Sverresoga 🗓️

Forfattarar: fyrste del, Grýla av islandsk abbed Karl Jónsson (i samarbeid med kong Sverre), forfattar av andre delen er uklart

Omsettarar: Halvdan Koht

Land og språk: skriven på norrønt i alle fall

År: Fyrste del er truleg frå mellom 1185-1188, andre del må vere frå før 1210 (dette er frå snl.no)

Kart over kor Sverre drar frå han kjem til Norge til han blir konge aleine i 1183

No står ein mann for tre,
- ein for konge, for jarl, og for erkebisp,
og den mannen det er eg

Me startar med at kongen er Magnus, son til Erling Skakke. Han er i slekt med Sigurd Jorsalfare på morssida, men er ikkje kongsson og blir av Sverre stempla ugyldig pga dette. Folket ser ikkje ut til å bry seg stort. Sverre sjølv dukkar berre opp ein dag og seier han er son til Sigurd Munn. Det er svært tvilsamt at det er sant, historieboka mi seier at Sverre trudde det nok ikkje sjølv ein gong, men eg veit ikkje kva folket tenkte og trudde. Det er i alle fall ikkje uvanleg med forfalskingar av pavebrev og kongssøner. I Noreg får Sverre støtte av Sigurd Munn og Øysteins etterkommarar, altså dei som var anti-Inge og er no anti-Magnus. Med desse kjem birkebeinane, som er ein fattigsleg gjeng meir som ein røvarbande enn hær av soldatar. Sverre må overtalast tre gonger før han går med på å bli deira leiar - veldig Zhuge Liang.

Saman fer dei land og strand, nord-sør-øst-vest, og slost og svelt og bind tette venskapsband. Heile denne biten er svært eventyrleg og spennande. Dei slost nesten litt geriljaaktig og er kjappe til å rømme når det trengst. Og då alle bøndene i bygda seier dei ikkje har nok julemat til seg sjølv ein gong så stikk birkebeinane til skogs lenge nok til at all den gilde maten blir satt på bordet og kjem så tilbake for å forsyne seg. Sverre har fyrst og fremst gode råd.

«Det var den største vansken for birkebeinane heile vegen sønnafor Staden, når dei skulle halde njosning, den tid stride stod mellom Magnus og Sverre, at det var jamnt så at kvar dei råka bønder, kjøpmenner eller fiskarar, så brukte dei aldri seie sant ifrå kong Magnus og mennene hans, om det så berre var eit andnes eller eit leite imellom; men alle sa sant ifrå birkebeinane, kvar dei var».

Det er fleire gonger at Sverre blir skildra litt stusseleg. T.d. då han i Trondheim snublar i det han skal til å gå i land. Eller ein historie der han må rømme på verdens verste hest. Til bisp Nikolas vitsar han og seier at dei er som to bikkjer begge to sida folk seier dei manglar mot. Historieboka mi seier at alt dette er litt rart, at Sverre har ein annan humor enn resten - sjølvironi i staden for skadefryd. Sjølv om Sverre kjem frå Færøyene og visstnok ikkje har vore andre stader før han kom til Norge verkar han meir sivilisert enn nordmennene.

«Kong Sverre var kledd i ei sid blå kappe. Han svinta seg frametter skipet og ville gå i land. Men då han kom fram for masta, rauk ei tilje under føtene hans, så han datt ned i rommet. Mennene sprang då så tjukt over han, så det var lenge han ikkje kunne reise seg opp»

Det er så mykje slag og fram og tilbake Bergen-Trondheim eg må nesten hoppe over det meste av det. Men nokre skil seg litt ut:

Slaget på Kalvskinnet i 1179

Kalvskinnet er i Trondheim. Dette er det fyrste slaget som går ordentleg godt for Sverre og dårleg for Magnus. Erling Skakke døyr.

Trondheim 1181

Sverre og Magnus møtest for å prate. Flokkane set seg òg ned for å prate og drikke saman - dei fleste har kjenningar på tvers av flokkane. Men det ender naturlegvis med ypping og kriging. Sverre forslår å dele riket mellom dei, men Magnus foreslår heller at «du, Sverre, og de birkebeinar fer bort or landet og aldri kjem att».

