The Interesting Narrative of the Life of Olaudah Equiano 🗓️
Olaudah Equiano blei kalla Gustavus Vassa heile sitt vaksne liv, til tross for at han heit Olaudah Equiano. Det var ikkje det einaste nye namnet hans heller: andre slaveeigerar hadde allereie gitt han namna Michael og Jacob, som om det liksom ikkje er godt nok å eige ein annan persons kropp skal ein eige heile identiteten. Så var det ein eigar som insisterte på namnet Gustavus Vassa (som ærleg talt høyrest litt spottande ut (utan at eg vett nokon ting om svenske Gustav Vasa)) og då lukkar fyrst Olaudah øyrene for det namnet – men det får han lide for og blir Gustavus Vassa for resten av sitt liv (Det er òg etternamnet han gir til ungane sine ser det ut til på wikipedia). Bortsett frå i tittelen på boka si da, og det til tross for at mesteparten handlar om livet etter han fekk sitt siste og endelege namn. Og det er jo litt vakkert og fint, at han fekk ein mulighet til å få litt tilbake det livet han blei frårøva då han var omkring elleve år.
Han fekk oppleve så mykje så tidleg. Eg måtte lese om sjuårskrigen på wikipedia og skjekke ut litt youtube-videoar for eg forstod eg hadde null peiling på kva som skjedde: kvifor slost England og Frankrike? Kva er greia med Spania? Også slost dei plutseleg i Kanada òg? Men det er sjuårskrigen altså, som eg då lærte om for fyrste gong ✌️. Det hadde ingenting med oss å gjer. Altså opplev Olaudah fleire slag til sjøs og ein heil beleiring av ei øy?! Etter at krigen er slutt må han bo for det meste i Karibia (som han ikkje kan fordra fordi det er der afrikanarar har det aller verst seier han (sjølv om han retunerar heile tida sjølv som fri mann)). Der borte klarar han å tene seg pengar, han verker svært driftig – uansett kor han er så tar han seg tid til å jobbe for seg sjølv: han kjøper billig og seljer dyrt (eller mindre billig i alle fall). Han seier han har vore svært heldig med sine slaveeigerar, ikkje berre behandlar dei han relativt fint men arbeidet han blir satt til verker for meg å vere meir ‘notere ting i ei bok’ enn utmattande arbeid på ein plantasje.
Det er nokre kapittel rundt midten der han fortel om alt det vonde han har opplevd, og særleg alt det vonde han har sett: korleis slavar blir mishandla og korleis folk med mørk hud som ikkje er slavar likevel har ingen rettighetar som helst – dei berre lev sitt frie liv og så kjem der ein dag ein sur kvit mann og tar han og det er det, fordi i Karibia har visst ikkje dei med mørkare hud nokonting dei skulle ha sagt. Det er ikkje eigentleg nokon stor overrasking det eg les, men det er spesielt å høyre det frå nokon som har sett og opplevd det sjølv. Gjennom heile livet, eller heile boka, er Olaudah sjølv avhengig av hjelp frå kvite menn som kan snakke for han og ta han i forsvar. Fordi det kjem støtt og stadig folk som skuldar han for ditt og datt og Olaudah er det jo ingen som vil høyre på, han snakkar svært godt for seg i boka – språket hans er svært intelligent synst mine øyrer i alle fall, men likevel er han avhengig av ein eller anna kvit kompis som kan gå god for den her svarte mannen. Det er like irriterande kvar gong, og det må jo vere ein stor frustrasjon for Olaudah òg at han ikkje får vere sjølvstendig og fri til tross for at han er blitt ein fri mann. Han har sjølv betalt for å få tilbake ein frihet som andre stal frå han – men det er ikkje godt nok, han har ingen rettighetar likevel og hans ord veger ingenting.
Til biblioteket