HERBARIUM

Her er ein introduksjon av tjue ulike planter, vald fordi dei var dei fyrste plantene eg tenker på når eg tenker «planter». I tillegg til å oppfylle krava om minst to nakenfrøplante/einfrøblada plante/tofrøblada plante, og mitt eige krav om ulike familiar for kvar plante. Mitt eige krav var for å gjere arbeidet med å teikne plantene litt meir interessant for meg, også er det tilfredsstillande at ingen familie gjentar seg.

Plantene blir introdusert i alfabetisk rekkefylgje og eg har brukt dei namna som er naturlege for meg. Grunnen til det er at eg fyrst i sommar oppdaga at det plagsame, stikkete ugraset brakje er den same planta som eksotiske einer eg berre har høyrt om i julesongar og sett bær frå på butikken. Eg kjenner ikkje «einer», men brakje har eg vakst opp med og kjenner godt. Så for dei plantene eg bruker andre namn enn dei som leksikon og flora bruker, bruker eg mine namn sida det er fyrst og fremst dei plantene eg snakkar om.

Brakje (Juniperus communis)

Alternativt namn: einer

Familie: Sypressfamilien

Klasse: nakenfrøplante

Brakje er ein særbu plante som kan ha fasong som eit rakt tre, men som vanleg heller ein krypande busk. Brakje har spisse nåleforma blader, kalla nåler, som er sølvfarga på undersida og grøne eller blålege på oversida. Nålene er kransstilt, tre og tre, rundt ein vedaktig stengel. Brakje er ein nakenfrøplante og har ikkje blomar på same måte som blomeplantene, dekkfrøplantene, i staden har han kongler. Hankongla, eller hannblomane er lysegul og har pollenblad med fleire pollensekkar kvar. Hokongla blir til det som liknar eit bær. Bæra er omkring 6 mm i diameter og bruker to år på å modnast. Fyrste året er dei lysegrøne og andre året blir dei mørkelilla, nærmast svarte. Konglene er laga av tre samansmelta skjell og ser ein etter kan ein sjå eit 3-beina kryss der skjella har smelta saman. Kvar kongle inneheld 1-3 frø.

Brennesle (Urtica dioica)

Alternativt namn: Stornesle

Familie: Neslefamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Brennesla er ein fleirårig plante som blir ein halv til to meter høg. Heile planta er dekka i hår, både vanlege hår og brennhår. Brennhår er hår som sprøyter gift i dei som tar på håra. Håret har ein butt ende som knekker av om ein er borti og den spisse opne enden på håret kan trenge inn i huda og sprøyte inn gift. Brennnesla har ei lang pålerot og ein krypande jordstengel som kan produsere lysskot. Stengelen er regel ugreina og litt kanta i fasong. Blada sit motsette på stilk opp stengelen og er hjarteforma, tanna og mørkegrøne. Brennesle er ein særbuplante, altså at hannblomar og hoblomar er på ulike plantar. Blomane veks ifrå bladhjørna og blomestanden er mykje lengre enn blomsterstilken. Blomestanden er lange, hengande, forgreina, lysegrøne aks. Hannblomane slepp ut pollen til vinden ved at blomane plutseleg opnar seg. Frukta til brennesla er ei lysebrun nøtt, forma som eit egg.

Europalerk (Larix decidua)

Familie: Furufamilien

Klasse: nakenfrøplante

Europalerka er eit tre frå Sentral-Europa som kan bli oppimot 40 meter høgt. Stammen er gråbrun og barken skallar av. Sidegreinene er ofte meir vassrett hengande enn rette hjå dei eldre trea. Europalerka er eit lauvfellande tre og lauvet er blad i form av nåler. Nålene er fyrst mjuke og lysegrøne, men blir gule om hausten. På kortskot sit nålene saman i buntar og på langskot sit nålene enkeltvis. Europalerka får blomar eller kongler når ho når ein alder på 30-60 år. Europalerka har hann- og hoblomar på same tre, men hoblomane blømer to veker før hannblomane. Hannblomane er gule og runde og sit på undersida av skota, og dei held seg berre på treet gjennom våren. Hoblomane sit i endane på kortskota omkransa av nåler. Dei er sylindriske og raude og blir etter kvart brune kongler som kan bli sittande på greina i ti år eller meir. Europalerka får frø med vengjer som faller ut av konglene i løpet av vinteren.

