk materiale. Om all OM er humus veit eg ikkje, men trur i alle fall at all humus er OM. 🤷♀️
- 5: positivt ladde næringsstoff er K+, Na+,
Mg2+, Ca2+ og Al3+. Dei toarma magnesium- og kalsium-iona kan binde
seg til både leirpartiklar og humuspartiklar (begge med negativ ladning) og danne pittesmå aggregat.
- 6: Planter treng fosfor til ulike ting: dei høyrer til på ATP, på nukleotidar og på fosfolipidar. Ein plante må jo bli ganske svekka om han slit med å oppretthalde desse strukturane.