1183

Dette året er borga i Trondheim, Sion, ferdig og klar til å flytte inn i. Eg var og besøkte ho sist desember så dette er ei borg og ein utsikt eg kan sjå godt for meg.

Slaget ved Fimreite i 1184

I 1184 er det problem i Sogn mellom Sverres sysselmenn og dei lokale bøndene. Sverre kjem og brenn bygdene som straff. Men Magnus lukter lunta og kjem etter. Sverre og birkebeinane fangen inni ein fjordarm og om dei rømmer må dei forlate skipa noko Sverre er uinteressert i - så dei blir til birkebeinanes mukk. Dette blir altså slaget ved Fimreite og her døyr Magnus (han druknar). I dette slaget er det tydeleg at Sverre og Magnus brukar to ulike strategiar: Magnus er med å slost i fronten (som var det vanlege), men Sverre er ikkje med å slost sjølv - han står utanom og gir ordre til hæren sin. Sverre får ein del kritikk for dette og blir klandra for mangel på mot.

Sverre har eit stort skip som heiter Mariasuda. Då ho blei bygga men ikkje var ferdig endå sa Sverre at ho ikkje var stor nok og beordra ho kappa i to på midten og påskøyta ein lengre kjøl. Då skipet blei sjøsett rakna ho litt og på sin fyrste (og einaste) ferd hadde dei med seg fire store kister med skipssaum (naglar) for mannskapet å bruke når det trengtest. Visstnok var skipet tydeleg uproporsjonalt med for stor midtdel og for liten fram- og bakdel. Men Sverre kan ikkje ha vore heilt misfornøgd fordi han gjer det same med fleire skip seinare òg.

Sverre er konge i Noreg heilt aleine. 👑

Bergenserane blir fortalt dei gledelege nyhetene om at Magnus er fallen: alle blir lei seg og griner. Heile resten av si regjeringstid går folkets støtte fram og tilbake mellom Sverre og hans motstandarar. Eg får inntrykk av at folk har slekt og vener på begge sider som regel.

«Somme seier at eg er djevelen sjølv som har komi or helvete og sloppi laus. Tenk no etter kven dei sjølve er da! Kva kan de vere anna enn trælane til djevelen, sidan de tener han, og di ynkelegare enn alt anna folk på jorda, sidan de både skal tene han her og brenne hos han i det andre livet? Er det ikkje toskeskap å seie slikt om kven det skal vere, og aller helst om kongen sin?»

Motstandarane etter Magnus er fleire og dei kjem flokkevis - den eine flokken etter den andre. Eg trur det er mange av dei same familiane, og det er etterkommarar av dei som slost for Magnus. For det meste er det adlege familiar og geistlege. I historieboka mi står det dette om forholdet mellom Sverre og kyrkja: at kyrkja hadde gjort Magnus til konge og Magnus hadde gitt kyrkja meir makt og goder. Då Sverre ville gjere Magnus til ein ugyldig konge ville naturlegvis denne makta og godene kyrkja hadde fått òg bli gjort ugyldig. Det var umogleg for kyrkja, bispane bisla til paven, Sverre blei lyst i bann og eit godt forhold dei i mellom var umogleg. «Dette brevet lét erkebispen lese opp i Danmark, og lyste bann over over kong Sverre kvar sundag oppi koret» Men i tillegg: Sverre kjem ein dag med eit brev frå paven som avlyser heile banninga, men det var eit forfalska brev står det i fotnota, soga later som ingenting.

Sverres motstandarar kjem altså i flokkar: det startar med Kuvlungane og ender med Baglarane (Magnus’ folk blei kalla Heklungane). Det er Baglarane som er dei mest interessante: dei gir oss fleire store slag og dei er framleis aktive då Sverre døyr (dei drep han ikkje, Sverre døyr av sjukdom).

