Frie menn (Sjálfstætt fólk)
Del 1
Del 2
🗓️

Forfattar: Halldór Kiljan Laxness

Land og språk: Island og islandsk

År: 1934-36

Boka handlar om Bjartur som er fast bestemt på å leve sjølvstendig på sin eigen gard i ei li på Island. Det blir sagt at garden er forbanna av Kolumkilli og heit eigentleg Vinterhus, men Bjartur er lei draugesnakket og kallar om garden til Sumarhus. Bjartur er sta utan like og hans einaste interesse er sau. Han kan leite heile fjellet i snøstorm etter ein fortapt sau, men då sonen forsvinn ein vinternatt er det ikkje eit fnugg av slik energi å finne. Eg las nokre omtalar på goodreads og fleire av dei er svært negative til Bjartur og i ei av dei engelske sitata kallar Bjartur ei dame for «bitch», mens på norsk seier han «kvinnfolk»! Det er ganske ulik stemning! Eg veit ikkje korleis han ordlegg seg på islandsk, men eg håper jo det er meir som den norske omsettinga. Men apropos den norske omsettinga, så er den på bokmål (noko radikal bokmål) og det synst eg er litt synd, det hadde passa betre å omsette ei islandsk bok til nynorsk enn til ein slags etterlikning av dansk. Upassande spør du meg.

Så en dag ble kua drevet ut til Krok - det ligger utmed fjellet, moer med slake hall. Nytt gras stakk nå opp gjennom det visne fra i fjor, myra var tilgrodd, dalen grønn. Men kua trivdes ikke alene i utmarka. Den rømte mot vest, over åsen. Dagen etter ble de større guttene sendt ut for å gjete den. Men slikt selskap hadde den ingen glede av. Den lengtet etter søstrene sine på Utiraudsmyr, sto timer om gangen og rautet mot bygda og brydde seg til slutt ikke om guttene, men la i vei. Det bar over stokk og stein, guttene etter. På ei snøye midt oppe i åsen tok de den igjen, la grime på den og leidde den hjem. Den sto der på gardsplassen, stuptrett, trist, uten håp. Årene trådte fram på kjakene dens, den viftet rasende med ørene og holdt ikke opp å brumme før Finna kom ut, klappet den og talte med den om menneskelivet. Det er mye verdt å ha en venn som kan hjelpe oss til å møte livets sorger med fred i sinnet, hvis vi ikke kan rømme fra dem.

Men ikkje misforstå, eg syntest språket var svært vakkert og sitata eg tar med er lange (men eg klarer ikkje knytte dei til teksten, sorri, det er berre sitat eg synst er fine). Dette er ikkje ei slik bok med mykje handling – det er eigentleg mykje som berre blir hoppa over, plutseleg har det gått mange år. Av og til var boka meir «hendingar ifrå livet til Bjartur og hans familie» enn ein historie der eitt kapittel går over til neste i same historie. Det gjorde boka til ein litt treig oppleving, men dei levde eitt treigt liv så det passar jo bra.

Men få ting gjør deg så trygg og glad som en slik skyfri morgen - det er solskinn over den grønne dalen, Blåfjella hviler mot himmelen i drømmesæl trygd, som barna i et rikmannshus - de vender ansiktet oppover, salige, som om ingenting noensinne kan komme til å skygge for dette stille solskinnet under denne dype, evige himmel som lover tørt vær.

Bjartur er altså svært opptatt av å vere fri frå nokon overmann, han er sjølvstendig! Det betyr at han takkar blankt nei til all form for hjelp. Når boka begynner å snakke om det økonomiske i Fjorden og Vik, lån og kooperativet og slikt – då detter eg litt av. Eg er ikkje så smart økonomisk til å forstå kva forfattaren prøver å sei, men eit tema ser ut til å vere at ingen er heilt sjølvstendig. Eller kanskje Ingolf Arnarson, rikingen, er det? Men som bonde i alle fall, er ein alltid underlagt «den makt som styrer verden».

Eg likte godt forholdet mellom Bjartur og Åsta Sollilja, dei var like sta begge to. Og så søte mot slutten då begge saknar kvarandre, men nektar å vere den som tar det fyrste steg tilbake til den andre. Men eg blei liiitt forvirra mot slutten – dei har framleis eit forelder/barn-forhold, ikkje sant!? Dei andre ungane var ikkje med i historia lenge nok til at eg kunne knytte meg så nært til dei, men som ein samla flokk likte eg alle som på eitt eller anna tidspunkt budde på Sumarhus. Det var kjekt å lese om (eller vondt den snøstormnatta i starten av boka, det var veldig vanskeleg å lese faktisk).

(kalven har blitt slakta)
Kua rautet uten stans i fjøset. De prøvde å drive den på beite, men den kom tilbake med en gang og rautet ute på gardsplassen. Den rautet inn i stua. Det svarte fra fjellet. Fra de store øynene rant store tårer. Kyr gråter.
En hel uke vågde ikke kona se kua, og gamle Frida måtte mjølke den. Ingenting er så uten miskunn som menneskelivet. Og det er svært vanskelig å unnskylde menneskelivet, særlig overfor de umælende skapninger omkring oss. Men de første dagene er alltid de verste, og det er stor trøst i det at forbrytelsene og sorgene de glemmes, likså vel som kjærligheten.

Midtpartiet av boka var litt ekstra treig, men mot slutten tok det seg opp igjen. Eg likte svært godt heile sagaen om huset Bjartur skulle bygge som strakk seg gjennom store deler av boka, berre for å nå fantastiske høgder mot slutten. Eg kunne så lett sjå for meg den klossen av eit betonghus dei hadde satt opp rett føre den gamle stova. Men kva er vel eit hus utan ein blom i glaset? Ikkje til å bu i i alle fall. Og favorittkapittelet mitt var det som heitte Ridehesten. Det er mot slutten og då Gvendur går i kyrkja men møter fyrst Jesus i Ingolf Arnarson sin skikkelse.

Og ja, i den snøstormnatta då Bjartur rir på ein rein – er dette vanleg jaktmetode eller er det ein referanse til Peer Gynt? Peer er jo ein løygnhals og verker ikkje lik Bjartur i det heile tatt, så kanskje det er vanleg å ri reinsdyr når ein skal drepe dei?

Til biblioteket