Flamboyant (Delonix regia)

Familie: Erteblomstfamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Flamboyant er eit relativt kort tre frå Madagaskar. Det blir 10-20 m høgt og får ei brei krone. Blada er dobbeltfinna og likefinna. Kvart blad er omkring 20-50 cm langt og har 9-25 småblad. Kvart småblad har 14-30 mindre småblad. Om det ikkje blir for kaldt eller tørt vil treet ha grøne blader året rundt. Stammen er grå og glatt og røtene kan vere noko oppe i dagen nær stammen. Flamboyant får svært mange blomar, dei kan dekke heile krona. Blomane som kan bli rundt 10 cm i diameter og består av fem kronblad, der fire er raude og eit er kvitt med raudt og gult i. Kronblada er runde i enden og blir smale nær blomebotnen. Etter blomane lagar treet lange grøne belgar som blir omkring 60 cm lange og dei vil modnast til å bli brune og slepp frå seg 20-45 ovale, flate frø.

Groblad (Plantago major)

Familie: Kjempefamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Groblad er ein fleirårig plante som blir 5-30 cm høg. Han har eggeforma blader med 2-3 cm lang bladstilk satt i rosett ved basis av planta. Blada har 3-9 bogenervar. Blomane er små og sitt tett saman på eit aks, og akset sit på ein bladlaus stengel. Dei små blomane er gulkvite og forma som ei krone der dei fire kronblada er flikar. Blomane er førstholege, eller protogyne, altså at hoblomane er klare for pollinering før hannblomane er klare til å sleppe ut pollen. Og fordi bløminga startar nede på akset så vil akset etter kvart ende opp med hannblomar nedst og hoblomar øvst. Sida hannblomane alltid vil vere nedst er det mindre sannsynleg at hoblomane blir bestøva av dryssande pollen frå sin eigen plante. Pollenbærerane, som er synlege fordi dei stikk litt ut frå planta, er først lyselilla og blir seinare brune. Frøa blir klissete i vått vêr og kan slik spreie seg med alt som er borti planta.

Heliconia rostrata

Familie: Heliconiacea

Klasse: einfrøblada dekkfrøplante

Heliconia er ein fleirårig plante frå Amerika med underjordisk stengel som dannar klumpar. Jordstengelen gjer at Heliconia lett kan spreie seg. Blada veks på bladstilkar opp frå den underjordiske stengelen og er plassert i spiral. Dei dannar ikkje ein overjordisk stengel, men bladstilkane står såpass tett saman at dei dannar ein pseudostengel som hjå bananplanta. Bladstilkane kan bli over ein meter lange og har store ovale blad. Blada er lêraktige. Blomestanden, som kan bli 60cm lang, veks i enden på ein stengel og peikar ned mot bakken. Dei eigentlege blomane er lysegule og gøymd inni store raude og gule høgblad. Blomane blir pollinert av kolibriar og vil etter kvart produsere blå, små steinfrukt. Etter at frukta er produsert vil heile blomestanden døy, men kvar bladstilk har potensial til å produsere nye blomestandar.

Ingefær (Zingiber officinale)

Familie: Ingefærfamilien

Klasse: einfrøblada dekkfrøplante

Ingefær er ein plante som kjem frå Søraust Asia og han lagar årlege skot på ein fleirårig jordstengel. Jordstengelen har stengelknollar som liknar ei tjukk hand og er etande. Stenglane som veks frå jordstengelen er ikkje eigentlege stenglar, men pseudostenglar der dei motsette blada står så tett og overlappar kvarandre at dei liknar ein stengel. Skota kan bli rundt 1 meter lange med 20 – 30 cm lange blad. Blada er lansettforma og meir opprette enn hengande. Ingefær får ikkje så lett blomar og når dei kjem er dei ofte sterile. Blomane veks på ein bladlaus pseudostengel som endar i noko som liknar på ei kongle. Kongla er laga av høgblad og blir 30 cm lang. Innimellom høgblada kan 3 cm store blomar dukke opp. Blomane er gule og mørke raude eller lilla. Frukta til ingefæren er ein raud kapsel med tre rom som er fylt med svarte små frø.

Jåblom (Parnassia palustris)

Alternativt namn: Ljåblom

Familie: Spolebuskfamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Jåblomen er ein fleirårig urt som blir omtrent 25cm høg. Blada er hjarteforma og dei fleste er langstilka og stilt i rosett, men i tillegg har stenglane som regel eitt sittande blad kvar. I enden av stengelen veks ein einsleg, skålforma blome med fem kronblad. Kronblada er kvite med lyse nervar. I midten av blomen er eit fruktemne med eit fire-delt arr. Blomen har fem vanlege pollenberarar og fem sterile pollenbærarar, kalla staminodiar. Det er den ytre krins av pollenbærarar som utviklast normalt og den indre krins som blir staminodiar. Staminodiane fungerer som falske nektarier, kjertlar som skil ut nektar, for å tiltrekke seg insekt. Staminodiane har gule kuler i enden som kan sjå ut som nektardråper, men den verkelege nektaren blir produsert ved foten av staminodiane. Etter blomen vil planta produsere ein frøkapsel.

