Tomat og ris 🍅🍚
Eg er ikkje så glad i tomater, men når dei krossade tomatene var alle gått ut på dato så ville eg bruke dei. Kokt ris er greit nok, det gjer seg sjølv i riskokaren. Men for at tomatene skal bli gode må dei kokast (eg kokte dei i steikepanne) lenge nok til at dei ikkje smaker tomat lenger, ein halvtime minst. Det er eigentleg alt - alle andre smakar er vel etter behag? Eg byrja med å riste frø: senneps-, fennikel- og korianderfrø, så hadde eg i olje og smør, og kvitlauk+ingefær+vanleg lauk. Og gurkemeie for den fine fargen. Så tomatene, og i løpet av koketida *når eg følte for det* hadde eg i meir krydder som karri og garammasala (dei bruker eg sjeldan så det var litt for å få brukt det), semsamolje og eddik fordi det er så digg, salt og pepper mot slutten. Og fordi det er haust og tvangseting av epler: eplebåter. Eplebåtane går oppi heilt til slutt, eg vil ha dei varme men ikkje i oppløsning.
Tomat og pastasuppe 🍅
Denne suppa starta etter ei oppskrift på minestronesuppe, men minestronesuppe er vel eigentleg berre ei restesuppe, wikipedia seier at minestra betyr suppe på italiensk. Men restesupper kjem i fleire variantar og ho her er basert på hakka tomater og pasta. Er eg ekstra flott på det så rister eg kanskje korianderfrø elns før eg har olje i panna. Men vanlegvis liker eg å steike lauk, kvitlauk, ingefær og gulrøter fyrst og drite i risting av frø. Eg har òg gjerne andre røter/grønsaker i gryta når eg steiker, men gulrøtene er viktigast – dei tar lengst tid å koke gjennom (og internettet seier at dei smaker betre om ein steiker dei fyrst? Det har eg aldri lagt merke til). Elles bruker eg berre det eg finn i huset og hagen.Om det er heilt krisemangel på ingrediensar er det berre å koke eitt egg eller å lage melboller å ha oppi (eg pleier bruke oppskrifta her) For å sleppe ha for mykje pasta i suppa – det er ikkje nødvendigvis så godt med 90%pasta i suppa, så kan eg ha linser/kikerter oppi. Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei, kva som helst går oppi (ikkje agurk 🤢). Om det er ingrediensar som ikkje smakar så godt kokte så er det berre å ha det oppi når suppa er ferdigkokt – her om dagen hadde eg paprika og eple oppi (epler er undervurdert som middagsingrediens).
Eg bør kanskje nemne hovudingrediensen: hermetiserte/kartongtomater: eg bruker ein halv pakke om det berre er til meg og ein heil om det er til fleire, også fyller eg på med vatn til det er suppe nok. Alt slags krydder og buljong prøver eg mitt beste å variere på og ikkje vere redd for å prøve rare kombinasjonar. Skjønt kardemomme og kanel er sjeldan (aldri) inkludert. Så her har eg litt å jobbe med.
Forsommersalat 🥗
Eg sakna sjopskasalaten eg hadde dilla på i Makedonia, men hadde ingen av ingrediensane til heima (Det som kjem no har altså lite til felles med sjopskasalaten (som òg er veldig god)). Eller det var nokre små tomater i kjøleskapet. Saman med ramslauk frå hagen, både blader og blomar 🌼 – han skal vel helst haustast før han blomstrar men eg er aldri så flink, uansett er det ikkje alle som har blomstra endå så eg får be om deira blader. Ost, eg liker best Østavind eller Gräddost 🤤. Eg skjærer til litt kvitlauk og ingefær, og eigentleg berre kva som helst: Eg hadde i ananas frå boks i dag, men det er longt frå ein nøkkelingrediens – boksananas er litt spesiell i smaken synst eg, smaker ananaslake meir enn ananas. Men meir viktig er frø! Eg liker solsikkefrø aller best, men òg chiafrø og sesamfrø.
Også naturlegvis saus. Eg las ein på apetitt.no ein gong som eg berre tar på gefylen no for tida, kan vere hovudet mitt har gjort sine eigne endringar: olivenolja, sennep, eddik, salt og peppar (har eg salt oppi? eg trur det kan komme ann på dagen), sitronsaft og honning.
Havregrynsgraut 🐴
Frukost? Okå, men kva med til middag? Det funker, eg lovar! Det mettar og det er enkelt og det er knallgodt! Eg måler ikkje opp noko, berre passeleg mengde med havregryn («Ja, så mykje vil eg ete!») også fyller eg opp med så mykje vatn eg vil ha - når grauten er så og sei ferdig har eg oppi litt mjølk og det er viktig å gjere det heilt til slutt fordi det er berre mas å koke nokontingsomhelst med melk i, det veit du. Salt 🧂. Også lar eg det koke til eg liker konsistensen – eg trur det er litt smak og behag, eg føretrekk litt blaut graut. Maten lagar seg sjølv. Topping: sukker og knuste hasselnøtter eller mandlar.