Solens Rike (Empire of the Sun) đŸ—“ïž

Forfattar: J. G. Ballard

Omsettar: Kari og Kjell Risvik

Land: Storbritannia

År: 1984

Eg forstÄr ikkje avstandane i denne her boka. Det verker som om dei har kÞyrt dagen lang forbi rismark etter rismark, men sÄ seinare i boka kan Jim gÄ til fots same distansen pÄ omkring fem minutt? Og det skjedde fleire gonger mellom fleire omrÄder? Fullstendig forvirra pÄ det punktet altsÄ.

Jim startar krigen med Ä fÄ eit nytt namn, han gÄr frÄ Ä vere «Jamie» til Ä bli «Jim». Eit nytt namn og eit nytt liv. Jim er forresten kjempeglad i bÄde ord og namn, og prÞver Ä lÊre seg nokre nye kvar dag. OgsÄ er han sÄ glad i fly, og han er sÄ klart rÄgod til Ä identifisere dei pÄ himmelen. Han frydast ved flyangrepa fordi da fÄr han sjÄ flya pÄ kloss hold. Det er til tider nesten heilt absurd: han er omringa av svolt og sott, men framleis synst han krig er ganske kult i grunn - det er vel ein overdrivelse, men det fÞles nesten slik. Men sÄ er jo Jim kanskje eigentleg eit barn endÄ, og absolutt heilt aleine i verda sÄnn plutseleg.

Det er veldig lite dialog, men mange observasjonar. For det meste er det Jim og Jim sine tankar. Han er sĂ„ sprudlande og arbeidsvillig at alle dei vaksne blir irriterte av han, sĂ„ han er for det meste for seg sjĂžlv. Eg antar at sidan han er sĂ„ masete sĂ„ er han ganske plagsam, men eg liker han likevel. Okei, sĂ„ stel han mat, men det er for det meste frĂ„ dei som er halvdaude – og halvdaud er praktisk talt heildaud nĂ„r alle er pĂ„ randen til halvdaud.

Til biblioteket

River Town đŸ—“ïž

Forfattar: Peter Hessler

Land og sprÄk: USA og engelsk

År: 2001

Det stÄr pÄ framsida av boka at «om du skal lese ei bok om Kina, sÄ bÞr det vere denne», men det mÄ vere om boka du vil lese om Kina handlar om det Ä vere turist i eit land med ei heilt anna historie og kultur enn deg sjÞlv. Fordi det fortel hu godt om, og av og til er det akkurat som eg er der pÄ ferie sjÞlv! Han er amerikanar og skil seg ganske godt ut frÄ kinesarane, bÄde utsjÄnad og oppfÞrsel er forskjellig. Eg synst det var sÄ kjekt Ä lese om korleis det er Ä oppleve Kina for fyrste gong, med turistauge, og samtalane hans med kinesarane. Det er noko spesielt med slikt, fordi alt blir sÄ fantastisk og spektakulÊrt. Og sjÞlv om han jobba i Kina og teknisk sett ikkje var pÄ ferie sÄ seier han jo sjÞlv at arbeidstimane er sÊrdeles korte sÄ han har heller ikkje noko sÊrleg av kvardagsstresset han sikkert hadde om han hadde vore heime.

Men til tider legg forfattaren Peter ut om kva som ligg bak kinesaranes auger og smil, som om han er ein slags tankelesar. Han har berre vore i Kina i to Är og fyrste Äret kunne han ikkje sprÄket ein gong! Kva slags innsikt er det han trur han har! Ein gong blir han invitert heim til ein familie han kjenner og dÄ har ungen deira pÄ to Är bestemt seg for at Peter er skummel og sitter berre Ä grÊt. Det verker nesten som om Peter oppriktig er fornÊrma pÄ grininga og ser pÄ det som ein representasjon av heile Kinas rasisme mot han. Det er ganske sÄ i overkant. OgsÄ er det ein annan gong, eg veit ikkje om han har skreve det med noko glimt i auga, men eg hÄper det (,er det ikkje litt voldsomt Ä generalisere slik om eit land med 1,4 milliardar folk! IIIk! Eg forstÄr meg jo ikkje pÄ naboen ein gong...):

«Alt eg hadde lÊrt om kinesarane ymta om at dei ville vere sÊrdeles dÄrlege kolonistar. Dei hadde sterke meiningar om rase, dei hadde liten respekt for religion, og dei hadde problem med Ä ta hensyn til ein ikkje-kinesisk synsvinkel»

