Introduksjon

For to veker sidan var eg sjå veterinæren med katten min, Sunniva, for å få barbert bort litt hår eg ikkje klarte å halde stell på sjølv. Ho fekk bedøving og låg på benken og let seg greie utan å mukke for ein gongs skyld. Då blei det oppdaga noko rødt på tennene og på måndag tok dei røntgenbilete av ho, og etterpå fekk eg beskjed av at ho hadde ein sjukdom som vert kalla «tannresorpsjon» (resorpsjon kjem frå "suge tilbake" på latin). Ho hadde allereie mista fire tenner og åtte må trekkast. Så må ho ta bilete regelmessig etterpå og trekke fleire tenner om det trengs. Det var ingen kur anna enn å fjerne tennene. Eg svima nesten av der eg sto (ikkje fyrste gong for min del sjå dyrlegen eg har svimt av, bør visst begynne å ha med meg luktesalt). Men, men. Alt for pus 😽.

Eg hadde aldri høyrt om sjukdomen tannresepsjon før, men han var visstnok vanleg! Eg fekk eit lite skriv med heim, så la meg kort summere: Det er ein sjukdom som rammer omtrent 30% av alle kattar over 5-6 år. (Min katt er født i 2019 så ho er berre 3,5)(Og i andre stader eg har lest varierer prosenten heilt VILT! Men det er alltid eit høgt tal – 30% verkar ikkje som krisemaksimering). Det er kattens eige immunsystem som angriper tennene lager hull. Når hulla når inn til nervane kan det bli svært vondt, og det er derfor tennene trekkast. Ein veit ikkje årsaka til sjukdomen og ein veit heller ingen behandling (utover å fjerne heile tanna altså).
Så står det litt om symptom og mangel på symptom (kattar seier sjeldan i frå at dei har det vondt før dei har det vondtvondt). Så står det at kattar kan leve fint utan tenner og til og med tørrfôr får dei ned som før. Og til slutt står det at tanntrekk er ein alvorleg operasjon i kjevebeinet, og at det er dyrt.

Etter å ha lest dette var eg ikkje heilt fornøgd og leita meg fram til andre skriv om sjukdomen. Sjølv om det har blitt skreve meir utfyllande om tannresepsjon andre stadar så er den gjeldande konklusjonen slik som det står skrevet over: «Ein veit ikkje årsaka til sjukdomen og ein veit heller ingen behandling». Så det blei ikkje noko særleg tilfredsstillande lesing, og dessutan kan eg ingenting om tenner frå før så mine sjansar for misforståing er høge.

Kattetennenes anatomi

Kattetenner er ikkje heilt ulike mennesketenner, men det er nå uansett kattetenner dette handlar om. Og dei har litt annleis fasongar. Dei fleste anatomi-bileta eg finn på google-bilder er ikkje heilt optimale for meg, men i doktorgradsavhandlinga her så finst ein fin illustrasjon på side 3 (ark 26) fig 1.1. eller så er det eit bilde på nettsida her (men det fyrste bildet er mykje betre). Det fyrste bilete viser at tannbeinet (dentine) ikkje er ein tettpakka masse, men er gjennombora av rør.

Den doktorgradsavhandlingar skildrar tenner ganske godt så la meg basere meg på den når eg forklarer kva som er kva i ei kattetann. Det er kanskje ikkje heilt rett når kjelda er ei basert på andre kjelder, men eg dette er jo ei svært uformell side. Men altså, om eg ikkje oppgir annan kjelde så er kjelda til alt under her den doktorgradsavhandlinga til Lee.

🦷🦷🦷🦷🦷

Dei viktigaste delane av tanna er: emaljen (enamel), dentin/tannbein (dentine), sement (cementum) og tannpulpa/tannmerg (dental pulp).
Dette er det same som for folk. Søk opp kva som helt bilete så skal det vere lett illustrert. Tanna er festa til kjevebeinet med rothinna (periodontium) – teknisk sett trur eg rothinna er alt av den ytste delen av tanna (sement), tannkjøtt, kjevebeinet og fibrane i mellom tannkjøtt/bein og tann.

Emaljen (enamel) er den ytste delen av øvre-tanna og sement er den ytste delen av nedre-tanna. Emalje er det hardaste vevet i kroppen (men sjølv det hardaste vevet i kroppen må bøye under for brus – syra i brusen stel viktige ion frå emaljen og gjer emaljen mjuk. Kanskje som å fjerne mursteinar i ein mur heilt til han rasar saman?) og emaljen blir ikkje produsert meir enn den eine gongen då tenne fyrst blei fødd.

