Det er med ei STOR sorg eg innser at minnebøker ikkje er ei greie lenger. Det var så vidt ei greie då eg var ung. Mor mi sine minnebøker var alltid mine favorittbøker, alle dei ulike handskriftene og teikningane – Å! Dei er så fine! Eller, det er ein god del ikkje-fine òg, minner kopiert frå sida framfor og utan pynt – det er slikt ein berre må godta, me er ikkje alle fantastiske minneskrivarar, og eit minne er jo uansett eit minne (så lenge det er signert så klart). For meg er det heilt magisk med denne sida heilt via til eit minne frå ein til ein annan – det var kjekt når eg var liten, og det er jo enda kjekkare nå og sjå tilbake på. Det er ein kos utan like.
Om Du tilfeldigvis er om lag 8år spør eg Deg, kan Du ikkje gjere minnebøker trendy igjen? Eg anbefaler ei bok utan liner, at minneskrivaren skriv med penn og at ein skriv inn dato. Eit minne kan vere kva som helst, det er mykje inspirasjon her, eller det kan vere ei diktstrofe eller et vers frå ein song – berre fantasien sett grenser som alltid.
Eg har pressa saman bilda så godt eg kan, så eg håper denne sida ikkje er altfor stor. Eg ønska at alle minna skulle vere godt leselege, på same side og i full storleik (å måtte trykke på mindre bilde for å gjere dei større er det VERSTE!). MEN, om du bruker mobil så kan bildene se litt rare ut, då må du opne dei opp i sin egen fane for at dei skal blir ordentlege. Sladd er pus Sunniva.