Til biblioteket

Heart of Darkness đŸ—“ïž

Forfattar: Joseph Conrad

Land: Polen og engelsk

År: 1902

Eg las dei to bÞkene River Town og The God of Small Things samstundes, og begge snakka om same forteljing: om Marlow si ferd oppover elva pÄ jakt etter den mystiske Kurtz. Eg ville gjerne vete kva desse forfattarane hadde lest og festa seg ved i denne boka eg aldri hadde hÞyrt om fÞr. Boka handlar altsÄ om ein europear pÄ slutten av 1800-talet som arbeidar pÄ ein bÄt pÄ elva Kongo (pÄ jakt etter den mystiske Kurtz). SjÞlv om handlinga foregÄr i Afrika (eg kan ikkje dentids geografi) sÄ er det ingen afrikanarar med dialog og personlighet med i boka, for det meste er dei berre namnlause afrikanarar i fleirtal (altsÄ "afrikanerane"). Dei minner meg eigentleg ein del om alle kinesarane i Solens Rike, ei forteljing lagt til Kina med sÄ vidt ein kinesar i (bortsett frÄ haugevis av namnlause kinesarar i fleirtal). Eg meiner det ikkje eigentleg som kritikk, for det er vel eit val forfattarane gjer, og avstanden mellom hovudpersonane og miljÞet dei er plassert i blir svÊrt tydeleg.

Forfattaren skreiv boka etter Ä ha sjÞlv vore i Kongo og det verker veldig som om det har gjort eit inntrykk pÄ han. Han skildrar elva og trea slik at han gjer dei heilt levande. Og skumle. Han seier at bÄten er ei lita fortapt bille pÄ den store elva, men at det eigentleg berre er godt fordi den litle billa vil alltid berre forsette Ä kravle seg framover. Forteljinga er eigentleg ein historie i historia. AltsÄ Marlow fortel alt til eg-personen og tre andre, mens dei sit pÄ ei skip pÄ Themsen og ventar pÄ lÄgvatnet. Eg blei fullstendig trollbunde av historia eg, det var som om eg sat der pÄ dekk Ä hÞyrte etter saman med dei. Forfattaren, Joseph Conrad, hadde ikkje engelsk som morsmÄl og ikkje sitt andre-sprÄk ein gong, men det var hans sprÄk nummer tre og likevel klarar han Ä erobre sinnet mitt sÄ! Boka er ganske kort sÄ det er ikkje megaimponerande, men eg leste boka pÄ ein dag, eg ville ha heile bli-fortalt-til-opplevinga.

Til biblioteket

Kyoto eller De unge elskende i den gamle keiserby (ć€éƒœ) đŸ—“ïž

Forfattar: Yasunari Kawabata

Omsettar: Inger Inadomi (frÄ tysk og orginalen)

Land og sprÄk: Japan og japansk

År: 1962

«Nei, er me ferdige?!» var spĂžrsmĂ„let eg sat igjen med ved slutten av denne boka. For ho er ganske kort. Eg blei heilt trolla bort til Kyoto, skjĂžnt eg aldri har vore der. Skildringane av byen, husa og spesielt alle trea var veldig omfattande, og det var ĂČg skildringane av alle festivalane som blir heldt i lĂžpet av Ă„ret i Kyoto, og det verker ikkje som om det er fĂ„. Og alle dei ulike templa dei besĂžkte og snakka om. Eg trur Kyoto er hovudpersonen. Og Kyoto er ein gammal by med svĂŠrt lang historie og mykje gammal kultur, men historia handlar ĂČg om ei ung jente som er i god gang med Ă„ vakse opp men blir konfrontert med nokre sanningar frĂ„ fortida. Om eg mĂ„ finne fram skuleeleven i meg og finne noko smart Ă„ sei sĂ„ kanskje dette: Gamle Kyoto stĂ„r fĂžre framtida, og unge Chieko stĂ„r fĂžre fortida.

Som eg sa er boka kort, om lag 160 sider var det vel, sÄ eg fekk akkurat tid til Ä bli kjent med folka i boka fÞr alt var over og eg skulle gjerne fÄ hÞyre meir for slutten er ganske open, dei har jo mykje av liva sine igjen Ä leve og det er ingenting som antydar at dei kjem til Ä leve «lykkelege alle sine dagar». Men det er jo litt fint og med slike opne sluttar, livet er jo opent og har ingen slike sluttar anna enn dauden, ikkje sant (og kanskje ikkje sjÞlv dÄ om eins dÞd pÄverker andre eller har nokre som helst med konsekvenser).

Han i boka eg lĂŠrte best Ă„ kjenne var definitivt byen sjĂžlv. Faktisk blir svĂŠrt mykje tid brukt pĂ„ forklaringar av kva dei ulike festivalane gĂ„r ut pĂ„ og oppramsing av haugevis med tempel, det er nesten som ho er sponsa av Kyotos turistforeining. Eg likte ĂČg heile stemninga i boka, alt var sĂ„ roleg. Dei siste sidene i boka snĂžr det, og jentene sovnar til lyden av det lette snĂžfallet pĂ„ taket og med eld i omnen. Og den stemninga hadde eg sjĂžlv gjennom heile boka mens eg leste, det var berre koseleg, fint og roleg.

