Opera og ballett og meg

Etter 1mnd+14dagar med opera og ballett nærmast dagleg trur eg eigentleg at eg er fornøgd for resten av livet. Eller Askepott-balletten har eg framleis lyst til å sjå, og det var den eg faktisk hadde styrst planar om å sjå då eg meldte meg opp til dette abonnementet, men han låg ikkje ute for strømming. Så den er framleis usedd. (Det er altså Royal Opera House(i London) som hadde ein straumetjeneste som eg meldte meg på for ein månad(pluss to veker gratis fyrst)). Mål nummer to var å prøve å like opera, og det var vel heller ikkje særleg suksessfullt. Det skal vel litt til å like alle operaer sidan det finst ganske mange og i så ulike sjangrar, men om eg berre liker ein så er det ok for meg (så målet blei fullført ok+++ (dei eg likte var Così fan tutte, Figaros bryllaup, Tosca og Carmen)).

Dette er kanskje svært lite intellektuelt av meg, men for at eg skal like ein opera(og ballett) så må eg òg like kostymane og sett og rekvisittar. Det må sjå fint og interessant ut, og ha kjekke fargar. Historia må vere spennande. Så sjølve musikken og songane er ikkje det viktigaste i seg sjølv. Om nokre songarar/dansarar er flinke eller mindre flinke er eg ikkje i stand til å avgjere. Eg er flink til å godta at det «skal vere sånn», med mindre ting går Svært galt – men det gjorde det aldri. Det var vel ein gong ein dansar mista balansen heilt på slutten då han var meir eller mindre ferdig, men det er alt.

Kommentarane mine til desse operaene og ballettane er altså basert på at eg har sett dei ein gong (kanskje to), og eg liker heller ikkje opera særleg og ballett har tapt seg for meg på denne månaden med intens sjåing. 💀 Eg har prøvd å gi meg det beste utgangspunkt og alltid ha lest gjennom handlinga fyrst så eg slepp å slite med det mens eg ser, og til operaene eg har sett har eg lest samtidig i boka «A Night at the Opera» av Denis Forman som hadde plenty kommentarar til det meste.

Opera

La Bohème likte eg. Det var ingen av songane som fengde meg særleg men eg liker konseptet med denne gutegjengen på loftet. Dei har alle si kunstnariske greie og sjølv om dei ser ut til å gli litt frå kvarandre i løpet av operaen så er dei alle samla og like vennlege som i starten heilt på slutten. Koseleg vennegjeng. I den oppsettinga eg så likte eg særleg godt Musetta sin raude fløyelskjole som lyste rosa i enkelte synsvinklar. Hennar kjole hadde svart tyllkant, men eg ville heller hatt pelskantar om det var opp til meg. Og heile den scenen i restauranten der ho blei introdusert var underhaldande. La Traviata hadde mykje av det same konseptet, men eg synst han var kjedeleg. Eg er så svak for gode vennegjengar som i La Bohème!

Eg kunne ein god del av songane frå Carmen frå før og det gjer operaen lettare å like(eller endå lettere, vanskeleg å sjå for seg songane uhørte men eg trur eg hadde likt det om dei var nye for meg). Og songane er fengande. Historia er ok, men ikkje interessant nok for meg i seg sjølv. Oppsettinga var veldig spansk og det såg varmt ut og det likte eg, og dei hadde ein ordentleg hest med! 🐎 Eg la til to songar frå operaen inn i spelelista mi: Act2: Entr’acte og Nous avons en tête une affaire.

Madama Butterfly kom med tonar frå den amerikanske nasjonalsongen kvar gong USA blei nemnt og eg synst det virka svært komisk. Tryllefløyta forstod eg ingenting av handlingsmessig men songane var søte dei da. Og skjønt det var vanskeleg til tider å hengje med i Figaros bryllaup òg så var det så morosamt og underhaldande. Men her var årsaka til forvirring ein del av handlinga heller enn ein handlingsbrest. Eg nynnar stadig på Non più andrai, og både den og Voi, che sapete che cosa è amor har fått spelelisteposisjon. Eg likte svært godt at dei brukte eit slikt gammaldags piano (eg veit ikkje kva instrument det var) til snakkesyngedelen. Det gjorde dei vel i alle Mozartoperaene eg såg. Generelt er den snakkesyngedelen litt slitsam synst eg, skjønt når det er rein snakking så er ikkje det stort betre heller for då blir overgangen så stor mellom store songar og vanleg snakking. Eg har ingen løysning som behagar meg altså.