Løpstikke (Levisticum officinale)

Familie: Skjermplantefamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Løpstikka er ein fleirårig luktande plante frå Asia som kan bli to meter høg. Rota er ei pålerot og stengelen er rund, tjukk og hol. Blada finst både i rosett frå rota og enkeltvis opp langs stengelen. Blada i rosetten er som regel noko større enn dei på stengelen. Blada er dobbel- eller trippefinna og småblada er som regel ganske djupt flika. Blada er tjukke, blanke, mørkegrøne og luktar ein del, særleg om dei blir knust. Løpstikka får små unnselege blomar som sit saman i mindre skjermar som igjen dannar ein stor skjerm. Blomane er grøngule. Under skjermane finst mange høgblad i krins, kalla storsvøpblad, og kvar småskjerm har småsvøpblad som er smelta saman. Den litle frukta til løpstikka blir omkring 5mm lang og er ovale og gulbrune.

Marehalm (Ammophila arenaria)

Alternativt namn: Sandrøyr

Familie: Grasfamilien

Klasse: einfrøblada dekkfrøplante

Marehalm er eit rasktveksande fleirårig gras som lagar meterhøge tuer. Rota er ein krypande rotstokk og planta kan i tillegg produsere adventivrøter og utløparar slik at han lett kan spreie seg. Marehalm er ein pionerplante i sand og dei vidt spreiande røtene og høge stive tuene fangar sand og lagar sanddyner. Sjølv om graset blir dekka med ny sand så kan det fort vekse opp igjen nye skot frå den sanddekte planta. Blada er stive, spisse, blågrå og ofte innrulla. Spalteopningane er på bladoversida så planta ruller inn blada for å hindre vasstap, samtidig er undersida dekka i ein tjukk kutikula òg for å hindre dehydrering. Utanpå kutikula finst vokskrystallar som effektivt spreier lyset og gjer at blada får ein blåleg farge. Blada har ei slirehinne på omkring 15mm. Blomestanden er eit kjevleforma aks som kan bli 10-20cm langt og er gulaktig. Småaksa er kortstilka og einblomstra.

Ramsløk (Allium ursinum)

Familie: Påskeliljefamilien

Klasse: einfrøblada dekkfrøplante

Ramsløken er ein fleirårig plante som blir 20-50 cm høg og som ofte dannar store bestandar. Rota er ein lang smal lauk. Kvar lauk har berre to eller tre blad som er stilte i rosett på kvar sin 5-15 cm lange bladstilk. Stilken er vridd slik at den sida som vender opp eigentleg er undersida av bladet. Blada er flate på begge sider, men kan vere noko elliptiske. Dei er 2-5 cm breie, lansettforma og dei kan luktast. Blomane er kvite og små, og dannar skjerm- eller halvkuleliknande blomestandar på 5-20 blomar. Blomestanden har støtteblad som tidleg faller av. Blomane har seks heilt utbretta blomeblad som til saman ser ut som ei stjerne. Dei seks pollenbærarane er berre halvparten så lange som blomeblada. I midten finst tre ganske synlege grøne fruktemne.

Ryllik (Achillea millefolium)

Familie: Kurvplantefamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Ryllik er ein fleirårig plante som blir 25-50 cm høg. Han har ein krypande forgreina jordstengel som dannar utløparar og kan lage tepper. Stengelen er opprett og har få greiner nedst, men greiner seg ut øvst. Blada er dobbel eller trippelfinna der småblada sitter tett saman og er lansettforma og flika. Dei er mjuke og lòdne. Det som ser ut som ein blom er eigentleg ei korg som består av fleire blomar. Dei gule skiveblomane sit i midten og dei fem kvite eller rosa randblomane sitter langs kanten. Randblomane har tungeforma blad og skiveblomane er røyrforma. Korgene blir omtrent 5 mm breie, og lager til saman halvskjermar der alle blomestilkane kjem frå same stengel. Korgdekkblada har ein brun kant. Ryllik kan i tillegg til utløparane formeire seg med hjelp av frø. Frukta til rylliken er ei nøtt utan fnokk.

