Kaspisel

I vinter då eg las Herodot sine historier noterte eg meg at han nemnte at det levde sel i Kaspihavet. Når eg nå prøver å leite meg fram til kor eg las det finn eg berre ein liten uskyldig setning: «…hvor det skal bo folk som spiser rå fisk og kler seg i selskinn» (Fyrste bok, slutten av kapittel 202). Og det finst faktisk sel i Kaspihavet. Det eg fyrst og fremst lurer på er: kor kom dei frå? Om dei ikkje har blitt plassert der av folk antar eg at dei svømte dit ein gong Kaspihavet var ein del av nutidens sju hav. Og når eg seier «nutidens» så er det visst ganske så treffande fordi SNL.no seier at i gamledagar då verda var litt mindre så var Kaspihavet ofte rekna som eit av dei sju hav.

Det fyrste som overraskar meg – eg har liksom så sjeldan tenkt på Kaspihavet så alt overraskar meg 😇 – er at Kaspihavet fryser til is om vinteren! Ikkje heile, berre nordre delen. Det andre som overraskar meg er at ein annan sjø og sel heile tida blir nemnt saman med Kaspiselen: Bajkalselen! Eg måtte leite fram kartet og dei to sjøane er jo milevis unna kvarandre?!

Eg fann ein artikkel frå 2006 som heiter «The enigma of the landlocked Baikal and Caspian seals addressed through phylogeny of phocine mitochondrial sequences» og tenkte ‘spot on’. ‘Phylogeny’ er eit fint ord for ‘stamtre’, ‘phocine’ betyr ‘sel’ og ‘mitochondrial sequences’ handlar om DNA-sekvensen i mitokondriar som ofte blir samanlikna for å skjekke i kor nær slekt folk og dyr er. Dette er det eg lærte: Kaspihavet er heilt innestengt frå verdshava og har vore det sidan 11.700-11.630.000 år sidan (ganske vidt spenn for å sei det MILDT!). Me får presentert to hypotesar om korleis selen har enda opp i Kaspihavet: 200.000 – 300.000 år sidan så var det tidvis god tilgang frå arktiske hav til Bajkalsjøen og frå Bajkalsjøen til Kaspihavet, også har arktiske selar svømt den vegen ifrå(Kaspiselane liknar ringsealar å sjå til og har nordlege kjenneteikn som kvit babypels og fødsel på isen). ELLER: 34.000.000 – 5.000.000 år sidan så var mykje av Europa ein stor sjø kalla Paratethys, og særleg 11.000.000 – 5.000.000 år sidan er det mykje sel-fossilar ifrå og kanskje Kaspiselen er ein ætling av dei gamle-selane.

Desse sine mitokondrie-analysar seier at det ikkje er noko nærmare slektskap til ringsel enn nokon annan sel. Dei seier vidare at hypotese 1 verker å vere for kort tid sidan og hypotese 2 for lenge sidan. Selane kom sikkert til Kaspihavet 2.000.000 – 3.000.0000 år sidan vha ein slags sjø-hopping? Frå nord. Men alt i alt, ser alt ut til å vere litt usikkert.

Er det noko meir interessant å sei om selen? Om eg ein dag finner ny informasjon om mysteriet «kvar kjem kaspiselen frå?» så skal eg oppdatere her! Elles er kaspiselen ein sel som alle andre, berre at han(og han kompis Bajkalselen) bur i ein innsjø og ikkje i havet.

Søte bilder av sel

11.juni 2022: Ikkje noko nytt egentleg men nrk la ut ein bildeserie av Bajkalselar og sjø. Og forresten så er det sant at det berre er selane i Bajkalsjøen som lev i ferskvatn fordi Kaspihavet er salt og ikkje ferskvatn. Saltare enn Østersjøen faktisk forteller Wikipedia meg! (Kaspihavet har eit saltinnhald på 1,2% og Østersjøen 0,6-1%). Eit google-søk fortel vidare att Kaspihavet er salt fordi i gamlegamledagar (50millionar år sidan) var Kaspihavet ein del av dei store salte verdshava - og saltet har berre blitt igjen sidan då. Havet dagens Kaspihav var ein del av heit Paratethys og hang saman med Middelhavet.