Inspirert av soga om Gunnlaug Ormstunge

Flaks for meg blir denne kjærleikshistoria fortalt kort heilt i starten av soga. Take it away Torstein:

«Eg drøymde og tykte eg var heime utanfor hovuddøri på Borg og såg uppå mønet på huset ei fager og ven svane. Eg tykte eg åtte henne og var mykje glad i henne. Då såg eg det kom ei stor ørn fljugande ovantil frå fjelli og sette seg hjå svana, og var mykje tyd og blid, og ho syntest lika det godt. Då såg eg at ørni var svartøygd og hadde jarnklør; ho syntest meg staut å sjå. Etter det såg eg ein annan fugl koma fljugande sunnantil; han og flaug til Borg og sette seg på huset hjå svana, og vilde tydast til henne. Det var ei stor ørn. Brått tykte eg den ørni som var der fyrr, vart mykje oppøst då den andre kom, og dei slost kvast og lenge. Og det såg eg, at dei blødde båe tvo, og soleis lykta deira leik at båe tvo daft ned kvar på si side åt mønet og var daude. Men svana sat att mykje sturi og hugsjuk. Då såg eg det kom ein fugl vestantil. Det var ein falk. Han sette seg hjå svana og var mykje kjærleg mot henne, og sidan flaug dei burt i lag båe tvo; og då vakna eg.»

VENTPÅMEG-KVAD

Orkar du vente?
Tri år?
Eg kjem att
og blir for alltid.
Eg må berre
oppleve litt
fyrste, reise på
ferie fyrste

KVAD FOR KONGAR

Gunnlaug blei ven
med alle vørde
kongar på si ferd.
Knapt innom døra
han smigrande kveda
til store fyrstar.
Kvart gjæve
hjarta blei mjukt.


Innhold!

Inspirert av Grottesongen frå eldre Edda

Trælane Fenja og Menja blir satt til å mala ei kjempetung og magisk kvern kalla Grotte for danske kong Frode. Dei mel gode ting dag ut og dag inn utan å få lov til å sove meir enn «gauken gjer eller ein song eg syngje kan». Berre ein tupplur her og der altså. Det er forventa at dei berre skal sitte der å mala gull og grøne skogar i all æve. Dei blir irriterte og fornærma. Kong Frode veit ikkje kven han har med å gjere! Fenja og Menja er gygrer! Og ikkje berre det, det var dei som laga Grotte! No mel dei alt dei kan og dei mel fram ein hær som skal erobre heile kong Frodes land. Med si store makt mel dei heile Grotte i sund. «Full-lenge sat me, Frode, ved kverni»!

Kong Frodes Fall

Havesjuke
utan hinder,
trælane starvar ustanseleg.
Med deira ganske
gygremakt
mel dei riket i ruin


Innhold!

Inspirert av Theogonien av Hesiod

Gjendikta av Aslak Rostad

Theogonien, ‘theo’ som betyr noko med gudar og ‘gonien’ som betyr noko slikt at noko blir til, altså er det historia om korleis gudane blei til, det er i alle fall Hesiod sin versjon som han lærte frå musene. Dei blir til ved at dei blir til. Fyrst Gapet (Khaos), så Jorden (Gaia) og så Tartara (Tartaros) og Eros, og så trur eg resten er kjem frå desse sånn meir eller mindre. Det er ein intrigefull familie, Himmelen (Uranos) fengslar bort nokre av ungane sine, son Kronos sett dei fri og samtidig kastrerer Himmelen og Himmelens avskårne penis flyter bort på bølgjene og frå den blir Afrodite født. Kronos og hans generasjon vert kalla titanar. Kronos fekk vite at eit av hans barn skulle ta over hans makt og derfor bestemte han seg for å sluke alle sine egne barn. Han son Zeus klarte å bli lurt unna og då Zeus blei vaksen klarte han å lure far sin til å ete noko spy-middel så han kasta opp alle ungane sine.

Det står òg om hemngudinnene som me møter i den siste tragedien i Orestien. Det står at dei blei født av Jorda etter at blod frå kastreringa av Himmelen trefte ho.

Hesiod og musene

Musene meinte
han mangla skam
og kalla Hesiod ein feit hyrde
Så skjenka dei’n
ein heilt sjuk presang:
Sjå-gamle-tider-Talent!

Himmelen og hans ungar

Himmelen bannlyste
sine eigne Barn:
slik gidde han Jorda mageknip
Kronos blei vreid
på mor Jord sine vegner
og stussa den himmelske stake

Lemen blei kasta
langt utpå havet,
på bølgjene vogga han vevert
Då syda fram
fossande skum
og ut sprang deilige Afrodite

Kronos og hans ungar

Frå stammen falt
ikkje frukta langt:
Kronos eter ungane sine.
Makta blir tviheldt
Barn er ein trussel
og særleg den vise Zeus

Kronos får stein
til middag av kona
og barnet gir brekkmiddel.
Så frigjer Zeus
Himmelens fangar
og tyner dei gamle titanar

Zeus og kona

Zeus hadde erfart
av far og farfar
unger er rota til alt ondt
Men Zeus var jo
smartast av alle
og han åt si eige kone

Medusa

Tre søte jenter
er systrer men
berre Medusa skal døy
Halshugd gravid
av helten Persevs
Då føddest ein fole og gut

Promethevs

Promethevs lurte
den allvise Zeus
og då blei folk nekta flammen
Promethevs stal
elden for oss
og blei steinfesta og eten av ørn

Så kom Zeus
med straff til folket:
Sorg og klage, det var kvinna!
Promethevs bror
den alltid skuffande
blei hennar mann seier Hesiod


Innhold!