Då eg såg Rigoletto så synst eg heile tida at eg høyrte hint om nokon song eller melodi eg hadde høyrt før, men så forsvann det og eg tenkte ikkje djupare over det. Men så i siste akta så dukka La donna è mobile opp som eg så klart hadde høyrt før og det var den sine tonar som hadde dukka opp heile vegen. Det var ei overrasking. Men bedrøveleg historie.

I motsetning til dei andre operaene eg såg så var det sjølve forteljinga eg likte best i Così fan tutte, altså eg forstår at konseptet er litt tynt – at desse damene ikkje kjenner igjen mennene sine og trur på alt dei blir fortalt og slikt, men eg likte at det starta som ein tullete og morosam krangel (for oss og for dei), men mot slutten så har det blitt ganske så seriøst. Den søte naive kjærleiken frå fyrste akt er blitt skitna til og dei kan ikkje dra tilbake i tid og få tilbake kjærleiken slik han var – altså at ikkje berre damene ikkje er heilt sikre på følelsane sine lengre, men mennene òg, at det dei sitte igjen med til slutt er eit stort KvaSkjeddeNå?. Operaen gjorde meg lei meg og eg likte det! Om det er nokon kjærleik igjen til slutten så kan eg ikkje forstå noko anna enn at den må vere mellom dei nye para, ikkje dei gamle som svikta kvarandre. Det er òg berre dei nye para som får synge duettar saman så nokon annan kjærleik er det vanskeleg for meg å sjå for seg. Gifte seg med den dei starta fyrste akta med? Eller har dei lært seg å vere meir realistiske og ikkje utfordre det dei har. Kjip slutt og ikkje min slutt.

Don Giovanni begynte og slutta bra, men eg datt heilt av på midten – det var liksom ingen handling som helst? Svært kjedeleg. Tosca likte eg derimot veldig godt. Mykje drama og tortur og svært flotte songar, kanskje den operaen eg likte best av desse eg har sett (Eller så er det Così fan tutte eg likte best, ein av dei to må det vere). Andrea Chènier er òg ein opera eg likte forteljinga best med (altså Così fan tutte var visst ikkje den einaste likevel). Eg likte då Gérard begynner å tvile på seg sjølv og alt det han held på med. Eg liker å lide i lag med andes sjelekvalar, betre med andre sine enn mine eigne.

Før eg såg Boris Godunov las eg Pusjkins drama, men fekk ikkje stort utav det. Men operaen synst eg gjorde større inntrykk. Det er ingen av tsarane i dramaet som er særleg tess. Valet står mellom barnemordaren (og inngifte) Boris eller den falske Dimitrij. I operaen så blir det mega-understreka at Boris slit så med det mordet at det til slutt går på vitets bekostning. Både dramaet og operaen hadde sikkert vorte meir spennande om eg faktisk kunne noko om Russland på 1500-talet.

Andre operaer eg såg men som ikkje festa seg stort ved meg slik at eg ikkje har noko eg skulle ha sagt om dei er: Norma, Hansel und Gretel, Fidelio, Macbeth, Pagliacci og Cavalleria Rusticana.

Sånn heilt til slutt er det eg sit igjen med etter alle desse operaene fyrst og fremst at damene døyr nesten alltid til slutt! Det er skikkeleg irriterande og burde ha vore klisjé allereie i 1850 eller før.

Ballett

Eg håper ikkje dette får meg til å virke megaprippen men det var nokre dansetrinn i Alice in Wonderland som virka litt seksuelle, men ikkje på ein sexy måte – men på ein hoho-måte. Gir det meining? Særleg då mannen drar med seg dama over golvet baklengs etter ræva. Eg likte det uansett ikkje. Ho dronninga var morosam og eg likte flamingoane. Men musikken var ikkje særleg for meg. Coppélia var kjedeleg og forteljinga forsvann i siste akta. Men ingen av mennene dansa nesten noko som helst, og det synst eg var litt synd. Eg får heller innrømme at eg har putta ein av songane frå balletten inn på spelelista, den eg valde heiter Thème slave variè, men det er eigentleg berre nokre noter frå eit horninstrument mot slutten som eg likte så godt og det kan godt vere at dei notane blir brukt i andre songar i balletten òg.