«Blomster lever bare en liten stund, men de lever. Året etter har de knopper som Ă„pner seg. Slik lever naturen...»

Til biblioteket

Essential Cell Biology đŸ—“ïž

Forfattarar: Bruce Alberts, Karen Hopkin, Alexander D. Johnson, David Morgan, Martin Raff, Keith Roberts og Peter Walter

Land og sprÄk: USA og engelsk

År: 2014

Eg var usikker pĂ„ om kom til Ă„ like denne skuleboka eller ei, eg likte jo temaet – men kven tenkjer godt om sine gamle bĂžker frĂ„ skulen? Men null stress, cellebiologi er framleis kjempeinteressant. Alt om gen er kjedelegast, men det visste eg at eg syntest frĂ„ fĂžr. Boka er ikkje berre interessant, men teikningane er fine og gode, og teksten er lettlesen! Det er ei oppriktig god bok! SĂ„ klart gjorde eg ikkje oppgĂ„vene, eg vurderte det men om eg hadde starta med det trur eg at eg ikkje hadde lest forbi kapittel 1. Det eg synst er kjekkast er cellemembran. Eg veit ikkje kvifor, men alt om cellemembran likar eg: kanskje spesielt om proteinene som sit fast der og stikk ut pĂ„ begge sider. Apropos det eg ikkje likte, gen, forresten. Har eg lest dei same bĂžkene om og om igjen eller har eg lest historia om Gregor Mendel og dei irriterande ertene hans omkring femtitusen gonger? Eg er sĂ„ lei Ă„ hĂžyre den same gamle remsa, og bli vist dei same gamle firkantane. Guri. Eg trur det er lite eg har fĂ„tt sĂ„ inn med teskei som Gregors liv og virke. Kjekt for han da, han er definitivt foreviga. SĂ„ ja. Dette er i alle fall ei skulebok eg har tenkt Ă„ behalde sĂ„nn i tilfelle eg vil oppfriske mine cellekunnskapar ein gong i framtida (igjen).

Til biblioteket

Fuglane đŸ—“ïž

Forfattar: Tarjei Vesaas

Land: Norge og nynorsk

År: 1957

Eg klarte ikkje akkurat suse gjennom boka Fuglane. Ho gjer sĂ„ vondt. Eg hugsa at det var vondt Ă„ lese ho fyrste gongen, dĂ„ eg gjekk pĂ„ vidaregĂ„ande, men det var verre denne gongen dĂ„ eg var nĂŠrare Mattis og Hege i alder. Det er kjekt Ă„ lese bĂžker frĂ„ fjerne stader med andre slags opplevingar, og som berre er heilt ulik meg. Men det er ĂČg fint Ă„ kjenne seg litt igjen. Å ikkje vere sĂ„ aleine og einsam med tankane. Det er liksom fint Ă„ vete at ein ikkje er den einaste med rare tankar, men me er fleire. «Kva skal ein gjera nĂ„r alle ikring ein er sterke og kloke?». Eg kjenner meg mest igjen i Mattis, men eg vil gjerne drĂžyme om Ă„ bli som Inger. Ho verka sĂ„ grei og godhjerta, og skarp som Mattis seier heile tida.

Det gjer frykteleg vondt og likevel er dette ei av mine favorittbÞker. Og akkurat denne fysiske boka fekk i gÄve, ei heilt overraskande gÄve av ei veldig god venninne sÄ nÄ betyr boka endÄ meir for meg. Men ja, det er vanskeleg Ä ikkje synst synd pÄ eller fÞle med bÄde Hege og Mattis som begge har det vondt bÄde saman og aleine. Det finst liksom ingen lykkeleg slutt. Kva skulle den slutten ha vore?

Mens eg las tenkte eg forresten pÄ det diktet «Det er den draumen» av Olav H. Hauge. Kanskje Mattis hadde likt det? Spesielt nÄr Mattis lykkeleg ror rundt pÄ sjÞen og har funne noko han er flink til.

