Er både vafler og sjokolade kaffimat? 😳 Eg kan ha feila allerede dag 2 på min "eitt kaffikosmåltid til dagen"-diett. Eg begynne på ny i morgon! Men eg må fyrst ete opp dagens sjokoladeplate så eg kan ha noko anna til kaffikos då 😌

Forresten sletta kindlen nesten alle bøkene mine som eg hadde lagt inn. Kan du tenke deg noko så frekt! Det er fort gjort å legge dei tilbake, men tenk om eg ikkje hadde vore heime med datamaskinen min. Eg hadde vore fullstendig boklaus! dååååån!

Katten er på diett, ho må ned i alle fall ein kilo og det går treigt. Men det betyr òg at eg stadig må på vekta sjølv 😭 Så eg tenkte at ka om atte eg berre har eitt kaffikosmåltid til dagen? eg må ha eitt, men det treng jo ikkje vere store greiene. Eg lover å sei ifra vist eg sviker 🗡️❤️

Også har eg så lyst til å legge til ein kirsebærblombakgrunn her. Skal eg gjere det?

Ja, tydelegvis

Dette året har til nå vore litt rart for meg. Eg får liksom ikkje gjort noke, og eg har ikkje lyst til å gjere noke. Det er som om eg kan stirre rett i veggen og la tida fly utan at eg merker noko. Eg burde jo i alle fall lese, men eg legger fort bøkene bort etter berre et par sider. Eg har fått litt merkeleg vondt i hodet(ikkje hodeverk, men som om det sitter ein tjukk og feit ein oppå der 😈). Eg trur det er ein stiv nakke som er årsaken. Men han irriterer meg.

Noko meir postivt er at eg har begynt på hobby#548(nevnte det førre gong ser eg): ballett på soverommet. Det var denne ballettjanuaren eg ikkje klarte å legge bak meg visst. Eg var lei ballett i ei veke og så ville eg ikkje berre sjå fleire sjovs, men eg ville danse sjølv. Det er kjekt og det er så mykje utstrekking og uttøying og det liker eg så godt - og eg hadde heilt gløymt ut kor godt eg likte det!

Noko som må bli betre: er at eg et heilt grusomt mykje is og sjokolade når ingen ser på. Kvifor klarer eg ikkje kontrollere meg når eg er aleine. Er eg ikkje sjef streng nok? Innenfor samme sjanger så må eg vel òg ein dag ta mot til meg å få gjort noko med SSS (det Store Skumle Skjebnesvangre(IYKYK))

PS. det går bra med katten. Betre enn nokonsinne eigentleg.

Katten må trekke dei siste tennene ho har ☹️ Det går vel godt, ho er stridig nok til å tygge tørrfor utan tenner òg (ho eter berre tørrfor og hatar alt anna). Men sikkert nå som då så vil ho nekte å nokon antibiotika og det er jo svært synd. Førre gong berre kryssa eg fingrane og holdt ho inne ei ekstra veke, og eg må vil gjere det denne gongen òg. No er ho i tillegg på slanking og kvardagen har blitt ekstra hard for alle, ho gjer seg ekstra søt når ho ber om meir mat 😿😽😺.

Eg har blitt hekta på dansing, eller "dansing". Det er vel for det meste ein fot fram og ein fot fram og slikt det går i, men plutseleg går timane likevel. 💃

😭😭😭 Dagboka! 🥺🥺🥺 Eg les på Greven av Monte Cristo ikkje sant, og har gjort mitt beste for å ikkje lese ein forkorta utgåve - eg ville helst lese på norsk. Og eg har gjort så mykje research og lagt inn så mykje arbeid med dette her altså, det er seriøst ikkje måte på (i alle fall skjekka både wikipedia og leksikonet og gjort eit googlesøk som gav null resultater) og eg starta altså lese Johanne Buvik sin, den er i 3bind og det føltest betryggande. Men så lasta eg ned den engelske utgaven som låg på gutenberg for å lese på senga på kindlen, og den er definitivt meir detaljert! Går det verkeleg ikkje ann å informere om slikt på forhånd! Finst det eit register for forkorta bøker, eller må eg berre gå ut ifrå at dei norske omsettingane av gamle bøker alltid er forkorta? Det same skjedde jo med den polse boka, sverd og ettelleranna. Kanskje eg må likevel halde meg til engelske omsettingar frå gutenberg - dei er det lettare å finne informasjon om i alle fall.

Kvar gong eg opnar nettlesaren så irriterer eg meg med ein gong over alle desse bokmerka eg visst samlar på men brukar aldri. Eg drøymer om den dagen eg gidder å gå igjenom dei og slette alle sider eg aldri kjem til å vitje igjen og ikkje minst alle lenker til sider som ikkje ein gong finst lenger! Kvifor skal eg drasse rundt på dette. Men eg lurer på bokmerka som går til matoppskrifter. Eg bruker dei regelmessig og eg ser for meg at det hadde vore meir ~romantisk~ om eg hadde skrive dei ned i ei bok, men eg trur eigentleg at eg hadde søkt meg fram til nettsidene i staden likevel 😳. Og alle lenker som går til strikkeoppskrifter og maleteknikkar og videoar om ditt og datt - kanskje eg nesten burde bruke desse sidene som eg ein gong tenkte at eg skulle.