Røsslyng (Calluna vulgaris)

Familie: Lyngfamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Røsslyng er ein lyng som blir 50-80 cm høg og lagar vedaktige stenglar, eller stamme. Stenglane er ofte ganske forgreina og vridde enten opp eller ned, og dei nedliggande kan slå nye røter. Han har korsvist motsette blader opp stengelen og tettblada sidegreiner. Blada er ganske små, nåleforma, overlappar kvarandre, 1-4 mm lange og sit på heile året. Blada har ein liten nedovervendt flik ved botn langs stengelen. Blomane er rosa eller lilla og sit nærmast i klasar i den øvre delen av stengelen. Dei fire begerblada er større enn den eigentlege blomen med fire kronblad, men dei har same farge. Begge blada er ganske stive, pollenbærarar er ikkje synlege men griffelen stikker ofte ut av blomen. Røsslyngen blir pollinert av det litle insektet trips som lev i blomane, dei visne blomane blir sittande på stengelen heile vinteren. Røsslyngen lagar ein frøkapsel med fire rom og mange frø som blir spreidd for vinden.

Stjernemagnolia (Magnolia stellata)

Familie: Magnoliafamilien

Klasse: basal blomeplante, tidlegare tofrøblada plante

Stjernemagnolia er ein 3-4 meter høg busk frå Japan. Han har grunne røter og mange greiner, men han veks treigt. Hovudgreinene er sølvfarga og sidegreinene er brunare. Blada er mørkegrøne, ovale til lansettforma og rundt 7 cm lange. Dei sit spreidd og skruestilt langs kvistane, og om hausten eller vinteren dett blada av. Blomane liknar kvite stjerner. Dei har som regel 12-18 smale og lange blomeblad, det varierer med kultivaren. Blomane sit enkeltvis i enden av kvistar. Knoppane er tjukke og hårete, og blømer seinvinters før blada kjem tilbake. Blomane har både fruktblad og pollenbærarar, men dei er ikkje i bruk samstundes. Fyrst er fruktblada rulla ut for pollinering og etterpå bli pollenberarane spreidd ut for å spreie pollen. Stjernemagnolia får frø i ein klumpete rosa kapsel. Kapselen er avlang og blir omkring 7 cm lang. Frøa blir store og oransje.

Strandnellik (Armeria maritima)

Alternativt namn: Fjærekoll

Familie: Hinnebegerfamilien eller fjærekollfamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Strandnelliken er ingen nellik, men han kan minne om ein slags nellik på litt avstand. Strandnelliken er ein 10-40 cm høg fleirårig plante som veks nær sjøen og lagar tuer. Blada er lineforma, stilt i rosett og er mørkegrøne. Dei er 3-8 cm lange, smale og de har éi nerve på langs. Dei er noko tjukke og kan holde på mykje vatn, mens overflata er lita for å hindre vasstap. Rota er ei pålerot som kan bli ein halv meter lang, og stengelen er ein jordstengel. Jordstengelen er forgreina og kvar grein dannar ein bladrosett, og til saman blir det slik danna tuer. Blomane har fem rosa eller lilla kronblad, og sit tett saman og lagar eit hovud. Hovudet er 1-3 cm bredt og er breiare enn begeret under. Under blomen finst ei slire som dekker stengelen.

Surblad (Rumex acetosa)

Alternativt namn: Engsyre, Matsyre

Familie: Slireknefamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Surbladplanta er ein fleirårig særbu plante som kan bli 30-90 cm høg. Planta har ein pålerot som kan kløyve seg og vegetativt formeire seg til to planter med kvar si rot. Sjølve fasongen på rota kan variere ein del med jorda ho står i. Stengelen er opprett, rund og med forer. Planta har både blad på stilk frå rota og blad opp langs stengel, men dei langs stengelen får mindre og mindre bladstilk til dei øvste som regel er sittande blad. Blada er ein god del lengre enn dei er breie og dei er pileforma. Bladslira er oppslitta eller tanna. Blomestanden er ein open forgreina topp av små raude eller grøne blomar i klasar, men sida planta er ein særbuplante finst hannblomar og hoblomar på ulike plantar. Båe typar blomar er små og unnselege. Hannblomane er dei grønaste og hoblomane er heller raude med arr som penslar. Frukta er ei nøtt med trekanta tverrsnitt.