«Dei hadde med seg ein gut som dei sa heitte Inge og var son til kong Magnus Erlingsson; birkebeinane sa han var dansk og heitte Torgils Tuveskit»

Slag og slosting:

Bergensommaren 1198

Birkebeinane vinn, men baglarane set fyr på byen før dei fer.

Trondheim 1199

Birkebeinane forsvarar byen godt til tross for at Baglarane stadig angrip med skip. Men til slutt gir dei opp og fer.

Oslo 1200

Her i dette slaget er det ikkje Baglarane, men baglar-venlege bønder som slost mot Sverre, Birkebeinane, bymenn og kjøpmenn. Her kjem me litt tilbake til Sverres uvanlege strategi ved Fimreite (då han ikkje slost med hæren): fordi no har det blitt heilt motsett - han er med å slost tappert heilt fremst. Kvifor no og ikkje då? Eg veit ikkje. Han meiner sjølv at det den gong ikkje var pga. mangel på mot og siterer Fåvnesmål som seier at blaut ungdom blir ikkje djerve vaksne. Birkebeinane vinn i Oslo òg men stikk heim med ein gong.

Tønsbeg, vintren 1201-02

Baglaren Reidar og hans menn sit på kastellet på fjellet og Sverre og birkebeinane står nedforbi men får ikkje tatt dei. Til slutt blir baglarane svelta ut og gitt nåde. Sverre er meir imponert over dei enn sine eigne menn: birkebeinane har berre klaga og mast om å få dra heim, mens baglarane hadde vore flinke å heldt ut til dei svelta nesten i hel - når dei til slutt gir opp så ser dei ut til å vere ekstremt underernærte, det er fleire som døyr av ete for mykje for fort.

I Tønsberg blir kongen sjuk og på veg heim til Bergen deler han sjukestove med baglaren Reidar - dei kjem godt overeins. Sverre blir skildra sympatisk her til slutt, han gir grid til absolutt alle som spør og formanar birkebeinane sine til å behandle dei gridgjevne fint - sjølv om dei har myrda vener og slektningar.

I Bergen i år 1202 døyr Sverre av sjukdom og etterlet seg ein (Sverre er tydeleg på at det berre er ein) son, Håkon.

Eg må nemne til slutt ein draum Sverre drøymer ei stund før han drep Erling Skakke: Ein gammal mann ligg på bålet og blir stekt, heile kroppen steikast bortsett frå hovudet. Kva kan det bety mon? Det er Erling jarl som eldast. Ordspel! Hovudet som består er sonen, Magnus.

Historieboka som eg av og til nemner er Norges Historie, Redaktør Knut Mykland, Bind 3: Noge under sverreætten 1177-1319, av Kåre Lunden.

Til toppen

Baglarsoger 🗓️

Forfattarar: den eldste er kanskje forfatta av ein islending seier snl.no eller ein baglar seier forordet. Den yngste er kanskje heller forfatta av ein birkebeiner

Omsettarar: Gunnar Pedersen

Land og språk: skriven på norrønt i alle fall

År: den korte eldste er frå rett etter 1208 og den lengre yngste er frå etter 1217

Baglarsoga var litt kjedeleg om eg skal vere ærleg, men teksten i historieboka som går over same tid (og har baglarsoga som hovudkjelde ser det ut til…) var mykje meir spennande. Det er vel litt kjekkare når alle hendingane blir analysert for meg og satt i perspektiv enn: så skjedde det og det skjedde det, og så skjedde det…. Blablablaabl. Skjønt eg fekk ein åtvaring i forordet: «Innhaldet i soga er stort sett rivalisering mellom kongsemne og ei endelaus rekkje med større og mindre kampar og valdsverk rundt omkring i landet, der baglarar og birkebeinar har overtaket kvar sin gong. Striden blir først stogga da erkebisp Tore, som står birkebeinane nær, og bisp Nikolas, den store baglarhovdingen, gjer seg samde om å få til fred». PS. Det er soger i fleirtal fordi det finst to ulike versjonar og ei omsatt utan original (om eg har forstått riktig). Denne soga som eg laste er satt saman av alle tre.

