Manon Lescaut 🗓️
Eg fann først ut om og leste Manon Lescaut fordi eg ville sjå operaen og balletten som er blitt laga basert på boka. Eg kan vel avsløre først som sist at boka var best. La meg komme tilbake til operaen og balletten. Manon Lescaut er ei bok frå 1700-talet og eg lurer no på om dette skal bli mitt store 1700-talls år. Me får sjå kor lenge det varar. Boka er visstnok den siste i ein lang serie og eg antar serien følger den mannen som startar boka. Han er eigentleg berre til stades for oss lesaren den fyrste sida eller så for å introdusere oss for Chevalier des Grieux som er forteljaren av hovuddelen av boka. Det er altså snakk om ein forteljing inni ein forteljing utan at det har noko å sei for hovudhistoria så derfor antar eg altså at bokserien fylg han fyrste som eit slags bindemiddel mellom historier som ikkje har noko med kvarandre å gjer. Eller dei har, eg veit ikkje for eg har berre lest Manon Lescaut – den siste boka i serien.
Eg likte skrivestilen, forteljinga fløy av garde og før ei greie er over er med allereie på veg inn i noko nytt. Chevalieren er svært flink til å skildre seg sjølv som den velmeinande helten som berre vil leve sitt liv i kjærleik og truskap til sin Manon. Dessverre vil verda han litt i mot (inkludert Manon til gjentatte tider!). Chevalieren er stadig det stakkars offeret, men eg veit ikkje om han er heilt til å stole på! Det er litt suspekt når det er han sjølv som gjenforteller historia si og er den einaste som kjem godt utav det. Manon sjølv, tittelpersonen, blir me altså berre kjent med gjennom Chevalieren og alle hennar ord har blitt filtrert gjennom han. Så eg synst det er vanskeleg å ver heilt sikker på kven Manon er. Men ho verker som ei dame glad i å pynte seg og å dra i selskap. Når Chevalieren ikkje strekk til økonomisk så ordnar ho opp sjølv (ved å finne seg nye kjærastar). Ho er både fullt og heilt sin egen, men på sin egen kropps bekostning. Har ho valt eit slikt liv fordi alternativa for finslege 1700-tals damer til å tene pengar ikkje var mange, eller berre fordi ho hadde lyst til å leve livet slikt. Eg får liksom inntrykket av det siste. Ho overøser Chevalieren med ord om elskhug og alt slikt, men er ikkje sein om å hale i land rikingar med kroppen som agn. Og ho lovar alltid å dele pengane ho får med Chevalieren: ho er utru til Chevalierens eige beste. Visstnok. Til sjuande og sist så veit eg ikkje kva eg skal tru sidan alt eg får høyre om Manon er altså det som blir fortalt av Chevalier, og han er ekstremt langt frå nøytral, men heller blind når det gjeld arme og trulause Manon.
Både operaen og (særleg) balletten framstilte Manon som litt hjelpelause damer under broren sin nærmast hallik-kontroll, men det er verkeleg ikkje det inntrykket eg fekk av dei i boka. Eg synst Manon var heilt sjølvstyrande og broren mykje meir perifer. Broren, Lescaut, er definitivt ikkje ein lovlydig mann, og hans hovudoppgåve i boka er å få Chevalieren innblanda i uærleg kortspel og ikkje tene pengar på systera.
Forteljinga slik ho kjem fram i operaen og balletten blir så tynn og simpel, meir som ei skisse enn det fargesprakande bilete boka er. Operaen og balletten fokuserer svært på Manon og gjer historia til tragedien om hennar liv som ung håpefull til misbrukt og fortapt. I boka er Chevalier des Grieux hovudpersonen som klamrar seg til sin kjære Manon, og som blir innblanda i all slags uærleg og kriminelt for å få være nær henne, og etter: bedrag, fengsel og mord og så bedrag og fengsel igjen så ender dei opp saman i Louisiana. Den siste delen syntest eg faktisk blei rørande på ordentleg og det er fyrste gong eg syntest synd på dei. Dei som alltid bedrog alle andre blir nå bedratt sjølv. Til slutt døyr Manon og Chevalieren drar heim til Frankrike.
Til biblioteket