Don Quixote er ein av dei ballettane eg har sett før i verkelegheita (eg har òg sett Svanesjøen, Nøtteknekkaren og Tornerose (Don Quixote skil seg ganske så ut her i denne rekka som den einaste utan musikk av Tsjajkovskij)), og eg likte han då og eg likte han nå. Denne versjonen hadde gitaristar på scena som spilte musikk og det likte eg veldig godt!! (Dei hadde musikantar på scena i A winter’s tale og ein songar i Mayerling og alle desse har fått ekstra stjerne for det). I tillegg så ropte og hoia dansarane til kvarandre og det satt meg litt ut. Eg trur eg føretrekk stumme dansarar, alt anna er så rart. Frå den gongen eg såg balletten før (og kikka litt på youtube) trudde eg at tyrefektarane hadde knivar dei stakk i golvet i takt med musikken, men det gjorde dei ikkje. Og når eg prøvde å finne ein versjon på youtube der dei gjorde slik fann eg ingen, så kanskje dette er noko eg har funne på?

The Dream er ein ballet basert på Shakespeare sitt skodespel ein Midtsommarnattsdraum og som eg så klart las før eg såg balletten (eg prøvde å lese verka som ballettar og operaer var basert på om dei var basert på noko). Balletten var morosam og fekk meg til å le på ordentleg, kranglinga mellom ungdommane var like kjekk som i dramaet, men skodespelargjengen var vel like masete men hadde heldigvis ein mykje mindre rolle i balletten. Skjønt eg blei fort lei eselmannen. Likevel er dette ein av dei ballettane eg likte best. Ikkje var han så lang heller – snautt ein time.

La fille mal gardée var svært søt og eg likte godt då mannen og dama dansa med silkebandet. Og hønsa og hanen var kjempesøte – det såg ekstra utfordrande ut å danse i dei heftige kostymane, men det var ekstra underhaldande å sjå på! Giselle var litt kjedeleg, men eg likte fellesdansinga til willisane då dei drep Hilarion. Og då dei hoppar på eitt bein med flat fot slik dei gjer i Svanesjøen fordi det er mitt favorittballettdansemove blant alle moves eg har sett. Eg liker at dei både ser så elegante og uelegante ut (synst eg i alle fall – meir gåsete enn svanete). Men ja når desse willisane hoppar forbi kvarandre rad etter rad på eitt bein – oooo, det er slik fellesdans eg liker å sjå! Alstå for Giselle er fyrste akta ingenting og andre akta alt.

Av dei ballettane eg har sett så er det Romeo og Julie som har den beste musikken synst eg. Eg har ikkje lagra nokon enkeltsong i spelelista mi, for setter heller på heile albumet. Tsjajkovsij fylgjer hakk i hel altså, hans musikk er heilt nydeleg – men eg har kanskje høyrt songane hans så mange gonger før at Prokofjevs musikk er litt fresjare for meg. Kostymane er òg heilt himmelske i denne versjonane – dei vakraste gardiner ein kan tenke seg. Og dansinga er flott. Eg likte særleg dansen til Julie og Paris. Men musikken var vakrast og dansinga er kjekk å sjå på mens øyrene frydast.

Den musikken eg kjenner aller best er naturlegvis musikken til Tornerose sidan den blir brukt i Disneyfilmen Tornerose som eg har på video og har sett utallige gonger. Kor heftig den filmen har påverka meg og min føretrekte teiknestil kan så vidt skildrast. Særleg ekorna. Og krøllete hår. Og dei nydelege trea og berre bakgrunnane i heile filmen – vakraste teiknefilmen eg veit om. Sidesprang slutt. Eg likte ikkje kostymane i denne versjonen av balletten. Eg likte ikkje frynsebuksene til enkelt av mennene og aller minst likte eg ikkje at det var litt utydeleg at det har gått hundre år frå ein akt til neste – og at på slutten då alle har vakna igjen så brukar dei framleis sine gamle klede? Dei burde jo oppdatere seg. Av dansane liker eg særleg den feen med peikedans. I fylgje eitt forum på nett las eg at feen skulle representera elektrisitet fordi det var nytt då balletten blei skapt. Også liker er den siste dansen då alle, brudepar og bryllaupsgjester, dansar saman den same enkle litt folkelege dansen. Kjempekoseleg. Og Marche de Salon frå prologen gjekk inn på spelelista før eg begynte med ballettprosjektet, den har alltid vore ein av mine favorittsongar som blir nynna på når det er passande. Hadde ein hatt ein egen inngangssong eller temasong hadde den vore min!! 👋