Soga startar i 1202 rett etter at kong Sverre er daud og son Håkon skal bli neste konge. Baglarkongen døyr på same tid og baglarane blir litt oppløyst for no. Mens Håkon regjerer er det ganske stille og fredeleg i landet, folket liker han og bispane kjem tilbake til landet. Men han har eit dårleg forhold til stemora si: rett etter at Sverre døydde hadde stemor Margret tenkt seg tilbake til Sverige der ho var i frå og hadde dottera med seg. Kongens menn syntest ikkje om at kongsdotter Kristin skulle ut av landet og kidnappa ho med seg tilbake kong Håkon (hennar halvbror). Likevel feirar dei jula 1203 saman og det er svært dårleg stemning og ubehageleg. Same jula døyr kong Håkon.

Etter kong Håkon blir i 1204 neste konge 4-åringen Guttorm Sigurdsson (barnebarn til Sverre), men han døyr seinare same året. Neste kongen no blir verande heilt til sogas slutt: Inge Bårdsson. Inge er barnebarn til Sigurd Munn – barn til Sigurds dotter Cecilia, og derfor altså kong Sverre sin nevø. Dette valet av konge gjekk ikkje heilt smertefritt: folk var ueinige mellom ein sterk krigar som hæren ville ha eller ein stille og koseleg ein som bøndene ville ha, Inge blir eit kompromiss. Men likevel får hærmennene det litt som dei vil ha det og deira mann Harald Galen blir jarl og halve kongsinntekter og halve hæren. Harald Galen er Inges halvbror (svensk far).

Samtidig har baglarane fått ein ny konge: Erling Steinvegg. Han påstår sjølv å vere ein son av Magnus Erlingsson, men soga trur ikkje på han og fortel oss om korleis den ekteErling Steinvegg døydde.

Så skjer det ikkje stort anna dei neste årene anna enn ei skildring av korleis baglarane voldtar ei bondekone og gjer narr av den sure bonden. Historieboka seier at det viser «militæraristokratiets holdning til vanlige bønder», og ei forklaring på kvifor baglarane ikkje var særleg populære blant bøndene.

I 1206 er det to større hendingar: fyrst eit blodig bryllaup i Trondheim og så eit antiklimaks i Bergen. Det blir altså heldt bryllaup i Trondheim og alle er fulle. Den natta kjem baglarane og angrip – dei tek alle på senga. Fullstendig kaos, kong Inge gøymer seg på taket. Kongen kjem seg etter kvart ned til elva og til eit skip han vil klyve oppi. Men buksa hans viklar seg inn i tauet han held i og eg antar ho faller av? Uansett må kongen gi opp heile båten og sym til elvebredda der han faller sliten om, det går ein kjenning forbi som ikkje vil hjelpe han, men så kjem ein betre ven som tar av seg kåpa si, svøper kongen inn og ber kongen på ryggen til sikkerhet (og nye klede).

Om Skule kongsbror blir det nemnt at han drar ned til elva under husa. Eg trudde at hus på pålar var eit nyare fenomen, men her går det faktisk ann å gå under dei. Guttorm kongsbror er ein annan som gøymer seg under eit hus.

Denne affæren ender med ein baglar som slår i hel ein birkebein berre for å sjå, når det er for seint, at birkebeinen var hans eigen bror. Det minner meg litt om den festen mellom Sverre og Magnus då folka deira slappa av og drakk i lag, fordi dei fleste kjente nokon i den andre gruppa. Og det blir kanskje meir og meir bønder og adel som er dei to store grupperingane heller enn birkebein og heklunge/kuvlunge/baglar/etc.

Eg har notert at det finst ein birkebein som kallast Andres Dritljod og vil gjerne ha det med. I ei anna bok frå bokhylla.no stod det alternative namnet Andres Dritskit. 💩

Så var det altså Bergen: Birkebeinborga er under beleiring men jarl Håkon Galen snik seg inn. Då jarlen og mennene inni borga fer ut så flyktar baglarane. Det er svært lite imponerande og ganske stusseleg. Men så faktisk, i ein av dei siste setningane i kapittelet står det at birkebeinane jaga baglarne heilt til skips og ut på sjøen og det går eigentleg strålande for birkebeinane – heilt til det ikkje går strålande. Baglarane klarar plutseleg å drepe 200 birkebeinarar. Kapittel slutt.