Eg må erstatte fonten Libre Baskerville med noko anna - han er heslig å lese. Eg må gå gjennom filene for å skjekke kven det gjelder. Det er ikkje mykje arbeid men det er kjedeleg arbeid. Eg trur eg brukar ein av dei fontane eg har brukt andre stader som eg veit eg liker. Det skjer ikkje i kveld.

Og eg har slikt press på hodet i det siste, det er ukomfortabelt å skrive på nettbrettet. Eg trur det er nakken som er i overkant stiv og støl og at eg må gå meir tur og bevege meg meir. Men la meg berre sei eg er blitt litt kroppslig inspirert av ballettstrømminga i januar (ikkje at det fører til dei styrste resultata for nakken, men rørsle er rørsle).

Kindlen er alltid i flightmodus, eg treng ikkje internett og vil unngå bruke omsettar når eg les spanke bøker (det er så lett å falla for fristelsen). Om nettet er på dukkar det opp reklamer for bøker på framsida når kindlen er av. Utan nett så er det bilde av ei dame med eit teleskop som kikkar opp mot månen og stjernene.
Det minner meg alltid om den mørke og dramatiske traileren før nokre av disneyfilmane eg hadde på video som liten. SpAcE mOuNtAiN! Eg klarte aldri forstå kva det var trailer for, kva film er dette liksom? Finst han berre som trailer? Eg forstod seinare då at det var snakk om ein berg-og-dalbane. Men i mitt hjarta vil det alltid ver ein trailer for verdas kjedelegaste film.

Her i forgårs dukka det opp ny video på Youtube frå JB, ho som var så glad i Wilkie Collins og Italia, det var pga ho eg las Herodotus (skjønt ho ikkje kom så langt sjølv!). Men ho hadde dessverre dødd rett etter nyttår (ukjente årsakar, minner meg om han bakaren på same alder, Døden er så lunefull!). Det er heilt forferdeleg trist, ho er yngre enn meg og virker ein god del smartare enn meg. Ho var ein slik ein så lett kunne sjå opp til, ein kvardags-flinkis (i motsetning til ein eller annan falsk superstar).

Om det er lov til å hoppe frå eit seriøst tema til eit mindre eit, så ser eg for tida på Opera og ballett på ROH sine nettsider. Eg prøver å sjå ein av kvar kvar dag slik at eg får sett alt eg vil på ein månad. Og eg trivst. Eg skal lese litt Shakespeare (RJ, Midtsommernattsdrøm, Macbeth og WintersTale) til dei som er basert på det og eit drama av Turgenev. Men det dukker nok ikkje opp tekstar her om dei.

Det var lisom meininga at eg skulle lese meg ferdig med bøkene før nyttår: Kreftavdelingen frå NB i tilfelle ho forsvinner og Krydderboka fordi lånet går ut. Men denne her Krydderboka frister meg slik til å spille Civilization, og det er som om eg berre ser i retning det spillet så har det plutseleg gått 10 timar. Eg held som regel ikkje lenger ut enn til nokon går til krig mot meg, då går eg av med pensjon med ein gong. Men det kan altså fort ta si tid.

I natt drømte eg at eg var i ein slags eventyrby. Det må ha vore ein slags blanding av byen på folkemuseet i Trd og byen i Snøfall. Og det var kveld og alle lysene lyste gult. Også opna det seg ei dør og det strømma folk ut, som om dei hadde vore på nokon forestilling. Blandt dei som kom ut var J og andre eg kjente, men det var vel særleg J eg både ville unngå og ville snakke med. Eg lot som ingenting og gikk forbi samtidig som eg prøvde fange J sin oppmerksomhet - som blei fangen då eg hørte namnet mitt ropt ut etter meg. Men det var allereie morgon og eg vakna.

Markjé grønast og sjógen bråna men det skjer kvar desember etter eit fyrste snøfall. Eller isbelegg. No går det endeleg ann å køyra igjen utan at det er krise om det kjem ein bil imot, og piggane blir lagte bort til neste år.

Eg hadde så lyst til at min favorittforfattar skulle vere Sigrid Undset, eg hadde liksom forberedt meg på at det skulle vere eit svar på eit slikt spørsmål. Men no er eg nett ferdig med Våren og eg trur eg berre gir opp på alle resten samtids-romanane hennar. Det er berre perfekte hovudpersondamer og alle andre damer er rett og slett stygge og gjerne feite, ofte late og ganske lause. Tema: mor og barn. Sted: Oslo. Meg: 🤮

Når det nærmer seg eit nytt år blir eg så ivrig med forsettene. Sjølv om eg aldri held dei. Men eg har så lyst til å bruke Operaboka meir, sjå operaer (på Youtube) og lese samtidig i boka. Få nytte av boka, bli kjent med opera. Eg har prøvd sånn halveis før, men eg blei heilt knekt av Tristan og Isolde - det var dødsens kjedeleg. Driitlangt, berre kjedelege kulissar og kjedelege sangar. Ingen dans ikkje noko kor. Yikes.

Også er det all denne strikkinga. Einaste måten eg får lest noko no, er når eg kan lese samtidig som eg strikker nesten! Det er lue på lue på lue (Eg blir jo aldri fornøyd så eg berre rekker det opp igjen 🫠), også blir det sokker til mamma, sokker til E&E. Også vil eg jo kanskje ha ein kort laus genser til meg sjølv som eg kan ha til skjørt. Om eg ikkje er dritalei strikking før eg kjem så langt.

🌸
🌸
🌸
🌸
🌸
🌸
🌸
🌸
🌸
🌸