Familien Maia (Os Maias) 🗓️

Forfattar: José Maria Eça de Queirós

Land og språk: Portugal og portugisisk

År: 1888

Omsettar: Christian Rugstad

Det er litt vanskeleg å lese bøker om land og kulturar ein veit ingenting om. Eg skulle gjerne hatt kjennskap til noko av Portugals historie, og eg prøvde lese meg opp litt, men eg ga fort opp – kor skal ein begynne når ein ikkje veit noko som helst? Så eg berre las boka og satsa på at forfattaren hjelpte meg nok. Det er openbart satire og ironi – det blir gjort ganske så narr av Portugals overklasse. Dei gjer absolutt ingenting anna enn å klage på sine egne medborgarar (for mykje lågkultur) og drøyme om å ein gong starte ein samlingsplass for kunstnarar der dei kan diskutera kunst og kultur (eg trur dei har oppnådd denne draumen utan å eigentleg å prøvd). Også har dei affærar med gifte kvinner. Det er liksom ikkje særleg til handlingsforløp i ei bok om folk som er ekstremt giddelause. Likevel er boka så spennande og morosam, eg kjeda meg aldri. Ho er så vakkert skriven.

– Hvis man skulle flykte fra kvinner med kjedelige ektemenn…
Han satte seg ved siden av Carlos og begynte i taushet å tegne på den sandstrødde bakken, og uten å løfte blikket sa han melankolsk:
– Hele forgårs kveld, fra ti til ett, måtte jeg stå og høre på historien om søksmålet mot Nasjonalbanken!
Det var nærmest en bekjennelse, en erkjennelse av all den dulgte lede han – med sitt kunstertemperament – måtte utholde i Cohens verden.
– Stakkars Ega, hele prosessen! sa Carlos medfølende.
– Ja! Og opplesningen av referatet fra generalforsamlingen! Og jeg viste interesse! Jeg uttrykte meninger! Livet er et helvete.

Om det er mangel på handling så må det vere fordi mesteparten er fantastiske skildringar av Lisboa og Sintra! Eg er eigentleg ikkje interessert i å reise lenger, men no fekk eg lyst til å oppleve Portugal og vanke gatelangs i byane der – sjølv i regn og tåke fekk han byen til å høyrest heilt magisk ut!

Men når dei snakka for og mot kongen og katolisismen så var eg litt usikker, sidan er veit ikkje heilt kva som blir kritisert (og kranglinga mellom Alencar og Ega om stilartar klarer ikkje heller å henge heilt med i). Her hadde eg tronge litt hjelp. Ein artikkel i The New York Times seier at forfattaren såg på 1800 talet i Portugal som ei bakevje og klandra monarkiet, den romersk katolske kyrkje og aristokratiet. Vidare står det at «it is their slow-moving world of vapid conversation and fear of change that Eça de Queirós most delightfully mocks», og at forfattaren skildrar eit samfunn som sit fast og nektar å fylgje resten av Europa framover i tida.

Sjølv om rikfolka blir framstilt som temmeleg patetiske, så er det vanskeleg å ikkje synst litt synd på dei òg. Slik som når Carlos får i stand sin litle klinikk og er så fornøgd og full av forhåpningar – men så kjem det nesten ingen pasientar, og alle desse bøkene som både han og Ega skriv og skriv på men aldri blir ferdige med. Dei lengtar jo etter noko, men manglar heilt vilje og energi til å prøve å nå det, men berre held seg til å drøyme. Slutten er jo nesten motsatt? Eg blei litt usikker på korleis eg skulle tolke det, men eg satt i alle fall igjen med ein litt håplaus stemning. Heile siste delen av boka forresten hadde eg ikkje sett for meg då eg begynte. Me fekk jo heile tida små hint (O heiter hunden din Niniche? Eg òg hadde ein gong ein hund som heitte Niniche!) og eg såg jo for meg at systera i Paris ikkje kunne vere heit utav bildet (skjønt det eldste syskenet aldri dukka opp igjen), men eg såg ikkje for meg at forfattaren skulle vere så brutal mot Carlos! Eg fekk heilt vondt av han der han fornekta sanninga og gjekk tilbake til Maria. Uff, for ein tragedie! Men aristokratiet liker jo alltid best sine eigne! 💀

Til biblioteket