Inspirert av Arbeid og Dager av Hesiod

Gjendikta av Aslak Rostad

Hesiod fortel om korleis menneskeslekta blei til, eller om kven som kom før(gullfolket, sylvfolket, bronsefolket, heltante og til slutt jernfolket (oss/Hesiods oss)) og litt av det same som i Theogonien. Men så begynner han å mase til sin bror, elendige Peres, om korleis han skal oppføre seg: vis alltid rettferd og arbeidslyst! Det gav meg same stemning som då eg las Pinocchio, Pinocchio og elendige Peres har kanskje ein del til felles om eg skal døme utifrå korleis Hesiod snakkar til broren. Det er for det meste ein haug med leveråd liknande Håvamål, og ein skildring av jordbruket – kva ein skal gjere til kva tid på året (og litt om arbeid på sjøen til tross for at Hesiod knapt har vore på ein båt! Men han seier at musene har gitt han gåva å vete desse tinga likevel så han snakkar med autoritet).

«Håpet er ikke en egnet forsørger for han som er fattig»

Me er jernet ☹

Gullet var velsigna
Sylvet var sløvt
Bronse var hekta på blod
Gudaktige heltar
fekk herje vilt
men jernet må jamre for alltid


Innhold!

Inspirert av eposet om Gilgamesj

Gjendikta av Per Seyersted

Det gamle diktet om Gilgamesj er eldgammalt og det finst i fleire versjonar, og eg har lyst til å lese litt fleire enn denne eine! Men eg fann berre dette eine på norsk. Denne tida i dette området synst eg er så forferdeleg forvirrande, eg går heilt i surr med Babylonia og Sumer og det Akkadiske riket og Assyria og Hettitterriket (?) 😵‍💫. Men Gilgamesj var uansett ein konge som levde for svært lenge sidan: mellom 2750-2600 f.kr. står det i forordet(Nedskriven frå 1700f.kr. av omtrent). På den tida (Gilgamesj’ levetid ikkje diktets nedskrivingstid) var Norge framleis i steinalderen, men desse sørlege områda der Uruk er hadde begynt sin bronsealder (Norge var akkurat innlemma i bronsealderen då nedskrivinga av historia starta).

Historia om Gilgamesj er underhaldande og eventyrleg og litt tragisk og trist. Han og Enkidu drar på monsterjakt i skogen, dei skjelver av frykt men med hjelp frå gudane drep dei beistet! Og då dei har drepe oksen Isjtar sendte etter dei fordi Gilgamesj ikkje ville ligge me ho så hiver Enkidu eit okselår rett i fleisen på ho! Og til tross for gudehjelp då dei drap Humbaba så er dei så lunefulle som gudar flest og drep Enkidu som straff. Gilgamesj blir heilt frå seg av sorg, det er svært trist – det minner meg litt om Akilles og Patroklos. Den siste delen då Gilgamesj drar på eventyr aleine for å utfordre skjebnen kunne lett bli kjedeleg fordi då venter ein ofte (eg iallefall) på at det skal vere over, men heila ferda er så trist han og stusseleg. Han prøver så hardt og slit seg ut, og Utnapisjtim berre ler av han når Gilgamesj ikkje klarer å halde seg vaken lengre – kva for gudeemne trur han Gilgamesj at han er liksom? Og slutten … den er som eit spark i magen, skjønt ein visste det vel nesten – at ein må berre godta flyktigheta ved det å vere gammal. Me vil alle døy ein dag uansett, og om det lar vente på seg så blir me og gamle og trøtte og rynkete. Er dette ofte eit tema i mange kulturar: at ein ikkje kan endre skjebnen sin?

I Uruk plagar kongen
folket, han pløyer kvar mark –
ingen er trygg, er dette
Håkon Jarl si slekt, tru?
På marken lev Enkidu,
han skal bli kongens ven.
Han skal roe drotten og
gi han anna tidsfordriv.

Drotten er totredels gud
og skal ein dag døy,
men kan namnet leva evig?
Kan ry døy aldri?
Kongen og Enkidu
kverkar Humbaba,
han giganten i skogen
der gudanes fjell står.

Fagre Isjtar ser verket
og faller for kongen,
han kan gjerne pløye
hennar jord, vinkvink.
Men ry døyr aldri,
og Isjtar sitt er skittent.
Kongen helsar nei og får
Himmeloksen etter seg.

Kongen og Enkidu
kverkar Himmeloksen.
Gudane harmast og vil
ha hemn. Enkidu blir
dødssjuk. Ikkje eingong
i kamp får han døy.
Kongen blir hjå venen
ei veke til endes.

Som Enkidu skal òg
Kongen døy ein dag.
Men Utnapisjtim? Som
gudane gav evig liv?
Kongen tryglar, men svaret er
«eit eingongstilfelle».
Alle skal døy og
Kongen slepp ikkje unna.

Då gudane sendte den
store Stormflod fekk
Utnapisjtim eit gudeleg råd:
bygg deg ein ruvande båt.
Han levde, men skjønte
for mykje. Gudane skjenkte:
Evig liv for han og kona
i ein liten himmelhage.

Utnapisjtim ynka Kongen
og hinta om evig ungdom.
Ein plante på havsens botn!
Kongen hoppa uti og
fann si løn – men slangen
stal planta og forsvann.
Og Kongen grein og hulka og
Kongen drog heim til Uruk.


Innhold!