Surkløver (Oxalis acetosella)

Alternativt namn: Gauksyre eller gjøkesyre

Familie: Gjøkesyrefamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplanter

Surkløveren er ikkje ein kløver men har kløverliknande blader, det vil sei, bladene er kopla saman tre og tre. Blada er omvendt hjarteforma og lysegrøne. Både bladstilken og blomestilken veks rett opp av ein tynn underjordisk stengel. Blada har ein tynn kutikula og tynnvegga epidermis fordi dei er tilpassa eit fuktig miljø. Dei er òg i stand til å falde saman blada sine om det blir for varmt eller mørkt, slik hindrar dei vasstap. Blomane er som regel kvite med lyslilla striper og ein gul flekk på botnen av kvart av dei fem kronblada. Blomane sitter enkeltvis, dei er klokkeforma og er 10-15mm i diameter. Dei har 10 pollenbærerar og 5 griflar. Etter blomen kjem ein 3-4mm stor frøkapsel. I tillegg til desse kvite blomane har surkløveren ved botn av planta små sjølvpolinerande blomar utan kronblad, desse kjem etter dei kvite blomane og står for det meste av frøproduksjonen. Surkløver er ein flerårig plante som ikkje blir stort høgare enn 10cm.

Taro (Colocasia esculenta)

Familie: Myrkonglefamilien

Klasse: Einfrøblada dekkfrøplante

Taro er ein fleirårig plante frå Asia som kan bli opptil 2 meter høg. Han har ein kort og tjukk stengelknoll som blad og blome veks opp ifrå. Stengelknollen kan delast og vokse vidare. Blada er 60-70 cm lange og hjarteforma. Den lange kjøttfulle bladstilken kan bli 80 cm lang og er festa midt på bladet. Nye innrulla blad dukkar opp i midten av dei tidlegare blada og ruller seg ut slik at bladspissen peiker nedover mot jorda. Blomane er sjeldne og når dei dukkar opp er dei ofte gøymd inne bak alle blada. Blomen veks opp frå ein bladfot og består av eit større gult høgblad som tiltrekk insekt og ein kortare kolbeforma blomestand med små gule blomar på, hannblomar øvst og hoblomar nedst. Blomen blir rundt 20 cm lang. Blomestanden kan stå aleine, eller vere to-tre saman. Etter blomen vil frukta bli produsert og ho liknar mange gulbrune bær.

Tempeltre (Ginkgo biloba)

Familie: Tempeltrefamilien

Klasse: nakenfrøplante

Tempeltreet er eit lauvfellande tre ifrå Asia. Det kan bli opp mot 40 m høgt men veks treigt og lev lenge. Stammen er lysebrun eller gråaktig. Blada sit 4-5 stykker skruestilt på enten kortskot eller langskot. Blada har ein særeigen fasong, med vifteform og ofte ei fòre i midten ser dei ut som andeføter. Dei har gaffelgreina nervar. Tempeltreet er ein særbuplante og bløminga skjer rett etter at blada kjem, men ikkje før treet er minst 30 år gammalt. Både hannblomen og fruktemnet veks ifrå bladhjørne på kortskot. Hannblomen eller hannkongla er ein gulgrøn hengande rakle. Kvar rakle har mange pollenbærarar som sit to og to på ein liten stilk. Kvart pollen har to sjølvbevegande spermceller. Hoblomen eller frøemnet sit parvis på eit 4-5 cm langt tjukt skaft. Frukta liknar ei oransje steinfrukt med eit kjøttfullt ytre lag. Frukta lukter ganske vondt fordi det ytre laget på frøet inneheld illeluktande smørsyre.

Vendelrot (Valeriana sambucifolia)

Familie: Kaprifolfamilien

Klasse: tofrøblada dekkfrøplante

Vendelrota kan bli frå ein halvmeter til halvannan meter lang. Rota lager mange luktande røter og stengelen er glatt, hol og står rett opp. Planta kan lage utløparar. Blada står parvis langs stengelen og vendelrot har som regel 3-9 bladpar. Bortsett frå dei øvste er blada som berre er flika, er resten av blada finna med 3-8 flikete, lansettforma småblad der bladet i enden som regel er det største. Blomane er små med rosa eller kvite kronblad, og dei har pollenbærerar som stikk ut forbi kronblada. Blomane er satt saman i kvastar som igjen er satt saman til ei større krone. Blomane har små begerblad som er samanrulla mens blomane er i bløming, men begerblada blir etter kvart fnokk som liknar fjør og spreiar frukta, ei nøtt.

KJELDER:

Brakje

Brennesle

Europalerk

Flamboyant

Groblad

Heliconia

Ingefær

Jåblom

Løpstikke

Marehalm

Ramsløk

Ryllik

Røsslyng

Stjernemagnolia

Strandnellik

Surblad

Surkløver

Taro

Tempeltre

Vendelrot