Til biblioteket

Mesteren og Margarita (ĐœĐ°ŃŃ‚Đ”Ń€ Đž Маргарота) đŸ—“ïž

Forfattar: Mikhail Bulgakov

Omsettar: Erik Egeberg

Land og sprÄk: Russland/Sovjetunionen (Ukraina?) og russisk

År: 1973 (men Bulgakov dþyde i 1940)

Det er som eg har lest eit eventyr. Eg har blitt dratt med pĂ„ ein heisann-hoppsann tur til Moskva, og ein stillare tur til Jerusalem. Og nĂ„ er det dessverre over. Boka er fylt med sĂ„ mykje stemning og sĂ„ mykje musikk, sĂ„ eg hĂžyrte sĂ„ klart pĂ„ musikk heile tida mens eg las, Berlioz – inspirert av boka sjĂžlv. Men eg var altsĂ„ absolutt ikkje klar over at dette var ei sĂ„pass eventyrleg bok. Ikkje misforstĂ„, ho er ĂČg soleklart ein refleksjon av det Russland forfattaren levde i, kritikken er langt frĂ„ subtil. Det er nok masse ting som har gĂ„tt meg hus forbi, men eg enda opp ganske fort Ă„ lese alle notata pĂ„ denne hjelpefulle sida. SkjĂžnt dette er slikt eg ofte kranglar med meg sjĂžlv om: Er det best Ă„ berre lese for kjekt fyrste gong, og sĂ„ kan eg lese meir nĂžye om boka og alt det eg ikkje forstod etter pĂ„ og kanskje lese boka igjen seinare? Eller er det best Ă„ berre lese alle fotnotar ein kan finne med ein gong? Eg ender alltid med alternativ to, alltid. Men eg trur den sida eg lenka til eigentleg gav meg for mykje informasjon, eg var ikkje sĂ„ interessert i alt som blei fortalt meg om ulike «fun facts». Men, men gjort er gjort og boka var ein fornĂžyelse uansett.

Det var mykje koplingar til Faust, som eg forstĂ„r finst i bĂ„de skodespel og opera – og eg vil ein dag fĂ„ med meg begge, ja takk, eg har allereie hjerta ei faust-bok pĂ„ biblioteket. Og eg gleder meg svĂŠrt til dagen dĂ„ eg leser «Mesteren og Margarita igjen». Einaste irriterande er at den norske boka, om eg skulle kjĂžpt ho, er ufatteleg stygg! Sparken omgĂ„ande til den som designa forsida. Er det Times New Roman dei har brukt? Og kven er ho dama? GĂ„r det ann Ă„ putte mindre sjel i arbeidet sitt? Neppe. Den personen burde skjemst. Eg skjemmer meg i alle fall pĂ„ personen sine vegne. Æsj đŸ€ź. Introen i biblioteksboka var i slutten da, og det er tommel opp.

Til biblioteket

Pinocchio đŸ—“ïž

Forfattar: Carlo Collodi

Omsettar: Anne LĂžmo

Land og sprÄk: Italia og italiensk

År: 1883

For ein rakkarunge han Pinocchio er! Eg blei fullstendig sjarmert 😇. Aldri gjer han som han blir fortalt – han veit at han ikkje burde, men sĂ„ klarar han berre ikkje la vere. Alt som hĂžyrast kjekt ut lokkar sĂ„ veldig. Det er eigentleg ganske lett Ă„ kjenne seg igjen i. Boka har ein heftig arbeidsmoral som eg ikkje er heilt einig i, men som tunfiskpolitikere visstnok seier: «[andre sine] meiningar skal respekterast!». Gong pĂ„ gong fĂ„r me hĂžyre at Ă„ arbeide er det viktigaste i verda, berre eldre og sjuke har lov til Ă„ tigge, og det er jo kanskje noko i det – det er jo fornuftig og bra Ă„ jobbe sĂ„ klart. Men Pinocchio er sĂ„ liten og at han har meir lyst til Ă„ leke enn Ă„ lese ABC klarar eg ikkje laste han for. For sĂ„ vidt, kan eg ikkje laste vaksne folk heller for Ă„ ha meir lyst til Ă„ leke enn Ă„ lese ABC.

Teikningane i boka var laga av italieneren Roberto Innocenti og er heilt fantastiske! Dei er store og detaljerte og passa kjempegodt til. Eller pĂ„ et tidspunkt forandrar Ă„rstida seg pĂ„ om lag 10 minutt eller sĂ„, men eg er ikkje godt nok kjent med Italias klima til Ă„ kritisere det fullstendig, og i tillegg er det eit bilde av ei hĂžg klippe som ikkje passa heilt til handlinga, det burde ha vore ein svĂŠrt kort klippe for Ă„ gi meining. Men, men – teikningane i seg sjĂžlv var kjempekjekke Ă„ sjĂ„ pĂ„.

Summa summarum sÄ trur eg at eg likte Pinocchio aller mest fordi eg kjente meg igjen i han(utan at eg skjemst for det). Og eg lo nesten hÞgt nÄr eg las at nÄr Feen lokkar Pinocchio til Ä ta bitter medisin med at han skal fÄ ein sukkerbit etterpÄ sÄ seier Pinocchio: «Jeg vil ha sukkerbiten fÞrst, sÄ skal jeg drikke det ekle, bitre vannet». Og det er eg enig i.

Til biblioteket