Tannbeinet (dentin) er innafor emaljen og sementen, og omkransar ei kjerne av merg eller pulpa (alt har så mange namn-alternativ!). Tannbein er ganske likt vanleg bein i kroppen, men ikkje heilt likt og han er hardare! Tannbeinet består av haugevis med rør som går frå tannmergen og ut til emaljen/sementen. Om eg har forstått det riktig med desse røra, så er dei der for å vere vegar for næring frå blod til celler. Emaljen er heilt uorganisk, men tannbeinet består av 20% organisk materialet og eg antar desse trenger nokon form for næring for å overleve. Næringa (kva nå enn det er?) kjem med blodårene som har endestasjon i tannmergen. Derifrå kan det vere at næringa klarer å transportere seg sjølv rundt i tannbeinet? Eg er på særdeles tynn is her.

Tannmergen er innerst i tanna og her finst nervar og blodårer. Blodet fører som nemnt over med seg næring, men kvifor nervane samlar seg oppi tennene kan eg ikkje heilt forstå? Dei gjer ikkje stort utav seg før emaljen er borte, og sidan emaljen ikkje kan reparerast uansett forstår eg ikkje heilt kva nervane forventar kroppen skal gjere? Noko er det vel, eller så er det kanskje me som lev lenger og et usunnare enn evolusjonen såg for seg.

Sementen er det ytre dekke til røtene på tanna. Den nedste delen av sementen kan faktisk reparere seg sjølv. Om sementen blir skada av ein eller annan grunn, om du har tygga hardt på ein stein t.d. så kan celler som fjernar dei øydelagde områda bli tilkalla (odontoclastar, dette er dei same cellene som skaper problem i kattar om dei bryt ned tenner som ikkje har bedt om det) så sender dei desse odontoclastane bort igjen og reparer seg sjølv. Dette er visstnok ei vanleg greie hos folk og dei fleste mennesketenner viser teikn på å ver under reperasjon eller har blitt reparert før (Gorrel).

I rothinna kallast fibrane «periodontal ligament» på engelsk, eg kallar dei rotfibrane. Rotfibrane, som ligg mellom sementen og kjevebeinet, si hovudoppgåve er å halde tanna fast og består for det meste av kollagen. Kollagen er vårt mest populære protein og dei sørger for at ting held seg på plass.

Sjukdom

Slik er sjukdommen skildra i skrivet eg fekk frå dyrlegen: «Immunforsvaret til katten begynner å angripe emaljen og dentinet i tennene slik at det etter hvert utvikles smertefulle hull inn til nerven i rota. Årsaken er ikke kjent».

I denne teksten så vil hovudkjelda vere artikkelen av Gorrel som eg har linka til i kjeldelista, også skal eg sei ifrå om eg bruker andre kjelder i tillegg.

Det ser ut som om tannresepsjon ikkje eigentleg er ein ting, det er i alle fall to som er relevante for sjuke kattar. Altså tennene blir skada av dei same type celler, odontoclastar, men byrjinga og slutten er litt annleis. Eg har allereie nemnt at sementen i tennene kan bruke odontoclastar med vilje om han er skada. Då tar desse cellene å fjernar sementen slik at ny og fin sement kan bli gjenbygd etterpå. Dette er òg tannresepsjon, men dette er rekna som normalt og ikkje ein sjukdom.

Sjukdommen er når desse odontoclastane ikkje blir heldt i sjakk og øydelegg det som skulle har vore friske tenner.
Ordet odontoclast kjem av odonto(tann) og clast(nedbryting/brudd), det er i nær slekt med osteoclast, der osteo betyr ‘bein’.
Osteoclastar bryt ned bein i staden for tenner (nedbryting av skjelettet skjer kontinuerleg – heile tida, i motsetning til tennene). Faktisk så ser desse cellene ut til å vere nokså like(Lee) altså trur eg den største(einaste?) forskjellen er heimplassen. Det er ikkje så viktig, anna enn at det er snakk om celler som me har bruk for til vanleg og ikkje noko muterte slemming-celler.
Odontoclastar har forresten ei viktig rolle å spele når me kvitter oss med melketennene, der dei hjelp til i den prosessen.

Resorpsjonen av tennene startar ved sementen, altså på den nedste delen av tanna – som regel under tannkjøttet slik at ein kan ikkje sjå det før det har gått ei lang stund. Odontoclastane et seg inn til tannbeinet både opp i krona og ned i rota av tanna. Emaljen blir enten resorbert eller så dett han av. Noko av det som er mest motstandsdyktig mot odontoclastane og som går sist er tannmergen.

Men det finst to typar som er relevante for sjuke kattar: Type 1 er forbunden med ein infeksjon av tannkjøtet mens type 2 er forbunden med at tanna blir omgjort til bein.

Av ein eller annan grunn startar sjukdomen som regel i dei same tennene: dei vert kalla 307 og 407. Det er tennene rett bak dei store hjørnetennene eller hoggtennene i underkjeven. Min katt Sunniva manglar desse tennene fordi dei har allereie blitt brotne ned.

Kjelder

Sunniva på sofaen på ullfellen