I året 1207 døyr baglarkongen og deira nye konge blir Filippus (tidlegare jarl). Baglarane drar tilbake til Bergen og beleirer borga igjen. Det blir ikkje særleg av det denne gongen heller og alle som er inni borga får ikkje berre lov til å gå fredeleg ut, dei får ta med seg alle eigendelane og pengane sine! Etterpå ransakar baglarane borga og finne ein flott stol som Sverre ein gong i tida hadde designa, men dei finn ikkje alt smøret som ender opp med å tyte i strie straumar or veggane då dei brenn borga ned. Historieboka kommenterer denne hendinga med å kalle det ein «høvisk dans» og seier òg at smør er praktisk talt penger - at birkebeinane ikkje har gidda ta med seg alt smøret tolkar eg derfor som brifing 🤑.

Borga blir bygga opp igjen, men då kjem baglarane tilbake. Alle får grid og borga blir tatt i frå kvarandre stein for stein.

1208 er det store fredsåret. Kongane og bispane møtest på Kvitingsøy for å bli einige om ein fred. Kong Filippus blir Filippus, men skal få Kristin Sverresdotter til kone(ho som ein gong i tida blei kidnappa) og han skal få råde over dei austlegaste delane av riket som jarl. Filippus seier ja til alt til tross for at det er han som kommer verst ut av alt, birkebeinane er ikkje seine med å fornærme han heller. Men Filippus seier at «men for namnebota mi får kong Inge vel rå; eg blir likevel den eg er» 🥵.

Det er ikkje alle som er fornøgde med Filippus: Filippus pleier alltid gå hand i hand med Arnbjørn, men når han no rekk Arnbjørn handa får han til svar «Lei deg no sjølv»! Kapittelet avsluttast med at «baglarane kalla Filippus konge liksom før». Og når Filippus kjem heim så vil han faktisk ikkje gje frå seg kongsseglet.

Her dukkar Odin opp i soga, han er på veg til Sverige. Eg stussa litt på dette, men historieboka forklarer det for meg «Krigsguden Odin, som hadde voldt sverdtider og økstider i Norge fra den grå vikingalder, forlater her landet for alltid, just som dagene blir lengre fram mot forlikssommeren 1208». Året 1208 er eit tidsskifte. Og resten av soga handlar om at den eine etter den andre døyr.

I 1213 døyr Kristin Sverresdotter (ho kidnappa, no kona til Filippus). Ho heldt på å føde eit barn, men barnet døydde òg. Filippus seier og har vitne på at ho døydde før ungen, og derfor er Filippus rette arving til alle Kristins eigendelar. Betyr dette at då fruer døydde gjekk deira eigendeler tilbake til slekta? Og at Filippus då arvar ungen sin teknisk sett? Interessant.

Jarl Håkon Galen døyr i 1214 og kong Inge døyr i 1217. Det siste Inge får gjort er å gjere Skule kongsbror til jarl.

Til slutt må eg ha med ei historie om kong Inges bestekompis Pål drottsete. Inge liker Pål aller best av venene sine, dei deler til og med seng. Men ei natt ser Inge at Pål har med seg ein kniv i senga og kastar han ut på gata. Men han held det hemmeleg kva som har skjedd, han seier det berre til bror sin Skule etter at Skule har lovd å ikkje bli sint. Men Skule blir litt sint likevel. Inge seier at han skal sende Pål utor landet, men det skjer aldri. Til slutt drep Skule og ein av hans vener Pål, og kongen blir lei seg. Det er ein svært kort forteljing men eg synst det var så rørande korleis kongen blei forrådt av sin besteven, men klarer ikkje heilt å skilje seg frå han og vil kanskje ha han buande i same by sjølv om dei ikkje kan vere saman lenger.

Til toppen