Ivanhoe: A Romance 🗓️

Forfattar: Walter Scott

Land og språk: Storbritannia (Skottland) og engelsk

År: 1819

Mitt inntrykk av Ivanhoe før eg hadde lest boka var at det var ei eventyrbok (som i ‘la oss dra på eventyr!’ ikkje troll og alvar-type eventyr) for ungdommar, og boka levde ganske opp til dei forventningane! Men – gusjelov for at eg las ho på lesebrettet som har innebygd ordbok for det var mange ord eg måtte slå opp! Og alltid stod det då sånn i parentes: [archaic]. Og dialogen… ooo det var ein fryd å lese! Masse slikt thou og thee, dost og doth og slike gamle bøyingsformer. Eg prøvde å halde tritt med høfleg tiltale og vanleg tiltale (uhøfleg? Uformell?), og eg er temmeleg sikker på at ‘thou’ er vanleg og ‘you’ er høfleg – men sjølv ut i frå samanhengen blei eg litt forvirra til tider, det er som dei brukast litt om kvarandre, men det låg sikkert ein tanke bak det var berre eg som ikkje nileste. Men altså: det er ei spennande eventyrbok, men på engelsk er i alle fall språket litt vanskeleg. Eg hadde ikkje klart å lest ho som ungdom på engelsk, men eg skjekka dei norske omsetjingane og det er ei i to deler som er meir eller mindre fullstendig så vidt eg kunne sjå, men er milevis lettare å lese. Men ein mister jo mykje av sjarmen.

Eg var forberedt på slutten heilt frå starten av – altså no skal eg snakke om sjølve slutten… du er advart! Han som skreiv introduksjonen seier korleis det går med Rebecca, Rowena og Ivanhoe og at mange lesarar heia heller på Rebecca enn Rowena. Og det forstår eg: Rowena spiller ein svært liten rolle i boka, ho går berre rundt og er vakker. Rebecca er jo nærmast ein av hovudrollene, ho er dyktig og smart og kan snakke for seg. Hu er ein utstøytt og blir stadig sett ned på fordi ho er jøde, men krev likevel respekt – kven kan ikkje føretrekke Rebecca framfor Rowena, Rebecca er jo så beundringsverdig 😍. Ho får tale etter tale frå tempelridder Brian, men Rebecca svarer han berre med hans egne logiske brestar og ho blir ikkje forført eit sekund. I motsetning til Brian så skal det ikkje mykje til før ho faller for Ivanhoe. Eg synst sjølv at det er så mykje usannsynleg som skjer mot slutten at et forhold mellom ein jøde og ein kristen ikkje er heilt utenkeleg, men det er heller Ivanhoe og Rowenas langvarige venskap og forhold som gjer at eg ikkje har noko imot at dei blir saman heller enn Ivanhoe og Rebecca. Men eg likte at Ivanhoes lidenskap for Rebecca ikkje blir heilt lagt skjul på sjølv etter han er gift, fordi før det kunne ein undre seg om han følte noko som helst for Rebecca:

Yet it would be enquiring too curiously to ask, whether the recollection of Rebecca’s beauty and magnanimity did not recur to his mind more frequently than the fair descendant of Alfred might altogether have approved

Kva med dei andre folka? Dei som gjer styrst inntrykk må vere narren Wamba fyrst og fremst, ein comic relief alltid unnskyldt med at han jo er «a fool». Men han er ikkje dum. Tempelriddaren Brian blir jo faktisk heilt bergtatt av Rebecca (utan at det er hennar vilje) og det er nesten så eg synst synd på han mot slutten – nesten. Og Ivanhoe eg jo også med… men han er for det meste sengeliggande og seier ikkje stort. Men mot slutten då Ivanhoe skal ri etter kongen og må låne hest av prioren – det var gøy: prioren låner bort sin gode gamle Malkin og seier til Ivanhoe at nå må han behandle denne kjære hoppa fint og være snill og Ivanhoe får ikkje ha på seg full rustning når han skal sitte på ho. Men Ivanhoe puttar på seg dei største og skarpaste sporane nokosinne «Trust me, holy father, I will not distress her with too much weight; and if she calls a combat with me, it is odds but she has the worst». Prioren: «💀».

I starten då eg las så blei eg litt forvirra kva gong jødar blei nemnde, det var liksom så positivt og negativt på ein gong. Jødane er nokre pengeglupske stabeistar, men det er fordi dei blir så forferdeleg behandla av absolutt alle, og å låne ut pengar har blitt det einaste arbeidet opent for dei – og for å halde på sin kultur og minnet om sin heim og historie har dei måtte vere stabeistar. Eg trur ikkje eg tar alt for mykje feil at det er samtidige antisemitiske haldningar som blir kritisert. Den kristne kyrkja får gjennomgå med mindre nåde: alle kyrkjefolk og tempelriddarar er tvers igjennom hyklarar. Kanskje han Lucas er den einaste som verkeleg trur på det han seier, men han er jo ein av dei vondaste av dei alle! Broder Tuck er ein av dei gode kyrkjefolka, men han er jo hyklar han òg tross alt og gjer allslags han ikkje har lov til.

“Holy Mother,” said the monk, as he addressed the assembled knights, “I am at last safe and in Christian keeping!”
“Safe thou art,” replied De Bracy; “and for Christianity, here is the stout Baron Reginald Front-de-Bœuf, whose utter abomination is a Jew; and the good Knight Templar, Brian de Bois-Guilbert, whose trade is to slay Saracens—If these are not good marks of Christianity, I know no other which they bear about them.”

Andre greier eg likte var at «kjendis i forkledning» blei brukt 3 gonger! Drygt! Og at boka eg las hadde bilete. Korkje likte eller ikkje: var at folk ofte snakka på latin til kvarandre, og eg forstår jo ikkje det språket og berre satsa på dei sa noko vettig om det ikkje var klart utifrå samanhengen, men etter kvart trur eg eg forstod dei folka i boka var sjølv ikkje heilt drivne i latin og at dette var humor: det var ofte gebrokkne fornærmingar. Kanskje?

Til biblioteket