Svanesjøen er kjempevakker: fin musikk og nydeleg dans. Eg liker best når alle svanene dansar saman. Som eg nemnde over om Giselle så er hopp-på-ein-flat-fot-bortover mitt favorittdansetrinn og det gjer jo desse svanene. Dei fire svanene som dansar saman blir eg heller aldri lei av. Også liker eg ballet med gjester frå ulike land, heldigvis blei ikkje Kina invitert så me slepp ein klein «kinadans» slik som i Nøtteknekkeren og Coppélia. (Eller ideelt hadde mange fleire land vore invitert og dansa sine dansar så lenge det ikkje kjentest litt rart og stereotypisk (skjønt kor kjem stereotypen peiking = Kina frå? (når eg nå skriv detta ser det ut som tidenes ordspel 😁, men dansen er vel ikkje basert på norsk😔))). Eg liker skjelvebeinet som svana har til tider, det er litt hund som er ferdig med tisse, men det gjer det nesten betre. Også er det alltid kjekt å sjå kor ulikt Odette og Odile blir dansa.

Eg las Hjerter i Chili (eller Like water for chocolate på engelsk, og Como agua para chocolate på spansk) på vidaregåande og det var ein kjekk overrasking å sjå at det var blitt laga ballettversjon. Det var ein ballett eg var svært fornøgd å ha allereie lest boka fordi elles måtte eg ha brukt ein del hjerneceller på å fylgje med. Eg likte veldig godt babyen som blei til deig! Og eg likte alle dei flate føtene skjønt eg er ikkje sikker på kvifor det blei brukt heile tida, kva skal det representere? At ballerinaene stadig har flate bein er liksom megatydeleg og må jo ha blitt gjort av ein grunn sånn kunstnarisk men eg forstår ikkje. Men eg liker formane det skaper, det er vakkert og vinklete. (Det er som med desse ekorna frå Tornerose som eg liker så godt). Men forteljinga er svært lang og det kjennest nesten meir komplisert ut som ballett enn bok. Om noko så likte eg betre Pedro i balletten enn i boka.

Manon er ein annan ballett basert på ei bok, og den las eg no i januar før eg såg balletten. Manon finst både som opera og ballett, men eg likte boka best. Så balletten og til slutt operaen. Eg nemnde det vel i teksten om boka, at verken balletten eller operaen får uttrykka kor tåpeleg mannen, Chevalier des Griuex, er. I boka blir me ikkje ordentleg kjent med Manon sida det er han som fortel historia frå sin synsvinkel. Men i balletten (og operaen) er ho jo rett føre oss og er seg sjølv og fortel si historie heilt sjølv gjennom dansinga. Eg saknar den tåpelege Grieux som ikkje ser sjølv kor tåpeleg han er. Men korleis formidle det med dans? Fylledansinga til Manon sin storebror likte eg.

A winter’s tale er basert på eit Shakespeare drama med same namn. Eg las det og det var skikkeleg bra. Og balletten var òg kjempebra. Eg ville gjerne sjå han ein gong til, men dessverre gjekk abonnementet ut ein dag før eg trudde så den gong ei. Kongen blir gal og innbiller seg ting og dette synst eg var svært bra uttrykka. Både dansinga og belysninga fekk kongen til verke ganske av hengslene ut. Balletten er ikkje like bra som dramaet fordi dramaet er så til tider plutseleg morosamt oppi alt det seriøse og tragiske, og det var ikkje balletten like flink til å uttrykke synst eg. Særleg den delen der skipet søkk og Antigonus blir eten av ein bjørn. Svært morosamt fortalt, men i balletten var det berre gjenfortalt heilt nøytralt (eller heller trist sidan dei døyr tross alt). Det er fyrst og fremst Leontes som er minneverdig frå balletten og som fekk sin galskap vel fortalt.

Eg såg i tillegg ballettane A month in the country, Anastasia og Mayerlingmen eg har ikkje så mykje eg skulle ha sagt om dei. Eg likte dei alle tre, men dei sette ikkje djupe spor i meg.